Ein km forureining

I dag gjorde eg det. Har tenkt på det mange gongar, men det gode i meg har alltid vunne. I dag var det annleis. Køyrde åt Brustadbua for å kjøpe mjølk. Kjenner meg skitten og vond :(

Det er ein halv kilometer åt Brustad, ikkje mykje altså. Det regna ute, Espen hadde gått for ikkje så lengje sidan medan eg skulle lage middag. Eg mangla indigrienser åt taco – som eg eigentleg skulle lage. Måtte finne på noko anna. Ville ikkje lage pannekakar, så Joikaboller blei fastsett som dagens middag. Resten av familien var på veg heim; middagen skulle stå klårt på bordet ved ankomst. Einaste eg mangla var mjølk.

Var då eg igjen kom i den situasjonen om å velgje framkomstmiddel. Normalt går eg – men… Regn ute. Folka kjem snart heim. Eg må lage middagen ferdig. Slakk unge er eg óg. – Tok bilen. Det gjekk greitt, fekk raskt parkert óg. Kjøpte heilmjølk sidan Brustad ikkje har økologisk (som eg kjende eg burde kjøpe sidan eg hadde gjort eit høgst unødvendig overtramp mot naturen allereie).

Då eg køyrde heim kjende eg meg særs vond. Off. Off. Det var berre teit å køyre, hadde hatt godt av ein tur same kva! Får lære åt neste gong; aldri meir 1-vare-handleturar åt Brustad med bil! No må eg ned å gjere middagen ferdig før familien kjem.

4 tankar om “Ein km forureining

  1. skjalg

    Ja – det er godt med sjølvransaking! Eg kjenner folk som KJØYRER BIL for å komme til ein plass der ein kan trene kroppen sin…. Og – Det er særs trafikkfarlig å kjøyre bil når ein er trøytt. Det er på same måten som ein kjøyrer med 0,2 – 0,5 i promille det.

  2. Joakim

    Å kjøra te Brustad buå i regn, e heilt kurant.

    Tenk hvis du ikkje hadde kjørt:

    Du går i regn. (og blir blaude selv om det ikkje e langt.)

    Du blir forbanna fordi der e masse folk og ting koste merr (gjør de kje det? huske kje..).

    Okey, liden opptur når du går i kassen med hu fina jentå.

    Komme ud, sette deg i bi.. Ånei! Du kjøre kje, og må gå hjem i regnet igjen.

  3. Odin

    Hahaha Joakim! :) Eg plar ikkje bli så sur, ikkje sur iallfall. Du har eit veldig godt poeng; men eg er ikkje så plaga av regn og prisane på Brustad. Jenta på Brustad hadde same kva viska ut all minimissnøye óg så ;D Hihi.

  4. Teirik

    Teirik e veldig gla i Brustad pga det han ^^, i tillegg e det jo bare rett over gadä og :p Men Odin, regn e kjedelig, og greit at du har därlig tid, men bil va dröyt :P

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.