Frysande hårklipp

Dagen starta som ein elles normal dag. Pappa kom opp å hylte diverse tilfeldige ord medan han la inn diverse høvelege konspirasjonsteorier for å krydre opp. Denne gongen var det noko med 6000 kr, mat og kjellar. Eg hadde lagt meg 1 førdagen, veldig tidlig med andre ord. Likevel var det ikkje heilt greitt å stå opp; moro korleis dagen ville utvikle seg frå den elles normale starten.

Bra start, fem poeng

Eg seier at starten på dagen er då eg klårar dra meg ut av sengja for å skynde meg bort til datamaskina for å sjekke mail/msn-logg/slashdot og andre livsnødvendige ting (det er diverre eit ironisk utsegn ja, men det er ein type eg synest er OK – sjølv om ironi ofte blir missbruka i dag). Denne dagen var då starta. Eg venta at pappa kom opp igjen snart. Verka som ganske alvorlege skyldningar denne gongen. Hadde hadde ropa noko om kjellaren, men eg høyrde det såvidt (øyreproppar veit dykk).

Til slutt fekk eg tumla meg ned. Såg ut som om pappa hadde roa seg litt, hadde funne noko å drive på med. Heiv rundt på fryse mat. Stappa det inn i den lille isbit-frysaren vår. Me har tri frysarar. Ein til kjøtt, ein til bakevarar og is, pluss ein liten over kjøleskapet som blir brukt til isbitar og kjøleelement. Mamma var òg med. Jasså. Frysaren ja. Han var visstnok utan straum. Kor hendig.

Eit arsenal mat i fryserane. Liknande hamstringa somme gjorde før y2k. Kilovis av kjøtt, piroger, pizza og anna fortreffelig mat blei flytta. Mamma og pappa sleit med å finne plass å leggje det. Var litt ekstra plass i «kake, bakevarar, is og anna godt»-frysaren. Dessutan var jo den lille is-lagingsfrysaren nesten tom. No er han stappa så full at du ikkje kan opne døra utan å få heile innhaldet i hovudet. Kjøttfrysaren er derimot tom.

Kva tenkte eigentleg kjøttfrysaren på?

Korleis kunne det då hende at denne kjøttfrysaren plutseleg fann det for godt å blottleggje seg sjølv utan kabel fast planta i veggen? Kva får ein frysar til å take slike drastiske steg? Eg trur det er eit skrik om å bli brukt betre, meir effektivt. Eller kanskje det var avising han ville ha? Same kva, – kjøttfrysaren var stappa full av altslag kjempegod mat, og plutseleg måtte me ete kjempemasse av det på ein gong. Kanskje han hadde eit sosialt mål med kabeltrekkinga?

Det trur eg kan vere svaret. Sosialt mål. Nokre dagar tidligare snakka eg med frysaren, han bråka så fælt nett då me skulle filme i kjellaren. Me laga ein avtale. Var greitt for han å koble frå frysestresset dei timane det gjaldt. Trur han trong den pausa. Eg hjalp han ut med støpselet sidan det er enklere for meg; eg har meir erfaring. Då eg var i Oxford hadde eg laptopen med meg rundtom, då var det mykje kabelhax. I England har dei forresten utruleg teite støpsel, men det er ei anna historie. Då me var ferdig sat eg inn støpselet igjen. Frysaren var litt uroleg om eg verkeleg kom tilbake og hjalp han (hadde som sagt lite erfaring sjølv). Hadde prøvd å putte støpselet i sjølv, sa han. Var nemlig rett før eg gløymde det. Men eg kom heldigvis og hjalp han.

Eg lærte han like godt korleis han skulle gjere det; om han nokon gong trong det. Difor kan ingen klage på meg, eg lærte han opp! Er overtydd om at det var ei medviten handling frå han sjølv. Likevel hylte pappa vidare om kor mykje problemer eg skapte o.l. Eg haldt kjeft. Kva er vits i å vere sint? Nei. Eg gjekk heller ned og gjorde meg klår til å take over. Gjere alt arbeidet. Dei sat meg til å vaske kjøttfrysaren, som var full av is, vatn, blod anna ulumskheiter.

Hjalp kjøttfrysaren med den personlege hygiena

Æsj. Eg var litt skeptisk til blodet fyrst; men så fann eg ut at det berre er blod. Er jo trass alt noko eg har inni meg heile tida, masse av det òg. Eg sto bøgd over frysaren med hovudet nedi, strakk meg ned og byrja tørkje. Det såg ikkje ut til å ha nokon særleg effekt; som å putte ein klut ned i ei bøtte med vatn og flytte han ut på golvet. Når du vrir kluten kjem det utruleg mykje ut av han, men bøtta er jo like full. Eg fortsatte berre, måtte jo bli ferdig ein gong.

Ei god stund seinare var eg ferdig. Kald på fingrane. Utruleg kald. Var ikkje berre-berre å tørke opp i isvatn og kaste digre isflak over. Den siste delen var vanskeleg, var ikkje mykje isblodvatn med isbiter igjen, men var vanskeleg å få opp. Til slutt kom det opp. Så sa eg til frysaren at han ikkje burde gjere det igjen, sjølv om det eigentleg ikkje var noko stort problem for meg. Pappa stressa noko fælt, men eg heldt meg roleg.

Førebuing til horder av folk stormande inn dørane

Då eg kom opp var mamma og pappa i full gang med å invitere altslags folk. Det var mange biffer, kotelettar og lammelår som ikkje fekk plass i fryseinfrastrukturen nede no. Med ein frysar i streik fekk det store konsekvenser for kjøttinntaket ovanpå. Me trong hjelp til å ete alt. Falke blei sat til å fyre opp grillen, medan eg dekka bordet o.l. Til slutt kom det folk. Mange folk.

Me grilla og grilla. Fyrst var me 9 stk (eg dekka på), men så kom 3 til etterkvart. Me klåra ete opp ein del, men hadde rester igjen til dagen etter (og kanskje meir). Det var veldig koseleg. Me sat ute i fina vêre og åt. Då nokon undra korleis dette var ordna sa eg det var fiksa med å dra ut kontakten til frysaren. Visste dei ville vore skeptiske om eg sa sanninga (at det var frysaren sjølv som gjorde det). Eg sa eg hadde dratt ut kontakten frå frysaren for å få selskapet i stand. For å få masse god mat. For at mamma skulle lage to skogsbær smuldrekakar (omtrent som pai). Me fann ut det var ein veldig god måte å gjere ting på. Får gjenta det seinere.

Straff for påstått kabeltrekking

Kjende litt på stemninga. Var ganske koseleg. Men, hmm. Kunne jo vere nokon som var litt irriterte. Best å vere på den sikre sida; eg måtte straffe meg sjølv litt for å gjere det godt igjen. Vel, eigentleg ikkje. Men det er ein måte å koble dei to historiane denne dagen saman på. Så; touché. Ein anna svakheit med «straffa» er jo at det ikkje er staff, meir noko eg har hatt lyst til å gjere lengje; sommarklippen! Yess. Så, då dro eg fram Phillips-maskina for å gå over hovudet å fjerne nærast alt håret mitt.

Sidan eg har holdt på med dette innlegget kjempelengje, og har lova Monique å gjere det ferdig snart så hopper eg over alle klippe-detaljane. Det tok litt lengre tid enn eg hadde trudd. Espen kom. Han kom inn døra etter ei stund, etter han hadde ete kake med resten av folka som var på vitjing. Fekk han til å kvalitetssikre klippen. Så skylte eg ut håret og tok på meg klede slik at me kunne gå på kino.

Odin klippa håret. 1 skjegg og hår, 2 hår, 3 alt klippa

Som du ser på bilete så er eg heilt til venstre med hår og skjegg. Då ser eg snill og sympatisk ut (som eg vonar eg er). Det i midten har eg trimma skjegget. Då ser eg kanskje litt meir opptake av måten eg ser ut på (??), eg ser ikkje like mykje ut som ein Linux kernelhackar. Heilt til høgre har du meg slik eg ser ut no. Som ein ekte jævelunge. Det er meg no. Jævelunge. Offameg. Eg er ikkje så glad i jævelungar, menmen. Er herlig å ha ein slik klipp likevel. Godt om øyrane! :D

Køyretur til to timar pur kunst

Diverre hadde eg sløst vekk så mykje tid at meg og Espen ikkje kunne gå til byen for å sjå «Sin City». Synd. Me måtte køyre. Så me køyrde med. Såg filmen. Wow. Heilt utruleg bra. Skarpheiten, kontrastane, redigeringa, utsnitta, ljoset – alt saman var heilt knall! :D Eg blei seriøst forelska i den filmen. Ooh. Også så beintøft :p Tøft til å vere film, ja. Men ikkje ekte tøft, då. Historia var engasjerande, flott – men var likevel det tekniske og filmen i seg sjølv (som forteljerelement) som var det store for meg.

Me blei sittjande igjen for å sjå heile rulleteksten. Kvifor går eigentleg folk ut? Har dei så stor hastverk at dei ikkje klårar sitje 4 minutt ekstra å snakke om filmen medan ein ser rulleteksten og pustar ut? Nei, eg likar å sjå rulleteksten eg. Er kos. Fin musikk plar det vere òg. Trur ikkje Espen var like begeistra, men då me fann masse rare namn blei det litt meir interessant trur eg. Same kva, me hadde god tid.

Til slutt køyrde eg han heim. Punktum.

5 tankar om “Frysande hårklipp

  1. Monique

    Way! du skreiv bloggen:D Og bilder og!! Eg syns ikkje det såg heilt jævelunge ut eg:) Annette likte bilde i midten best;) Hu syns du ska voksa ut håret igjen. Nå kan du vertfall ikkje klaga på at eg ikkje har våre aktive!

  2. Simon

    Mr. Sexy.

    Eg syns du ser ganske jævelonge ud! Ver snill. Ikkje ødelegg flerne frysebokser! Ja, teit kommentar, men det va du så maste på at eg måtte kommentera. Så det så. Backfired, ooh…

  3. Teirik

    Hmm, begivenhetsdag, det ska ver sikkert å visst :) Frysere kan ver någen rare dyr innimellom, e det ikkje det eina me de, så e det det andra, og innimellom så e de bare ut på å jævlast. Utseendet des får deg gjerna t å tenka at «aha, dette hendige liggandes skapet så gjør ting kallere enn frysepunktet med vann, det kan jo ikkje ver ute på någe skummelt i det heila tatt, åh neida, de e jo så snille!», men den gang ei! Frysere e någe av det skumlaste du har i heimen, det kan t og me slå ein pc som kjøre XP (og her snakke me om ting som e byggd t å jævlast fra fysste gang det e ferdig sammensatt etter en kvikk download!). Ein får nesten ikkje merr utspekulerte ting! Utenom frysere såklart då…

    Eg må vel begrunna disse beskyldningane, viss ikkje kunne det jo ha same effekt som om eg sa at jordå va flat, folk hadde ikkje trodd meg.. Men tenk over det, ka ting e det som ødelegge heeerlig drikka som starte romtemperatur, men du e varm og slenge det neri for ein kvikk skjøl og så sette deg ner med ein pc som kjøre xp? Jo! Frysaren vel! Ikkje min feil eg lar an ligga neri litt lenger, eller glemme å alltid la ~5-10% av innholdet bestå av luft! Eller, kem har ikkje opplevd å gomla i seg god is som har låge der neri og så få brainfreeze? Eg har iallefall, og kem e det sin feil for at isen e så forbaska kall? Jo! Frysaren!

    Nei, eg begynne å bli lei av den jævelskapen snart, så eg tror eg ska gå og følga Odin sitt eksempel, rett og slett ta og trekka ut kabelen. Då sleppe eg iallefall å få brainfreezes på ein varm sommerdag, og at drikka mi ligger over halle fryseren. Eg trekk heller då kontakten ut, og sett meg ner på pc’en med XP… Lure på ka me ska finna på idag…


    Wee, du har endelig skaffa kort hår igjen! :P Bare passa på å holla skjegget kortere enn håret, så e det good to go! ;) Men for å sei det sånn, det bilde t venstre, så ser du sånn hallkriminell/linuxdude ut (du får skjøl avgjør om det e ein og same ting), det i midten så ser du ut som du konsentrere deg vel godt om någe så skjer på den andre siå av rommet (håret ditt e bittelitt for langt, men sånn ellers passe du det), og i siste så ser du ut som jævel-Odin, ein så me ikkje har sett på lenge :) Den siste klippen e nice, though…

    bq. Må bare beklaga ein evt litt rar tekst samt litt sånn hallsleden kommentar, men eg e trøtt itte å stå opp tidlig og leggameg seint, samt eg drar i mårå, så eg velge å skylda det på det… Over og ut..

  4. Odin

    Monique; Dei fleste synest bilete 2 er finast, men eg trong sommarklipp :p Sjå kva Neophus sa;

    bq. [01:18:16][Neophus] Velmont: syns egentlig du var penere på bilde nr.2 :p [sim] På bilde 1 ligner du litt på Ravi [Velmont] Neophus: Ja, men det var sånn ekkelt modell-bilete. Max pose. [Neophus] Velmont: hot :p [Neophus] vel, til og med bilde nr. 1 var sexiere [Velmont] Neophus: Eg trong klipp same kva :p – Herlig med lite hår. [Neophus] Velmont: sånn halvlangt rufsete hår er sexy :p [Neophus] tynn det heller ut, enn å korte det

    Simon, heh, ja ;) Men du bruka no godt over 2 timar på å kome på det der :p Dessutan var det jo ikkje miiin feil :(((

    Tor Eirik, var jo frysaren sjølv sin feil. Var ikkje eg som trakk ut kontakten :S – Neinei, er godt å få litt luft om øyrane igjen. Dessutan ser eg så mykje yngre ut, hihihi :P

  5. Teirik

    Hihi, du ser yngre ut på bilde nr 3 ja, og du har mista den berømte hobo-looken din ;)

    Hmm, ja, kanskje, men som sagt, fryseboksar e bare ute på jævelskap! Det e forresten XP og :( Gnafse i seg minnet som kakemonsteret i ein godtebutikk… Lite morro!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.