Heimreisa frå Kroatsia

Regn! Zagreb låg der like grå som kommunistblokkene utanfor den mykje meir hugnadsamne bykjerna. Dei halvshabby trikkane utanfor leilegheita hadde vekka pappa i 6-tida, trass dei orange øyreproppane stappa langt inn i øyrekanalen.

NB: Den korrekte datoen for denne «reiseskildringa» er 5 Juli 2005. Men eg gadd ikkje gjere han ferdig før no!

Eg sov utan øyreproppar sidan eg hadde mista dei då me dro frå Sumpetar. Trudde eg iallfall. Kitty Karina heldt meg vaken, eg la meg kl 01; men ho sparka og ville ikkje dele laken. Etter mykje sparking reiste ho seg opp og gjekk på do. Blei litt roligare etter det. Eg gjekk på do i 4-tida trur eg.

Unni (Mamma) i Kroatsia, pakker koffert

Stemninga var slapp. Veldig slapp. Slike reise-heim-dagar plar ikkje vere så utruleg kule. Då eg tok på meg olabuksene fann eg øyreproppane mine i lomma. Javel. Der dei stakk. Men greit å finne dei iallfall, ville få bruk for dei seinere på turen. Eg måtte take den store sekken. Greitt nok. Sjølv om eg pakka fornuftig og hadde ein uturleg lett sekk. Eg kan gjerne take den tunge sekken; så slepp andre. Likevel synest eg folk godt kan lære av meg når det kjem til pakking. Ærlig talt; kva skal ein med meir enn 2 skift med kler når ein er på tur? Eit til å ha på; eit til å vaske. Badebukse kjem jo utanom; men det er jo småplukk.

Me traska gjennom Zagrebs gatar. Eg hadde orientert meg med kartet, visste nett kor me skulle. Lura på om me skulle take trikken, men gjekk mot busstasjonen heller. Eg låg langt foran dei andre trass den tunge sekken (vel, skulesekken min pla vere tyngre – inget problem eigentleg). Der såg me jomen ein trikkstasjon, eg flekka kartet opp og fann ut at me måtte take nummer 8 for å kome til busstasjonen. Så tok me like godt trikken. Me kom inn, betala, gjekk ut.

Venting, så busstur til flyplass

Bussane gjekk kvar halvtime. Me hadde ein halvtime på oss, sidan me var nett for seine. Gjekk tilbake til godteriforetningen me såg. Var nokre reggae-folk som spelte på gata. Eg planla gje dei ein 10–20 kuna (11–22 kr), gjekk inn i butikken, kjøpte det eg trong (av sjokolade, eehe :p) men då eg kom ut hadde dei røykjepause. Æsj, dei røykar. Like godt å ikkje stø dei då. Dessutan spelte dei jo ikkje nett no, det var den eigentlege grunnen. Å leggje pengar i ei skål på bakken (hugsar ikkje om han var tilstades i det heiletake) når eit par folk står å røykar rundt er teit. Droppa det.

Eg hadde vore inne på ein vanleg butikk for å sjå etter noko anna å kjøpe – men fann ikkje noko. Fann heller ikkje familien, dei var ute av godteriforetninga. Gjekk mot busstasjonen. Ante fred og ingen fare. Men då eg kom fram såg eg at dei ikkje satt der! W00t. Eg forsto ingenting. Hm. Busstasjon. Det gjekk opp for meg. Dei er vel i bussen, take han allereie kanskje! Gjekk inn. Der sto bussen, mamma sto framme med sjoføren. Hehe, folka lo av meg – eg smilte med.

Mamma hadde visst haldt bussen ei tid for å vente på meg. Mobilen hadde ikkje batteri; og det var eigentleg berre tilfeldig at eg bestemte meg for å gå til busstasjonen. Bra det ordna seg iallfall. Eg kunne alltids take bussen åleine; trur eigentleg mamma og pappa hadde blitt meir stressa enn meg. Eg er jo trass alt utruleg vant til slikt.

Miniflyplass med supertaxfree

Seriøst det var billig. Eg hadde ikkje lyst på noko, men hadde jo ein del pengar igjen, så eg kjøpte ei diger pakke Fazer Marianne-sjokolade (som vanleg…). Hm, når eg tenkjer på det; kor blei det eigentleg av alt godteriet? Det er jo sporlaust forsvunne. Kan tenkje meg mamma og pappa sit å konsumerer det medan eg sit her oppe på kveldane. Jaja, får no gjere det då.

Sidan det var så billig kjøpte eg ein 200-pakning Marlboro. Eg ville ikkje ha noko alkohol på kvoten min; sidan eg er meir mot alkohol enn røyk. (Det er berre av mange trur at alkohol er så nødvendig. Heldigvis er det ikkje same oppfattinga om røyk. Sjølv om det hadde ikkje vore vanskeleg å få dei til å tru det, så kort som folk tenkjer.) Mamma og pappa tok hand om pakka, eg treng han jo iallfall ikkje. Dei plar gje det som gåver til kroniske røykarar som ikkje sluttar likevel.

Det er blitt sagt at Noreg har den billigaste tax-free-en i Europa. Det er feil. Kroatsia er billigare. Dei hadde sikkert gløymd Kroatsia. Dei er ikkje i EU, så dei er billige – dessutan er det ikkje eit høgkostland som Noreg. Menmen, kva skal me med det? Dei som verkeleg treng billige prisar (eller, eigentleg dei treng betre støordninger; ein betre stat) går jo ikkje å heng på flyplassar!

Frankfurt

Ugh. Så var det den flyplassen igjen. Her måtte me altså hengje i 6 timar, på den keie plassen. Eg sat meg ned. Nokre vonde amerikanarar satt ovanføre meg. Dama var jo hysterisk. Ungane hennar gaula. Dei gjekk sjølvsagt på MacDonalds. Kitty Karina ville òg på MacDonalds, det fekk ho. Kan ikkje dømme ho; eg ville òg på MacDonalds i den alderen. Men no ville eg heller svolte enn å ete noko frå den forferdelege plassen. Hekkan som dei bråka dei ungane. Vondaste. Pappa kommenterte det til meg, visste han hadde merka det. Ingen kunne unnlate å merke det. Utanom foreldra då; dei var vel vant til det. Hm. Sjukt.

Hackety-hack

Pappa sat å hacka ein fyr med laptop. Fyren køyrde XP eller noko. Pappa fann ut han ville prøve å hacke litt med mobilen sin; så han drog han fram og aktivera Bluetooth (blåtann). Han fann laptopen til fyren og kobla seg til. Eit vindauge poppa opp på skjermen til fyren. Han forsto ingenting. Pappa kobla seg frå igjen, ville ikkje bli oppdaga slik :p Vindauget forsvann. Mannen såg ut som eit spørsmålsteikn. Så gjentok han, denne gongen for å sjå om det var noko ope, noko han kunne sjå på. Men det var ingenting. Likevel var det moro å sjå på mannen som ikkje forsto ein ting. Nettverks-bluetooth vindauge som sprett opp og forsvinn heile tida :p

Bråk

Ærlig talt. Teite unger. Eg fann fram øyreproppene og stappa dei godt inn. Ahh. Aaahh.. Herlig. Heilt utruleg. Høyrde dei jo endå; men det var ei diger forandring. Me gjekk gjennom toll og ekstra sikkerheitssjekk på vegen til terminalen. Eg gjekk å såg på bøker (var ingen andre interessante ting, så…). Eg blei fascinert over ei hylle engelske non-fiction bøker. Likar ting med substans, hehe. Sto å las i mange av dei. Til slutt fann eg ut at eg ville kjøpe ei bok av Dalai Lama. Eg gjekk til pappa og spurde om han hadde nokre Euro (€). Han ga meg nok, så eg kjøpte bok.

Resten av turen las eg i denne geniale boka. Ho var eit funn.

Stavanger lufthavn Sola

Her bur eg! Stavanger flyfoto

Me var forsinka ut frå Frankfurt. Dessutan blei maskina som et flybilletter øydelagt mannen før meg og pappa. Utruleg keitt. Me gjekk inn i bussen. Sat der. Ingen kom. Maskina øydelagd på ny!? Pappa fann ikkje kamera; panikk. Han sprang inn for å leite etter det. Fann det ikkje. Hmmm. Ja. Falke har det sikkert. Me køyrde til flyet og gjekk inn. Der var det. Eg fekk vindaugesete som vanleg; trass i at eg likar å sitje i midten best (då kan eg sjå på folk lettare! Jippi!).

Skyene letta, me var inni dei. Inn for landing eller noko. Plutseleg var det klårt vêr. OOOH! Der. D-d-der. Er jo Stavanger! Flyet køyrde rett mot sentrum, over hundvåg. Køyrde langs kystlinja rundt, nær byen. Eg har take mange fly til Stavanger, men dei har aldri vore så superperfekte sightseeing-alternativer. Litt seinere fekk me høyre at me var før tidsskjema. Lengje før. Trass forsinkinga. Eg har ein teori om at det var difor flyet tok ein ekstra lav runde rundt Stavanger, dei kunne jo like godt vise byen sidan dei hadde ekstra tid. Stilig gjort om så.

Landa flott på Sola. Gjekk ut. Hekkan, pekkan, smekkan. Skitkaldt. D. D. D-. Hø? Det stod ein buss å venta på oss! På Stavanger Lufthavn Sola sto det ein buss. Aldri i livet. Eg har aldri sett det før. Aldri på Sola. Raraste. Gjekk inn i bussen som køyrde oss nokre usle 50 m (ærlig talt, me kan jo ). Eg mistenkjer eigentleg lufthavna for å plassere oss så langt vekk som mogleg slik at dei kunne bruke/vise den nye bussen deira. Men. Vits? Jaja. Dei om det, eg blei iallfall overraska. Her kjem lille søte Sola og prøver å vere ein av dei store gutta som har bussar og stas.

Stavanger Lufthavn Sola, flybuss og kø

Då me skulle inn på flyplassen var det tada låst. Så me blei ståande i ein lang kø. Kisen som hadde gløymd låse opp kom ikkje forbi; så han prøvde å kaste nøkkelkortet til ein passasjer heilt framst i køen. Flaut. Flaut. Han var tydeleg flau òg. Hehe. Hadde han grunn til. Så var me jo heime. Ikkje så alt for interessant å høyre om dèt. Me kunne handle taxfree når me kom inn i landet òg no (reglane endra seg medan me var i Kroatsia), men kva var vits? Me stakk berre. Heimatt.

2 tankar om “Heimreisa frå Kroatsia

  1. Monique

    Unnskyld meg! Men me E ein av di store gutta:D Flyplassen e ein genial bygning! Det va her eg lærte å skriva navnet mitt på data! Men det va flott at du kom hjem t det flotta været, å t oss:D klem

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.