Hugnadsam nattur i mørkre

Lang dag med pc. Vondt i hovudet. Tur. Ah, god idé. Mosikken er ein fin plass for rekreasjon etter ein heller lite hektisk dag (er dei som er vonde). Det blei ein særs koseleg tur. :)

Vanskeleg start

Det er ikkje berre enkelt å gå tur skal vite. Eg starta lese litt konspirasjonsteorier rundt 9/11 og blei sitjande med det, i tillegg til chatting med div. folk. (Om nokon er interesserte så «dreper» dei fakta konspirasjonsteoriane kjem med her, på 9/11: Debunking The Myths ) Ein time etter eg hadde bestemt meg for å stikke ut stakk eg. Litt treigheit i systemet, kort sagt.

Starta turen min. Eg tok på meg sandalane (var kaldt ute) og jakka. Eit minutt seinare var eg med mosvatnet camping. Overskya vêr. Ikkje eit solglimt ein plass. Stakkar alle turistane. Campingen var full av telt og bobilar, spesielt bobilar. Tyske bobilar. Folk gjekk for det meste i bukser, men eg såg ein tysker som samla inn ungane sine – han gjekk i shorts som meg. Nede med vegen starta turen min. 3070m til eg er ferdig, berre å starte.

Kombinere meditasjon med tur?

Eg gjekk innover i skogen. Ein tri-fire meter brei jord-veg. Såg ned i bakken. Pusta roleg ut. Roleg inn. Lukka augo og gjekk i blinde. Ahh… Så roleg. Så stilt. Opna augo igjen, men haldt dei hallvegs igjen. Kanskje eg kan prøve å meditere medan eg går? Eg gjekk roleg bortover og såg ned i bakken med uklårt syn. Eg såg altså ikkje skarpt; om eg gjer dèt så heng augo seg fast i ting og tang. Det vil eg ikkje. Eg vil berre ha augo opne for å ikkje gå av vegen, då treng eg ikkje sjå skarpt.

Eg undrest… Utruleg få folk. Ingen. Faktisk. Eg hadde gått ¼ av turen. Traska videre medan eg prøvde å tenkje på ingenting. Konsentrerte meg om kjensla av føtene mot sandalane. Måten dei glei over sandalen. Herlig. Gjekk utruleg seint. Eit bedageleg tempo, kjende eg kunne gå utan stans i dette tempoet. Kunne gå i dagar. Harmonisk tempo. Herlig. Oppfordra musklene mine til å slappe av. Kjende skuldrane senka seg. Eg runda kunsthuset i mosvatnet og såg den fyrste personen eg hadde sett på turen. Ein 50–60 år gamal mann som var ute å jogga i grilldressen. Hm. Fin fargerik grilldress.

Forstår ikkje kvifor eg ikkje går oftare tur rundt mosikken. Eller tur i det heile. Bør gjere det. Er jo så flott. Labba stadig vidare utan stans. Eg var blitt ganske roleg på det strekket, var i ei halvmedativ stode. Kom ut på texaslunden, hadde gått forbi to nye folk. Dei gjekk saman. Var totalt oppe i tre personar då. Få. Svingte inn til høgre. Ut mot vatnet, til ein benk og ein statue. Me har tenkt å filme der. Graset var vått og kaldt. Eg stokk bittelitt, men fortsatte å gå vidare. Er trass alt berre impulser til hjernen. Må klåre overvinne slikt.

Vakkert mosvatn

Vakkert. Utruleg vakkert. Nede med vatnet låg det nokre store steinar halvvegs uti. Eg gjekk ut på det; såg utover mosvatnet. Stille. Trea skjulte all bebyggelse frå denne kanten; utanom ullandhaugstårnet. Åleine i verda, nesten. Ingen teikn av menneskje, ingen teikn av by. Åååhh… Dyppa høgre foten nedi vatnet. Hadde så utruleg lyst. Måtte gjere det. Der og då. Rett nedi. Vatnet var herlig; ikkje kaldt.

Foten var ikkje heilt medgjerlig etter dyppinga. Då eg skulle trø på steinen igjen ville han absolutt ikkje stå der planta. Ville visst uti vatnet igjen, sidan han sklei den vegen. Mista visst ein del av veggrepet med å dyppe sandalen nedi vatnet slik. Jaja. Eg planta føtene på fast land igjen. Såg litt på plassen me skulle filme; tok ein mental notis, pusta roleg ut, og gjekk. Hmmm. Høgre sandal laga ein høg lyd. Kvar gong eg trødde ned kom det ein skjærande/skrikande lyd frå dei. Skikkeleg våt-sandal-lyd. Hud mot våt sandal. Høg lyd. Kom inn på jordvegen igjen og fortsatte turen min roleg.

Ein sandal med lyd

Det var ikkje reint lite lyd sandalen laga. Men det brydde meg ikkje. Eg blei ikkje plaga av det. Kunne alltids take han av og gått barbeina – men er like greit å berre høyre på det. Blei ein fast rytme, var faktisk litt beroligande. Såg at nokon gjekk bak meg. Det var to stykk. Var ca ein 200m bak. Men dei høyrde tydlegvis sandalen min, den eine personen herma nemleg lyden med munnen. Eg snudde meg medan eg fortsatte å gå utan stans. Hmm. Jaja. Dei om dèt :) Eg ville ikkje plage dei, men dei treng ikkje vere frekke heller.

Dei kom nærare. Eg kjende den frie luftstrømmen eg hadde til og frå lungane blei svekka. Kroppen min gjekk tydelegvis litt ut av meditasjonsstoda, var sikkert underbevisst litt redd folka som gjekk bak meg. Dei var rett bak meg. Eg snudde meg og såg på dei. Noko eg ikkje turde gjere då eg var mindre, no gjer eg meir det eg kjenner eg bør. Det var ikkje farleg å snu seg. Var to godt voksne folk, tipper 40–50. Han eine gjekk i ei svart band-tskjorte. Eg kan ikkje for det; men dei verka veldig harry på meg.

Dei var 50m foran meg. Eg stoppa opp. Snudde meg mot høgre. Det var ei opning mot vatnet igjen. Det raude «huset» som ligg midt i mosvatnet sto der. Eg speida utover vatnet. Eg hadde stoppa med ein stokk. Ein fin stokk. Var eigentleg difor eg stoppa, men det sa eg ikkje til nokon. Det var mi lille hemmeligheit. – Var ingen å seie det til heller. Eg var åleine igjen. Men om det hadde vore nokon der så hadde eg ikkje sagt det. Eg hadde sagt det var av di eg ville sjå på den vakre naturen.

Ein følgjeven

Eg såg rundt meg. Ingen der. Beundra naturen litt lengre. Sjekka igjen etter folk. Ingen. Såg ned på stokken. Ein fantastisk stokk. Tenk at nokon har lagt den igjen. Det var ei gamal grein ca. like lang som eg er høg. Såg ein siste gong rundt meg og på naturen før eg valde å take han opp. Hmm. Så fin stokk. Gåstokk. Vandrestokk. Kvifor bry seg om andre? Då eg reiste meg opp igjen med vandrestokken min i handa var eg allereie overtydd om at dette var det rette for meg. Ingen skulle kunne undertrykke meg med stokken min; eg var stolt av han og ikkje flau. Vandrestokken var min ven no og me skulle ikkje fornekta kvarandre.

Tok mine fyrste skritt, hjulpe i gang av stokken. Eg fortsatte å gå. Lyden hadde forandra seg. Med vandrestokken kom ein ny lyd til. Den vanlege 2-takteren var brutt opp. Før høyrdest det slik ut: flapp-schlapp flapp-schlapp flapp-schlapp. No var rytmen meir dynamisk: flapp-schlapp flapp-dunk flapp-schlapp flapp-dunk. «Dunk»-lyden er faktisk ei samanblanding av «schlapp» frå den våte sandalen og «dunk» frå følgjevenen min, men det blei så urytmisk å skrive. Høyrest mykje betre ut, ord er ikkje tilstrekkelege i dette høvet.

Trea var store og mørke. Det var blitt utruleg mørkt faktisk. Eg hadde ikkje oppfatta så mykje av ting rundt meg medan eg gjekk; var så fascinert over stokken, den våte og den tørre sandalen, pusten min pluss sinnsstemninga at slikt hadde gått meg hus forbi. No gjekk eg innover den mørke halvalléen og la merke til at alt var grått. Ingen fargar. Heilt grått. Alt. Er utruleg. Eg veit det gøymer seg fargar rundtom; men utan skikkeleg ljos ser ein det ikkje. Det er ikkje kortare enn fantastisk tykkjer eg.

Kort tilbake i vanleg stode, men fort til medativ igjen

Eg såg på klokka. Ho var kvart på tolv. Med eitt blei det ikkje så rart for meg at eg hadde sett så få folk. Var heller ikkje så rart at det var mørkt. Eg trudde då vitterleg at klokka var mykje mindre. Eigentleg brydde eg meg fint lite om klokka. Eigentleg. Hadde masse tid. Inga hast. Gjekk faktisk litt raskare etter eg hadde blitt ven med vandrestokken – var ei fin og fast rytme. Tok meg i å tenkje eg skulle gå raskare på grunn av tida, men det blei heldigvis med tanken. Men eg ville ha tanken vekk òg. Er dèt som er vitsen med meditasjon. Få vekk alle dei tankane som berre forstyrrer ein.

Langt borte var det eit ljos. Ikkje ljos som i straum-ljos, men ein plass utan tre. Månen skinte sikkert opp den plassen, eller noko. Eg tenkte ikkje over det – eg berre registrerte det. Føtene forflytta kroppen min nærare målet. Er iallfall det eg har lært etter 18 års erfaring frå verda. Men kan jo ikkje vite for sikkert. Same kva, det tenkte eg ikkje på – det var noko eg kom på no. Det eg var overraska og forbausa over på den andre sida var at eg ikkje kom nærare den ljose flekken. Var faktisk motsett! Heilt 100% seriøst. Det kjentest som om eg kom lengre vekk frå flekken medan eg gjekk mot han. Det var ikkje kortare enn spektakulært!

Så må eg ha klårt å få tankane inn i ei ganske einspora retning. Hugsar nemleg ikkje at eg gjekk forbi ljoset. Men må jo ha gjort det. Det har eg lært etter 18 år i denne verda. Har lært seg å stole på naturlovane, eller, iallfall det ein har opplevd sjølv. Det ein har opplevd, er det som er sant. Så enkelt. Eg oppdaga plutseleg at eg var ein mørk, mørk plass. Eg hadde gått forbi den ljose plassen utan å tenkt på han. Klåra altså meditere (meir eller mindre iallfall) medan eg gjekk. Noko må ha fått meg ut av den einspora tankegangen. Hmm… For ein mørk plass. Eg høyrde ein lyd bak meg, noko kom raskt mot meg.

«Vakna», litt meir tilstades

Snudde meg. Ein fyr på sykkel. Han rang med bjella. Var ingen ljos inne i skogen. Kjempemørkt. Var vel redd for at eg skulle svinge ut foran sykkelen hans. Det hadde sikkert ikkje vore moro for korkje meg, han eller vandrestokken min. Han føyk forbi. Sikkert sykkelen som gjorde meg merksam på omverden igjen. Men eg var raskt tilbake. Rytmen hadde eg knapt merka, men no høyrde eg han igjen. Verkeleg avslappande. Eg gjekk til høgre inn vegen. Hadde sikkert gått rett fram om det ikkje hadde vore for sykkelen. Då hadde eg vore på villspor.

Ikkje det at det hadde vore eit problem; mosikken (mosvatnet) er ikkje stort, dessutan bur eg rett med det – så eg veit kor alt er. Eg trødde ut av skogen. Ljos! Enormt med ljos. Det var jo kjempeljost ute! Gateljosa hadde slått seg på, men himmelen var òg blå og ljos. Var berre trea som skugga for det. Lomma vibrerte. Mobiltelefon. Melding. Eg tenkte med ein gong på Hege, som eg hadde sendt melding til litt tidligare.

Det var frå ho. Så koseleg :) Eg las han og la mobilen ned i lomma igjen. Ville ikkje byrje med slike stress-relaterte sakar midt der ute i sjølve herligheiten. Var ein fin melding. Eg måtte smile. Hadde eit fast grep om stokken min, han var varm. God og varm. Ein fyr kom gåande imot meg. Måtte smile av han og. Såg ut som ein koseleg kar.

Inn i det urbane

Våt sandal mot asfalt. Javel. No er det asfaltveg. Litt tidligare hadde eg høyrd måkene skråle. Høgre side var måkene. Mot vatnet. Venstre side motorvegen. Off, for eit bråk! Asfalt under sandalane og motorveg til venstre. Var tydelegvis på veg heim. Gjekk bak to personer. Dei stoppa nett der opningsbiletet til «De metakognitive» blei filma. Gjekk forbi. Måtte smile. Det var jo Renate (ViMs) frå Hetland. To år eldre enn meg. Ho var saman med ein stilig fyr som var kledd i noko som likna på ein dress. Stilig var han iallfall der han peka utover mosvatnet.

Trur han mumla noko om stokken min då eg var eit par meter vekke, men eg kunne høyre det var positivt. Så eg blei glad. Nokon hadde velta Psycho-benken ut i vatnet. Det er den benken me filmar i opningssekvensen til «De metakognitive». Namnet til Evi (ei finsk jente eg hadde utveksling med) og masse anna er rissa inn der. Eg kan ikkje leggje skjul på at eg blei litt lei meg. No er det fritt for at tårene kan kome, tenkte eg. Eg heldt augo opne slik eg gjorde då eg spelte i «Brødrene Løvehjerte» og måtte grine då broren min daua. Blei litt blank ganske raskt.

Fann ut at det ikkje var vits. Dei får heller kome om dei vil. Eg var eigentleg ikkje så lei meg som eg ville tru. Benken kan alltids flyttast opp igjen. Sjølv om han er tung. Det gjer jo eigentleg ingenting. I bunn og grunn er det ein benk. Og folka som gjer slikt kan me alltids tilgje. Dei må berre få vite at det sekulariserte, kapitalistiske forbrukersamfunnet me lever i i dag, ikkje treng vere korrekt. Det treng ikkje vere slik. Du treng ikkje vere rik for å vere lukkeleg. Intern lukke er viktigst. Ekstern lukke er forgjengeleg.

Offisiell slutt

Eg runda Psycho-huset (huset til Torlaus i «De metakognitive», me skal filme der imorgon) og gjekk inn på campingplassen. Turen var offisiellt ferdig. Eg kjende varmen frå gåstokken min, og såg på teltbyen. Eg var i det urbane igjen. Det blei vanskelegare å puste. Pulsen gjekk opp. Eg blei meir uroleg; fleire tankar kom. Sto utanfor døra mi å ringde på. Venta eit minutt. Ringde på igjen. Venta. Ringde på. Venta… Falke kom i boksershortsen, «Pappa låste». Klokka er ikkje meir enn 0:15, og heile familien har lagt seg. Kva hus er det eg bur i? Eg smilte til Falke, men sa ingenting – og gjekk nøgd inn. Hadde ikkje noko mot å vente 3 minutter ekstra utanfor døra eg.

Har all tida i verden eg…, tenkte eg smilande etter ein utruleg tur rundt mosvatnet 10 til 11 juli 2005.

6 tankar om “Hugnadsam nattur i mørkre

  1. Odin

    Sidan ingen har kommentert, så har eg delt den digre tekstbolken inn med mellomoverskriftar. Det ser ikkje så skummelt ut då; kanskje folk vil våge seg å lese det. Eller kanskje folk har lest, men ikkje klårar å kommentere?

    Trudde no det skulle vere nok informasjon der inne til å kunne seie eit par ord ;) Får eg ikkje tilbakemelding kan det hende eg skriv slike historiar oftare :-o (Eg er ikkje sikker på om det er ein trussel eller ikkje)

  2. Joey

    Eneste komentaren jeg har er vel egentlig:

    Må si meg imponert over hvor mye tekst du klarer å tyne ut fra en tur rundt mosvannet!

  3. Monique

    ÅHH! Hørtes herligt ut! Allti kjekt å gå på tur rundt Mosvannet:D Syns det va heilt fin lengde eg :) blir møye kjekker å lese når det e någe å ta takk i! Va kanskje ikkje heilt trygt å vandra rundt i skauen å meditera, men vis det funke for deg, så ska eg ikkje klaga :P Eg har fresten og ein stokk! men eg vandre ikkje rundt me an, e vel ikkje liga stolt øve an så du e ;)

  4. Rebecca

    Heia Odin! Hørtes ut som en utrolig fin tur. Ingenting er som en lang tur seint på kvelden. Æh…høres i hvert fall ut som det, men hva vet vel jeg som ikke får lov til å gå ut aleine etter klokka halv ni på kvelden:( Uansett; veldig fascinerende hvordan du klarer å skrive så mye uten at det blir kjedelig. Det bor kanskje en liten forfatter i deg?;) Hihi:)

  5. Teirik

    Eg har aldri tatt å gått tur aleina så seint i den forstand at det e ein tur, og ikkje forde eg må komma meg fra punkt A til punkt B. Seine natteturer har det blitt ett par av, og ja, ein del av de har inkludert vålandsskogen – mosvannet, men det e hovedsaklig at det e den beste rutå fra byn og hjem t meg og ikkje forde at eg gjør det av rein fornøyelse. Har og blitt ett par seine turer fra Jurg og Egil der ein får me seg ein del inntrykk av det så skjer rundt ein.

    Beskrivelsene dine av turen e vakre, og turen virka veldig poetisk :) Du får det rett og slett t å virka euforisk å gå rundt så seint. Som Rebecca seie, du skrive et godt stykke om ein tur som tok deg ~30-45 minutter, og allikavel miste du ikkje gnisten og engasjementet. Det e ganske utrolig at du klare å få artikkelen t å holda leserne igjønå heila teksten, og ikkje bare deler av an.. (If you catch my drift). Itte mi meining e dette ein meget god tekst :)

    Sjøl e eg lite gla i å gå.. Det går rett og slett for seint! Eg vett ikkje om det e forde at eg rett og slett ikkje har nok å gjørr på når eg går (at tankane ikkje strekke t), eller forde at eg rett og slett alltid føle at der e bedre ting å gjørr på, viss eg bare hadde kommt fortare fram. Likevel så e d å kjenna den kjølige nattluftå rundt seg, nesten snubla av veien pga det stummande mørket, bare hørra skrittå dine mot bakken og tidvis ha ein merkelig følelse av at du e den einaste ute på denne tiå någe alle burde oppleva.. Det e rett og slett herligt :)

    Dette trenge såklart ikkje å skje «nå idag», så sjøl om ein ikkje kan gå aleina ute itte hall 9, så komme der seinare tider då det går an å oppleva det, for det e någe ein bør… :)

    Med mindre ein e redd for å ver aleina med seg sjøl :)

  6. skjalg

    Eg er veldig glad at du kjem deg ut på den måten. Det er ikkje bare å sitje på maskinen heile dagen – sjøl om du skriv godt. Det er kanskje det beste og mest poetiske eg har lese frå din hånd – fortsett å gå tur og skriv…… Kanskje du og kan ta tak i prosatekster eller jamvel filmmanuskript snart.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.