Hvar

Hvar skal visstnok vere kåra til ei av europas 10 finaste øyer. Hm. Vel. Tja. Grei nok; men eg synest ikkje det var noko überspesielt. Likevel er det sikkert ikkje mykje som skil dei 1000 beste øyene likevel; berre turist-kapasitet. Her har me sykla til ein by ganske nær, prøvd å gjort noko meir spanande enn vanleg strandliv. Men det fungera diverre ikkje heilt 100%.

Rett etter eg hadde lagt opp eit par nye bilete og dratt frå internettcafèen sist gong sprang eg ned åt kaia. Eg var nemlig for sein til avtalt tidspunkt for møte (13:30 trur eg). Eg sprang som ein helt gjennom turistgatene; folk såg rart på meg. Då eg kom fram var eg heilt kokt, utan vatn i kroppen er det ikkje særleg herlig å springe så langt. Men der sat pappa då; la beina på stolen foran seg og grynta noko om at eg trong ikkje kome før ein time til. Ærh. Eg blei ikkje ferdig med det eg dreiv på med eingong.

Svenske jenter på interrail

Gjorde ikkje noko at eg stakk opp på internett igjen; så eg var på veg. Men tenkte eg kunne endeleg prate litt med dei svenske jentene me såg i Zagreb. Dei budde på same hostell som oss der, og då me dro til Split så sat dei på perongen og venta på same toget. Eg såg dei gjekk av toget i Split og skreiv ned addresser med nokre gutar. Plutseleg såg eg dei igjen på båtterminalen. Eg hadde tenkt å snakke med dei før, men gjorde det ikkje. Så no kunne eg jo spørje kor dei skulle; det er ein kjempebra måte å kome i snakk på :P Heh…

Dei skulle take nattoget. Skulle dra til Venetsia, Italia – eller Pula i Kroatsia. Me snakka om politikk, Anna var med i “dei grøne”. Har ikkje eit liknande stort parti i Noreg, har eit lite i Stavanger då. Elles nasjonalt snakk, ein del skulesnakk (klåra skryte litt av Hetland i det høvet òg ;p) og anna. Bittelitt datasnakk, men valde å halde meg vekk frå det; veit eg kan bli litt engasjert, “uforståeleg” og keisam når ein kjem inn på dèt emnet. Men ho visste Linux var betre enn Windows, så alt var bra.

Eg snakka engelsk med dei, sidan det er så utruleg mykje enklare enn å prøve å forstå einannan på morsmålet. – Og aldri i livet om eg lèt meg prostituere til å snakke bokmål; då snakkar eg heller nynorsk. Faktisk er det betre å snakke nynorsk av di det ligg faktisk nærare svensk enn bokmål. “Bogmålet” ligg som kjend nærare dansk. Nei, så eg snakka engelsk med dei; sjølv om dei kom med nokre svenske ord innimellom “rente” bl.a. Dei blei overraska over at eg var frå Noreg, dei trudde eg var frå Tyskland eller noko (w00t!) :S Men viser jo at me er betre til å tyde deira talemål enn det dei er i å tyde vårt ;) Trass alt snakkar me hard stavanger-dialekt òg då, så er kanskje ikkje så veldig enkelt.

Snakka for det meste med Anna, – Johanna sa ikkje så mykje. Har kanskje noko med at eg starta snakka mot venstre, så då blei alle oppfølgingsspørsmåla og samtalen den vegen. Hehe. Jaja. Me blei ganske seine til båten; Falke og Helge var for seine. Fekk gjeve visittkortet mitt (haha, russekortet :p) før eg gjekk. Har jo ein 3–400 stk igjen; må få bruka dei. Sjølv om eg kjenner meg litt dum når eg gjer dei vekk. Heh…

Båt

Båttur. Pappa var fast oppsatt på at alle båter i utlandet er laga i Noreg. Alle hurtigbåter me har sett rundtom, anten det er ein hydrofoil eller vestamaran snakkar han varmt om heimlandet og båtproduksjon. Falke klåra nesten gå på feil båt, medan mamma stressa seg blå av at me var så “seine”. Hah! Der der er ikkje sein i min målestokk!

Spør du meg såg han temmeleg nerfalls ut; sjølv om han var relativt ny (98 sa pappa). Båten var støkk full, det var ikkje mogleg å oppdrive sitjeplass. I baren nede i båten serverte dei hard alkohol, 5–6 taparar sto der og hang. Gamle halvdaue folk. Dei selde sikkert ting utan alkohol òg, men hendig nok stod det ikkje noko om dèt. Velvel.

Meg og Falke sat foran nødutgangen som faktisk var låst. Trur neppe den båten (som forøvrig ikkje hadde nok flytevestar til alle) hadde blitt godkjend av Veritas (Noregs godkjenningsorgan, trur eg). Pappa sto å stirra ut av det lille vindauget i døra. Han hadde gått rundt på båten og leita etter plata med byggeår og -plass. Han skulle ut døra, hadde funne beviset sitt som var ei plate der det sto “ved brann lukk døra før helongassen kommer” eller noko slik. Men det var visst ikkje lovleg; ein måtte vere inne i den varme kupèen medan båten køyrde. Teit båt.

Hvar

Framme i Hvar. Skulle finne plass å bu. Då me kom fram var det mange folk som ville leie oss bolig. Me dela oss opp for å finne det beste tilbodet. Eg fann luksusleiligheit nær sentrum og stranda, klåra presse prisen til 5*140=700 per natt. Men mamma og pappa gjekk med ein gamal mann som ikkje snakka engelsk men klåra tyte ut nokre ord om 60kn natta. Då me til slutt (etter mykje snakking) gjekk etter maen, kom ei dame med flotte ord – sentrumsnær leiligheit osbosb. Så me gjekk for den. Maen klikka.

Dei kjefta mykje på kvarandre, heh. Lo litt halvvegs av det. Så gjekk me. Leiligheita var fin; kjøkken, senger osb. Flott utsikt, men ingen veranda. Same kva, det er jo berre ein plass å bu. Eg slo på air-conditionen, er så herlig med den på 23 gradar. Så gjekk me ut for å saumfare byen pluss få litt mat i kroppen. Då me kom tilbake var air-conditionen slått av og kontrollen konfiskert. Neeivel. Ingen air condition nei.

Neste dag

Mamma ville så gjerne gjere noko anna enn å berre hengje rundt og sutre. Eg var heilt einig; eg likar ikkje shopping- eller badelivet. Eg vil gjere skikkelege ting. Ho hadde tinga ein jeeptur; ein safari på 6 timar over heile øya. Men det blei litt dyrt, så me gjorde det ikkje lell. Den kvelden gjekk me på acapellakonsert i eit kloster. Var kjempeflott; ~11 menn som sang. Også var det ~9 kvinner, men dei var ikkje like flinke og hadde ikkje den same kraften og dynamikken. Var ein flott plass å ha ein slik konsert, open dramatisk himmel over klosterhagen varmt ljossatt av lyskastarar frå “tribunen”. Utanfor blåste det opp til storm, ein høyrde bølgjene slå mot stranda.

Dagen etter, i dag altså

I dag, søndag, har me lånt syklar og sykla til ein by ~5km frå her. Det var ein ganske har oppoverbakke i starten; og ein enorm nedoverbakke i dei siste 2 kilometrene. Dèr gjekk det raskt! Ein plass var fartsgrensa 30, eg er sikker på at me låg i 50–60 km/t. Då meg og Falke kom ned ein halvtime før dei andre tok eg eit bad. Det var utruleg kaldt. Her snakkar ein Noreg på sommaren. Har sjølvsagt bada kaldare (bada i smeltevatn ein gong); men hekkan, hadde ikkje forventa slike temperaturar heilt her nede!

Vatnet på den plassen låg nemlig rett ut mot havet, det blei heile tida skifta ut; så vatnet i Sumpetar var såpass varmt av di det kunne bli varma av sola ganske effektivt. Etter det sykla me tilbake; eg sykla rett til internettcafèen, og no skuldar eg dei ~50kn. Uff. Masse pengar. Eg har lest litt på Anna og Johanna si Togluffing Europa side, og skrive med folk på msn; så ikkje heilt effektiv skrivetid i dag. Men eg var eigentleg ikkje heilt motivera likevel :p

Snart heim

No er det diverre berre nokre få dagar igjen før me reiser heim. Imorgon dreg me tidlig frå Hvar til Split. I Split heng me i 2 timar og et frukost (er eg heldig kan eg snike meg opp på den hax internettcafèen der og leggje ut nye bilete), etter det tek me den tøffe statsbanen opp til Zagreb og finn overnatting der. Neste morgon bêr det til flyplassen, frankfurt, og så heimatt. På sola er det visstnok tax-free når me kjem inn i landet no, så kanskje eg kan få kjøpt noko?

Kjøpe-kjøpe…?

Eg er særs lite glad i å kjøpe ting; så eg har ikkje kjøpt anna enn is og mat medan eg har vore her. Pluss briller. – Eg ville gjerne kjøpe andre ting; men eg kjenner liksom inga trang, eg kjenner det meir som eit ork “Kva skal eg med det?”. Har det kjempebra slik eg er no, eg synest faktisk eg har for mykje.

Dessutan vil eg ikkje gje vekk gåver som ikkje tyder noko for meg; det er f.eks greitt å gje vekk Cloroform-cden. Eg vil at fleire skal like Cloroform, dessutan elskar eg CD-en sjølv. Men om eg skal gje vekk ein eller anna tilfeldig ting kjøpt i Kroatsia så er det langt frå det same. Det vil eg ikkje. Eg vil gje vekk ting med substans eller ingenting. Gåver utan substans er så utruleg materalistisk og ekkelt. Eg avskyr slikt.

4 tankar om “Hvar

  1. Teirik

    Hehe, du e alltid på sjekkeren Odin? ;) Hørtes forresten ikkje ut som någen særlig bra båt. Eg vett ikkje koss den va i forhold t den «typiske standarden» «der nere», men eg syns nå an hørtes merr eller mindre hallsleden ud, sjøl om an bare va 8 år. Sykla i 50-60 nerover ein bakke i kroatsia? ikkje någe eg ville ha gjort, men dåkkår kom iallefall fort fram :P Kan jo ver kallt der og, spørs på havstrømmer etc (ein med 6 i geografi og ikkje «bare» 5 kan sikkert forklara det bedre ;)

    hmm, du får meg t å føla meg matrialistisk i det sista avsnittet :P Store planer om å handla litt av kvert når eg komme t tyskland :P Eindel musikk iallefall, men om det klassifisere meg som matrialistisk vett eg egentlig ikkje.. Det e jo greit å støtta artistar og grupper, og samtidig få musikk på kjøpet, eller regnes det som matrialistisk? Uansett så tror eg eg hadde skaffa meg sangene på andre måter, og visse sanger har eg jo allerede.. E vel ein vurderingssituasjon :)

    og uansett, odin, takk ska du igjen ha for cloroform cd’en :) An varma godt, og hørres på ein gang innimellom :) Og ja, det e tanken som telle, og de beste gavene e de som det ligge ein innsats bag / ein tanke (eller substans så du kalle det :) bak.

    Eg tar forbehold om eventuelle skrivefeil og manglende setningsoppbygning som skyldes skrivepress fra artikkelforfatters side ;)

  2. ESH

    Hehe..kall meg materialistisk, men når eg e i utlandet ska det handlast. E jo oftast billigere der ;)

  3. Teirik

    Du e ein matrialistisk gjerrigknark, e du, ESH :) At du tar deg råd t å bli me å spandera volleyballnett e jo i og for seg utrolig ;)

  4. Odin

    Teirik; Sjekkern? Vel, 50% av verda er jenter, blir det automatisk sjekking om eg snakkar med den halvdelen? :) Nei, det er vel ikkje sjekking med mindre ein har intensjonar om det. Eg hadde/har ikkje det. Hadde eg gjort det for å sjekke nokon opp hadde eg antakeleg ikkje gjort det i det heile take. Tvilt på mine evner. Stoler ikkje på meg sjølv slik. Har eg berre hyggeleg snakke-intensjonar som normalt går det mykje betre.

    Men eg forstår kommentaren din ;) Det var ikkje meint slik, eg veit. No synest eg òg det ofte er meir moro å prate med jenter; så det er nok ein del meir. Jentene var jo som dei fleste jenter veldig søte òg.

    ESH; Hm. Men kva er vits å kjøpe når ein ikkje treng noko? Kvifor skal ein kjøpe berre av di noko er billigare? – Eg tok meg sjølv i å tenkje det same; ein mobil var 1 000 kr billigare; lurte i nokre sekund om eg skulle kjøpe han – men fann fort ut det var teit. Eg ville eigentleg ikkje ha kjøpt mobilen om det ikkje var for reduksjonen i pris; altså, eg treng det ikkje. Betre utan for mykje ting.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.