Jorbersjeva! :D

Espen vekka meg i 11-tida med div. meldingar via MSN (pling-pling). To timars nettsurfing seinere chatta eg med Rebecca (solajente). Plutseleg fann eg ut at eg var svolten. Gjekk ned og kva såg eg? JORBER! Jess! Eg kutta 5 skiver frå superbrødet (ja, heiter det) og malte eit strøk plantemargarin på. Så starta eg å kutte jordbær…

Kutt, kutt. Om nokon forventa noko spesielt med det å kutte jordbær så må eg nok skuffe dei. Ingenting spesielt. Tek smørkniven i høgrehand, medan jordbæret blir heldt fast av venstre. Prøver å skjære dei ~5mm tjukke. Etter ca mange jordbærskiver fast plassert fann eg fram ein stor middagstallerken og gjekk opp. Korleis vidunderet såg ut vedsida av pcen min kan du sjå på biletet.

Jorbersjevårr! Nammenam! :D

Så åt eg alt opp. Det var kjempegodt. Hadde forresten ein del sukker på, som de kanskje kan sjå på biletet. Litt seinere kom Espen, eg hadde ikkje ete alt opp endå då forresten. Han fekk meg åt fikse artikkelen til «De metakognitive», så me har filma den delen ferdig i dag. Redigerte det utruleg raskt; det såg ganske greit ut – så me har latt det vere slik. Men det stykket (mange bilete av ord frå ein avisartikkel) treng ganske heftig musikk/lydeffekter, nett no har me satt opp noko; men slit litt med å få det 100% hippt :p Kan hende eg gidd mekke meir på det seinere.

Nett no er eg trøytt, veldig trøytt. Eg har vore inne store deler av dagen. Chatta med Monique (solajente) når eg ikkje har surfa/lest bloggar/speida IRC. Hege (solajente) var innom i dag, men då var eg nede å las Dag og Tid… Uff, det var veldig keitt. Hege er i Tyskland for sommeren; har ikkje skrive med ho på lenge. Ho blei veldig fornærma då eg ikkje svara ho. Dakar. Sende ho mail etter det. Ho er så koseleg atte :)

Vêret er dårleg, men det er greitt varmt. Eg trur eg går ein tur rundt mosvatnet snart. Workrave (eit program for å få meg til å take pausar o.l.) seier allereie at eg har sitte 2 timar og 20 minutt for lenge på pcen. Og at eg har utsatt siste store pause (10 min) heile 52 minutt. Kva er vits med eit slikt program når eg ikkje brukar det? :P Kanskje eg burde setje det til å låse PC-en, leike litt meir autoritært. Vel, same kva. Eg stikk ut.

2 tankar om “Jorbersjeva! :D

  1. Odin

    Eg har faktisk byta seng, har ein på motsett side av rommet :p Den gamle senga mi der er berre roteseng ;) Eller. Ryddeseng. Eg rydder golvet! :D

    Er normalt mykje meir rotete når det er skule. No er det sommarryddig! :D

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.