Nattspringing

Slapp-schlapp-tslapp-slapp-klapp-tslapp. Føtene slår mot asfalten og lagar hugnadsame lydar. Det er heilt stille rundt meg. Kiwi ligg nedlåst med ein heilt rein parkeringsplass. Eg flyr raskt forbi. Midt i vegen spring eg. Klokka er ikkje over midnatt eingong, underleg stille ute.

Det kjem ein bil bak meg, eg ser det. Eit fotgjengarskilt foran meg blir opplyst, han er langt bak då. Eg kan ikkje springje av vegen; det er eit gjerde på venstre side medan det er ein steingard på høgre. Slapp-tslapp-tslapp. I høgre hand har eg ei 1.5L flaske med Farris Bris. Tslapp-tslapp. Springer inn til sida og hopper opp på fortauget. Ein bil kjem i mot meg, ei dame køyrar – ho ser veldig rart på meg der eg spring i full fart.

Bilen som var bak meg køyrer forbi, passasjeren ser langt etter meg. Heh. Er ikkje så mange som spring barbeint med ei farrisflaske midt i vegen rett før midnatt? Det er rart eigentleg. Er utruleg herlig nemlig. Aaahhh! :D Asfalten er varmlunka etter ein dag i solsteiken. Det er glatt i midten av vegen av di bilane har slitt han ned. Ingen steinar. Super springjeplass med andre ord. Det øydelegg heller ikkje at du har eit par meter på kvar side før du fyk i grøfta.

Var nett hos Espen. Åt slik gamal vaniljeis (original) med krem og jordbær. Kjempeherlig! Fekk av mora til Espen, Bjørg Marit. Ho er kjempekoseleg. Litt tidligare hadde me ete taco, 5 kvar – kjempegode dei òg. Eg viste Espen «påskeegget» på Onsdag-DVDen (Onsdag er ein film eg laga som prosjekt i media4 på Hetland, ikkje spesielt god), han klåra ikkje finne det sjølv.

Me har fiksa litt på «De metakognitive» i dag, som eg har skrive om i den oppdatera versjonen av forrige innlegg. Imorgon skal me, det vil seie:

  • Odin
  • Espen
  • Tor Eirik
  • Erlend
  • Vidar
  • Stian

Me skal til Sola stranda for å grille, spele sandvolley og bade. Det blir sikkert kos. Eg og Stian køyrer. Meg og Espen har kjøpt pølser, pølsebrød og grill… Men no er klokka mykje; og Espen kjem tidlig til meg imorgon. Bør få litt søvn før eg startar.

Elles er det herlig å skrive noko utan særleg substans igjen. Er mi heimeside, må få skrive kva eg vil. Merker eg er litt redd for å skrive småting inn her; kjenner liksom eg må jobbe litt med det eg legg ut. Men kvifor? :D Kan leggje ut altslags eg. Berre det ikkje blir til ein normal «dette skal eg gjere i dag»-keisam blogg. Men det blir det nok aldri (vonar eg! :D). Eg har 2 kladdar som ligg og treng litt meir tekst før publisering. Får sjå om dei kjem ut ein gong. Den eine kladden har vore kladd i fleire veker :p Den andre er berre 2 dagar gamal og handlar om heimreisa frå Kroatsia (ikkje noko stort, berre dokumentering igjen).

2 tankar om “Nattspringing

  1. skjalg

    Den fritt fabulerande substansflytande postmodernistiske stilen liker eg best – fortsett med det….

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.