Pannekaker!

PS: Eg hev flytta heile innlegget nedanfyre sjølve oppskrifti, folket er mest interressert i den.

Pannekakeoppskrift for to personar

Fyrst må du ha div. ting og tang for å kunne lage pannekakar. Eg lister opp:

Innhald (Ting du må ha)

  • 2 supre egg
  • 2 dl mjøl (vel, ta 3 du, det plar eg gjere ;) )
  • 3 dl mjølk (helst Tine økologisk :p)
  • Masse sukker
  • Margarin (Soya plantemargarin er supert!)
  • Ingefær- og kardemommekrydder (superduperhemmeleg ingrediens (vanskeleg ord))

Tine Mjølk (ikkje økologisk diverre)

Dette skal sjølvsagt blandast på ein høveleg måte.

Framgangsmåten

  1. Putt mjølet i ei bolle (helst raud).
  2. Finn visp, visp mjølet.
  3. Hell litt og litt mjølk nedi medan du fortsetter å vispe.
  4. Visp til det blir glatt (klumpane er vekk, altså, dette er stress – få Tor Eirik til å hjelpe til)
  5. Smelt ein del margarin (ca 1 spiseskei, men du avgjerd)
  6. Hell nedi ein del sukker (eg plar smake til, men 2–4 matskeier ca)
  7. Knus egga (pass på å ikkje få skalet nedi) og held innhaldet ned i bolla.
  8. Kast eggeskala etter du har take ut alt innhaldet ned i bolla med fingen.
  9. Visp videre. Er enklare no.
  10. Hell det smelta margarinet ned i bolla og visp.
  11. Fyr på med ingefær og kardemomme, mest ingefær. Du skal sjå dei små korna!
  12. Visp. Luktar godt, gjer det ikkje? :D
  13. Lat bolla stå i kjøleskapet å «svelgje» i 20 min. Gå opp å chat imens.
  14. Steikepanna skal allereie vere smørt inn då du smelta margarinet; så berre gjer han varm (2 hos meg)
  15. Fyr ei ause med røre på panna
  16. Ta panna opp i lufta og få røra over heile
  17. Snu pannekaka når han blir «tørr» på toppen
  18. Et dei utruleg gode pannekakane med sukker (eller noko anna, sukker er best :p)

Et voilá! :D Hehe. Lang oppskrift, men slik lagar ein gode pannekaker. No må eg redigere film; er difor eg ikkje har oppdatert på evigheiter. Me jobbar dag inn, og dag ut med filmen «De metakognitive»…

Endringar i ettertid: fiksa skrivefeil (pannekakar til pannekaker), la til hopp-lenkje, la til stikktittel og skreiv helst økologisk mjølk. Dette er faktisk eit av mine mest populære innlegg, haha, vonar du likar dei! Gjerne legg att innspel.

Dette er flytta ned no
No er det litt sidan; men eg hadde tenkt å skrive dette, så får gjere det no. Har sikkert gløymd alle detaljane, menmen. Etter ein lang dag med filming var eg iallfall svolten. Eg hadde hatt grandiosa dagen før; så tenkte eg måtte ha noko anna no.

Odin sin superoppskrift på pannekaker!

Jepp! Då kjem delen alle har venta på. Sidan eg er blitt så utruleg tilhengjar av å halde så lite som mogleg hemmelig (alt må ut!), så skal eg fortelje den hemmelige oppskriften på pannekaker her i huset. Kvifor skal ein liksom halde det hemmeleg? Kan jo hende nokon får bruk for det; – det hadde jo vore kjempemoro! Eg tenkte eg skulle dele pannekakar med Espen og Tor Eirik, men Falke kom, så han hadde vel fyrsteprioritet. Så me åt alle opp :p Same kva, eg startar med oppskrifta.

Sjølve dagbokinnlegget som fyrr var fyrst:

Eg sat oppe med Tor Eirik og Espen. Me skulle redigere. Fyrst måtte me logge, det vil seie å fortelje datamaskina kor dei forskjellige klippa ligg på videokasetten og kva dei inneheld. Eg var lei, ville heller chatte enn å logge; så eg lærte Espen korleis han skulle gjere det. Ganske greitt; då slapp eg :) Hadde dessutan tenkt å lage pannekakar, og då måtte jo nokon arbeide i mens.

Monica og Hilde (klassekameratar av Espen, Monica speler «Belinda» i De Metakognitive) kom på vitjing. Ganske trangt på rommet. Eg sat dei til å sjå på kva me hadde redigert så langt; medan eg sprang ned å lette etter lommeboka mi. Då eg omsider fann ho, køyrde eg til Kiwi.

«Alkis» på Kiwi

Der sprang eg rundt barføtt å såg etter mjølk. Eg visste jo eigentleg kor han var, så det gjekk jo ganske raskt. På vegen til kassa gjekk eg forbi nokre nye boller. Eg stoppa opp og betrakta dei. Flotte boller. Jæren bakeri? Hm. Lokalt òg. Ein (i Helge sine standard ord) alkis svimler forbi meg. Han ser ganske vekke ut i den raude grilldressen. Snubler hallvegs og mistar ein penge på bakken. Svimete som han er merker han det ikkje. Han skynder seg videre inn i butikken medan eg skal til å seie han mista ein femkroning. Blir ikkje meir enn ein rar rørsle.

Eg tek bollepakka, får take den iallfall. Så då har eg mjølk og boller. Eg står litt å ser etter den svimete mannen. Har lyst til å take femkroningen og gå til han med ho. Men er liksom så langt; så langt for fem kroner. Avgjorde at eg skulle gå til kassa, då mannen tusla seg tilbake. Eg såg på han, – han såg ikkje på meg. Såg berre forvirra rundt seg. Eg bøyde meg ned til femkroninga og ga ho til han. «Du mista femkroninga…» sa eg og smilte. Hugsar ikkje heilt kva han gjorde, men vekke var han iallfall. Var noko liknande «Åh.».

Kjende meg kjempebra :D Eg var utruleg glad. Då eg hadde betala, gjeve eit stort smil til personalet og pakka varene kom mannen til kassa. Han hadde eit brød i høgre hand, medan han tukla nedi lommene med venstre. Han tok handa opp, hadde ein tier og ein femmer der. Mannen hadde ikkje meir enn femten kroner! «Fem kroner», sa jenta i kassa. Han blei overraska, litt glad :D Hihih. Ga femmeren sin. Resten av turen heim sang eg veldig høgt i bilen.

Eg forstår ikkje kvifor ikkje fleire gjer slikt? Ein blir jo utruleg mykje meir lukkeleg av å hjelpe andre enn å take ein ussel femmer sjølv eller av å ikkje knuse ei bilrute for 60. Å gjere slike ting blir ein jo eigentleg berre ulukkeleg av. Eigentleg. Men for få ser ut til å forstå det, diverre. Same kva, eg var uhøveleg glad ;p Køyrde heim og sat tinga frå meg.

12 tankar om “Pannekaker!

  1. Miriam

    Nå er det på tide at jeg skriver en kommentar, synes jeg:P Bra du ikke tok den femkroningen. Man føler seg så mye bedre når man gir den tilbake, at man har gjort en god gjerning. Skal prøve de pannekakene en gang. Høres kjempegode ut…nam nam, nå ble jeg sulten!:P

  2. Odin

    Å take femkroningen hadde eg nok aldri gjort (ikkje frå no og framover, kanskje då eg var litt mindre – ja). Det er ganske fjernt frå mine tankar om verda. Eg er buddhist, veit. Dessutan rimer det dårleg med tankane eg levde etter før eg fann samanhengen med Buddhismen. Men eg vonar fleire byrjer gjere slikt; eg har nemlig litt vanskeleg for å forstå kvifor folk gjer slikt. Dei kan ikkje ha filosofert mykje over livet, spør du meg…

    Hehe, ja, eg gjorde visst Simon svolten òg. Skal leggje ut eit par bilete av tilbereding tenkte eg. Seinare, no er det fest.

  3. Simon

    Overfladisk og frekk som jeg er, hadde jeg ikke tvilt et sekund på å ta femkroning. Så fremt det ikke var noen overhengende fare for at han skulle oppdage meg og drepe meg med ei knust flaske eller en sprøytespiss.

    Visst faen ble jeg sulten. Hadde jo ikke spist. Pannekaker er godt. Kanskje litt kraftig frokostkost. Men snakker man egentlig om frokost klokka midt på ettermiddagen. Uansett, det ble to pakker nudler på meg. Får holde det. Har en tendens til å spise for mye pannekaker. Litt synd, men det er jo så godt.

    Å la røra svelle er litt oppskrytt. Stek med en gang, spis varme, så sveller pannekakene i magen og du får en skikkelig metthetsfølelse. Helt til du må på do, selvfølgelig.

  4. Odin

    Eg har faktisk aldri forstått kvifor han skal svelle. Aldri tenkt på det. Eg gjer det berre… Fint med pause. Iallfall. :)

  5. Joey

    «Putt mjølet i ei bolle (helst raud). Finn visp, visp mjølet.»

    Hehe… Vispe mjølet ja… Husk maske! …og fille til å tørke opp alt melet som nå ligger ut over hele kjøkkenet.

  6. Tilbakeping: Norwegian Wood » Pannekaker

  7. Vidar

    Har vært i spania ett par år nå og blitt veldig pannekakesulten. Det var di oppskrift som dukka opp da jeg googlet. Nå gleder jeg meg til i kveld. NB Det er ei NYDELIG jente du har.

  8. Sondre og Miriam

    Hei dessa pannekakar gledar vi oss tel å smake. Me lagar dem no. Mmmm no vart me svoltne!!!!

  9. Odin

    Vidar: Koseleg :D

    Sondre og Miriam: Ingen vits å skrika med caps. Eg fiksa på det, likar ikkje skriking – tok óg vekk 90% av utropsteikna.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.