Søvn… Eller mangel av heller

Arh, eg forstår ikkje kvifor folk sit oppe til 3–4 på natta nærast kvar natt. Kan jo spørje; «kvifor?», men det er ikkje vits; eg er ein av dei…

Så kjem sumaren. Las nett bloggen til ein fyr som hylla desse seine nettene. Jo; kan jo vere romantisk. Jo; kanskje du får gjort litt. Jo; kan vere spanande om det er noko du ikkje får lov til. Men, nei; likefullt vondt så det held. Rebbeca syntest det var spanande; ho får knappt nok vere ute etter 23. Rundt den alderen syntest vel eg óg slikt var stilig. Det var før Oxford…

Plutseleg er det ingen som passa på ein. Ingen som kjende ansvar for korkje presentasjonane eller helsa. Det resultera i tidvis ganske seine leggjetider. Sånn rundt klokka eit par gonger. Der daua Morse forresten :( (eg ser på TV for fyrste gong på lengje). I Oxford fann eg substans i mamma og pappa si endelause leggjetidklaging. Fann det faktisk ikkje før. Intellektuelt; ja, kjenslemessig; nei. Då forsto eg det endeleg.

Likevel er det vanskeleg å leggje seg no. Tida dreg ut, ikkje nok disiplin til å berre leggje meg. Ofte sit eg oppe til 02–04, det er ganske normale tidspunkt. Nokre gonger lir det mot dag, rett før sola står opp; då skunder eg meg i seng. For ikkje så lengje sidan sat eg til 05, sto opp igjen 09. Neidå, det endra ikkje noko; same kveld sat eg oppe til rundt 03 synest eg å hugse. Kva får ein til å gjere slikt?

Rett nok var eg trøytt, rett nok ville eg leggje meg – likevel sat eg oppe. Hugsar ikkje nett kva eg gjorde den kvelden, men det går mykje i det same. Når det plutseleg ikkje er nokon å skrive med på MSN, (dei legg seg 22–24) får eg høve åt gjere alt det eg hadde utsett resten av dagen. Treng ikkje vere korkje spanande eller nyttig, men det er rutine eller noko eg har utsett i lengre tid.

Eit eksempel er innlegg til heimesida; mange av dei er skrive medan sola ikkje har lange biten igjen åt dag. Eg trur kjerna ligg nær stikkordet «konsentrasjon». I løpet av dagen er det så mange spanande ting å gjere, pluss masse bråk. På natta er ein åleine – tida kjennest lang. Ein kan ha lange, uavbrutte arbeidsøkter – samle tankane og jobbe med ein ting. Sløvheiten gjer det óg verre å jobbe med fleire ting simultant (som eg ofte gjer). Dette har stor likheit med nokre av måla med mediteringa (konsentrasjon) mi, så i framtida vonar eg effektiviteten min er på topp når eg er vaken. Samstundes vil nok ei heller stor omprioritering skje.

Ting eg plar gjere eller take tak i når Espen går, eller sola-jentene legg seg (vel, Hege sat oppe med meg til 04:30 for litt sidan) er å lese slashdot («News for nerds, stuff that matters»), sitje å glo på skjermen for å sjå om det plutseleg er noko liv på irc eller berre sitje å gjere ingenting. No er klokka 01:30 og eg har ikkje gjort anna enn å lese kerneltrap/slashdot o.l. i ein time. Så fann eg plutseleg ut at eg var svolten, men vent: må berre slå på laptopen. Hmmm, ja, må installere oppdateringar. Å, ja, sove-innlegget – det må eg få lagt ut! Hmm, er ikkje ferdig – må skrive resten før eg gjer dei andre tusen tinga eg skal før eg legg meg.

Ironisk? Ja! Same kva, drit i det… Eg legg meg! (Skal berre gjere dei andre ferdig, leggje det ut, sjå på bileta frå turen, ete, gjere ditt, gjere datt – bla bla bla…) Zzzz.

Sidan eg putta dette i «Meining»-delen (?????): Eg meiner søvn er bra! Ein må ha det 6–8 timar døgnleg åt faste tidar. Viktig med nok; ikkje for lite, ikkje for mykje. (Slik. Der!)

4 tankar om “Søvn… Eller mangel av heller

  1. Simon

    Du kan jo snakke med meg! Klokka er 04:06, jeg er fortsatt våken. Tror snart jeg skal køye. Begynner å bli lite folk både på IRC og MSN! Trist.

    Jeg har også problemer med å komme meg i seng. Kroppen og hjernen min er fullstendig klar over hvor herlig det er å legge seg i senga, slappe av, puste rolig og sove. Men jeg klarer ikke tvinge meg til å gå opp de 28 trappetrinnene for så å pusse tenner og legge meg. Gidder ikke. Det er for stress. Jeg må vente til jeg blir skikkelig trøtt, slik at jeg ikke har annet valg. Hmm, kanskje ikke logisk. Hvorfor skulle jeg orke å gå opp trappene når jeg er så trøtt? Hmm, ikke godt å vite. Men er det en ting jeg har lært i forsvaret så er det logikk. (Håper dere forstår den vitsen. Jeg gjør det iallefall. Men som sagt. Klokka er 04.09 (nå). Ikke skyt meg:)

    Når jeg endelig har klart å kave meg til sengs og fått sovet litt, så har jeg problemer med å komme meg opp. Det er så utrolig digg å bare sove. Sove, sove, sove! Har vært et par dager denne uka der jeg ikke har stått opp før mamma og pappa kommer hjem fra jobb. Det vil si nærmere klokka 16.00. Litt kjedelig egentlig. Frokost blir middag og middag blir frokost :S. Blir nesten forvirret.

    Jeg er også ganske usikker på hvilken dag det er. Jeg tror det er lørdag når sola står opp igjen. Jeg har nok rett. Det står nemlig på skjermen min. Litt greit med en PC. Hadde nok ikke overlevt i steinalderen. Hvordan skulle jeg, uten klokke og PC, klart å finne ut når butikkene har åpent?

    Jaja. Jeg tror ikke jeg orker å skrive mer. Ikke at jeg skal legge meg eller noe. Men faen heller. Det ender vel med at jeg stopper midt i en setning. Orker ikke skrive flere setninger.

  2. Odin

    Hahahah! :D Flott, eg gjekk åt senga 3 i natt, men siste gong eg såg på klokka der var ho 4:15. Dessutan Simon, eg snakka jo med deg i natt :p

    Det er ikkje bra å sove så lengje nei; hjernen blir sløv. No er klokka 11:20 her (men kan jo alltids sjekke tida som står på kommentaren), eg må ete og kome meg ned på gladmat. :)

  3. Teirik

    Sorry, rekke ikkje ä lese alt grundig, sitter pä tid her :( Odin, du mä legge deg tidligere, generelt mein assä.. Du komme t ä slita me overgangen t «d virkelige liv» igjen :) 2 e ett fint klokkeslett ä legga seg pä, dä sove du ikkje vekk heile dagen, og sä fär du näge ut av kvellen og :p Hmm, jaja, va nä egentlig bare det eg sko sei :)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.