Sandvolley på solastranda

I dag var me på stranda! Sola strand. Wohoo. Det var kjempekos. Vatnet var superdupert! Sola var ikkje for varm. Vinden var ikkje plagsom. Sandvolleyen var moro. Perfekt med andre ord. Traff på Rebecca tilogmed. Fekk lese i boka, og tidlig på dagen fekk me filma litt. Bada to gonger. Dagen i korte trekk :]

Filminnspeling på «morgonen»

Meg og Espen hadde eigentleg satt denne dagen av til filming; sidan me har kome fram til at me skal dra til austlandet saman med Tor Eirik så er filmdagane knappe igjen. Kan hende me vil slite med å få filmen ferdig. Håper for all del ikkje det; men me har jo ein del igjen. Likevel har me take eit lite skritt kvar dag. Sidan me redigerer med ein gong me har gjort opptak går ting litt raskare enn normalt.

Me ville ikkje la alt gå til spille, så me fann ut at me skulle skyte litt av scene 2 før strandturen. Espen prøvde å vekkje meg via MSN, men eg hadde visst skrudd ned høgtalarane… Bummer. Eg sto opp i 11:45-tida, eit kvarter me eigentleg skulle starta. Espen kom bortom, men me fekk ikkje tak i Morten – som speler Torlaus. Me kunne take klippa utanfor huset til Torlaus utan han, men det hadde vore kulare med han. Diverre fekk me aldri tak i han, ringde på huset òg – men var ikkje heime.

Dei Metakognitive; Torlaus sitt hus. Bilete take frå filmen.

Så me filma utan han. Eg demonterte postkassa vår, og henta fisketråd. Me gjekk åt huset i mosvatnet, der Martin Müller bor. Eg hadde allereie ringd på to gongar tidligare på dagen, men ingen var heime. Eg ringde ein ekstra gong på for å sjekke. Ville jo spørje om me fekk lov; antok me gjorde det – men greitt å spørje! Ingen. Neivel. Då får me starte då. Satt opp kamera og hang postkassa på plass. Var litt stress, så sto litt å fikla med det. Plutseleg stikk eit hovude ut av vindauget i andre etasje og spør kva eg driver med.

Eg blir jo overraska, forklarar at me har ringd på for me ville spørje om lov til å filme. Han kjem ned. Snakkar litt med Martin. Han er tysk og kan ikkje norsk så veldig godt (seier han), snakkar litt om huset osb. Koseleg fyr :) Me får lov til å filme, ingen problem. Lurer på kva selskap me er frå, heh, kunne jo sagt «Velmont film» eller «eitpersonsføretaket Odin Hørthe Omdal» – men sa det var eit sommarprosjekt. Er jo eigentleg dèt det er :)

Me filma oss ferdig; merka fort at me kunne trengt ein assistent til lyd og lys, men Tor Eirik måtte pakke. Diverre. Hadde vore enklere med han tilstades, kanskje me kunne fått litt betre bilete òg då. Men trur dei blei greie, har endå ikkje redigert det. Espen og Tor Eirik kjem bort seinere.

Solastranda

Me traff Tor Eirik på veg heim frå innspeling. Eg sprang opp og ned for å gjere alt i stand. Erlend ringde og var utolmodig. Køyrde ned til dei og vidare til Sola Strand Hotell, Erlend ville ikkje køyre fyrst – han fekk nett lappen. Erlend hang litt etter sidan han ikkje haldt «flyt i trafikken» som det så fint heiter. Men kom inn i kø, så dei tok oss heldigvis igjen.

Sandvolley på solastranda, blokk!

Espen, Erlend, Tor Eirik osb hadde kjøpt sandvolleyballnett. Erlend og Tor Eirik stressa fælt med nettet. Til slutt ville eg hjelpe til. Var ikkje så vanskeleg viste det seg. Etter mykje tulling var det oppe – og det stod! :D Wohoo. Fantastisk. Så spelte me litt, utan å telje poeng. Var kjempemoro. Alle var med i spelet og me klåra faktisk spele, ikkje noko knyss. Etter me hadde fått varma opp starta poengtellinga. Det var kjempemoro. Eg som aldri har vore god i spel kunne tilogmed vere med utan å gjere skam på laget. Kjempekos! :D

Rebecca

Me var godt inne i spelet, eg serva (øhm, sørva? :p) og klåra det faktisk. Hadde berre slått ut ein ball trur eg. Det gjekk to jenter langs stranda. – Eg synest å kjenne ho eine igjen; og hadde eg ikkje rett; var jo Rebecca! :D Blei veldig overraska. Sjølv om me er på deira, eh, territorium (:p). Var utruleg moro å sjå ho. Fekk utveksla nokre få ord, men veldig lite. Eg var diverre midt i spelet. Eg serva litt sånn halvdårleg og traff rett i nettet. Heh. Er typisk slik når ein mister konsentrasjonen. Var plutseleg noko meir interessant enn sandvolley. :)

Me spelte ferdig. Meg, Tor Eirik og Espen vann 21–16 (eh, trur eg :)). Etter det spelte meg, Tor Eirik og Erlend; me tapte, men ikkje alt for mykje. Trur eg. Eh. Hugsar ikkje så mykje av dei tala. Eg var iallfall utruleg lysten på å grille. Så det gjorde me.

Hønemor Odin på grilltur med kyllingene

Grilling pÃ¥ Solastranda, Henning og EspenEg hadde sjølvsagt gløymd lighter. Eg har av og til med meg lighter, men er sjeldan sidan eg ikkje røykjer. Ingen av dei andre røykjer heller (sunn gjeng ;D), så ingen lukke der. Tor Eirik blei sendt ut på oppdrag for å finne fyr. Han kom med ei eske med fyrstikker. Prøvde å tenne på. Gjekk ikkje. Prøvde på ny, og på ny. Men så stoppa eg. Ville ikkje bruke opp alle fyrstikkene til dei hyggelege folka me hadde lånt av! Erlend og Tor Eirik sprang og fann eit handkle. Så laga me ein tett luftborg og fekk tent eingongsgrillen. Supert!

Dei andre sprang ned for å spele meir, medan eg og Espen blei sitjande å passe på grillen. Etter litt la eg på 6 pølser. Eg snudde dei. Og då dei var klåre ropa Espen på resten. Eg fann fram pølsebrødet og gjorde klår ei og ei pølse. Ga dei direkte til «køen» med folk. Utruleg kor varmeresistante hendene mine er blitt; eg betjente grillen med berre hendene. Det kunne eg aldri ha gjort før. Eg snudde pølsene og flytta på dei utan at det gjorde alt for vondt. Supert! :D

Då alle hadde fått pølse, la eg på eit par nye før eg tok mi. Nokon hadde byrja snakke om at eg var nett som ein familiefar som sat og grilla pølser og laga i stand; medan ungane sprang rundt å leika. Hm. Var jo på ein måte meg og Erlend som tok «ungane» på tur òg då. Sidan me køyrde dei ut. Seinere oppføyrde eg meg òg som ein far, då eg lot «ungane» leike, medan eg las bok. Same kva, pølsene var gode. Dei er altså ingenting mot Idsøe-pølser. Var berre vanlege ikkje-fullt-så-supre-Gilde-pølser. Men likevel, alt take i betraktning. Var godt :)

Joggetur

Etter meg og Tor Eirik hadde skuffa i oss ca. mange pølser (Vidar den luringen åt berre 2!) ville eg sjå om eg kunne finne Rebecca. Det hadde vore utruleg moro å prate med ho. Eg trudde eigentleg ikkje eg ville finne ho, men joggeturen ville vere fin likevel. Eg sprang i vatnkanten og la merke til kor utruleg mange brennmaneter som låg i kanten. Heilt sjukt! I Kroatsia såg eg éin. Her var det minst 100 på det korte strekket eg hadde jogga til då.

Jogga, jogga. Langt. Eg såg etter Rebecca. Fann ho ikkje. Kom til enden. Plutseleg høyrer eg ein kjend stemme «Odin!». Snur meg. Ein kis med kite. Det er jo Gøran! Hihih. Min gamle klassekamerat frå GK. Kjekk fyr. Eg hjalp han med å halde kit-en medan han fiksa trådane. Så skulle han teste han. Den digre «dragen» føyk opp i lufta. Gøran føyk òg. Nærare 3 meter opp (!!!). Var heilt utruleg! Han kasta seg ned for å stå imot – og raste bortover den grunne botnen. Hehe. Sjukaste. Stilig det der.

Eg sprang uti vatnet og slo hovudet mot ei bølgje. God og blaut. Shortsen min var blaut. Hmm. Varmt vatn iallfall. Eg og Espen var å sjekka det. Espen syntest det var kaldt, eg syntest det var varmt… Jaja :p Eg jogga tilbake. 10 kitesurfere ute, 4 på land. Ganske mange. Er visst populært det der. Var ganske nytt for ikkje så lenge sidan. Eg jogga litt lengre uti vatnet no, var allereie blaut så. Sola var herlig. Herlig temperatur.

Bading og bok

Såg ikkje så mykje mot land lengre. Berre litt, måtte dobbeltsjekke at eg ikkje hadde springe forbi Rebecca. Såg to andre volleyballnett på tilbakevegen. Men dei mangla oppmålt bane-taug som me hadde :) Då eg kom fram ville eg ikkje bli med å spele igjen. Eg ville ut å bade med Vidar som var uti. Eg sprang ut og hoppa raskt i havet. Kjempeherlig! :D Me svømte litt. Så gjekk me inn. Eg sat meg ned i sanden og starta å lese på boka mi, skrive av Dalai Lama.

Ein heilt utruleg bok! Mykje av det som står der er akkurat det eg har tenkt sjølv då eg var i Oxford. Er så inspirerende å lese. Det var noko som interesserte meg spesielt med det eg las på stranda; dødsfasen. Kjempeinteressant å sjå kva buddhistar trur skjer då dei døyr. Opplyste menneskje (som er «liberated» som det heiter i boka) kan gå gjennom denne fasa sjølv; til dei kjem til «clear light», som er det djupaste medvitet. Dette er så fantastisk at eg ikkje gidd skrive noko om det her. Den boka er seriøst kjempekos :) Lærer så mykje om Buddhismen.

Heimtur

Så var det badetid. Igjen. Dei andre ville bade òg. Etter dei hadde feiga seg i lang tid var alle under. Me bada ein del, til eg blei litt kald; «inn igjen» sa eg, og fekk raskt «ja». Fekk pengar for mat og grill, så køyrde me heim. Tor Eirik og Espen skulle bortom her etter dei hadde dusja, berre Tor Eirik kom. Skulle redigere det me filma i dag, men kom ikkje lengre enn til å digitalisere klippa. Jaja, noko å gjere imorgon då. I dag har forresten vore ein kjempefin dag! Må gjenta det der! :D

Nota bene

Så blir ikkje ting alltid slik ein trur. No er klokka halv 3 (igjen!! :( ) – dette skulle bli ein kort tekst og eg skulle leggje meg tidlig. Tak ein titt på dette:

[01:19:49] Odin: Eg skriv litt om volleyturen i dag.
[01:19:51] Odin: litt
[01:20:42] Espen…[Bæbu]: hehe

…snakk om sjølvbedrag.

10 tankar om “Sandvolley på solastranda

  1. Simon

    Tror jeg er glad for at jeg ikke ble sittende oppe å vente på denne posten i natt :). Vel snart klar for avreise mot Stavanger. Gleder meg til å komme hjem igjen.

  2. Odin

    Hahaha, bra kritikk :p – Du liker betre dei utan substans? Eller? Fortell, fortell :p Kan tenkje meg slike dagshistorier kan vere keisame ja. Hm. Har skrive litt mykje i det siste; difor eg seier eg skal prøve å skrive mindre. Men blir liksom ein del når eg fyrst startar.

    Ahh, nei. Du meinte kanskje at eg var oppe til 3? Trur posten kom ut litt etter 0:00, det seier iallfall «Bloggrevyen»:http://bloggrevyen.com. Eg sat berre ekstra lengje oppe. Hugsar ikkje heilt kva eg gjorde. Off :S

  3. Karlsen

    hørtes jo kos ut «for a change» :D neida, neste gang joine eg og hvis eg fortsatt får verme, så e ikkje lenger odin den dårligste i volleyball :D

  4. Simon

    Jeg mente nok tidspuntet jeg trodde artikkelen hadde blitt postet på. Beklager misforståelsen. Gøy å lese. Får håpe det blir noen fine sommerdager før jeg må sette kursen mot Trondheim. Hadde vært fint å fått oppleve den norske sommeren.

  5. ESH

    Va skamkult der ude. Einaste va at dagen ittepå hadde eg vondt i heile kroppen. Pga jobbing + speling :P

  6. Simon

    Forresten så er ikke stranda den beste plassen å grille, med tanke på sanden. Vi gjorde det i fjor og det kom iallefall litt sand i maten. Godt mulig dette var fordi ingen klarte å sitte i ro, spilte fotball og kastet «skjeinebrett» mens vi laga maten.

  7. Odin

    Jodå; fungera greitt dét. Litt sand kom det jo på pølsene, men slikt må ein leve med. Eg vaska av dei mest sandete pølsene før eg ga dei vidare, så. :)

  8. Teirik

    Nei, han børsta av dei, og om det var litt sand på dei gjorde heller lite, det høyrer jo til når ein griller på stranda! Og ja, det var utruleg morosamt på stranda ^^ Sandvolleyball for alle penga! :P

  9. Rebecca

    Heisann!:D Kjempkoselig å treffe deg på stranda:) Utrolig kjipt at du ikke fant oss etterpå!:( Men vi hadde sikkert gått hjem da. Jaja, fikk prata litt, i hvert fall. Treffes sikkert igjen en annen gang;)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.