Sommarvorspiel og videoredigeringstull

Vanskeleg å finne ut kor ein skal vere. Kor? Om eg finn det blir det iallfall utruleg moro. Masse kjekke folk eg ikkje har sett på lengje. Vonar eg finn det. Elles har meg og Espen tulla til to scener av De Metakognitive. Best dei kjem i den ferdige filmen!

Eg var litt bortkomen. Hm. Kor er eg? Eg veit eg er på Hetland (eller kva plassen heiter), men kor skal eg? Vroom. Eg svinger. Køyrer nedover. I høgre sete ligg ein CD (Cloroform sjølvsagt), eit par mandariner, ein «Farris Bris» og ein «Iskaffe Mocca». Eg har eit vagt minne av vegen eg skal køyre. Det er ein bratt bakke. Oppover, oppover. Hm, eg er nær. Men ikkje heilt der.

Forhistorie

Ein gong for ca. eit halvt år sidan blei eg henta av pappa på biltilsynet. Hadde nett stått teorien med 14 feil. Var ganske flau over eit så stort tal feil. Men likevel; ein kan jo ha opp til 27… Same kva, eg sto. Var vel eigentleg forventa. Kva anna? Skal ein liksom stryke på noko slikt? Eg hadde jo trass alt lest gjennom boka ein gong. Blei litt glad likevel, er jo folk som ikkje klårar han. Tenkte kanskje det ikkje var så lett. Viste seg jo at det ikkje var det; fekk jo heile 14 feil.

Same kva, eg sto no der. Venta på pappa. Så såg eg Kristine-Ýr, ei klasseveninne. Sa me kunne køyre ho heim. Så det gjorde me. Regna noko sjukt. Snakka om noko. Køyrde ho heim; eg – som ikkje kjende meg dårleg – drog til skulen for å ha gym. Pliktoppfyllande som vanleg.

Fest/Vorspiel

Vitsen med denne avsporinga var altså å fortelje kvifor eg hadde eit vagt minne om kor Kristine-Ýr budde. I morgon skal ho dra til Mexico og vere der til jul. Heldige jente. Åh. Eg òg vil noko slik, men, akk… Ho hadde altså ein hade-fest. Eg skulle eigentleg til austlandet med Tor Eirik og Espen. Men sidan fyrstnemnde fann ut at han ikkje hadde pengar (doh!) måtte me avlyse. Var jo positivt sidan eg fekk kome på festen/vorspielet; men tur til austlandet hadde vore knall! (Unnskuld Jg.a, eg hadde utruleg lyst :(((( )

Eg leitte. Køyrde ned ein bakke; såg på alle husa som har vore til salgs nedover. Me har sett på alle. Mamma og pappa har vore klår til å kjøpe fleire av dei; men så har prisen gått over den magiske maksimalgrensa. Kvar gong. Eg kom ned til ein leikeplass. Den der kjenner eg igjen. Båe av di eg har vore på visning rett oppe i bakken; men eg hugsar han òg frå ein regnfull dag eit halvt år sidan. Eg køyrde innover den vegen. Ikkje så lengje etter fann eg den fantastiske tomta der Kristine-Ýr bur. Den er seriøst utruleg.

Framme på plass

Der såg eg Janne og Elisabeth L. Eg helsa fint. :p Gjekk raskt opp. Klem, klem. Så snakka eg med dei lengje. Janne jobber på Coop Marked på Randabergvegen, medan Elisabeth går rundt og er sjuk. Stakkar, ho var ikkje særleg nøgd med dèt. Folk kom og gjekk, det var utruleg hyggeleg. Er ein kjekk gjeng me var frå Hetland. Mange gode folk. Å, så kos. :)

Så kom plutseleg Tone; ho var overraska over å sjå meg der ho sto klistra til vindauget. Eg var ute på verandaen medan ho gjorde vindauget skittent på innsida (vel, eigentleg ikkje). Kjempeglad i den jenta; ho var like framifrå som alltid – glitrande humør og ei minst like glitrande utstråling.

Koseleg prat

Sidan klokka er kvart over kjempemykje kræsjlandar eg mot slutten. Eg blei overraska over at folk visste om heimesida/bloggen min. Slikt blir eg kjempeglad for. Ooh. Var heilt utruleg faktisk! :D Snakka ein del med Finn Magnus og Per, heilt utruleg kjekke folk frå Hetland. Per hadde vore i Split for eit år sidan, det blei mykje prating om dèt. ;D

Litt seinere på kvelden kom musikken til oss. Me starta syngje. Meg og Per snakka om gode klassikarar som «Lou Reed – Perfect Day», «U2 – Beautiful Day» o.l. Så sang me; kjempehøgt. Per var litt av ein songar ;D Fekk ei lita tilskodarskare. Hahah. «OOOOH, SUCH A PERFECT DAAAY! I’m glad I spent it with youuuu!». Mange flotte songar.

Inn i bil

Eg hoppa inn i bilen. Sjølv om det ikkje kjem til utrykk her (soooove!) så hadde eg det heilt utruleg moro. Dette var trass i at eg berre var der 2 timar (trudde no det var meir!?). Eg køyrde heim medan eg song «U2 – Stuck in the moment» av full røst. Ahh, akustikken i bilen er genial. Herlig at ingen høyrer den rustne songstemma mi heller; eg liker ho – men vil helst ikkje plage andre :p

Eg gadd ikkje stikke til byen. Eg liker ikkje byen. Eg liker (halv)små, intime vor- og nachspiel. Så likte eg russekroene. Men byen. Næh. Betre å sitje å lese bloggar til kl 2 på natta, for å så skrive nokre ord til heimesida til 3:30.

Tidligare på dagen; redigering

Espen kom inn døra rundt 2 (hmm, trur eg). Han er flink å går inn sjølv no. Me redigera vidare på Scene 11 (lere seg å spele gitar-scene). Etter me hadde smelta av kor vakker den scena var (eller, musikken me la på heller (Elton John – Can you feel the love tonight)) starta me på Scene 05, der Belinda kjem på audition. Var ei skummel scene; ikkje supert stoff.

Nokre timar seinere heiv me oss etter pusten. Me må ha vore overtrøytte – me lo og lo, lo og lo. Skrattlo. Anten er den scena elendig, eller så er ho ganske bra. Eg vonar det siste. Men veit aldri. Skal kvalitetssjekke med Tor Eirik og pappa. Det var utruleg moro iallfall. Beste tida me (eg iallfall) har hatt på lengje. Kos. Utruleg kos.

Espen ‘n’ Odin cruisin’ Åmøy

Forresten, me var på Åmøy i dag. Henta lillesyster Kitty Karina og syskjenbarn Åsne på «Penelope Ponnileir». Var jo litt moro å få eit avbrekk. Men dette blir berre tull. Eg trur det er betre om eg legg meg. Natta.

Ein tanke om “Sommarvorspiel og videoredigeringstull

  1. Monique

    Ein blogg! Yay!

    Iskaffe e godt :D Alt så inneholde kaffi e godt ;) Utenom kaker.. Ein dag må du visa meg sangtalentet ditt, du seie du like å synga, men eg har egentlig aldri hørt deg jør det =/ Elle jo! I Lilla, men det va sikkert ikkje det besta du har prestert :)

    Eg har ei vennina så bor på Vestre åmøy, 10m vekke fra der dokke va :) Å me va der samme dag… wow!

    NÅ va eg den første så kommenterte ;) Klem

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.