Tilbake til Zagreb

Dette har vore ein reisedag primært. Me skal frå Hvar til Zagreb, for at me imorgon skal kunne take flyet til Noreg. Me har take båt og tog for å kome til Kroatsia sin hovudstad. No sit eg på ein “skule” i Zagreb, er inkvartert privat; det er det blandede kjensler om.

Hvar -> Split

Me måtte stå opp tidleg i dag; den einaste båten til Split før toget gjekk nemleg. Me hadde ikkje skaffa billettar endå. Trudde jo at alt ville gå bra, men det gjorde det altså ikkje. Medan me stressa kofferten ned ein av dei tusen trappane som finst i den vakre byen Hvar kom pappa fortvila og fortalde at det ikkje var meir plass. … Krise! Utan den båten klåra me ikkje nå toget; då ville me måtte bruke ekstra pengar på anten nytt tog – og i verste fall ikkje klåre kome fram til Zagreb før flyet gjekk. Eg såg meir positivt på situasjonen; ting fiksar seg alltid – sjølv om eg kjende presset.

Medan pappa såg ut til å gje seg flat med ein gong sprang mamma bort for å snakke med dei som tok billettane inn. Ho var ganske hysterisk; reiv seg gjennom menneskjemengda. Måtte fint vente til alle dei med billettar var kome inn i båten. Sto og kaldsvetta medan dei siste gjekk inn – det mååå vere plass! Så fekk me høyre det me ville “Ok, that would be 120kn”. Yeah! Plass på båten! ;D

Eg sat rett vedsida av nokre danske jenter, var faktisk litt sitjeplass igjen. Eg sovna nesten. Då me kom til Split åt me bakevarar, deretter dro eg til internettcafèen og fiksa eit par bilete. Fekk ikkje skrive noko; var meir interessert i å lese kommentarar og sjå på bileta me har take.

Split -> Zagreb

Meg og Falke sprang frå cafèen for å ikkje kome for seint til møtetida no, har vore sein så ofte. Kom før Mamma, så alt var bra. Me tok toget til Zagreb, ein ~5 timer lang tur. Fin statsbane, traff nokre svenske folk. Spela sjakk med Falke. Gjekk ganske raskt eigentleg.

Privat skulebu

Framme i Zagreb var det ein fyr med utruleg blå augo som spurde meg om me trong plass å bu. Jodå, sa eg og henta mamma og pappa. Han hadde ein skule, engelskopplæring, som sto tom no om sommaren. Difor ville dei ha folk til å bu der i sommarmånedane. Fyrste natta dei prøvde dette her; skulle ha 120kr/senga. Me har 4 senger, Falke søv på golvet, eg søv saman med Kitty Karina. Det blei ikkje særleg mykje billigare enn hostellet, men me ville prøve. Det høyrdest dessutan betre ut.

Då me kom fram til plassen starta mamma og klage noko sjukt; ho var ikkje nøgd. Ville dra. Få sengar, dyr pris, like bråkete (veg utanfor), “privat”, ukjend område, blablabla. Ho laga dårleg stemning. Dei neste timen var eg småsur og irritert; påverka av mamma. Men til slutt, etter ein stor biff og gåtur blei det betre. Ein av fordelane her er at det er gratis internett; så eg kan hacke i 2 timar utan at eg må punge ut 70kn for det. Sparar jo inn ein del dèr då! :) (Sjølv om det er ein hekkans virusinfisert Windows XP-pc, måtte leggje inn FireFox for å i det heile tatt kunne surfe skikkeleg!)

Middag og kveldstur på byen

Falke ville absolutt kjøpe ein digeredoo (slik bambusrøyr aborigenieesene (ehh) i Australia sit og sutter på medan dei lagar rare basslydar). Han fekk butikkeigaren til å vise han korleis han skulle gjere, og det tok ikkje lange tida før Falke stod og laga musikk i butikken. Der sto han lengje. Fikla i lommeboka før han fann ut han ikkje hadde råd. Måtte take ut pengar. “Eg kjem tilbake imorgon”, mumla han då han gjekk. Mamma var ikkje særleg entusiastisk… Kan ein seie.

Me ville ha dessert etter me hadde ete mat med ei sta servitrise som gjorde det til sport å missforstå kva me sa. Etter mykje romstering fann me ut at me kunne gå ein plass me hadde vore før. Der gjekk eg og Helge, medan dei andre sat seg på ein kafè 20m lengre opp i gata. Eg ville absolutt take med meg isen frå cafè1 til cafè2, men i herdige demonstrasjonstog og opptøyer frå mamma, heldt eg meg på cafè1. Åt isen der med Helge. Var ganske god faktisk, utanom at eg skyndte han nedpå for å kunne sosialisere litt betre oppe på cafè2.

Åh. Lat meg seie; 15kn for hax max is! Sånn med krem, kjeks osb. OOhh.. Utruleg. – No er det vel snart sovetid for KK, eg sit på laptopen her og skriv. Er ein leiligheit dette her, grei nok – litt ekkelt foreløpig; sidan ting ikkje akkurat går på skinner når dei plutseleg skal leige ut, menmen, skal berre sove her. Imorgon er det frukost og litt loffing i byen. Falke kjem vel til å klage om å få kjøpe digeredooen, Helge fann ein anna butikk han ville ha noko i.

Heimreise

Så er det til slutt heimreise. I morgon kl. 2 går flyet frå den bittelille flyplassen. Me må vere i Frankfurt i ~6 timar; det blir keitt. Den flyplassen er elendig. Jaja, får sjå korleis det går – kan hende me kjem til ein annan terminal. Eg må sjå om eg klårar hacke eit par bilete inn no. Det var det, kan hende dette blir det siste eg skriv i Kroatsia. Takk til dei som har lese; det har vore 12 kjekke dagar. No kan eg trappe ned hyppigheita av innlegg og kanskje fokusere litt meir på kvalitet i staden for kvantitet slik det har vore no… :) Eller hvad tycks?

Oppdatert: Eg fekk mekka små forsidebilete til dei 3 siste innlegga (utenom dette), – alle søv utanom meg, og eg gidd ikkje vekkje dei for å finne kamera. Difor får eg heller leggje ut fleire bilete når eg kjem heim att til Noreg. Snakkast der ;) Natta! :D

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.