Vitnemål i boks

Javel, då har eg vore å hente vitnemålet mitt frå Hetland. Det ser greitt ut, men har ein liten feil (trur eg). Elles er det synd å sjå kor mykje mattematikken øydela for snittet. Det som eg trudde ville vere lett match (kvifor gjer dei 1MX ultralett og 2— og 3MX dritvanskeleg!?)

Karakterane slik dei kom fram

Legg dei ut i ei liste, for interesserte :p

Fag Standpunkt Eksamen
Engelsk 4
Matte 1MX 5
Naturfag 5
Samfunnslære 4 5
Norsk hovudmål 4 5
Norsk sidemål 4 3
Norsk munnleg 4 6
Nyare historie 5
Religion 5
Gym 5
Fransk B Fritatt1
Økonomi 5
Matte 2MX   2
Matte 3MX 3 3
Media 3 5
Media 4 5

1 B-språk, berre eit år, standpunktkarakter 4 (fire).

Snitt

Ja, så kva blir snittet av dette då? Jo, det blir ca 4.35 i snitt. Lavt. Eg hadde håpa på noko høgare. Ungdomsskulen og GK hadde eg 4.7, VKI fekk eg 4.5 trass kor slakk eg var det året (Oxford, ooh, max lax). Medan dette året er snittet 4.4 eller noko, hugsar ikkje heilt kva det blei. Så kom eksamenane då, 2-eren kjem krypande frå 2MX. Øydelegg alt. I tillegg kjem eg opp i 3MX, endå ein 3-er som ligg å venter på å trekkje meg ned. Hadde eg berre kome opp i eit enklare fag. Menmen.

Vitnemålet til Odin Hørthe Omdal

Korleis hadde det sett ut UTAN 2MX og 3MX på vitnemålet då? Jo, mykje betre. Dette er jo sjølvsagt berre ønskjetenkning; men utan dei hadde eg hatt 4.65 i snitt. Oooh, det hadde vore sakar. Med dei 5 ekstrapoenga eg har då ville «snittet» mitt vere 5.15! No er snittet (med poeng lagt til) 4.85. Eller 48 poeng på primærvitnemålet som ein òg kan seie.

Jaja. Treng ikkje så mykje karkaterar, ein får til det ein vil. Eg skal antakeleg ikkje gjere ting som krev at eg har superduperkarakterer likevel. Vil ikkje bli journalist osb. Dessutan har eg jo allereie eige firma :p

Ein time ekstra?

No har eg 100 timar på vitnemålet. Dette inkluderer 2 timar «Teater/Revy» som eg gjorde på GK. Men eg var med i elevrådsstyret, og me skulle få godkjend 1 time for det arbeidet, og den har eg ikkje fått. Eg skreiv jo rapporten dei trong òg, så det skulle ikkje vere noko problem. Eg må få ringt ned å sjekka det. Er jo greitt å få 101 timar, viser at eg har vore ein god del på skulen (sjølv om det er langt frå heile sanninga, eg jobba enormt mykje overtid i Oxford).

Men godt nøgd

Det kunne ha gått verre, eg har ikkje vore særleg flink til å jobbe. Vore slakk, slik er det. Eg er veldig missnøgd med BM-eksamen der eg fekk 3, har skrive om dèt før. Heile klassa vår fekk elendig karakterar (høgaste var 4, som fekk) trass i at me var den beste klassa (ant iallfall) på Hetland. Me hadde altså ein sur og sint sensor. Frekt. Eg har hatt BM i 11 år og kan det betre enn NN som eg nett bytta til (likevel får eg 5 på hovudmåleksamen i NN!).

No har eg altså eit snitt på 4,85. Det er jo ikkje gale. Dessutan har eg take 2MX-eksamen på ny, så grunnsnittet mitt blir 4,4 då. Då har eg snitt på 4,9 med poeng. Jaja. No er det berre å søkje om sivilteneste! Stresss… :p

Eg har take tida på dette innlegget, så tenkjer eg kan seie ifrå kor mykje eg har bruka på forskjellig.

Oppgåve Min
Fiksa bileta (take dei, redigert, lagra på HD) 10
Skrive dette (medan eg chatta med Monique og div) 30
Få bileta inn i innlegget og publisere 5
Totalt 45

10 tankar om “Vitnemål i boks

  1. Teirik

    Hepp.. 2MX og 3MX va ikkje så ufattelig mye verre enn 1MX, men du hadde jo den «ulempen» at du va i Oxford, og dermed ikkje hadde samme undervisning som oss andre. Dessuten så hadde du vel ikkje matte der borte (som bla karlsen og jurg hadde), og derfor kom du uheldig ut på 2MX’en. 3MX’en bygde jo ganske så mye på 2MX’en, og då e det jo forståelig at du hadde litt problemer med den og.. Eg seie ikkje at fagå va lette, nei off, de va vanskelige nok, men du hadde ikkje samme undervisningsgrunnlag, og derfor blei ting litt verre :)

    Sånn ellers så må eg påstå at 48 poeng ikkje e så altfor ille t videre utdanning, du kan komma inn ganske mange plasser på det. Om det e høgt nok for det du vil innpå har eg ikkje peiling på, men du kan jo sjekka opp mot samordnaopptak.no for å se. Og BM-eksamen hadde du jo samtidig så me hadde nynorskeksamen, og det kan jo ver at de har vurdert an litt strengere i forhold t nynorsktekstane. Mao. at de ikkje har tillatt det «slingringsmonnet» me fekk. Bare spekulasjoner, men eg mistanke det e det..

    Men ellers så e ikkje snittet ditt så ille, e iallefall over 4, og ja, det e sårt å se sånne karakterer, men der e lite ein kan gjørr me det nå (med mindre du vil gjennom ennå ein privatisteksamen)…

    Sjøl så må eg sei meg veldig fornøyd med vitnemålet mitt. 47 karakterpoeng (4,7 i snitt) e eg veldig fornøyd med, og ein samla poengsum på 53 e bare 5 poeng bak skolens bestemann (iallefall på karakterpoeng), ESH som oppnådde 58 poeng… Einaste karakteren som skjære litt e skriftlig fysikkeksamenen fra i år, den fekk eg 3’er på..

    Menmen, komm inn på Universitetet i Stavanger gjorde eg, og nå vente 3 år med ingeniørstudiet «Elektro’… hmm, satse på det går greit…

  2. Odin

    bq. Og BM-eksamen hadde du jo samtidig så me hadde nynorskeksamen, og det kan jo ver at de har vurdert an litt strengere i forhold t nynorsktekstane. Mao. at de ikkje har tillatt det “slingringsmonnet” me fekk. Bare spekulasjoner, men eg mistanke det e det..

    Veeeel… Me hadde ikkje same sensor, dessutan er det berre tull at tekstar skal vurderast forskjellig basera på målform. Det trur eg ikkje på. Dessutan fekk jo sekserfolk i klassa mi 4-er! Nei, me hadde rett og slett ein korrupt sensor. :)

  3. Simon

    Selvfølgelig bør tekster på forskjellige målform vurderes forskjellig. Man har ikke samme undervisning på temaer som språkutvikling, oppbygning i sidemål, som det man han i hovedmål. Det er jo ganske logisk at du skal skrive hovedmålet en del bedre enn sidemålet, derfor bør oppbygning og innhold være det som det blir lagt mer vekt på.

    Det er jo en ganske kjent sak at mange sliter med gramatisk oppbygning av sidemål, derfor må dette vurderes på en eksamen.

    Sikkert lite sammenheng i kommentaren, men jeg ble forstyrra midt i, og orker ikke lese igjennom. :)

  4. Odin

    Simon; Ja, men då burde eg jo iallfall ikkje få så dårleg karakter! BM er mitt sidemål veit du.

  5. Simon

    Godt mulig det. Så kan det være et enkelttilfelle der sensoren har vært teit. Men jeg mener fortsatt at sidemål og hovedmål bør vurderes på ulik linje.

  6. Teirik

    Å, tro meg, de vurderes på ulik linje òg… Hadde aldri fått 5 i nynorsk viss ikkje…

  7. Odin

    Teirik; ja, men det er jo ingen grunn til at eg skal få 3-er i mitt sidemål bokmål då? Eg fekk jo 5-ere då eg hadde det som hovudmål!

  8. Teirik

    Nei, eg tror du bare har vært uheldig med oppgaven samt sensor og at hadde sinnsykt uflaks… Eg ser ingen aen grunn t at du plutselig fekk verre karakter, det sko heller slått ut andre veien

  9. ESH

    Jævla norskeksamen. 4en der ødela heile fina vitnemålet mitt. Rett før eg vil ta ann opp igjen :P

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.