Frankriket dag 1-3

No har eg forvilla meg inn paa ein internettcafè i Strasbourg. Lese eit par bloggar og tenkte eg kunne leggje ut det eg har skrive av dagboka saa langt. Me har spelt ein del fotballspel, vore i byen og sett to filmar. Ikkje di store tinga endaa, men dei kjem… :)

Dag 1, reisen

Etter eg hadde vore oppe heile natta, vakna mamma. Eg kom på eit par ting eg hadde gløymd, så mamma stressa med at eg ikkje var ferdig. Etter eg hadde funne pass og skrive ut billetane dro me åt Espen. Det var vegarbeid på motorvegen, klokka nærma seg flyreise. Har alltid synest heile denne “ein-time-før”-problematikken har vore seriøst overdrive, kvarter før har alltid fungert. Likevel er timen lagt inn for at altslags uforutsette ting skal kunne skje. Men me kom oss inn likevel.

Flyturen, Zzzz

Det var veldig kaldt, angra på at eg ikkje hadde kledd meg betre. Me gjekk med ein gong dei starta sleppe folk inn. Like godt sitje i flyet tenkte me. Vel, det var iallfall feil. Sjølvsagt kunne me ikkje GÅ dei få metrane åt flyet, neeeidå, dei ville bruke den nye bussen deira igjen. Makan! Kald var han óg. Flyet var eit CanadaAir, eller noko. Var lite iallfall. Endå mindre plass inni, satt som sild i tønne. Sat ikkje vedsidan av Espen, så han fekk “Michael Moore” med “Dude, Where’s My Country”. Eg las litt i boka av Dalai Lama, men fann ut eg like godt kunne sove etter eg hadde konsumert litt herleg flymat, eit glass vatn, kaffi og te. Var trøytt.

Frankfurt i regnet

Framme i Tyskland, Frankfurt. Eeeeh! Det var ikkje særleg hyggeleg. Vêret var sånn ca 100% på trynet. Har ikkje sett slik regn på år og dag. Flyplassen var styggere enn nokon gong før. Dette i tillegg til at eg helst berre ville sove; fortreffeleg. Eg var ikkje heilt nøgd med at eg hadde gløymd regnjakka. Det var ikkje superlurt, akkurat. Frøys meg ned åt baggageclaim og heiv på meg ein jumper då bagasjen endeleg kom. Tim hadde fått langt hår. Eller, det vil seie han hadde veldig kort før. Helsa på faren, og starta den lange (2–3 timer) turen mot Strasbourg. Køyrde på autobahn, men såg nesten ingenting på grunn av alt regnet. Måtte køyre roleg. Snakka litt på vegen.

I Strasbourg, Frankriket

Leilegheita åt Tim var kjempeflott, større og betre enn eg hadde venta. Ikkje hotell akkurat då, men dét er jo keitt likevel. Me starta gå mot byen, var opphald og eg hadde fått låne ei jakke. Tok oss ein 45 min å gå åt sentrum ca. Me gjekk gjennom skulen åt Tim mot kinoen. Skulle sjå ein Thailandsk film, av same folka som laga Ong Bak. Hehe, “Born to fight” heita denne og var sikkert like manglande i historie.

Nedlagt bru

For å kome åt Kinoen måtte me over ei diiger nedlagt bru. Myndigheitane har prøvd å stengje ho med diverse bås, men nokon har take vekk ein del av bølgemetallet. Idiotisk sikring. Det var ein stor veg der plantar hadde byrja gro midt i vegen. Eit DIGERT sentrumsnært areal var okkupert av denne enorme broa der ingen fekk gå. Det vonar eg ikkje ville skjedd i Noreg. Utruleg nedfalls, skulle liksom fikse ho – men har ikkje kome lengre enn stenging. Måtte klatre over nokre sperringer, ikkje greitt med dei knea eg har no.

Nedlagt bru

Filmen mangla totalt skikkeleg historie, men var moro grunna dei sjuke stunta. Dei bruker ikkje seler o.l. i denne filmen, likevel gjer dei enooormt skumle ting. Han eine fyk frå ein lastebil ned på ein anna bil PÅ KANTEN og dett vidare ned på BAKKEN. Var sjølvsagt ei lita pute under jorda der, men den må ha vore liiiten! Hekkan, dei dreper jo seg sjølv på den måten. Men eg kan ikkje seie anna enn at det ser fantastisk bra ut.

Treigt liv på helligdag

Ingenting var ope i byen. Må ha vore helligdag. Einaste me såg var ei stor gruppe folk som sang hallelujasangar utanfor domkyrkja. Utruleg. Dei dansa óg. Eg lo godt av det, såg kjempekos ut – enn kor rart det var :D Fann ein butikk, kjøpte mat og gjekk heimat. Godt slitne i beina. Tim laga maten, me åt (kjempegodt!) og så spelte me Xbox. Fotballspelet var faktisk morsomst (har noko med at Xbox-spel syg, sikkert, drittmaskin – skulle hatt ein nintendo :D )

La oss tidlig, hadde sovna 23. Fekk melding av Hege då, etter eg hadde lagt meg/sovna (kor ofte skjer dét liksom). Sengane var kjempeherlege. Flott på golvet. Var alt i alt ein grei dag, men trøytt + at me nesten ikkje gjorde noko. Me var ikkje akkurat henrykt fyrste dag, nei :)

Dag 2, bygaaing og dubba film

Gode sengar som sagt, eg sov særs godt. Drøymde gjorde eg óg. Så flott draum at eg ikkje gadd stå opp med det fyrste. Tim hadde vore inne på rommet for å få oss opp nokre gongar. Han hadde stått opp 9, ville ut å ete frukost. Me fortsatte berre å sove medan han spelte fotballspelet. Til slutt sto me opp, og Espen dusja. Eg var så svolten at eg ikkje gadd dusje, dessutan trong eg det ikkje. Alltid stress å dusje i utlandet, dusjane er så dårlege – tek lang tid, hihi.

Søt frukost

Espen og frukostMe starta gå mot byen, bussen kom ikkje før om 10 min, så Tim lurte på om me skulle gå. Jadå, sa eg. Likar ikkje buss noko særleg så. Plassen me skulle ete «ekte fransk frukost» på var stengd, så me måtte finne ein anna. Til slutt fann me ein liten plass og satte oss ute i sola. Tim kjøpte ein variant av mange typer. Croiassantane var best, alt det andre var for søtt – og eg hadde ingen kaffi i labben…

Svara på meldingar, Pappa sa heimesida mi var nede og at kanskje alt var mista. Off. Vonar ikkje dét har skjedd! Eg betala dei 500kr litt for seint, men eg var jo på ferie då eg fekk den hekkans rekninga! Eg sa eg ville gå på ein internettcafé for å fikse, Tim visste ikkje om nokon – men me skulle leite seinare.

Gjekk vidare langs kommunistblokkane (aka. stygge studentbloakkar) nær universitetet og skulle innom ein matforettning i sentrum. Tim hadde handleliste, og kjøpte inn ting slik at me kunne ha gode middagar seinare. Etter dét tok me bussen heim, eg tok eit par bilete medan me venta. Åt god middag/lunsj, Tim hadde laga kalkun-ettellerannet. Utruleg godt.

PC og film

Eg sat meg inn på pcen for å skrive om dag 1 (no er det dag 3, og eg skriv om dag 2 :p), sat der ei stund og stressa med keyboardet (norsk qwerty vs. fransk awerty vs. norsk dvorak – ugh) før eg sa meg ferdig. Då hadde Espen og Tim spelt ein god del fotballspel, og Espen hadde visst skrive dagbok. For hand då. Kan hende han legg ut noko, har ikkje spurd han.

I byen såg me lengje etter internettcafé – men akk. Gjekk åt den uavhengige kinoen åt slutt, skulle sjå ein amerikansk independent film “Sideways”. Ikkje dubba nei. Hihi. Han var ganske grei faktisk, men prosjektoren eller noko var dårleg sidan heile filmen var vignettert. Uffameg, eg var lettere irritert av det innimellom. Elles bruka dei “soft rock”, også kalla “heismusikk” mange plassar i filmen – då hoppa eg litt ut av handlinga igjen og høyrde åt musikken. Likevel ein søt film.

Sovetid

Klokka var 22 eller noko, og me skulle på eit eller anna kulturgreier i byen. Starta å gå mot det, men fann ut me var på feil plass. Sa me skulle fortsetje – men etter 10 min var me tilbake der me starta. Gjekk altså i ring. Då ga me opp. Får gjere det imorgon heller! Heime spelte me fotballspel frå 24–01, og eg la meg i sengja medan Espen sat oppe og skreiv.

Dag 3, dagen i dag

No sit eg her på pcen og skriv. Dag 3. Klokka er 2, Tim kom nett heim. Har vore i Colmar hos tannlegen, men han var ikkje tilstades. Kom tilbake med kart over internettcafé og Strasbourg istaden. Får sjå om me finn noko i dag då. Sto seint opp i dag óg, Espen óg. Står bak meg og kommenterer “Ja, du e lade”. Klag. Me åt frukost, ikkje særleg god akkurat. Amerikansk brød (liek: WTF!? Me kallar det “fransk brød”/loff heime. Dessutan er det eit elendig brød, 0 mat i det nesten) med nutella. Eg åt med litt ost i byrja, men eg treng baguettar til det heller.

Så spelte me fotballspel, og eg sat meg inn her til slutt. Det er dagen så langt. Skal ned i byen for å finne internettcafé no. Blir jo interessant å sjå korleis dét går – vonar sida mi ikkje er 100% vekk. Hadde vore litt keitt. Det er forresten kjempevêr no! :D Utruleg herleg og varmt.

Internettcafè

No sit eg paa ein inetcafè, gidd ikkje stresse med ae oe aa; tastaturet er fransk. Q er A, A er Q, . er ; m er , osb… Meeget stress mao. Eg har lese dei tusen kommentarane i bloggen at Monique og tke backup av heimesida sidan Pappa sa ho var lagt ned. Best aa ha det i tillfelle dei sletter databasa mi! Hadde vore synd aa mista alt. Off. Men, teit aa skrive ,eir her – gjer det heime hos Tim heller. Har det veldig bra forresten :p

7 tankar om “Frankriket dag 1-3

  1. Rebecca

    Bonjour, mon ami!:D Jeg saa jo at du kom til å bli trøtt, Odin! Men hørte du på meg? Neeeida! Tihi:P Croissanter! Yumyum! Beste jeg vet! Spis en haug for meg! Jaja, du får kose deg masse videre:)

  2. Skjalg

    Ja, Ja som alltid, mor og far veit best… Me hadde sagt te deg at du skulle ha med deg fleire kler. Det ser visst ut til at det er skiftande ver i Frankrike og… Ser ikkje ut som om du trivst særleg der i Strasbourg – litt anna stemning her enn her om dagen då sangen strøymde over Stavanger og Sola….

  3. Miriam

    Håper du har det koselig i Frankrike!

    Du må gjøre noe med sovetidene dine, Odin. Du må sove om natta, ikke være på PC’n og MSN. Fypåseg…

    Croissanter er det beste som finnes på denne jord. Men de med sjokolade i er best ;). Yummi!

    Håper du får noen fine dager der nede. Kos…

  4. Odin

    Rebecca og Miriam: Heheh :] ∗glis∗

    ESH: Pro Evolution Soccer 04

    Skjalg: Nei, det var moro. Fyrste dag var stress og ikkje så kos, neste var litt betre – tredje var kjempekjekk :)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.