Full fest i heimen!

Full fest! :D Eller noko, iallfall. Hehe, eg har vore med kamerat Espen, Tor Eirik og Jon i dag. Me starta på brusta, gjekk rundt mosikken og til mi glede fulgte alle etter då eg snudde mot heimen.

Fra 1-er åt 4-ertur! :D

Det starta med at eg ville gå tur (som vanleg), men eg sa det ikkje. Så ville plutseleg Jon take seg ein tur åt Brustad – eg ymta om mitt ønskje om å gå ein meir generell tur og Tor Eirik var ikkje sein med å svare. Etter dusj og frukost (kl. 7 på kvelden, ja, eg veit) trippa eg åt Brustad. Og så fekk eg gåve av Tor Eirik! Refleksvest og skrittellar! Hehe.

Inne på brustad kjøpte eg ei overprisa skulebolle åt 10kr pluss 33cl mjølk (lett, hadde ikkje heil igjen) åt 4kr. Jon kjøpte, nyrik som han er, 1L sjokolademjølk. Espen slo til med. Hm. Hugsar ikkje. Teirik kjøpte iallfall 0.5L Imsdal (grr, teit å kjøpe vatn på flaske i Noreg – men han hadde ikkje ei kran tilstades) og ein tyggi. Etter dei søte jentene i kassa hadde smilt og gjeve meg pengar tilbake starta eg på bolla mi medan eg såg Jon ikkje var heilt med på taktane.

Ingen innesitting Jon, me skal !

Eg ville sjølvsagt gå tur rundt mosvatnet – det gjekk utan større spørsmål sjølv om eg såg at dette kom uventa på Jon. :] Han ville jo berre gå åt brusta som han skreiv tidligare. Meg og Tor Eirik snakka meste av turen, medan Espen og Jon hang og snakka litt bak.

Jon gjekk utan sokkar, og i slitne klede (SIF treningsbukse og hard rock café-t-skjorte) – hehe. Klaga på at han ikkje var kledd for tur og såg morsk på meg :p Han klåra tilogmed magisk nok få sting! På ein lett gåtur rundt mosikken! Wooow. Til slutt var med rundt. Eg såg på ei jente som gjekk forbi oss – og plutseleg byrja folka med buddhist-snakket sitt igjen. Var glad for at alle ville vere med heim, og trudde det var dét dei meina, men var ikkje det. Eg hadde visstnok sett på rompa åt den jenta (javel #1) og det var ikkje buddhistisk (javel #2). Greitt at nokon veit kva eg har gjort å ikkje bør gjere iallfall.

Måtte bruke litt tid på å forklåre dei at rompe er ein del av kroppen, og at kroppen trass alt berre er kroppen. Rompe, kvifor skulle eg sjå på det? Vel, om eg gjorde så er det jo av di me ser jo på folk om me skal sjå kven dei er. Eg sa eg nett såg på rompa åt Jon óg – noko eg faktisk gjorde og hugsa.

Kei metakognitiv film

Då Espen hadde vist sine ballkunstar litt for lengje gjekk me inn. Sprang opp og såg på det me hadde redigert så langt av De Metakognitive. Eg ser at han er alt for lang. Er kjempekei i starten diverre, var reint flau av å vise det. Tek seg bittelitt opp i slutten, men det viser seg at han må vere mykje kortare for å vere interessant! No har me filma halvparten og filmen er 31 min lang (han er faktisk 22 min, men eg har trudd han vore 31? Har eg ete litt for mange pollentabelettar eller!?)!

Mariokart og chatting/vevkamera åt Inga

Rommet mitt! Ryddig. :D

Så fann dei ut at dei skulle spele supernintendo; så dei drog fram mariokart. Det blei kjempegod stemning med høg musikk og enorm innleving i spelet. Då Espen slo Jon på målstreken (nokre millisek før mål) blei det eit jubelrop naboane ha høyrd! :D Rommet var i ekstase (Jon hadde vunne alt før det, hadde mykje betre gokart) Eg starta skrive med Inga og starta vevkameraet. Så fekk ho sjå oss monge oss (vel, eg) til foran kamera.

[23:12:27] Inga : jeg ser det er en flue bak deg
[23:12:30] Odin : ja
[23:12:31] Odin : to fluer
[23:12:38] Inga : bzzz
[23:12:40] Odin : begge liga plagsomme
[23:13:03] Odin : men eg stikke nå
[23:13:05] Odin : ska banka odin
[23:13:28] Inga : aaaw
[23:13:53] Odin : sånn
[23:14:09] Inga : hehe..stakkar
[23:14:26] Odin : han klare seg
[23:14:32] Odin : står her å danse
[23:14:36] Odin : så ein aen homo

[23:28:36] Odin : odin skabe seg
[23:31:48] Odin : nå får du ikkje merr
[23:31:50] Odin : odin blei galen
[23:32:08] Inga : så det..hehe…

Chatting åt Anette

Så etter masse badmouthing/verbal skittkasting (eehe :p) Slo me av kamera av di Monique hadde kome på. I tillegg skreiv Jon med Anette, på ein, hm, litt utfordrane måte. Så lengje ho ikkje visste det var meg kunne han skrive kva han ville – noko han óg gjorde :p. Det var veldig moro iallfall, båe med Monique og Anette. Hahahah, dei loggane er veldig morosame – men blir overkill å leggje ut alt :p Likevel; er enklere å kopiere å lime inn enn å forklåre :P

[23:00:34] … : hej
[23:00:43] Odin : Heia Anette! :D
[23:07:44] Anette : jørr?
[23:08:51] Odin : ska du drida i
[23:09:03] Odin : besøk, unnskuld
[23:09:12] Odin : Litt vonde folk :p

[23:13:32] Odin : vil du ha cyber?
[23:13:43] Anette : seff
[23:14:03] Odin : fint
[23:14:08] Odin : eg e pizzabud
[23:14:15] Anette : eg e hageslange
[23:14:17] Odin : du må ringa å bestilla pizza
[23:14:18] Odin : haha
[23:14:21] Odin : nei det funke ikkje

[23:17:10] Odin : ”ååh.. kjedelig her, håpe någen ringe å bestille pizza snart”

Chatting åt Monique

Med Mon hadde me vevkamera óg. Heldigvis oppførte Jon seg litt betre så ho ikkje trudde eg hadde heilt idiotiske vener. :p

[23:31:05] Monique : ok, km av doke drive å kødde nå?:P
[23:31:10] Odin : hææ?
[23:31:10] Monique : Espen?
[23:31:14] Odin : nai
[23:31:21] Monique : Jon?
[23:31:24] Odin : bingo

Synest Monique bruka lang tid på å take at det ikkje var meg. Det plar vere lett å sjå:

  1. Eg skriv nynorsk (og korje stavangersk eller bokmål!).
  2. Eg brukar store bokstavar.
  3. Eg startar ikkje (så veldig ofte trur eg) «hippe­» ting som «hei pus».

[23:32:22] Monique : jaja, kor har du gjort av Odin då?
[23:32:27] Odin : odin står å danse

[23:33:21] Odin : han danse vel sjøl om han e blid eller sur
[23:33:27] Odin : danse litt værre når han e sur kanskje

[23:34:09] Odin : men t tider ser det ut så han har epileptiske anfall
[23:34:15] Odin : så me e litt redde for han

Eeeh. Haha, javel. Dansar eg når eg er sur? Det trur eg då ikkje. Hugsar ikkje sist eg var sur, men er ganske sikker på at eg ikkje dansa iallfall. Det med epileptiske anfall er sikkert rett då, eg dansar av di eg blir glad av det og andre plar smile av det. Veit det ikkje er så vakkert (eg har sett video av meg sjølv, uff :p ), men kva har det eigentleg å seie om folk blir glade?

[23:44:34] Monique : saft ja..koffor ikkje ingefærøl? det e litt godt det au
[23:44:45] Odin : får bare saft
[23:44:50] Odin : odin e gnien

Pizza og saft, og gnien Odin

Medan eg tidligare har sprunge ned trappane og henta saft til eit klagande sirkus av folk pluss laga to pizzaer åt dei fortsatte klaginga. Litt tidligare hadde fleirtalet gått inn for at eg skulle spandere pizza på dei, og eg måtte berre starte å ringje. På vår telefon – sidan Jon berre ville ha gratis pizza og ikkje bruke dyrbare tellerskritt frå eiga mobil på det :p Heldig for meg sat dei framleis og spelte mariokart då dei hadde planlagt at eg skulle spandere. Eg ringde ikkje før me var samd om at alle skulle betale.

Ring-ring.
Odin: Hei!
Jente: Hei, me har s…
Odin: Eg vil bestilla nr 10…
Jente: Men…!
Odin: …stor og…
Jente: Me har…
Odin: …uten sopp (kompromiss med Jon, som ikkje liker nokon ting)
Jente: Unnsk…
Odin: Sett opp på Odin Omdal.
Jente: Men…!
Odin: Æ!! (Eigentleg ikkje, men det hadde jo vore moro :p )
Jente: Me har stengt.

Åh. Javel. Ingen pizza frå pizzabakaren då. Så medan Tor Eirik flekka opp ei imponerande telefonliste med nummer åt pizzarestauranter (hmmmmm) fann eg 2-pakk grandi i frysen. Jaja. Får bli det vanlege då :p Så etter alt det stresset, eg som hadde springe ned å laga saft åt dei osb fortsett dei likevel. Sukk.

Hm. Vel, kanskje eg er gnien. Eg spanderte jo berre pizza og 2 grandi, ingen «skikkeleg» pizza. – Same kva, me hadde det kjempemoro :D Vevkamera med aMSN (frå CVS) fungerte kjempebra. Er moro slikt. Når ein er fleire iallfall :]

15 tankar om “Full fest i heimen!

  1. ingapinga

    Hehehe… Virker som dere hadde det show ja! Synd at dere ikke fikk bestilt pizza, selv om den graniosaen så veldig god ut! Mmmmm….pizza! Jaja…må desverre gå nå! Vi snakkes…

  2. Hege

    ganske bra side odin ;) likte samtalen med Monique og JON :P heheh! d VA kjekt i dag må du vida ;) kooZ

  3. Simon

    Er det bare å komme på besøk til deg, så får man pizza og saft?

    Hadde selv grandiosa i dag, kjøttdeig og løk, nammenam.

  4. Simon

    Litt vanskelig akkurat nå i og med at jeg er i Trondheim. Får se en gang jeg er hjemme. Kanskje det kommer en dag jeg har lyst på Grandiosa :).

  5. Karlsen

    haha! morsomt, odin :P

    må bare få sagt at stingå skyldtes sjokomelkå… som eg sa oppte flerne ganger rondt vannet så e 1L sjokomelk någe ein ska drikka når ein sitte iro, og eg trodde at me sko det (derav klernå og kommando på beinå).. menmen…

    eg forstod ikkje denne: «Etter dei søte jentene i kassa hadde smilt og gjeve meg pengar tilbake starta eg på bolla mi medan eg såg Jon ikkje var heilt med på taktane.» ?? :P

    eg lige ikkje den plassen itte ein viss person begynte å jobba der, menmen, ka gjør eg ikkje for mine venner :P

    jaja, du må vida at eg va takknemlig for pizza og saft ;) og det me gratis bestillingspizza aldri va min idé :P og eg e heller ikkje nyrik, har alltid vært rik :D men du lige vel ikkje sånnt snakk nå så du har blitt fan av buddha og greier… det e seint, ska på jobb snart.. så eg stikke vekk… tuddelu!

    ps: eg har ikkje merr penger på mobilen!! trodde det kom klart fram onna festen din

  6. Teirik

    Hihi, Odin va så snill som ga oss pizza og saft ja :D

    Karlsen: Hallo, her sdatt me på #con og diskuterte tur, eg trodde du fatta at turen bestod i litt lenger tur enn Brustad… Hadde vært verdens kortaste tur for min del, det…øve gadå og 20m ner liksom… Kem e d du ikkje like som jobbe der? Eg digge Brustadbua, eg :D

    Hihi, pengar på mobilen har eg, någe så e rart itte tyskland… har aldri brukt så mye pengar på så kort tid :(

    Jaja, begynne å bli seint nå, ska på UiS om ein time, og eg sidde her rimelig uflidd og uten linser… såå… Alle de me ferie, nyt den, for snart begynne skolen… Bajbaj

  7. Odin

    Karlsen: Hehe. Sjokomjølk, ja, likevel :p – Eg meinte at du svingte meir åt venstre enn rett inn i hjarta av mosvatnet; merka på den, uhm, ustabile måten du gjekk på at du ikkje hadde tenkt deg tur :p

    Kan ikkje leve utan pengar, det er ein nødvendigheit. Sidan eg brukar så lite pengar sjølv så har eg ikkje så lite sjølv, men må ha litt når eg flytter ut. Slik at eg slepp stresse alt for mykje med å skaffe pengar. Pengar er ikkje viktig i seg sjølv; pengane skal jobbe for oss – ikkje motsett!

    Ein del er overdrive/forenkla. Men det ser dykk jo! :D Elles bør du skrive med doble linjeskift (fiksa for deg), ser betre ut :p

    Teirik: Lukke til!! :D Wee, spanande – fyrste skuledag for poden.

  8. Espen Aarhus Klausen

    Skreiv i nått faktisk, men då va serveren på tryne, så det e greit. Alligavel. Han fekk sikkert sting pga han måtte på do. Ikkje nok me det, du neglisjerte å nevna når han kasta sjokokartongen inn i buskane. Fele bortforklaringer på rompekikking. Ska du se kem folk e, se på fjese ;)

  9. Odin

    Espen: Eg óg skreiv eit nett som ikkje kom fram! Offa. – Snakk om kven som utelatar vitale detaljar. Eg snudde meg for å sjå kven som gjekk forbi meg. Då ho var foran oss gjekk ho jo med ryggen til. Dette er ein evig teit diskusjon, det er ingenting hellig eller spesielt med romper. Eg anar ikkje kor dykk har dette manien frå? Er det berre eg som ikkje bryr meg?

    Forresten hugsa eg aldri at eg sjølv såg på noko spesielt med ho, eg ville sjå kven det var. Var dykk som sa eg sa på rompa (som eg ikkje gjorde spesifikt, augo går jo på forskjellige plassar for å sjå kven personen er – berre teit å gjere anna), eg tenkte/hugsa det ikkje sjølv. Hence, dette er ein idiotisk diskusjon. Bli ferdig med det, sjølv om dykk likar å sjå på romper treng ikkje eg vere lik :)

  10. Monique

    Eg tok ganske fort at det ikkje va deg eg snakte med. For det førsta så va det ikkje nynorsk, og for det andra så virka «du» litt for reint happy øve å se meg:p Eg måte bare la han holla på litt for å ver heilt sikker:)

  11. ESH

    Teirik: Hørtes kjempekjekt ud (ironi). Glad eg ikkje ska studera ennå. Bler någe lignande for meg neste helg då. På folkehøgskulen kjenne ingen någen som helst. Ska egentligt bli ganske greit, ingen så henge samen fra før, alle starte med heilt nye kort. Glede meg te det. Ska forbedra meg kraftig i fotball og neste år, dokker komme aldri te å kjenna ESH igjen. Ein ESH så går opp i dueller har dokker aldri sett før. Det ska han begynna med nå.

    Odin: Sko komt deg på folkehøgskule du og. Tror du hadde digga det ;). Kunne dreve på med media et heilt år uden å bekymra seg for innleveringer, lekser eller eksamener. Det må jo bare ver livet. Samt treffa mange nye folk, någe så du vel ikkje hadde hatt någe imod ;).

    Karlsen: Lade jævel ;)

    Ps: Lure på om eg får fet skrift nå….

  12. Odin

    Teirik: Kvifor skal eg ljuge? Eg prøver å ikkje ljuge lengre og dette er ein utruleg teit ting å ljuge på. Det gjer ikkje meining. :) Nei. 100% ærleg, eg hugsar ikkje at eg såg på rompa. Og 100% ærleg, eg tenkte iallfall ikkje på det.

    Men eg treng ikkje forsvare det. Synest likevel det er teit at alle skal tenkje så overfladisk og tru at alle andre er slik óg difor.

    ESH: Tenkte meg åt Danvik, men så brukar eg heller siviltenesta til noko av det same (friår ;) ). :D

  13. Teirik

    Hihi, eg bare tulle me deg Odin, og eg tror du vett det ;) Bryr ikkj emeg uansett om du hadde glant så auene hadde dotte ut av håve eller någe uansett, for fine rumpa hadde hu :P Bare Karlsen og Espen så dro opp den klassiske «det e jo ikkje særlig Buddhistisk» :)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.