Ja, haha, så lade kan me ble! Hahah!

Det sa mammaen åt Espen! Og så lo ho! :D Sånn søt mamma-latter. Hihihi. Espen har koseleg mamma. Så lo eg óg! Så var det kjempekoseleg :D Wee, fina vere óg! Vore mykje på hjul i dag. Har elles vore med Monique, Henrik og Pat. Ganske kos dag altså, hihih.

Jøss! Eg er så utruleg overglad at ein skulle trudd eg hadde lese ei heil bok av Rebecca sine utrulege tekstar (Reb er ei solajente, som utanom å vere ei søt kjempeflink skodespelarinne, er heilt. Utruleg. Flink. Åt skrive. Ho får meg til å glise høgt å bli glad same kva! Wee!) WOOW! Endå ein melding frå Hege! Jøss, eg som ikkje trudde eg kunne bli stort gladare :D Hihi. Hege er ikkje lett å få melding av, ho plar ikkje svare på meldinger. Som er ein stor frustrasjon for mange. Sjølv synest eg det er moro å sende meldingar – om eg ikkje får svar frå Hege (som eg ikkje forventar) så gjer det ikkje stort: men det er desto meir moro når eg plutseleg får. Hihih.

God natt søvn i KK si seng

Tidlig i dag sto eg opp. Gjekk ut av senga åt Kitty Karina (ja, eg plar sove der, hihi). Og så åt eg superduper frukost medan eg prata med Reidar. Kornflakes med syltetøy (jada, Siri :) ) og masse god mjølk på! Pat var endå ikkje heime, så eg tenkte eg skulle redigere vidare utan han. Dra ut på Sola. Eg avtala med Reidar at eg skulle hente harddisken. Så sjekka eg MSN ein siste gong for å sjå om Monique var inne; det var ho! :D Wee. Sidan ho ikkje har mobil (det er ikkje flaut Mon :) ) så kunne eg diverre ikkje advare ho om at eg var på veg åt Sola. Hihi. Men så var ho altså inne! Supert! :D Ho måtte hente noko hos ei veninne, så eg sa eg kunne køyre ho. Vips så var det avtala.

Monique har det berre med å hente harddiskar

Så køyrde eg den nydelege vegen ut åt Sola. Ein veg eg har køyrd mange gongar no. Då eg kom åt innkøyrsla åt Monique såg eg ho. Eg tuuta. Ho snudde seg ikkje, hihi. Men så blei ho tydelegvis litt nysgjerrig og snudde seg, så kom ho. Ho var glad som alltid – så køyrde me åt kulturhuset. Reidar sto og venta, tøft! :D Eg hadde nett kjend at lommane mine mangla eit stk. mobiltelefon, så det var veldig hendig. Monique måtte fint bli med opp, eg såg berre på ho dumt (eller noko liknande iallfall) då ho lurte på om ho skulle bli med. SJØLVSAGT MONIQUE!? :D

Monique fekk henta det ho skulle, så ville eg køyre ho opp åt huset hennar, så fekk eg sjå det. Vél oppe spurde ho om eg ville inn og helse på pappaen hennar. Ja! :D Kvifor ikkje, kunne eg få omvising óg – hehe. Eg snakka litt med han (Sigbjørn? :)) om utsikten frå huset deira bl.a. Han var nemlig utruleg flott! :D Wee, masse finere enn vår iallfall, hiihi. Me spelte fuzzball! Då kunne eg stryke det av lista med ting meg og Monique har avtalt me skal gjere! (***Stryyk***) Det var kjempekjekt! Som eg hadde forventa eigde ho meg, men eg vann ein gong! Mohahawhawhaw. Me spelte med Siri (lillesyster åt Mon) og Amalie (veninne av Siri). Meg og Siri eigde Mon og Amalie. Haha! :D Då meg og Amalie spelte (båe uerfarne) gjekk det overraskande bra :] Men sjølvsagt vann proffane.

Etter masse super speling spelte me litt meir. JA!!! :D:D

Pizza!!!

Så var det slutt. Siri og Amalie spelte Sims 2. Meg og Monique prata. Såg gjennom bilete på rommet hennar og eg inspiserte karakterane hennar med kritiske augne, heldigvis for ho hadde ho ganske gode karakterar. Likevel sat eg opp kva eg forventa av ho. Då eg kom heim regna eg ut kva snitt det blei (forventningane mine), det er 4,93. Så rett under 5. Men det er realistiske forventningar. Det er det eg heilt ærleg trur Mon får. Så kan ho jo alltids jobbe litt ekstra å få betre ;) MEEEN! Hekkan pekkan, eg har jo pizza nede, har sitte aalt for lengje (***GLISE***)!

HAHA! Du trudde vel pizzaen min var smart der din lyring! Hihih, men det var han ikkje av di eg hadde ikkje satt han inn! Godt var dét, han hadde vore ultrasvart etter to timar i ovnen nemleg! Haha @ deg som trudde han var svart! Men. No har eg bruka all tida mi åt prate med ANNA. Ho er ifrå sverige, eg traff ho på veg åt Hvar. Så difor er han allereie ferdig. WEE! :D Superpizza!. Seriøst denne var enormt god! For ein gongs skuld kjøpte eg ein dyr pizza. Det må eg gjere oftare! WOOW han var god! :D :D

Hadeklem

MmmmMmmMmm. No kom eg heilt utav det her. Skriv med Anna og rapar på god pizza. Må ned å hente Farrisen min óg. Hmm. Kor er eg? Jooooo! Hos Monique! Eg er forresten blitt ein lean-mean farris-drinking machine, notert i margen? OK! Ja. Eg var hos ho i. Hm. Var det 2 eller 3 timar? Det var iallfall ein del. – Då eg gjekk gløymde eg å gje ho klem, men så spurde ho litt halvlunkent og skuffa då eg sat meg inn i bilen: «Skal eg ikkje få klem?». Åååh! :D Sjølvsagt! :D Hehe. God varm klem :)

Henrik er dritkul!

Så heim. Hadde trass alt avtale med Henrik. Ringde han, og han kom opp. Eg hjalp han med å take bilete og me snakka om masse interessant. Supert. Henrik er dritkul! :D Brann CD åt han, med musikk og bileta. Han ville laste ned Gimp og Workrave sa han. Yess, guddi! Gimp eig PS! Mohahahawhawhaw.

Så hugsar eg ikkje kva eg gjorde

Hmmm. Må jo ha vore noko. – Ah. Eg trur eg fekk melding av Pat! Han kom heim, ja. Kunne eg hente han 19:05? Jadå! Eg starta redigere litt på presentasjonen. Men så hang Final Cut seg, HAHAHAH. Teit. Jaja. Var dårleg det eg bruka ein time på lell :((( Så køyrde eg åt Sola igjen. Var redd for parkeringsvaktane. Henta Pat. Køyrde åt den overhypre kjærasten hans, Unni. Ho sang me ikkje måtte kome så raskt, så me stakk innom Madla handelslag etter Pat hadde hjulpe meg med 200kr åt bensin. Me sprang rundt i butikken og henta nyttige ting.

Me køyrde åt IKEA. Pat var veldig engasjert og livlig som vanleg, men Unni var eksepsjonelt hyper. IKEA er jo alltid ein oppleving. Hm. Så køyrde eg dei heim, stoppa på Rimi litt. Då sende eg melding åt Hege. På vegen åt Tananger (via Sola, igjen :p) vibrerte mobilen! Wihiii! :D Skal berre hente eit skjerf…. Slik. Ja :D Las meldinga åt Hege, var kjeeempeglad for å få svar. Heilt utruleg, ho som ikkje svarar :p

FLOTT himmel, fin musikk!

Himmelen var heilt eksepsjonellt vakker der eg køyrde. Wooow! WOW! :D Eg var amazed. Må ty åt engelske ord så vakkert det var, hahahaha :p Så stoppa eg då eg var på Sola igjen. Skreiv melding åt Hege, der eg sa eg bl.a. «Eg fekk MELDING FRÅ HEGE! Ho som aldri svarar!» eller noko i den duren. Harr, harr. :p Så blei eg utruleg glad. Endå gladare enn det eg allereie var. Så køyrde eg igjen. OG SANG. HØGT.

«I AM SAAAILING, I AM SAAAILIIING!!!» <—- Slik! Sang så høgt eg kunne, stemma sprakk avogtil, men det er berre koooos :D Så fekk eg slike «lyn»­ av lukke heile tida innimellom, hm. Det er utruleg vanskeleg å forklåre! :D Men det er slik at eg syng, så plutseleg blir eg berre kjempelukkeleg, så strammar magen seg og heile kroppen blir anspent. Så blir stemmen skurrete. Wee :D Eg starta syngje Perfect Day av Lou Reed då. Hihih. Heerleg! :D

No kan det virke på nokon som om grunnen til at eg blei så glad var meldinga frå Hege. Det er jo ein koseleg/skummel tanke etter kva augne du les med. Men det var iallfall ikkje tilfelle, var meir oppbygging heile dagen mot eit toppunkt i bilen der eg starta syngje høgt og til slutt i mange km/t kom lukkelyna :D

Så lat kan mora til Espen bli!

Eg køyrde innom Kiwi på veg heim. Måtte ha MAT. Eg sang i butikken og folk såg rart på meg. Ei søt jente som er eit år yngre enn meg (og som har gått på Ullandhaug med meg) sat i kassa :) (<@Eppaen> Victoria) Var hyggeleg. Eg kjøpte 3 bananar, 1 oetker-pizza, 1 farris bris, 1 drumstick-godteri, 1 extra raud (eg kjøper det aldri åt meg sjølv, men et ein del når eg har dei). Så sat eg meg inn i bilen, – såg bilen åt Marit. Såg ut som om Espen var inni (dei er litt like, han og mora). Eg lente meg ut av bilen. Bjørg Marit var fint kledd, eg sa «Du køyrer vel ikkje åt Kiwi, Marit!?» og overraska ho. Leande svara ho «Jo! Haha! Så late kan me bli! Hahaha!» og gjekk inn. Hihihi. Stilig mamma Espen har. :D

Heime! :D

Eg fekk mail frå Anna, trudde det var spam. «vill prata med dig!», liksom. Raraste. Men så hugsa eg jo ho igjen frå Kroatia! :D Wee. Elles har eg sitte masse på IRC. Hekkan. Eg bør leggje meg. Redigere litt åt Pat imorgon! Skal møte han 12. Må få redigert masse no! Monique er på hytta på Voster, Hege er på hytta på Sandnes forresten. Anna bur midt i Sverige, og Henrik er rundt 16 og speler kjempebra musikk. Han bur på storhaug. Hmm, noko meir? Ja, sjekk ut Tor Eirik sin nye blogg! :D

5 tankar om “Ja, haha, så lade kan me ble! Hahah!

  1. Monique

    Sallan! Trodde ikkje det va mulig for deg å bli ennå gladere enn du e! Men dette innlegget motseie meg på det sterkaste! Blei glad bare av å lesa det:p Det va koselig at du ville ver me inn:) Kunne ikkje la deg kjøra meg øve heila Sola uten å komma innom ein tur å spella füzzball:D

  2. Rebecca

    Heia!:D Ser ut som du har det moro på jobben. Gode greier:) Hehe, det er bare bra at du synger offentlig. Alt for få som gjør det. Det er verre med meg, som driver og snakker med meg sjøl:P

  3. Teirik

    Alle oss på #con kan bekrefta at Odin va gladare enn det han pleie å ver.. Trodde fysst det va ein overdose på sukker, heilt t eg kom på at maen kan bli rusa på glede :) ikkje dum egenskap, men brakte litt forvirring :)

    Hihi, som regel e der ein grunn t at få synge offentlig :) Någen unngår det av frykt for å bli sett rart på, andre gjør det ikkje for det de vett de synge mindre bra :) Synes det e bra fordeom å synga høgt, though, ikkje det at eg gjørr det…

    Hehe, snakke du me deg sjøl? :) Det e og någe så ikkje så mangen gjørr :) Snakke i søvne eg.. ikkje alltid like gøy :P

  4. Odin

    Monique: Hehe :D «klemmepå.

    Rebecca: Heh, vel, eg var på jobben i ca 1 min :p Ah, vel, sjåførjobben er noko anna ;) Hihi, eg var kvadrat-tananger-sjåfør i dag, fekk 200kr for det. Pluss arbeidstimar. God arbeidsgjevar Pat. Eg har hatt superdag i dag óg, men, akk, eg skal ikkje la dykk lese for mykje stakkar. Hehe, MEN REB. Ein ting, eg var 45min i Sola sentrum i deg, så såg eg ein bokhandel og tenkte på deg:

    bq. Rebecca les mykje. Rebecca skriv enormt bra. Hence: eg må lese meir.

    Eg er midt i 3 bøker (les halve, så stopp), men LIKEVEL tenkte eg at eg måtte kjøpe ei bok sidan eg var på ein Rebecca-plass. «Ambulanse­», ei novellesamling av Johan Harstad, wihii! :D

    Teirik: Ja :) God dag. Men det er ikkje heilt unormalt. Det er kanskje litt meir unormalt at eg ordlegg meg slik åt IRC og på bloggen – men sjølve kjensla har eg greitt ofte. Oftare no enn før – og eg ser 100% positivt på framtida. Hihi.

    Trur Reb óg snakkar i søvne ja. :)

  5. Karlsen

    rusa på glede ja, någe må det ver… sikkert greit nok det, eg e helst litt sur og gretten av meg når eg går rondt omkring, det e liksom imaget mitt, se tøff og barsk ut, YEAH!

    forresten teirik, eg sogle i søvne :( tror eg snakke og, har blitt fortalt det, menmen… vokne av og t opp me blaude haga og dyna.. det suge, så e det flaut når folk ser det :P så du ska ver glad for at du bare snakke :D

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.