Superkikoo Aurélie!

Me møtte ei rar jente i Frankriket. Ho var vill etter Espen (ikkje at dét treng vere rart då), jobba som politikar, var superduperkikoo og sjølvsagt kjempehyggeleg. Møtte ho på ein pub, rart kor godt me kjende ho berre to dagar etter. Heilt til slutt, i går før me la oss – ringde ho frå ein anna plass i Frankriket og snakka lengje. Kikoo!

Eg skipper masse tekst her (i slutten), gidd ikkje skrive det frå papirformat – dessutan er det for mykje, evt. interessera (Tor Eirik kan hende) får seie ifrå.

Etter ein lang dag med “eg veit ikkje” (er nokre dagar sidan no nemleg) ville me setje oss ned å drikkje noko. Ikkje lengje – ikkje noko stort. Meg og Espen draumde om ein Chocolat Viennoise, men då eg lufta desse tankane fekk eg fort svar: dei serverer ikkje slikt etter 22.

Gjorde kort prosess og la inn munnleg protest på omstende. Kunne ikkje vere på ein så fråhaldsuvenleg plass! Då fekk dei andre heller drite i kjempegodt øl. Når dei berre har ekle, storfirmalaga sukkerbomber av nokon ekle “leskedrikker”. Coca Cola my ass. Coca Cola trivst betre i dass! Hekkan så ekkelt det er.

Eg vann nett sukker-i-drikke- og som-konserverings-middel-diskusjonen eg hadde med Tim då me slang oss ned på nokre stolar heilt med hjørnet av kaféen. Ute på gata sjølvsagt. Eg var særs engasjera – og det var herleg å vinne. Hihi. Er så moro å diskutere med Tim sidan han held seg saklig og er så smart at han kjem med mange utfordrane motpoeng.

Dagen før vann han diskusjonen om namn/språk. Kva som er fint. Eg var eigentleg einig med han frå starten – men forsvara den andre sida litt før eg fortsatte vidare på hans (mykje betre) argument. Dei argumenta var mykje nærare det eg trur sjølv så det blei naturleg ettersom eg kjende meg ukomfortabel med å stå på feil side av diskusjonen. Men eg gjekk altså vekk frå mi originale sak; altså, han vann.

Eg tinga ein sjokolademilkshake – Espen tok det same, som vanleg. Sat ei gruppe 4 folk vedsidan av oss. Ho eine såg eg ikkje fjeset på – men ho sat, lo og styrte med venene sine.
Ho dér er kikoo, sa Matthieu.
Så snakka me om ho vidare. Men eg bør gjere klårt kva kikoo er fyrst sikkert:

Kikoo!

Kikoo er eit utrykk kome frå franske «coucou» som tyder «hei». Kikoo er noko små jenter (fjortissjenter o.l.) plar seie på MSN. Dei kler seg ofte i rosa og ler fælt på barnslege filmar. Kikoo filmar er bl.a. «Lovleg blond» og «Herbie: Fully Loaded». Kikoo-typen er ein som med stor entusiasme verkeleg er glad for deg om du f.eks. har vunne ein million kroner.

Desse ofte overpositive og vimsete menneskja som meiner alt godt er kikoo. Utrykket er på ein måte som «blond», men kikoo folk kan gjerne vere veldig smarte. Å vere kikoo er positivt – det er hyggeleg og særs søtt ofte. Må byte ut mange av dei plassane eg plar seie «søtt!» med «kikoo!».

Aurélie, frk. overkikoo

Sidan me nett hadde lært om kikoo, var vårt oppdrag å finne kikoo folk. Me sat planta på puben og sippa drikkane våre. Vel, eg trur Espen slukte sin. Matthieu omsatte litt av samtala åt dei vedsida av oss. Dei sat og overhøyrde samtala, plutseleg sa dei noko om det høgt. Jenta snudde seg ikkje, men sa; Det har dykk ingenting med!, eller noko. Eg forsto ikkje heilt kva dei franske venene våre sa, men no snakka dei med dei fire folka på det andre bordet.

Espen og Aurelie på restaurant

Espen og Aurélie

Eg lytta hardt og kunne forstå 5% av samtala. Jenta blei veldig interessert i å høyre at me var frå Noreg. Ho sat mot oss og såg på Espen. Eg sat og lo av det eg forsto. Lo av andletutrykka og faktum at dei lo. Hihi. Espen forsto 0, sat og såg tomt ut i lufta. Aurélie (jenta) syntest han var særs pen. Snakka lengje om det. Matthieu omsatte og Espen blei veldig flau. Ho ville take bilete av ho og han. Tok eg óg. Hihi. Espen sa ikkje stort meir enn “yes” og “ok”. Medan eg snakka litt meir. At Espen var så stille sjarmera ho berre meir.

Espen gjekk på do, Aurélie trudde med ein gong det var eit teikn. Ho spurde om ho skulle følgje etter! Hahahahah. Då lo eg enormt, haha. Det var kjempemoro.

Alder?

Me gjetta på alderen hennar. Matthieu tippa 27, eg 22, Espen 23 og Tim… Hmm. Hugsar ikkje. Same kva, ho var, ∗trommer∗, 26 år! Espen er 19, ho 26. Ho er altså 7 år eldre. Hahahah :) Espen sjekka opp av ei 7 år eldre jente. Mentalt (ikkje intellektuelt, ho er politiker og smart) er ho like gamal. Veeeldig kikoo som sagt. Lo heile vegen, særs sjarmerande.

Ho var eigentleg på ein slags date med ein fyr, men han blei fort dumpa til fordel for Espen. Hahah. Stakkars Bernhard. Han fekk sitje med oss heller då dei sat å prata då det gjekk mot gå-heim-tid. Ho nemde kor søt Espen var 12 gonger på dei timane. Ganske direkte med andre ord. Men langtifrå vulgær direkte, slik mange “direkte” folk er. Då me gjekk hadde me nummeret hennar, og ho skulle køyre oss åt tyskland på laurdag for å bade.

Tyskland, Baden-baden

Vel framme i Baden-baden (etter at Aurélie hadde klåra take mange dumme vegar allereie, hahah, kikoo) vog me oss. Eg 61kg, Espen 72 og Aurélie 56.

Nakenheit

Eg blei overraska over at 50% av dusjane var inni slike dassbåsar. Det har eg ikkje sett på slike badelandplassar før. Eg tok ein av dei 50% opne og tok av meg badeshortsen. Heey! Gratis såpe! La merke til at folka rundt meg hadde badebuksa på. Kom fleire. Alle dusja med ho på…! Espen kom inn og dusja utan. Eg blei sjokkert. Folkens; kva er så farleg med nakenheit!?!? Eg sprang ut (med shortsen på igjen) og sa kva eg hadde sett åt dei andre. “Oh my goood, what’s wrong with people!?” utbrøyt eg lettere opprømt. Dei ehhh-a og såg på kvarandre. Byrja le, haha. Dei er redd for nakenheit sjølv!

Finaste plassen; saunaen. Der måtte ein vere naken. Så Aurélie hadde aldri vore der. Eg hadde drege utan problem, men hang med dei andre heile tida. Eg kan forstå gutar litt når dei ikkje vil gå slik nakne. Det hadde vore litt flaut å fått ereksjon ein slik plass heilt naken blandt masse folk. Må vere kjempemoro i etterkant, men litt keitt der og då. Likevel er det ikkje eit reelt problem. Er eit problem om du er ein viss type, men då bør ein likevel halde seg vekke frå andre nakne folk. Ehh :p

Me leika i vatnet. Det var kjempekos. Tim drukna. Ein unge trudde han var dau og blei særs forskrekka. Tim gjorde seg til, visste ikkje ein unge heldt på å gå frå vettet. Aurélie skulle vise ho ikkje hadde drepe han med å dytte han under, men då ho prøvde å dra han opp var han berre der. Livlaus. Hahahahaha. Eg lo så eg fekk vondt :p Det var så moooro. Espen var óg med no, sidan det ikkje gjekk like mykje i fransk. – Det var særs koseleg. Moro å leike i vatn.

Middag

Me åt på ein restaurant. Tarte Flambée, Alsacienne spesialitet. Snakka masse, Aurélie kyssa kortet mitt åt Monique slik at lebestiften hang igjen (dritkult! Vekk no diverre. Eg hadde sølt kaffi og laga sjokoladefingeravtrykk på det frå før. Blei meir brukt/originalt og vakkert slik!!! :D ) og hadde det generelt supert. Gjekk på ein irsk pub (yeeeey! Eeeengelsk!). Wow. Han var dritkul. Stiligaste plassen. Servitrisa var den finaste franske jenta eg hadde sett. Heilt til eg fann ut ho ikkje var fransk. Ho hadde kjempegod engelsk, og dårleg fransk. Sååå… Men same kva. Wow, for ei jente. Kjempehyggeleg. Såg veldig uskuldeg ut :]

Servitrise og Matthieu

Kjempesøt servitrise og Matthieu. :)))

Espen sovna nesten, Aurélie tulla med håret hans og kalla han ein ponny. Så gjekk me åt leilegheita. Meg, Tim og Matthieu høyrde på musikk og saaang, medan Espen og Aurélie snakka. Dei snakka lengje. Heilt til 6! Og me skulle tidlig opp imorgon. Uffa. – Men så kom Espen inn og la seg til slutt. Eg hadde det uberkos med musikken, men det blei litt seint. Ahh, herleg dag likevel.

Telefooon.

Hahah. Meg og Espen såg film. Tim kom inn med telefon. Me gjekk ut av rommet og inn på Tim sitt rom. Espen fekk snakke i fred. Me lo og lo, og lo og lo. Snakka og lo. Aurélie er superkikoo og får oss i superhumør :] Etter lang tid gjekk me tilbake, så fekk Espen avslutte samtalen med ho slik at me fekk sjå «Requirem for a Dream» ferdig. No gidd eg ikkje skrive meir om saka. Men ahh. Ho er seriøst kikoo. Kjempekjekk jente. Espen må ha blitt sjarmera av det – sjølv om han heldt seg roleg og balansert :] Hihihih.

11 tankar om “Superkikoo Aurélie!

  1. Teirik

    Hehehe, wee, søt artikkel :) Rekke dessverre ikkje å skriva så superduperfantastisk mye akkurat nå, må ta det når eg komme fra skolen. E litt interessert i å hørra ka du har uetlatt, men eg kan jo lesa det direkte av «paper-utgaven» ein gang om så va :) Hahaha, tegn på å følga itte ja… Hihi, Espen då! :P Sjarmere boksene av damene kvert øyeblikk du kan, ser eg ;)

    Komme nok merr kommentarer seinare idag, ja

  2. Espen Aarhus Klausen

    Ikkje min feil boksene te di falle av :( Hu hadde ein tendens te å ta på håre mitt for å så kalla meg ein domme ponny. Visste ikkje heilt kossen eg sko reagera på det siden det gjentog seg ganske mange ganger. Men joda, va koselige hu :)

  3. Teirik

    Espen: Hørtes ut som dåkkår koste dåkkår iallefall ;) Ska du fortsetta å holda kontakten me na? Forresten, engelsk det gjekk i? My little pony! ;)

    Odin: Fint innlegg, va veldig gøy å lesa :) men: koss inn i alle grønne og blå skoger uttales «kikoo» og «coucou» ? Det e umulig å snakka om denne artikkelen når ein ikkje vett koss det uttales! :S

    Sånn ellers: Coca-Cola e og blir sukkerskvip som ikkje direkte e sunt for helså, men det e jo poulært av ein grunn… det smake (smakte før, i mitt tilfelle) nammenamm, og det e ikkje rart folk kjøpe det. Nå holde eg meg t Bonaqa som regel. Ja, det e Coca-Cola-produkt, men dæven det e godt! Ka motpoenger va det han kom med? Eg ser ikkje så mangen positive aspekter med sukkerbomber og E-bunter…

    Herbie: Fully Loaded (- syns du iallefall kan skriva det riktig ;) Kikoo e kanskje positivt og søtt, men det kan jo bli i overkant mye og.. Eller har du andre syn på dette?

    Hørtes ut som om hu va på hødde med Espen mentalt ja, Espen e jo ein morroklump uten like :P Sa hu forresten ingenting når han sa at han va 19?

    Baden-baden hørtes jo ut som ein….spennande plass å bada. 61?! Va då voldsomt lite :S Du e ikkje lika høg som Espen, så det e jo forståelig at han veie merr, men Espen, du skoffe me bare 72kg altså.. Sånne dusjgreier e normale de, mao hallavskjerma avlukker.. Eg forstår egentlig ikkje koffor, og koffor så mange dusja med badeboksa på kan eg ikkje fatta å begripa :S Det e jo tyskere liksom, sikker på at de e opphavsmenn t nudiststrender (ja, eg stereotypisere tyskere nå, men siden eg e kvart tysker, så har eg lov, aight?)

    Hahaha, «Servitrisa var den finaste franske jenta eg hadde sett. Heilt til eg fann ut ho ikkje var fransk» – stilig :P Men hu hørtes veldig hyggelig ut :) Du tok ikkje bilde? Hørtes uansett ut som ein hyggelige plass!

    Blei litt kortfatta på slutten der, men essensen kom fram, så med mindre du har tilleggsopplysninger som ikkje e nevnt her, men så e kjekke å vida, så trenge du ikkje å utfylla tror eg :) Espen e rolig og balansert ja, når han ikkje e i det überbarnsliga hjørna :)

    Hørtes uansett som om dåkkår koste dåkkår i France, mens me va igjen her i Stavanger…på skole :P

    Forresten, ein ting eg ikkje har sett: Oppsummering av veret? bedre og varmare enn her disse ti dagene?

  4. Odin

    Tor Eirik: Takk for meget substansrik kommentar :) Hehe. Ang. at folk kan bli for kikoo (uttalast KIKOO. Eh. Berre slik :p Coucou uttalast «koko»), ja, heilt klårt. Ein del av innlegget eg har take vekk, skreiv originalt litt om det.

    Eg tok eit bilete av servitrisa, men det var ikkje superbra. Dessutan var det ikkje berre utsjånaden som var teljande – var nok mykje meir enn dét. Men ho var biletleg veldig pen óg så… Skal leggje det inn i innlegget. V^eret får du vite om seinere. Men det gjekk i overskya, litt regn, litt sol. Kort sagt. 3 dagar med sol. 1-2 med regn.

  5. Teirik

    Kikoo.. .smake på ordet. Joda, kan duga det :D Godt at hu ikkje va for kikoo då :)

    Om det blei superbra eller ei, så e eg bare litt nysgjerrig på koss hu så ut :) Såklart e det ikkje bare utseende som teller, eg har aldri påstått det, og du vett at eg ikkje meine det, men når du seie at hu va den finaste franska jentå du har sett, så e blei eg gaaanske nysgjerrig ;)

    Ca 50-50 med sol og regn, ja.. ikkej galen uttelling. E vel någenlunde det me har opplevd her og..

  6. Espen Aarhus Klausen

    Tor Eirik: Hu ga meg mailen sin så. Eg får vel gjør det retta å senda någen/mange (kem vett?) mailår te hu. Me snakkte engelsk ja. Hu va ikkje fult så goe i engelsk. Va mange ord hu ikkje heilt forsto, men det gjekk. Du har sikkert sett Mad Tv. Huske du Ms. Swan? Hu snakkte sånn av og te. Va litt løye :p

  7. Odin

    Salve: Hahaha. Spare båndbredde. Hihihihi :D – Nei, men det tek tid å leggje ut bilete. Kjem fleire i dei innlegga som kjem framover… ;)

  8. Neophus

    Coca Cola er noe piss ja. Lovlig Blond er jo en bra film det! Du tok ingen bilder inne på baden baden da? ;)

  9. Odin

    Mail frå Aurélie

    bq. ha ha, and now THE question!!! : well, i took a look at your website this morning and!!! what a surprise, a big big big article about a «superkikoo aurelie»??? who’s that? so funny! but the funniest thing is that i don’t understand a single word about it, except my own name and «kikoo»!!!

    h3. English translation

    We met a [strange/funny] girl in France. She was crazy after Espen (not that that have to be strange though), worked as politician, was superkikoo and of course very nice. Met her at a pub, strange how well we knew her only two days later. In the end, yesterday before we went to bed – called she from some place in France and talked for a long time. Kikoo!

    (I’ll just resumé from here). Went to another pub because me and Espen wanted Hot Chocolate w/ cream. Had a discussion about sugar in drinks and for conservation in food. Discussing hard, nice to win it.

    Ordered chocolate milkshake, Espen did (as usual) the same. 4 people sat at a table next to us. Couldn’t see her face, but she was laughing etc. with her friends. She is kikoo, said Matthieu.

    Explaining what kikoo is. You know that.

    Aurélie, ms. overkikoo. Since we just learned the expression kikoo, we wanted to find the kikoo people and point them out. They started talking with the girl, who didn’t look our way at all. (I don’t have to explain much of this to you, – you know it allready :p).

    I understood 5%. She looked at Espen. I laughed at what I understood, by facial expressions or by the fact that they laughed. Espen didn’t understand nothing. Aurélie thougt he was very pretty. Talked long about it. Matthieu translated and Espen became very embarresed. Espen said «yes» and «ok». I talked more. That Espen was so quiet only charmed her more (at least I’m guessing it :p).

    Espen went to the bathroom, Aurélie thought it was a sign. She asked if she should follow. Hahahhah. Then I laughed very much, haha. Very, very funny.

    Guessed her age. She is 7 years older than Espen, but didn’t feel that way. Very kikoo as said. Laughed all the time, very charming.

    She was originally on some sort of a date with a dude, but he was kinda dumped. (blablabla)

    At Baden-Baden (after Aurélie was able to take many stupid roads allready, hahah, kikoo) we checked our weight.

    I was suprised that 50% of the showers vere «hidden» and that noone showered without badingsuit in the open ones. (Much talking about that)

    We played in the water. Very kosy. Tim drowned. A kid thought he was dead and was very shocked. Aurélie wanted to show she didn’t kill him, it didn’t work. Was laying there. Lifeless. Dead. Hahah. I laughed so it hurt. :p It was so fuuuun. Espen was also a littlebit more with now, since the talking didn’t go in french aaaall the time.

    Ate at restaurant. Irish pub (yeey! English!). Nice waiter. Espen looked like sleeping, Aurélie fooled with his hair and called him a pony. Back at apartment. Me, Tim and Matthieu listened to music and was siiiining. Espen and Aurélie talked. For a loong time. Till 6 in the morning! Superkozy with the music, but it was a bit late. Ahh, lovely day anyway.

    Phone. Hahah. Me and Espen saw a movie. Tim came with the phone. We left the room and went to Tim’s. Espen were able to talk alone :P We were laughing, laughing and laughing. Talked and laughed. Aurélie is superkikoo and made us come in good mood. After a long time we saw the rest of the movie. I don’t care to write more. But ahh. She is seriously kikoo. Very nice girl. Espen must’ve been charmed by it – although he kept himself calm and resonable :] Hihihih.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.