«Kræææsj», sa bilen

Etter turen heim frå Kviteseid i forrigår er det eit par ting eg vil dra fram.

  1. Vroom, vrooom. Moro å køyre bil – men radioen i Toyotaen er heilt forferdeleg. Dette blir min 5-6 køyretur Stav-Kviteseid. Hm, skal eg take Dalen (= lengre, men betre veg) eller over Vrådal? Eg tok Vrådal – stussa i 2 sek om eg skulle åt høgre eller åt venstre over Åmli. Køyrde Åmli.
  2. Hmmmm. Denne plassen. Hmmm. Var nett eit skilt til Åmli – rett fram er åt Evje. Må ha køyrd feil! Svingte, køyrde tilbake. Æsj. 5min tilbaketur (er meir enn det høyrest ut som). Svingte inn på den andre vegen og det kvein i dekka. (Varm asfalt osb)
  3. Hopp, hopp. Rallyveg det der. Kjende meg igjen, her hadde eg køyrd før. Plutseleg: eit rart kryss. Hmmm. Noko som var endå rarare var at eg hadde vore der ein time tidligare. Eg… Ja; dykk forstår. Utruleg drit å køyre same ruta om igjen. Tredje gong eg køyrde forbi den sykkelisten. Etter lang tid var eg framme på veg til Evje igjen; eg hadde ikkje kome ein meter lengre – berre sløsa tid. Fann dessutan ut eg hadde køyrd feil berre minutt frå start. Fekk heller take den lange vegen om Evje då.
  4. Evje. Tipp-topp, kysten rundt. Måtte inn å kjøpe hamburger. Folk såg skeivt på meg; hadde på meg ein slakk kvit singlet. Mangla berre hål så hadde det vore ei vassekte helsetrøye. Såg nok harry ut der ja. Hihi, eg fryda meg. Eit par søte jenter (som alltid – er jo stinn av dei i Noreg), eit par familiar og nokre ekte rånarar: godt selskap.
  5. Eg bruka lang tid på å finne plass å ete; hadde ein romantisk draum om å nyte hamburgaren og Farrisen min med kilometervis fantastisk utsikt. Åt han i ein blåbæreng nær vegen før han blei alt for kald. Ein varebil køyrde forbi og laga ein truddelutt med hornet (faktisk).
  6. Høg fart, låg saman med ein Saab. Hadde køyrd 90-120 i dei svingete bakkane frå Tonstad. Rett før me svingde ut på E39 tok me igjen ein anna bil. Er vikeplikt når ein skal ut på den nye vegen; måtte langt ned i fart for fyrste gong på lengje. Eg kom nær Saaben foran meg på grunn av dette. Den fyrste bilen svingte ut i ca 40-50. Saaben såg ut til å ha klår bane. Eg såg til venstre for å sjå om det kom bil. Hmhm. Neee—jovisst!

    Då eg såg fram igjen sto Saaben stille, medan eg låg litt bak i 30–40 – eg sto på bremsene (hyyyyl). Pulsen spratt opp åt nye uoppdaga høger. Kroppen reiv mot beltet, gravitasjonen véik for G-kreftane (fysikk-venene mine kjenner sikkert betre ord). Bilen sto stille no. Stille. Stille intill Saaben. Toyotaen sin støtfangar planta i Saaben sin. Eg hadde ikkje kjent eit smell. Ingen rykk i beltet, men så kunne eg jo ha svima av óg då – har skjedd før. Eg røska i girstaken og fekk augekontakt med ei dame i passasjersetet. Ho såg sint/forskrekka på meg. Eg såg ned på babyen i baksetet. Må ha vore nokre månader berre. Rygga ein meter bak. Hekkan…

    Saaben køyrde inn på ei busslomme, eg fulgte etter og slo motoren av. Ein fyr kom ut, han såg heldigvis ikkje sint ut :) «Var eg borti?», nei, berre såvidt, svara han. Eg såg på bilane. Guten smilte. Køyrde – eg køyrde bak igjen; litt meir vaken og opptake av avstand.

Sjitt. Bil er farleg. Tilbake åt den gamle køyrestilen…!

7 tankar om “«Kræææsj», sa bilen

  1. Simon

    Var det en ny eller gammel Saab ? Du burde tenke litt mer før du velger ofre som du kan kjøre i. Saab er fine biler, de bør ikke ødelegges. Hadde du derimot kjørt i en Toyota eller noe slikt kunne du jo bare most til. :D

    Bra det gikk så godt som det gjorde. Lett å bli uoppmerksom når man kjører lenge.

  2. Simon

    Hmm, det jeg mente var at du heller burde finne en annen bil enn Saab å kjøre i. Som f. eks. Toyota. Gjør ingenting om en Toyota blir vraka :). Dette sålenge personene som sitter inni har det fint :).

  3. Odin

    Eg forsto kva du meinte. Men du meinte «kjørt i» som i at eg skulle kræsja, eg trudde du meinte det som i at eg sat i den bilen. Dessutan er Toyota kjempegode biler, iallfall dei gamle. Held seg kjempegodt!

  4. Egil

    Simon har jo et poeng. Toyota’ar tåle jo alt, så om du kræsje inn i ein Toyota har du mindre sjans for å gjør fatal skade.

  5. Frode

    Pokker at komentarene dinne bare forsvant. Skrev innlegg om det. Så du det?

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.