Møte med Monique

Ahhh. Drømme-drømme. Drømme om redigering. Med eit vaknar eg og fyk opp av senga; eg skal jobbe! Masse å gjere i dag – kva er klokka!? Eg ser på ho. Ah. 8:30. Herlig. I dag skal det skje ein del. :)

Eg la meg tidleg i går. Ikkje det eg normalt ville ha kalla tidleg, men tidleg no. Skulle jo redigere for Pat neste dag; er ikkje greitt å få timebetaling som frilans for å sove! Ja; det er sant. Eg har mine fyrste skikkelege oppdrag med firmaet; det er særs spanande. Eg sat nydusja og las bloggar (!) medan tida klokka nærare 10 (møtetid). Pappa banka på Falke, og eg «vakna»: sprang ned.

Endring i dagsplan; kontraktmøte

Fyrte opp litt super økologisk havregryn+rosinar då pappa sa «Du huske at du ska på kontraktmøte i dag klåkkå to?». AI! Hekkan. For det fyrste: eg må vere vekk midt i redigeringa, men for det andre og mykje verre: eg hadde avtale om å møte Monique (bloggen hennar) rundt det tidspunktet. Etter eg hadde den siste skeia svelgt sprang eg opp for å skrive mail åt Monique. Måtte seie ifrå om endringane i planane.

Då eg svingde inn åt Sola kulturhus ringde Pat. Fyren som skulle køyre han kom ikkje. Jadå; henter deg eg, sa eg då han sa han var på Madla. Hm. Eg køyrde gjennom bomstasjonen på veg inn igjen; ja, det var iallfall sløs av pengar (vel, eg får timebetalt – bruker litt av dei ;) ). På tilbakevegen, etter masse leiting rundt på Madla, snakka me om buddhisme. Det var kos :) Me starta logging av ein god teip med video straks. Reidar Larsen, som den utrulege pianisten han er (og beste lydmannen eg veit om) jamma lett på det digitale flygelet hans. MIDI-lydfila åt det pianoet var på heile 3GB! Mektig imponert av lyd og ferdigheiter. :]

Redigering startar – men så hang Final Cut seg

Rundt 13:40 fekk eg melding frå Monique; nett då det var perfekt at ho kom (eg skreiv det i mailen, flink som ho er hadde ho sjekka han før ho dro). Eg måtte berre redigere litt kjapt; programmet avslutta og eg – ja – hadde ikkje lagra på nokre timar. Var ingen problem då; var berre 30 min effektiv redigering – resten var digitalisering.

Pat var i storhumør, han likte det eg kasta ned på dei 10 minutta. Eg såg på klokka og satt Pat i arbeid med meir logging. Oipps, ville ikkje late Monique vente. Hoppte ned trappane. Veldig spent på å møte ho. Wihiii :D

Monique på Sola Kulturhus

Monique er ei av solajentene, dei me traff i Oslo på Den Unge Scene-festivalen. Altså del av Sola kulturhus si teateroppsettjing. Dagane etter turen var det mange som la med til på MSN Messenger-nettverket. Eg hadde take eit bilete av Monique som dansa med Olav (frå mi gruppe – Rogaland Teater), difor la ho meg til. Etter det har me skrive mykje på MSN, nett no er den største loggen eg har Monique sin.

Ho sat åleine der på ein stol då eg braste ut døra. Reiste seg opp og så fekk eg klem. Forresten kan dykk lese Monique sine tankar om dagen på bloggen hennar. Kjende ho godt igjen, er ikkje reint få bilete av ho eg har sett. Ga ho ein skikkeleg veneklem. :D Eg blei overraska over dialekta. Solask eller noko. Heh, søtt.

Me hadde prata om stillheit og flaue situasjonar om ingen seier noko før. Eg hadde tenkt å lage ein slik situasjon ein gong – men gløymde det diverre. Dei er magiske slike stunder :D Eg hadde sjølvsagt tenkt å take det opp rett etter. Men sidan Monique var så utruleg lett å snakke med kunne ikkje ein slik flau situasjon oppstå likevel. Med mindre eg plutseleg skulle slutte å svare ho. Berre halde kjeft og fryse ho ut. Men det hadde ikkje vore det same; det hadde vore slemt, ikkje flaut.

Aye, kontraktmøte…

Eg visste eg hadde dårleg tid, men det kunne no heller vente – måtte få snakka litt fyrst. Etter eit minutt eller noko ringde Pappa.
«Er du på veg!?»
«Eg er på Sola, reiser no», svara eg smilande
«ER DU IKKJE LENGRE FFS ”!(&#!/)#”!¤&/#omgplzn00b!!!11»
Måtte berre smile åt Monique – hehe, var litt morosamt. Så la eg på.
«­Hm. Eg har eit møte i Stavanger, vil du vere med?» (håpe)
«Javel», sa ho smilande (yess! Hadde vore for teit å møtt ho for å snakke i eit minutt)

Så var det berre å køyre ned i den supre toyotaen :D Broooommm… Så var me til slutt med Garanti Eigendomsmekling. Monique såg ut til å ville sitje i bilen – så eg tillot meg å seie at ho måtte vere med :) Eg sat meg ned med mamma og pappa som allereie snakka med meglaren. Vil eg ha kaffi? Eigentleg ja, men eg ville ikkje la Monique vente for lengje – dessutan heiv eg nett nedpå to koppar. :D Han gjekk gjennom kontrakten, mamma spurde om ditt og datt. Tok litt tid. Hmhm. Eg var litt hugen på å signere og dra :p Men det er jo mykje pengar det er snakk om, viktige greier. Men kva er kontrakten eigentleg om?

Huseigar Odin H. Omdal

Mamma og pappa kjøpte nett eit nytt hus og dei ville at eg skulle signere under huset slik at det sto i mitt namn. På den måten blir det enklere for meg i framtida å evt take over det. Så huset er mitt på papir – men det er ikkje det eigentleg. Eg har ikkje betalt ei krone (vel, meg og Falke slang nett 5 000 inn kvar), og skal eg bu der (som eg vil! :D) må eg betale ~8000kr månaden. Det er renter og avdrag på lånet – så eg må nok vente litt før eg har råd åt dét :/

Rogalands avis og Union-fabrikken

Eg signerte og signerte (moro! :D Eg likar å skrive under ting). Sa eg hadde litt dårleg tid – så eg slapp høyre det siste formelle greiene. Mamma og pappa har full kontroll likevel ;) Monique sat og gomla godteri og las RA. Ho var på fyrste side. Eg lo godt då eg såg ein satirisk teikning av Høgre og Union. Monique smilte med;
«Forstår du han?» spurde eg.
«Nei» (søtt smil).
Hehe, då måtte me jo helst forklåre når ho kom med slike smil :)

Teikninga viste på høgre side Norske Skog Union-fabrikken uti vatnet med tri par hender som stakk opp frå det. Ovanføre ruta sto det «Høgre er veldig mot statlege inngrep i marknaden…». På den andre ruta sto høgremannen med ei gulrot i handa og Union stod staseleg i bakgrunnen. Teksten fortsatte ­«…unntatt i valår». Hahaah. Så nyydeleg take på kornet :) Veit ikkje om Monique forsto der eg snakka om nedleggelse av fabrikken og Høgre som eigentleg drit i normale folk, men må sanke stemmar i valår. Men ho er ei veldig smart jente, så ho tok han heilt sikkert :)

Pizza åt Pat på Pizzabakaren

Eg lova Pat å kome med mat åt han. Så me sto og venta, gjekk opp åt Hetland skule for å mimre litt (eg iallfall :p). Men eg skal spare de for alt det der. Like greitt. Eg tygga fortsatt på drops frå Garanti, mamma og pappa legg trass alt igjen ein del pengar der – me må få litt ekstra ut av det, hehe. Monique ymta om at pizzaen sikkert var ferdig; og med det dro me åt Sola igjen.

Monique var usikker på om ho skulle følgje etter opp etter meg åt Team Studio. Forstår det, eg hadde sikkert vore usikker sjølv. Difor forsikra eg ho om at eg ville ha ho med opp. Hugsar ikkje heilt korleis, eller om dette i det heile take er sant (Monique hugsar sikkert betre). Synest likevel å hugse eit søtt «Kva?» utrykk frå ho, så eg veljer å tru det var slik; den historia var finast.

Nei takk åt pizza

Då me kom opp forklåra eg at pizzaen var klår. Så sa eg at eg hadde ein ven med.
«A girlfriend?», spurde Pat.
«A friend that’s a girl, yes», svara eg.
Pat visste eg ikkje hadde nokon kjærast – men mange veninner. Me har bl.a. snakka om kor dårleg ordet ­«girlfriend» er. Må ein liksom seie «a friend that is a girl»? Kor teit er ikkje det. Eg kan jo heller ikkje gå rundt å kalle veninnene mine for «my girlfriends», det ville jo blitt feil sidan det tyder kjærast på engelsk… Hrmpf!

Pat rynka på nasen, «Eeehm. There is chilli on.».
«Oooh! Well, sorry – I didn’t know». Eg kjøpte jo berre det pizzaen eg synest er best! :p

Videoredigering

Hadde nett slengt saman noko, var ikkje noko spesielt bra – så eg måtte forklåre det åt Monique. Opptil fleire gongar. Kva tyder det? Jo, at eg var redd for at Monique skulle synest det var dårleg/middelmådig. Var opptake av kva Monique synest. Hehe. Hm.

Så måtte ho gå – eg ga ho visstnok klem (eg måtte spørje – hugsa ikkje sjølv, heh). Om eg ikkje hadde burde eg iallfall.

Morten og Cate! Middag

Eg skulle åt middagsvitjing. Var der på tida. Mamma og pappa kom ein halvtime for seint. Typisk. HAH! Me fekk kjempegod middag av dei, som alltid eigentleg. MMM! :D Eg ringde Tone, ho SOV. Klokka var snart 8. Koseleg å snakke med ho—me avtala å gå tur rundt mosvatnet.

Tur med Tone rundt mosvatnet

Det var veldig kos. Tone er ei utruleg veninne :D Kjempeglad i ho. Snakka om masse. Også må eg invitere ho ein gong. Ja. Det sa ho – bra :).

Post-dag-ting :p (etterord!)

Heh. No er klokka 3:30, og eg har sitte og skrive med Monique og Hege (Mon er på vitjing), dei gjekk ut no – så då legg eg meg. Dagen før skreiv eg med Hege til 2:45. Så tida eg normalt plar prioritere åt heimesida (24–02/03) har eg prioritert til litt kjekkare ting :) Difor går det treeeeigt med sida no, for dei som lurte (takk Simon og Monique! :D). Forresten skyndte eg resten av dagen ferdig, var med Tone i over 2 timar, så den har liten plass.

6 tankar om “Møte med Monique

  1. Teirik

    Heilage hoppetau, va ein innholdsrik dag, det ska du ha ;) Må bare få avklara ett par ting: Per idag (veel, va vel egentlig igår då, men det bryr me oss heller lite om :) så har du ett skikkelig-skikkelig oppdrag med timebetaling og alt, du e blitt huseiar, og du har nerprioritert siå di?

    De to fysste må eg gralla me, har jo låge i kortå lenge, men nå e d offisielt, og skikkelig, ja ^^ Den siste e eg litt skeptiske t, eg ser at eg neste gang ikkje kan ver vekke så lenge i frykt for total stopp på siå ;) Nei, fra spøk t revolver, såklart må du sjøl prioritera siå itte livet ditt, og ja, der e nok litt kjekkere ting enn å konstant mekka på an :) Så det e forståelig at solajentene får høgare pri :)

    Nå har eg ennå ikkje lest Monique sin tekst[1]

    Ska lesa den ittepå, itte eg har kommentert her og diverse :) Kaffor la Tone seg så tidlig?

    Jaja, uansett, nå datt eg heilrt ut av tråden her, fekk ikkje særlig søvn på ferjå i nått (mye bølger, blæh :(, pluss litt kaffi e ikkje go kombinasjon, sjøl om du har lugar :P) og gleden av å komma hjem og setta seg ner foran pc’en med 4 skiver med ost samt ekte norsk springvann (IVAR-vann e høyst undervurdert.. Prøv to uker i utlandet på brus og flaskevann (evian/aent dritt), så fatte du ka eg meine :S Seff, vannet i Tyskland e jo ikkje så helsefarlig etc, men godt e det ikkje..) har gjort meg mildt delirisk.. Yeahyeah, du får notifisera meg (snaisent ord btw, nesten lika bra som nifty :P) når filmingå komme igang eller redigering, eller at du rett og slett har våkna og dermed e i stand t å kommunisera igjen…

    Sløve folk, morgenstund har gull i munn e der någe så hette!

    fn1. Vett ikkje om ett bedre ord ennå, artikkel kan brukas, men det e merr sånn avis-seriøse-ting enn ein blogg, ikkje det at der ikkje forekomme artikler på blogger, og at blogger ikkje e seriøse……men….eeh «ro ro til fiskeskjær» jah… tror du fatte ka eg meine :)

  2. Monique

    :D ENDELIG någe nytt!!;) Eg hadde det kjempekjekt den dagen, Odin:) Va Kjempekoselig å se deg igjen!

    Visste ikkje eg snakte «solask», e ikkje det det samma så Stavangersk det då? E vertfall ikkje langt ifra.

    Va ikkje nødvendig å ver redd for ka eg ville syns om redigeringen:) Ville jo ikkje kunne sett om det va dårligt elle ikkje. Mine redigeringstalenter e ikkje så store;) Men eg syns det såg bra ut uansett. Som eg huske å ha nevnt t Pat:)Men sette pris på tilliten din. Fotsett å skriv masse her du:)

  3. Hege

    det va dødsbra . koseligt at dokk to blei kjent med kverrandre. :D du e utroligt flinke te å skriva tekster:D missunne deg velldigt, nanna ! med vennlige hilsner Hege ;)

  4. Joey

    Teirik: Åja… IVAR-vann er skikkelig undervurdert. Kom akkurat hjem fra Mallorca selv, hvor jeg har levd på flaskevann og brus (og andre uheldige drikker:) i en uke, og GUD hvor godt det var å komme hjem igjen til skikkelig springvann!

    Monique: Nei, solask er ikke det samme som Stavangersk… Alle fra sola har bare et sterkt ønske om det, så ingen derfra hører forskjell… Tvangstanker! Hehe…

  5. Odin

    Teirik: Koseleg kamerat. Tone hadde jobba, lagt seg på sofaen. Hehe, ekte sovestemme! Så søt atte. Brukar innlegg til å snakke om innlegga mine eg! :)

    Monique: Hihi, takk! Det var vel kanskje stemmen din eg blei overraska over då.

    Hege: Heei! :D Så kjekt at du las eit innlegg! :D Takk Hege, det var moro å høyre :) Nanna.

    Joey: Å? Så du kommenterer berre kommentarane? :p Hehe. Men eg liker veldig godt for at du sjekker innom så ofte! Eg var nett innom deg, forresten (FireWire-kabel) – men du var ei heime.

  6. Teirik

    Joey: MHM! Var ufattelig herlig å sette seg ned med IVAR-vann med isklumper i… aah, får enda vann i munnen av det :P

    Monique: Nei, Solask er forskjellig fra Stavangersk om du velger å tro det eller ei :) Dette avhenge jo såklart kor på Sola du komme ifra etc, men der e forskjeller :) Ikkje så klare forskjeller så Sandnes-Stavanger, though.. Og dialekt-forskjeller e bare morsomt :) Haddde vært en kjedelig verden om alle hadde vært like…

    Odin: Hihi, stilig :) Ja, innlegg er et bra ord, har allerede brukt det etter du nevnte det på turen rundt mosikken :)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.