Strasbourg dag 3. Heile. :)

Medan meg og Espen beundrer myggene utanfor verandaen slit Tim seg heimover, forfjamsa over å ha bruka 4 timar og nærare 100 kr på ingenting. Tolv timar seinare gjer det ikkje stort lengre, alt anna gjekk som planlagt denne dagen.

Me vakna seint, meg og Espen. Så åt me. Det var ikkje berre godt brød. Men eg har skrive om det før. Har ikkje skrive om myggen då. Myggen heng utanfor verandaen og summer. Midt i lause lufta heng dei. Rare insekt. Meg og Espen sat på verandaen og såg på dei, var herlig i fina vêre. Varmt var det nemlig, masse sol.

Kjende svetten rann nedover ryggen, hadde nett dusja – men akk så varmt. Me var igjen på veg ned i byen, bært av føtene. Var litt svolten sidan frukosten ikkje akkurat var noko å skryte over. Tim hadde fått laga kart over internettcaféar i Strasburg, så i dag skulle me finne ein. Det gjorde me óg. Litt stress at ein ikkje kunne koble til USB-saken der eg hadde lagra all teksten, men folka som jobba der kunne. Så dei hjalp.

Tim betala €5, fekk 1 time og 40 min for det. Eg trudde eg måtte sitte heile tida, det viste seg å vere feil etter eg hadde sitte alt. Jaja, eg fekk lest ein del bloggar o.l. medan Tim og Espen sprada rundt i byen. :)

Så gjekk me. Hugsar ikkje kor eller noko, men me gjekk iallfall. Hmm. Espen hugsar heller ikkje, men han har sikkert skrive det ned i dagboka si. Sikkert ikkje noko superinteressant då.

Så skulle me ete på fin restaurant. Etter ein dude kom bort åt meg og ville snakke om kamera mitt då. Han var visst proff fotograf (hmm… Vel) og hadde eit speilreflekskamera sjølv. Så han hakka fram nokre ord på den haltande engelsken hans medan eg ikkje var superinteressert i å prate så mykje om kamera med ein tilfeldig fyr i Strasbourg. Trudde i byrja han ville “prøve det” for å så stikke av med det. Er påverka av liknande tilfelle i England, og Frankrike er ganske kriminellt det óg så…

Me åt på “Le petit oeurs”, som tyder dei små bjørnane. Var ein god restaurant i følgje Tim. Eg lot han bestemme alt eg åt, sidan eg sikkert hadde valgt noko eg har smakt sjølv om ikkje. Eller. Kanskje ikkje, men likevel. Moro å leggje alt omsynet 100% over på ein annan person. Tim åt fisk, Espen Donald Duck og eg svin. Det smaka diverre ikkje stort, lot Tim smake og han var einig. Espen sin Donald var for mykje stekt. Medium i Frankrike er visst hardt stekt i Noreg. Trudde no det var motsett!

Eg orka ikkje ete alt, Tim fekk resten. Klåra heller ikkje ete all desserten. Hm. Plar ikkje få for mykje på slike dyre restaurantar – men har sikkert noko med at eg et så mykje mindre no.

Så skunda me oss åt elva, for me skulle sjå på noko kulturgreier. Fyrst ute var eit vatnshow. Tim klaga litt på det på grunn av musikk osb, men det var ganske stilig. Synkront og etter musikken, med flotte fargar innimellom. Me sat på bakken og såg.

Vatnshow i Strasbourg

Neste var eit skodespel, veldig moro i følgje Tim og alle dei andre som kunne fransk rundt oss. Men meg og Espen lo ikkje stort. Eg måtte smile av alle dei rare folka – men hysterisk var det ikkje akkurat.

Ein plass hallvegs ute i elva sto det ein mikrofon. Tim sa det var dritkeitt, så me hoppa like godt over det.

Siste var dansing. Det var elendig. Heilt sjukt teit. Berre nokre amatører som umotivert går rundt på scenen, legg seg på ein ball – “oooh, nokon flammar” og så klatrar litt på ein stygg maskin. Så overdramatiserer dei bevegelsar for å få maskina i gang. Nei, off. Det var berre lamt. Vond regi. Veldig vond.

Så gjekk me heim og spelte fotballspel. Pro Evolution Soccer 04, Erlend. Prøvde å vinne internasjonal runde med dei, men akk, me er så dårlege. Kom litt lengre med Argentina, men likevel stopp…

2 tankar om “Strasbourg dag 3. Heile. :)

  1. Neophus

    No blei eg svolten av å høyre om maten dykk åt at dei lille bjørnane. (Håper eg klarte å skrive alt riktig no da :p)

  2. Skjalg

    Tips til oppleving. Ta ein tur te den europeeiske menneskerettighetsdomstolen – bli litt informera om kva arbeid den står for i internasjonale konfliktsaker…. Den kan vere spanande.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.