Trøytt filming med eksterne skodespelarar

Sliiiten. Trøytt. Vondt i hovudet. Blæ-blæ, “spy eder og galle”. Slik. Eg er sjuk. Me har filma i dag. Eg sto opp kl 9, og har stressa («jobba») frå 14. No sit eg eigentleg og tyner den siste dråpa av adrenalin ut. Held på å stupe av søvn, men vil fyrst seie to ord om i dag. (Skrive ferdig dagen etter)

NB: Dette skjedde for lengje sidan!

Kaffi og kak… To brødskiver

Eg sto opp 9, pappa var heime no. Så meg, mamma og pappa åt frukost. Det blei laga tri koppar kaffi, så eg tok ein sjølv om eg plar begrense det åt kake. Eg «må» ikkje ha kaffi andre gonger enn når eg et kake, difor plar eg sløyfe det då.

Eg fann ut at Pat ikkje var i Noreg endå. Jaok, ingen jobbing i dag heller då. Vel, ingen betalt iallfall. Espen kom bortom, me planla litt. Jon var ikkje av jobb før 15:30, eg hadde avtale med Hege, Siri, Monique og Anita 14:30. Ein time seinare altså. Ville ikkje la dei vente så lengje utan å seie ifrå. Tenkte eg anten kunne hente dei seinare, dei kunne gå litt i byen – eller så kunne me bruke tida til sosialisering. Då Monique ikkje tok telefonen eller svara på melding, ringde eg Hege.

Det ville vere betre om eg henta dei seinere, så då var det avtalt. Eg merka eg berre ville leggje meg ned å sove igjen – men tenka stadig positivt. Mamma og pappa skulle åt Helgøysund, så eg måtte køyre dei ned åt byen. Eg mekka litt meir mat (ei bolle med havregryn, yoghurt og rosiner (jaddajadda Siri! :p)), det var særs tørt, men eg klåra ete halvparten før eg måtte skunde meg ned åt Metropolis og levere utstyret.

Henting på Sola

Eg knaska på fire gulrøtter eg hadde take med, medan eg sto i kø. Såg at eg kom åt vere litt sein åt Sola. Skulle møte jentene 15:15. Var der 15:20. Mange folk som er dårlege å køyre, såg mange farlege situasjonar. Eg visste sjølv at eg var langt frå mine fulle fem, så eg måtte vere veeldig forsiktig sjølv.

Etter eg hadde gjeve Monique ein klem og ho stakk for å finne resten sat eg meg ned og tok ein pause. Sooove. :p Tenkte eg, men prøvde å ikkje vise det. Dei fekk henge litt medan eg tok pause, – er for eiga sikkerheit så. Etter litt kjende eg meg mykje betre. Blei glad av å møte folka :) Var ei jente med eg ikkje hadde helsa på før; Anita.

Advarsel om slappheit osb

Eg snakka med Monique sidan ho sat i forsetet (og sidan eg kjenner ho betre av di eg har truffe ho åleine). Sa eg var vond. Når ein er sjuk blir ein raskare irritert, giddalaus, keisam og demotiverande å vere med. Visste sjølvsagt dette, men prøvde heile tida å unngå det. Sidan Monique no visste det så hadde eg sagt det på forhand i staden for å kome med ei lam unnskulding etterpå.

Elles var det vel litt for å senkje forventingar sikkert. Det slår diverre to vegar. Eg ville veldig gjerne at dei skulle ha det moro og ikkje keie seg; men eg visste det ville bli vanskeleg. Spesielt sidan eg var så tafatt sjølv (og irritert/sur). Vel, alt er relativt. Hege syntest ikkje eg irritert i det heile. Men eg kjende det sjølv mange gangar, masse ting eg sa som ikkje var så lure osb.

Eg har ikkje vore skikkeleg irritert/sur/sint på lengje, og har ikkje tenkt å bli det heller. Difor prøver eg heller å bli kvitt dei små gongane eg kjenner kjenslene. Hadde vore herleg å vore heilt kvitt det. Det hjelper jo absolutt ingen om eg er irritert. Same kva, det eg skulle seie var at når eg seier slike ting åt Monique så set eg litt av stemninga allereie der. Som ikkje er bra.

Prøver å unngå å tenkje negativt sjølv, men kva gjer tankane mine når eg seier noko anna åt dei rundt meg? Endå verre, for å beskytte meg sjølv (blir jo faktisk «eg er normalt ikkje slik»-klaging)? Nei, off. Må kontrollere meg meir der. Ikkje klage så mykje – får heller bruke dette sida åt det (der folk les frivillig (vonar eg??)). Har ei sterk trang for å unnskulde meg framleis. Alle vil vel at folk skal tru det beste om ein. Men hadde vore greitt å fri seg frå det. Berre ikkje bry seg med det :)

Men der gjekk eg å la meg, skriver dette her dagen etter. :)

Framme åt Metropolis

Då me var framme var det ikkje plass for meg å parkere. Uhm. Eg fann ein plass der det stod «kun aktive tjenestebiler», parkerte der.
«Får kome raskt tilbake og flytte på han», tenkte eg.
Det gjorde eg då ikkje. Sjølvsagt. Hmm. Ja.

Jentene sto utanfor og snakka, me gjekk inn. Visste ikkje heilt korleis eg skulle starte ting, sa namna på alle i rommet – men det var stor avstand. Skummelt for jentene å vere seg sjølv i eit digert rom fyllt av nye, eldre menneskje. Måtte sjølvsagt krevd at alle tok kvarandre i handa. (Hugse åt ein annan gong).

Så var det ventetida. Då Jon hadde kome, sveiv folk rundt å snakka medan Henrik og Emil (som hadde kome for å sjå på litt) og Hege, Siri, Monique og Anita (heretter «jentene») sat innat veggen og snakka. Eg hadde litt å få i stand sidan det ikkje var sett i stand medan eg henta jentene (som var avtalen, eigentleg). Så eg sprang rundt å gjorde det. Eg ville ikkje at jentene eller Henrik og kameraten skulle keie seg, så då eg hadde ledig tid snakka eg med dei :] – Det ville eg jo veldig gjerne ha betre tid til óg, men så møtte me heller mitt i stress filming :p

Filminga startar, tragisk energi

Masse venting. Hadde beklaga meg fleire gongar åt jentene og Henrik. Prøvd å kjefte på dei andre utan å øydeleggje den slappe ikkje-entusiastiske stemninga for mykje. Heh. Det var så gale. Elendig stemning i rommet. Der har eg igjen for å ikkje starte med bli-kjend-leik (som eg sjølvsagt burde!). Veit meir om det åt neste gong. Folk tek ikkje kontakt sjølv, du må tvinge dei :]

Fyrste tagning – regi var max uklår, eg visste ikkje kva som skulle skje eingong. Stakkar jentane, sikkert endå verre for dei. Så var han ferdig… Ha… Visste ikkje om eg skulle grine eller hylgrine. Det var elendig, eg sa det óg «­Det va elendi!».

No er det leeengje sidan dette, men skreiv det aldri ferdig. Vil ha vekk og ut kladden no. Så skriv ein slutt.

Kjende meg såå dårleg. Ugh. Tok det igjen. Marginalt betre. Blir ekkelt å redigere dette. Etter eit par klipp med dårleg materiale berre fortsatte me. Starta filme konserten. Ville take alle klippa med jentene fyrst, slik at dei ikkje trong vere der for lengje. I plassen med så dårleg stemning og liten energi.

Me skulle filme utrykka deira ettersom dei høyrde åt gitarspelinga. Ein ganske vanskeleg jobb. Stå der, åleine foran ljoskastarane med kamera i fjeset, ein fyr som held ein diger zeppelin mot deg og eit rom fullt av folk som er heilt stille og glanar på deg. Så skal du liksom stå der åleine og danse til musikk som ikkje blir spelt. Det er stille i rommet. Du kjenner ikkje halvparten eingong, og er yngst. Press for å gjere god innsats og få det åt sjå ekte ut. Ja. Høyrest det lett ut? Vel, det er ikkje. Og med den dårlege stemninga som allereie var (eller hadde det løsna opp?) gjorde det ingenting stort betre.

Littebitt energi på settet

Vel, oppløysinga. Eg kom plutseleg på noko som kunne løyse folk opp. Så eg dansa bittelitt på scenen. Eg faka litt energi som eg eigentleg ikkje hadde – men ein har alltid meir energi, berre nokre gonger kjem han ikkje av seg sjølv. Må slite for å få ut noko. Det blei betre stemning, løyste seg litt opp då eg fekk alle åt varme opp. Alle måtte hoppe, alle måtte klappe. Lage lydar. … Berre synd eg ikkje gjorde det før. Vel, eg lerte masse. :] Betre neste gong.

Så filma me det siste med jentene, blei betre. Dei gjorde ein mykje betre jobb enn samtlege andre i rommet. Trass at det var vanskelegast for dei. Så, kudos! :D Hihi. Hadde sikkert blitt betre om omstenda hadde vore betre. Åt slutt gjekk me. Då hadde diverse folk kome med vitsar o.l. etter oppvarminga – og heile situasjonen var betre. Eg kom med eit på bilen som sto parkera ulovleg, hadde gjort det lengje no óg.

Eg sa eg sikkert hadde fått bot. Ville vore enklare om eg hadde fått då. Óg av di dei ville synest synd på meg; det ville eg ikkje. Men så var han der! WOHO! Ikkje taua vekk, ingen bot! Superdupert! :D Eg ville stoppe innom eit kjøpesenter/bensinstasjon for å kjøpe brus/noko å drikke åt jentene. Men var raskt på motorvegen, og der var det fint lite slikt. Snakka i bilen. Monique sat framme igjen :] Kjenner ho best personleg.

Meir filming. Betre

Køyrde dei heim. Fekk klem og snakka littebitt. Så køyrde eg tilbake åt meir filming. Eg var sliten og me hadde vel ein time lang pause. Gadd ikkje starte igjen. Blei berre sitjande. Åt slutt skjedde det noko, så starta me take det siste me trong. Det var ikkje like vanskeleg – dessutan gjorde «stamskodespelerane» ein betre jobb :) Åt slutt var med ferdig – køyrde heim. Skreiv fyrste del av dette, la meg. Eg var vel ikkje heime før 9 den kvelden trur eg. Akk. :)

Jentene har sagt det ikkje var så drit. Det var moro i slutten seier dei, Siri sa det med ein gong. Så då stolar eg på dei. Ville berre ikkje at dei skulle ha det alt for keitt :) MEN. Det er lengje sidan! :D Hihi. Då var den endeleg ferdig… Phew.

4 tankar om “Trøytt filming med eksterne skodespelarar

  1. Hege

    Denne bloggen va bra, som alle dine blogger somregelt e ;D Met begynnte vell å løsne seg opp når du begynnte å gje ud den lille ekstra energien din :D takk, ellrs hadde d vert litt lave stemning der:D koz og klem

  2. Odin

    Hege: Du er så snill å skriver kommentar når eg er sjuk og ingen andre gjer. :D Veldig moro at du likar innlegga mine. Eg var veldig glad for at dykk kom og var der, om det ikkje allereie kom fram i innlegget :)

  3. Teirik

    Hepp :) Må sei eg huske denne dagen rimelig godt.. Eg må sei det va ganske anspent i starten ja, og flinke som me nesten va, hadde jo ikkje akkurat satt opp utstyret før du og sola-jentene kom, for kompetente som me va, så trodde me at du ville ha mest mulig og gjørr, spesielt siden du va syk :) Neida, sånn halsveis seriøst, så visste me ikkje heilt kor me sko begynna, og så daffa me… beklage for den :)

    Det at me måtte springa rundt og setta opp utstyret, hjalp heller ikkje akkurat på atmosfæren.. Men du kan ikkje skylda på deg sjøl, du ska jo ikkje komma på alt! Ok at det e du som kjenne begge parter best, men hallo, mann, e du syk så e du syk, då har du lov å glemma ting, samt legga ansvaret over på någen andre :)

    De fysste scenene va ikkje særlig bra nei, folk virka ikkje heilt opplagte, va litt grinete, og/eller usikre, og dermed blei der mye som ikkje stemte heilt. Ittekvert så kom det seg jo, og når du tok av me å hoppa rundt med ufattelig stor entusiasme, så smitta det godt av, og isen løsna. Dette gjor at generell prestasjon t alle steig, og folk begynte å kosa seg merr på settet. På slutten vil eg sei det blei bra ja, for då tørte folk merr :)

    Bra at du ikkje fekk parkeringsbot, hadde ikkje vært gøy, sjøl om du va innstillt på det..At «stamskuespelerne» gjor ein bedre jobb tror eg va forde alle hadde fått någe mat og/eller drikka i seg, og dermed hadde merr energi, samt at tiden begynte å hella mot seint, og det e ufattelig koss tidspress kan motivera :)

    Eg syns at den onsdagen der va koselige, an va ganske langdryg, og litt anspent, men som sagt, når isen løsna, då blei det gøy på settet :)

    Odin, du får ett mission i natt, og det e å bli frisk, ellers e det stakkar deg ;) God bedring iallefall! :)

  4. Espen Aarhus Klausen

    Den berykta Metro-dagen ja. Tenkte meg at det ville ver et lide energitab ein eller aen plass her. Menmen, føle du ikkje magien e det ikkje så lett å bare slå ann på, ann må komma automatisk :) Det blei bedre. Sjøl om du ikkje ville ta stilig gitarvinkel :P får vel ønska meg det te borsdagen.

    Så får me venta å se kossen det blir i redigeringsrommet.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.