Vitjing av Tim i Frankriket

No er klokka 4. Det er 3 timar åt avreise for meg og Espen frå Stavanger Lufthavn Sola. Eg sit her og har endå ikkje pakka heilt ferdig. Men kvifor skal eg? Så lengje eg har lommeboka med fikser jo alt seg. Vel. Alt fikser seg same kva, lommeboka gjer det berre enklare.

Utveksling eig!

I GK gjekk eg i Fransk. Vil nokon vere med på utveksling, spurde dei. Eg var sjølvsagt der med éin gong – eg elskar slikt. To år tidligare hadde eg vore i Finland i 14 dagar, med ei jente Evi Devandara. Det var utruleg moro, eg var den einaste som ikkje lengta heim og godt kunne vere der mykje lengre. Eg hadde den kulaste av utvekslingsfolka då.

Så var eg med på dette Frankrike-greiene, – trur du ikkje eg var like heldig og fekk den heilt klårt beste fyren der óg? Hihi, heilt utruleg moro. Tim er ein utruleg gut som eg ser godt opp åt. Han har eit drøss gode kvalitetar. Han har vore på vitjing åt meg to gongar ekstra utanom sjølve turen, eg har vore hos han tri-fire. Veit ikkje heilt, mange iallfall. Han inviterer og står på – så no skal meg og Espen ned igjen og vitje Tim.

Blir ein bra tur, med litt oppdateringar :]

Eg gler meg mykje; dei siste dagane har vore totalt hypre og superkule for meg, og turar åt utlandet plar vere «oppe der» med det beste av året. Eg tenkjer det blir vanskeleg å overgå dei perfekte dagane eg har hatt her med så utruleg mykje – men kvifor skal ein? Dagar bada i glede og med innslag av pur lukke er langt over det eg forventer nett no. Men likevel har eg det. Ohh. Herleg. Bonus2000. Så eg vonar desse dagane klårar halde standarden oppe. Det er heile 10 dagar – må klåre finne på ein del då.

Tim har internett, så eg kjem sikkert åt oppdatere sida litt innimellom om det er interesse for det. Skal iallfall prøve å unngå å late det bli like mykje som Kroatiaturen. Eg har óg skrive om ein annan tur eg hadde åt Frankriket, men det var dårleg skrive hugsar eg rett. Ligg ute på nett, men vil ikkje linke åt det med mindre nokon vil sjå.

Pakking

Flyet går altså snart. Men eg har ikkje pakka skikkeleg endå, klokka er 4:45. Eg starta prate med Anette, så blei klokka 2 (skreiv med ho i 2t 30m (i tillegg åt pakking osb)), og eg bestemte meg for å leggje meg. Men nett då kom Rebecca på, og sidan ho er så utruleg kul måtte eg berre prate med ho.

[02:17:01] Odin : Men, du Anette. Du held meg oppe. Ikkje det at eg ikkje har det moro (kvifor elles ville eg ha sitte? :p), men eg har eit hekkans fly å nå, + ei lang reise imorgon. Så eg må gåå. (slå av maskina å pakke ferdig fyrst, men klårar ikkje pakke når du er her. Oh må prate 2 sec med Reb fyrst óg)
[02:17:28] Odin : Men ho går vel snart.—Hekkan. Zzzz :p
[02:17:28] Anette : hehe:P eg ska sje holda deg oppe eg.. gå du;) hehe

Dei to sekunda blei to og ein halv time :D Hihih. Men eg hadde det moro. Rebecca er normalt ikkje oppe på det tida, u-Reb-ish å vere oppe no, sa eg. OG NEI Rebecca, hehe, det kan sjå ut som om eg legg skulda på deg, men det er heilt feil sjølvsagt – han ligg hos meg. Men for det andre; det treng ikkje nødvendigvis vere ein feil? :D Hehe. Hmm. Zzzz. Eg må finne ladaren åt fotografiapparatet slik at eg kan hacke mange bilete i France.

Snart tid for avreise!

Betalte 1500 kr for tur/retur Frankfurt med Lufthansa. Ganske bra pris. Me skal visstnok bli henta av faret åt Tim der, og køyrd 3 timar åt Strasbourg. Byen der EU-parlamentet osb ligg. Det ligg nordaust i Frankriket, i Alsace.

Er rotete her. Burde rydde. Burde óg sove, men flyet går om berre 2 timar, eg må likevel dra frå huset om maks ein time. Burde ete. Svolten. Vel, får flymat. Hm. Elles? Kanskje noko eg har gløymd? Eg har 2 buksar og 1 shorts, nokre skjortar, boksarar, sokkar og badeshorts. Treng vel ikkje meir. Kanskje deodorant og tannkost. Hmm. Får sjekke lista eg hadde åt Kroatia. Naai, ser faktisk greitt ut! Kanskje handkle er ein ting. Ligg eit på golvet her. Rydde det opp i sekken. Tja. Kanskje eg får stikke ned å starte å pimpe kaffi då. Eg vonar det blir ein laaang dag.

6 tankar om “Vitjing av Tim i Frankriket

  1. Teirik

    Der e ein ting lommabokå ikkje fikse når du drar t utlandet ska eg sei deg, og det e pass.. Innenfor schengen så fungere lappen som identifikasjonsbevis, men utenfor så har du ett problem viss du ikkje har pass. Nå ska jo du rektignok t Frankrike som e i schengen-området, sååå…

    Va gøy i Finland ja, men kunne godt bytta utvekslingsstudent me deg Odin, du va ufattelig heldige :P

    Litt seint å utsetta pakkingå t sitte dag (rettelse: natt)? Iallefall når du i tillegg ska fylla me på alt som skjer rundt deg på nettet :P Alltid greit å snakka me någen, men ka gjør folk oppe så seint på nåttå? Å sitta oppe t 5 hadde jo vært gøy, men still, ka gjør folk oppe då? (ja, eg e misunnelig, odin, ikkje mange så e på hos meg på den tiå :P). Pluss, eg kan dessverre ikkje sitta oppe så lenge merr :(

    Hmm, ser ut som ei grei lista, ikkje det at du skreiv antall på alt… Og for guds skyld, ta med deo og tannkost! :P

    Sånn ellers får du ha ein god tur! Du e vel 20 min uti det nå kan eg tenka meg..

  2. Monique

    Gode Gud! Du komme t å ver heilt ødelagt på flyet! Men men, du komme nok t å læra ein dag at søvn e viktig. Imens får du ha ein strålandes tur t Frankrike, finn ut om folkå egentlig e arrogorante du;)

  3. Rebecca

    «OG NEI Rebecca, hehe, det kan sjå ut som om eg legg skulda på deg, men det er heilt feil sjølvsagt – han ligg hos meg. Men for det andre; det treng ikkje nødvendigvis vere ein feil? :D» Fint at du ser sånn på det. Så ikke på det som en feil i det hele tatt, jeg, bare på dine vegne;) «Kanskje deodorant og tannkost.» DUH! De to tinga hadde vært øverst på lista mi(nest etter dagboka seff:P). Jaja, hvis du hadde klart deg uten er vel det bare beundringverdig:P

  4. Teirik

    Odin greie seg uden det mesta egentlig :P MEn akkurat de to tingå står rimelig høgt på listå ja :) Men eg må bare få kommentera: kl 5 i morges va jo rimelig seint å ver oppe då ;)

  5. Skjalg

    Eg kan stadfeste at han etter all sansynlegheit ikkje la seg i sengå idet heila tatt. Han får ordna opp sjøl – guten e jo myndig…

  6. Odin

    Eg tok med korkje deo eller tannbørste faktisk! Har få kj&oslqsh;pt tannbørste. Dusjer istadenfor å bruke deo foreløpig :p Finn det når eg treng det heller…

    Eg la meg ikkje i det heile nei. :) Stress å skrive på fransk tastatur.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.