Berliner poplene

Å, eg blir så SINT! ÆÆÆrh! Dumminger. Orddeling på det vondaste på NRK nett no. Sidan eg sit her i Kviteseid, ser eg på TV, noko eg normalt ikkje gjer.

Sit her i kongestolen og glanar lett på «sommeråpent» medan eg prøver å skrive på ei lengst utgått innlegg om leggjetider. Oppmerksemda mi blir raskt snudd mot ein berre litt meir interessant TV då eg høyrar Anne Grosvold seie at Anne B. Ragde kjem. Ho skal snakke om den nye boka hennar, oppfølgjaren til «Berlinerpoplene». Den boka las eg. Ikkje tilråda. Men, det var noko kuriøst med ho lell. Forsida bar spor av pur styggdom; eit ord – eller på ein måte to.

Berliner
poplene

AAAAARRRGH! Utruleg. På utsida av boka, av alle ting. Alle ser jo den plassen. Ragde hadde fyllt opp masse papir med noko, vel, lite spanande spør du meg – MEN; ingen orddelingsfeil likevel. Ragde kan altså norsk skulle ein tru. Men der sat ho med Grosvold og gjorde seg ikkje ei mine då den nye boka hennar poppa opp i Grosvold sine sleske hender (nei, eg er ikkje forferdeleg glad i den dama :) ). Den boka. Den boka gjekk med to namn, då dei snakka «Ermittkrepsene», men på boka:::::: (og alle held pusten…!)

Ermitt krepsene

Nnnnngnngaaaah! Grrrr! (Hihihi. Eigentleg er eg ikkje sint då; men må nesten spele litt – blir meir utrykksfyllt slik) Aaaaargh! Korleis klårar dama gjere det igjen? Finnest det intelligens i rommet? Ærleg talt, fru Grosvold og ei anna intelligent dame sat der saman med forfattaren, men ingen heva eit augnebryn! Ikkje eit halvt eingong… Snufs. Tragisk. Hadde eg vore i studio hadde eg avbrytt det intetsigande tjattet og take opp den skikkelege saka; kvifor i alle dagar deler nærast halve Noreg orda!?

Lager salg

Me har ein plass rett borti her (Stavanger elektro rett med brustad) som lagar sal. Då eg såg etter jordbær på Sola i dag såg eg at dei ikkje er dei einaste. Eg er usikker på kva sal dei lagar, – er det noko me kan få dei åt gjere for oss? Eller kanskje berre det er ei melding om at dei driv på å gjer seg klår åt ha sal? – Nei, du veit godt at ordet desse elektro-folka vil fram til er «lagersalg­».

Det som er så vondt med orddeling er at det ser mongo ut, det endrer meininga åt ord og det øydelegg språket. Det er ikkje ei lita filleting. Eg missforsto ei jente då ho skreiv “Heldig hvis”. Sidan eg ikkje gidd lage ei falsk eksempelhistorie kopierer eg heller rett frå loggen. Så det er ikkje overdrive eller noko!

Meg: Å dette var koseleg samtale :)
Jente: Eg trur ikkje brannstasjonen blir lagt ned. Heldig hvis.
Meg: HØ!?!? WTF!!!!!1111 Meiner du at du vil ha han lagt ned?? Kva for ei suicidal jente er du eigentleg? :-o
Jente: Huh? Neei! Eg vil ikkje ha han lagt ned!
Meg: HØ? Eg forstår ikkje!!! DIN TEITING!!!!
Jente: AAARGH! EG ER SUPERDUPERSINT!!

Så.. Der ser dykk kva orddeling kan gjere. Ho meinte sjølvsagt Heldigvis. Men sidan ho delte ordet (og skreiv “vis” feil óg då, men eg hadde truleg misforstått med tragisk utfall lell) blei det fort dårleg stemning og farleg utfall. Eg trudde ho meinte ho hadde vore heldig om brannstasjonen blei lagt ned. Men ho var eigentleg heilt einig med meg. Så. Orddeling er vondt.

No er det forresten over ein månad sidan eg starta på dette. Og sidan heile innlegget er uhelbredeleg sjuk publiserer eg det berre. For å få han vekk frå den lange “Mine kladdar”-lista mi…

Oppdatert: Forresten såg eg nett at “Morten” som har bloggen kakeboksen publisera ei lita oppdatering om orddeling. Han har eit bilete av ein morsom ein. Elles finn du meir informasjon hos Astronomer mot orddeling.

8 tankar om “Berliner poplene

  1. Karlsen

    ja, orddeling e et problem så mange slite me… jurg har faktisk store problemer me dette t tider, men ingenting å gjør me det! sånn ellers har de orddeling på kiwi ∗savne∗ der det står «Stratos Biter»… javell? får passa meg for den stratosen då…

    men du har et poeng me hu så skrive det gang på gang på bøkene sine, bler litt dumt i lengden.. någen burde jo sei ifra t hu.. kanskje du kan tipsa hu om denne siå ;)

  2. Rebecca

    Uffameg, orddeling er vel noe alle nordmenn trenger trening i. «Lager salg» er én ting, men «heldig hvis»??!! Det er det dummeste jeg har hørt! Åssen kan det være mulig å skrive «heldigvis» feil? Men jeg skal vel bare holde kjeft; jeg skreiv tross alt «fransk stil» istedenfor «franskstil». Jeg tok’n nå, Odin! :P

  3. Odin

    Hehe. Ein fransk stil er ein stil som er fransk. Aka. baguett i handa med stripete skjorte er fransk stil. Ein franskstil er noko anna; det var det du eigentleg ville fram til.

    Det var ei av veninnene dine Rebecca forresten :P Du er forresten betre enn mange andre. Der kom du på MSN óg! Wee!

  4. Frankie

    ok odin, jeg inrømmer det, jeg er den skyldige jenta, og samtalen VAR IKKE sånn! så det så.. :P jeg har bevis!! hahahaha!!

  5. Odin

    Frankie: Ååå? ^o) Eg kopierte jo rett frå loggen!!! Eg trur du berre er SUPERDUPERSINT igjen. Slik du alltid er :((( :'( Buhu. Så slår du meg. :(

  6. Frankie

    ah, SLÅR? jeg, SINT?? aldrig, jeg er da alltid gla som et juletre jeg!!! nu syntes je du overdriver LIIIIIT her altså!

  7. Hallå

    Delinga av ordet berlinerpoplene på bokas utside, er vel gjort mer pga layoutens skyld. opprinnelig skulle det vært et punktum etter b-en i navnet også, men de sløyfa den også, på samme måte som de sløyfa bindestreken. sånn er det. er ellers fullstendig enig at orddelingsfeil er noe av det mest irriterende…!

  8. Odin

    Hallå: Det er grunnen, ja. Men eg er ikkje einig i at det er ein god grunn. :-)

    Når eg gjer grafisk design sjølv, so held eg meg til rettskriving. Norsk hev gode reglar for orddeling/særskriving; engelsk er eit rot, difor er det synd at bøker som dette gjer det «greitt» og «lovleg» å dela ordi… Grr. :-)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.