Daffing på skulen/jobb

No sit eg på biblioteket her på Randaberg VGS. Eg sit i Linux. Hihi. Korleis kan du sitje på eit så bra OS på ein skule som berre køyrer dritt som Windows 98, og XP, spør du? Jodå, eg sit nemlig med trådlaust nett på laptopen min! Aahh! Suuupert!!!

Maskina vedsidan av meg her ghoster eg. Altså; installerar på ny. Harddisken var defekt, eg har byta han ut – og no kopierer han heile harddisken sin frå eit “harddiskbilete” som finst på tenaren… Keitt. HEKKAN! :| Like skremt av den ringeklokka kvar gong. Me hadde ikkje slik på Hetland…

Ingen som vil låne bøker. Eg burde vel eigentleg sitte inne på bibliotekarrommet. Lest vidare i boka eg held på med, eller flytta laptopen inn der. Men akk. Venter heller 7 min til ghostinga er ferdig.

Eg er kjempetrøytt, gidd ikkje springje rundt å aktivt finne problem å løyse, folk å hjelpe. Eg må søve meir, så kan eg ha det meir moro. Gjere skikkelege ting.

No i dag då elevar kom og ikkje hadde fulgt meldinga på skjermen (kan dei ikkje lese eller!? Om du ikkje endrer passordet ditt så LÅSER KONTOEN DIN SEG, LÆR DET!!!) så blei eg lettere irritert på dei, og eg var ikkje snau med å vise det då den idiotiske læraren kjem og kjefter på meg som om det er min feil. Dumme folk. Det er jo deira feil. Dessutan har eg heller lite med sjølve systemet å gjere, eg skulle helst berre drive med media, eller ein PC-park med Linux-pcar. Då kunne eg iallfall gjort noko eg hadde lært bittelitt av.

Jadå. Lærer jo mykje no óg. Eller. Ja. Kanskje ein gong no snart iallfall. Alle desse teite datamaskinane. Argh. Eg likar ikkje datamaskinar. Men, altså. Eg er trøytt så eg er ikkje heilt i hundre. Hadde eg søve skikkeleg hadde eg vore i kjempehumør og dette hadde vore moro :)

Hehe. Eg veit ikkje om eg tør skr… Hmm. Jodå. Ei jente sit 50cm frå meg, sat seg på pcen vedsidan av. Det er utruleg lett for ho å lese det eg skriv. Ho spurde om det var ledig. Jadå. – Hehe, ho såg bort på nokon andre, mot skjermen liksom. Då gjekk pulsen opp. Ganske pirrande å skrive slik opent om nokon du sit så nærme, om ho les det så. Hahah, ja :p Det blir rart. Eg får skifte til eit anna skrivebord litt.

Der var ghostinga ferdig! Sjå om dritet fungerar no. Om ikkje så blir eg lettere frustrert. Akk, nei. Hekkan heller. Jaja. Får drite i den pcen då. Spørre Geir.

Hm. Eg kjenner meg ikkje bra når eg sit og ikkje jobber. Så eg flytter meg og finn noko anna å gjere. :p Hehe. Vonar det ikkje blir for mykje av desse innlegga framover.

PS: Forresten tok eg på meg ei rar bukse eg ikkje likar. Smekken går opp heile tida :( Ugh. Må finne sikkerheitsnål. Snart dreg eg åt byen då, for å møte Rebecca. :) Best eg ikkje er like trøytt då.

7 tankar om “Daffing på skulen/jobb

  1. Teirik

    Hmpf, hørres ikkje akkurat ut som arbeidsoppgaver som passe deg akkurat.. E vel ikkje akkurat som du hadde tenkt deg det.. Men alikavel så tror eg eg vil påstå at dagen din va kjekkere enn min :P Eller.. planlagt kjekkere, iallefall. Det e ufattelig ka du finne på å gjørr når du sitte me venner på bakerste rad i forelesningssalen, og kjede rauå av deg :p

    Off, ja, folk e altfor ignorante t sånne beskjeder.. «det e sikkert ikkje viktig, eg har dårlig tid og må printa någe pronto».. Off, ignorant! og så komme lereren og klage? Håpe du viste han kor skapet stod! E jo ikkje ditt ansvar å passa på sånne ting! Gjerne like greit du va litt trøtt itte gårsdagens skriving t langt på kveld, viss ikkje så hadde du bare smilt og latt deg trødd på :/ Nei, du hadde vel egentlig ikkje latt de gjørr det.. Men du forstår poenget mitt håpe eg!

    Haha, drive me med risikosport her? :o Eg e overraska over din risikotakning her, tenk om hu hadde lest det? :o Tihi, bare tulle me deg eg, men siden du ikkje skreiv någe spess om na, så e det liksom ikkje big deal ;) Men liten fun story for det :)

    Haha, off, dumme boksa :) Hæf føn!

  2. Odin

    Teirik: Åneidu. Av ein eller anna grunn trur du eg er så lett å trø på heile tida. Men eg fortel dei kva som er feilen når eg er frisk. Når eg er trøytt og sur gidd eg ikkje det. Eg hadde altså takla situasjonen betre heilt vaken. Eg sa ingenting når eg var trøytt åt læraren, berre såg teit på han.

    Eg er mykje betre i dag, etter eg la meg 2230, som Monique sa. No sit eg på laptopen min på biblioteket, installerer Windows XP (sic!) på ein maskin og høyrer på musikk. Westlife for det meste. Har ikkje så mykje musikk på laptopen, heldigvis er det eg har bra ;D Fekk MSN åt fungere óg, så no kan eg prate med folk. Men akk, ingen er jo på nett no. Jaja, fryder meg stort når nokon vil låne bøker. Synd det plar gå så raskt. Kanskje eg burde leggje inn litt problemer slik at eg kan ha dei her inne lengre.

  3. Skjalg

    Du nå legge deg tidligare – det har eg sagt i 6 år…. Fint at Monique sa fra. Det skulle alle gjere, hjelpe Odin å komme seg i seng – far sin høyrer han ikkje på.

  4. Teirik

    hehe, nja, du gjer nå beksjed som regel då :) Løyste det någe ved bare å se rart på an? nei, tror ikkje det, du..

    Flinke du e, trodde aldri du sko greia det egentlig, som eg sa t deg og :P

    Odin said: [21:56:43] <Odin> Jaja… Det meinte eg jo! Av dataen 22, leggjetid 2230 [21:56:59] <Monique> Jaaaaaa, ok, det kan eg gå med på Inziladûn said: ikkje sjans :p

    Menmen, flink som du e, så kom du deg i seng :) E nå på nett eg då, nå, itte å ha kommt hjem fra skolen og kobla t den nye ruteren :D regne me å ikkje detta ut merr :D

    Odin… når du tenke sånn så har du kanskje litt problemer og e kanskje litt selskapssyk? ;)

  5. Salve

    Flott at du har fått deg David jobb odin :D Håbe du får merr udav det enn han, det gjør du vel gjerne om du holde på med media og. Her på sonans e det 100% p4 me win XP ^^ Får ikkje eingang låv te å SPØRR om an legge inn Firefox.. Han har nemlig blitt forklart at Firefox har flerr sikkerhetshull enn alle andre browsere til sammen.. Gjett kor? Et MS kurs :)

    Uansett, keep up the good work.

  6. Teirik

    Forresten, vettkje om eg har sagt det, men gjett kem eg går på institutt med? David, ja.. sikker på ein av de siste siv. arbeiderne på hetland og går på same institutt som meg.. Dvs. data/elektro :) Og, ja, han går fyssteåret, og han har fått seg langt hår.. så nå har han langt svart hår og ser lika jævlige ut som alltids…

    FF is teh good sheit! M$ kurs e helsefarlige t tider, bare se på sånne falske rykter som det der :/

  7. Odin

    Salve: Bra du ikkje svarar på orddelingsinnlegget, det hadde vore litt ironisk då ;)

    Nei, ingen david-jobb. Eg er engasjert ungdom, ikkje slakk mann :P Eg gidd ikkje mekke FF eg heller. Eg har laptopen min med Ubuntu med heller :P

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.