Dilingøy dag to, alt blir gjort

Etter ei vekking verdig styrken og viktigheiten av ein brannalarm åt me frukost. Denne gongen var det faktisk folk tilstades som hjalp oss. Eg hadde nett dusja (som einaste person?) og heiv innpå med diverse matvarar eg ikkje hugsar grunna alt det andre som har hendt i dag. Me er slik ein god, samansveisa gjeng. Hekkan så koseleg den frukosten var. Kjempedigg.

Etter fullendt morgonrituale måtte gule dråper pressast ut for legen. Eg hadde sjølvsagt pissa allereie som del av rutina mi litt før. Klåra likevel få ut ein nødvendig halv kopp, trong visst ikkje så mykje, men eg pissa så godt så. Resten gjekk ned i pissoaret. Skal eg gjette kunne eg sikkert fyllt heile koppen. Det er 2dl for interesserte.

Følgjevenen min var Teis. Me gjekk åt sove-/stuebygget igjen, då kom ein minibuss. Noko som mangla i går. Då fekk me ein liten bil som sagt. Plutseleg kom ein minibuss til, og leiren var full av folk. Synd, eigentleg. Hadde det fint me som var her. Eg pimpa meir kaffi etter koppen min med varm sjokolade var drukke i undervisningsbygget. Me fekk vite masse dykk ikkje vil vite. Men eg kan nemne noko av tyding;

  • Ca 5700 kr/mnd skattefritt.
  • 22 permisjonsdagar du kan bruke.
  • Får ikkje overtidsløn, men du tener avspasering. 1 time ekstra jobb = 1 time avspasering.
  • Du kan tene ei uke (37,5t) fri om gongen. Ikkje meir.

Eg synest desse kursa var morosamne. Sat med Teis og Morten, så eg kunne ikkje keie meg. Me hadde to kule folk, Beate og ein som hadde omsyn over økonomi. Ein grei nok, men han var ikkje særleg engasjert. Rett etter lunsj, der me smørte kveldsmat i tillegg, stakk den harde kjerna åt fotografering. Me hadde fått melding om å fotograferast med ein gong lunsjen var ferdig. Kjende oss viktige; me hadde spesialavtalar dei som kom seint ikkje hadde.

Me blei fort ferdig med alt. Eg fekk Beate (yes! Kjempekoseleg dame) som saksbehandlar og me ringde Sven Steen som er sjefen min på Randaberg VGS. «Ja, me vil ha han», svara han før Beate hadde spurd. Hehe. Eg skulle møte onsdag kl. 11. Eg hadde skrive pappa som nærmaste pårørande. Rart. Sidan mamma sto oppføyrd i databasa. Beate lo og fortalde at statistisk sett gjer 90% det; skriver mammaen sin opp på sesjon i militæret – men når ein kjem åt Dilingøy skriv ein pappa. Veldig moro. Kanskje det har noko med at ein møter mange menn på militær sesjon, medan det er kvinner me ser fyrst og mest på siviltenesta?

Meg og Torbjørn ville finne Turid. Eg har ikkje noko stort forhald åt ho, men eg såg det var heltinna åt mange av dei andre. Spesielt Torbjørn, han var jo nærast forelska. Han blei veldig lei seg då me fann ut ho var på ferie. Ei sur, sint og vond dame kom og hudfletta oss då me tok bilete av Turid sitt skilt og kontor. Ho var ikkje mykje blid, nei. Skummelt.

Såg «Super Size Me», veldig moro. Kjempekul film. Eg tok mi 6. toalettvitjing og pimpa ned på kaffi. Dagen ferdig. Ikkje meir program. Hadde forsåvidt vore utan det lengje, men fyrst var det middag. Lapskaus, nett som eg gjetta i går. Kjempegodt. Prata ein del med Anders frå Sunde (? I sogn og fjordane iallfall) sidan eg ikkje klåra få plass med Teis og Torbjørn denne gongen.

Eg var dommer i volleyball, før eg gjekk inn og sat meg her eg sit. Folk er slakke. Folka her er slappe. Dei sit i sofaene og ser på TV. Berre skit. Tenk å sjå på TV. Slik sit vel mykje av Noreg. Heilt stille. Ser på TV. Alle ser trøytte ut. Var ikkje eit særleg energirikt rom å vere i. Vil flytte meg. Finne kontakt ein anna plass. Men eg skulle jo berre skrive litt, så. Eg har lyst å padle kano. 8 toalettvitjinger.

Fleire timar seinare. Klokka er halv eitt, og eg er trøytt. Eg har bruka masse tid på eit veldig enkelt design åt Miriam. Ugh. Stress. Sett litt på TV, hengt rundt. Har vore ein slapp kveld, men ein lang dag. Eg er ein av dei få som er positive åt heile dette byrokratiet :p Eg likar det. Har ikkje noko i mot å vente, det er jo så mange andre menneskje her! Masse kjekke folk, så. Imorgon blir det heimtur. Eg skriv vel litt på han, så treng ikkje leggje ut om det. No er denne dagsforteljinga lang nok likevel.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.