Ei tåre for ein vakker film, Crash

Vakkert! Kom nett heim frå kino. Fyrste gong eg har grine i ein kinosal på veldig lengje. Crash er namnet på filmen. Han var rett og slett framifrå. Ikkje sippete klisjéaktig, då hadde augo vore tårevåte; klissete klisjéar får eg vondt av.

Substans

No trur vel alle eg skal snakke om substans i film? Eller kanskje i nett denne filmen? Nei, fyrst vil eg seie at det er moro å kunne skrive noko som dette igjen. Skrive innlegg i bloggen min utan særleg substans. Kven bryr seg om kva eg synest om filmar? Vel, eg veit mange gjer. Eg bryr meg om kva andre synest og eg veit mange andre óg gjer det. Men likevel, slike innlegg flommer det over av på nettet. Og veldig ofte har det liten til inga meining.

Likevel er eg kome åt den oppfattning at det er betre å poste noko den dagen du har lyst, enn å ikkje gjere det berre av di det manglar substans. Desse to avsnitta burde ikkje vere i dette innlegget eingong, burde vere eit eige innlegg for å gjere ting semantisk korrekt. Men, eigentleg har eg sida mi av di eg synest det er moro; og slik bør det fortsetje. Difor skriv eg altså dette (utypiske?) innlegget. Eg har lyst å skrive noko, men eg vil ikkje tenkje «å, det blir for teit/meiningslaust/lite vits å seie/leggje ut».

Substans i film

Veldig viktig. Har det ikkje substans er det ikkje verdt det. Eg meiner film må bevege meg, må involvere kjenslene mine på ein eller anna måte. No er ikkje det nytt, det er noko alle veit og meiner, men eg kjende eg måtte ha litt om substans i film óg. Sidan eg allereie har tulla så mykje.

Crash

Filmen handlar om forhandsdømming og rasisme. Eg var ikkje heilt i hundre etter å ha lese samandraget, men eg lot Espen bestemme. Eg stiller meg ofte kritisk åt filmane han veljer me skal sjå, men dei er nærast alltid veldig gode. Difor stolte eg på han sjølv om anmeldarar ikkje klåra overtyde meg. Trass alt hadde anmeldarar gjeve Sin City 3-er, medan same avis ga Batman Begins 5-er! Kva har skjedd med verda!? Korleis kan dette gå an!?

Teite anmeldarar

(Ok, me går litt vekk frå tema folkens) Ok. Sin City. Super film! Eg var i ekstase etter me hadde sett han. Ein og ein halv time pür kunst. Fengjande historie, udiskuterbar kulheit og heilt enormt flotte bilete. Skutt på HD (ikkje film), ruvande skarp. Det er det skarpaste eg har sett nokon gong. Saman med kontrastfyllt svart/kvit-finish og modig hard ljossetting var denne filmen berre teknisk sett ei perle. Bileta var vakre, men det var óg manus. Eg hadde nok ikkje gått like ihuga ut om ikkje manus hadde vore fengjande. Nei. Heile denne filmen var dritkul. Korleis kan nokon gje han 3?

Javel, deira eiga meining, men vêr litt objektiv då. Når ein jobber i VG så skal ein ikkje mate sitt eiga ego, det er faktisk ei stor avis. Heile terningkastopplegget blir feil. Ein burde ha panel som såg filmen, panel med forskjellig smak. Og så ingen enkel terningkast-greie. Ein må begrunne ting skikkeleg, og kva anmeldaren synest om filmen må kome fram i teksten. Ikkje som dum raud grafikk. Litt seinere blei ein anna film anmeldt i VG, denne gongen Batman Forever.

Ok. 5-er, det veit du allereie. Du veit óg (om du er så kjapp) at eg synest dette er for mykje. Det er for mykje. Batman Forever er ein overhypa film. Han har ein kjempegod plassering på IMDb, men det er pür tull. For filmen er ikkje så god! Han fortener ikkje hypinga og 5-eren. Ja. Filmen var OK. Han var grei. Ein grei film. Men ingen 5-er film. Om Sin City ligg på 6-eren hadde denne filmen vore på 4. Sjølv om dei førre Batman-filmane ikkje har levd opp åt forventingane (vel, eg liker dei – men ikkje meir enn 4 dei hell) treng ein ikkje dra fram digre tal berre av di ein blir overraska!

Slossinga og kjærleiksdelen av denne filmen er håplaus. Noko av det vondaste som finst. Då rulleteksten kom opp såg meg og Espen på kvarandre med ein gong og kritisera slossinga nærast i kor. Ærleg talt, meir amatørmessig tulleslossing skal ein leite lengje etter. Hekkan, Fox Grønland (NRK TV-serien) har sikkert betre slossing (sjølv om eg aldri har sett han…)! Det dei viste i den filmen var såpeopera-TV-serie-kvalitet. Og det er altså ikkje positivt for dykk som har ein forkjærligheit for desse masseproduserte, ofte elendige såpeseriane.

Altså. Eg seier ikkje filmen var superdårleg. Han var OK. Han var grei. Ingenting superspesielt. 3 er for lavt. 4 passar seg. Men kvifor tek då alle desse anmelderane så feil? Dei må gå på noko. Seriøst. Æsj. Kanskje heile tingen var at dei (med rette) forhandsdømde denne filmen åt vere superdrit, slik ein god del av det mainstream Hollywood produserer faktisk er. Om dei gjorde det blei dei nok positivt overraska. Berre synd dei ikkje forstår at det ikkje lagar filmen noko stort betre i seg sjølv.

Men, OK! Tilbake åt Crash!

Crash. Fantastiske filmen : )))

Ahh. Her har me ekte film igjen. Eg skal ikkje skrive så mykje meir. Dette blir for langt for tilfeldig tull :P Men eg vil fortelje litt om filmen. Er ein buddhist med. Hihi. Godt. Trur det er meir normalt i USA. Han drikk ikkje. Så eg fekk straks empati for fyren. Rollefigurane i filmen går alle gjennom store forandringar. Det er tingen som gjer filmen så fantastisk.

Men ord er overflødiske, eg er ikkje flink åt fortelje slik. Sjå filmen heller. Ahh. Ein ting. Eg grein i filmen. Det var kjempeherleg, var ikkje framtvunge krokodilletårar – men genialiteten av manusforfattar, klippar, musikar og ikkje minst regissøren framkalla det. Det var ingen overfaldisk klisjé psykofysiske mål hos skodespelerane, måla var godt bygd opp gjennom filmen. For meg iallfall. :) Eg ville eigentleg fortelje om scena eg græt i, men eg merker eg ikkje er kvalifisera nok. Det hadde vore moro om nokon ser filmen og klårar sjå kor det var. Skal vere ganske enkelt å finne ut eigentleg. :)

Uventa snuhandling. Hadde dei latt handlinga gå slik eg eigentleg tenke (eg klåra ikkje lese det som skjedde før det skjedde. Det var fantastisk!!! :D). Trudde eg hadde forstått kor filmen ville snu, men ¡b00m! – feil! :D Så. Ahh. Det var vakkert iallfall ;)

Om nokon skulle lure på kva karakter eg hadde satt på filmen, så hadde det blitt 5. Nei. Ei genial scene (som sjølvsagt har kobling mot dei førre scenane) er ikkje nok for å få 6 :P

15 tankar om “Ei tåre for ein vakker film, Crash

  1. Odin

    Moro å lese at «andre»:http://www.typiskta.com/2005/09/crash-p-25-ord.html synest Crash er oppskrytt og laga utan kjærleik. Utan kjærleik og vilje (kun for pengar), slik den dårligaste filmen eg har sett er (Fantastic Four, styr unna! Dette er pür dritt. Pür dritt. Eg finn ikkje noko positivt med han over andre filmar). Elles oppskrytt, slik eg meiner om Batman.

    Same kva, eg bryr meg ikkje om det han seier, for min eigen del. Hadde vore moro om han hadde skrive litt meir, for eg bryr meg likevel på ein måte. Vil vite meir om kva han meiner. Han ser sikkert noko lurt eg ikkje såg. Men det gjer ikkje noko likevel; mine kjensler er og blir mine kjensler ;) Eg hadde ikkje lese ein einaste anmeldelse eller noko då eg såg filmen. Og eg må seie at eg verkeleg likte det eg såg. :D

  2. Espen Aarhus Klausen

    Geniale film! Uden tvil! Fantastisk! Ord kan ikkje beskriva filmen! Nå skabe eg store forventnigner te filmen!!! Men det e ein bra film! Live kan ver vanskeligt å leva uden å sett ann!! Derfor ann e så bra! Eg holde fortsatt på å skaba store forventninger te filmen!

    Men sagt ska det ver. Filmen va bra. Veldig bra. Scenen den godeste Odin grein seg gjønå va ein følelsesladd scene me ein finurlige vri. Skuespelarane levere så det holde, di gir et realistisk innblikk i kossen verden faktisk e. Her springe me ikkje rondt melkespannet, någe Mr. Manusmann heller ikkje gjorde. Du ville vært et esel hvis du ikkje fekk me deg denne filmen :)

  3. Karlsen

    har ikkje sitt crash… får lastan ner eller någe! håpe du holdt odin i hånnå når han felte sine tårer!

    sånn aligavel så e eg enig i det du seie me sin city og fantastic four, men eg syns og at batman va ganske så bra film… menmen, det e bare meg… du e buddhist (stereotypiske buddhister har ikkje tv og vett derfor lite om film) og espen aarhus klausen lige skrekkfilmer, så eg har rett! eg ser ein film før eg legge meg, natti!

  4. Odin

    Karlsen: Vel. Eg gråt ikkje av di eg var overtydd trist. :) Vel, Batman er ein ganske så bra film. Men ikkje ekstraordinær slik anmelderane seier. Er ein 4, ikkje 5. Er du ikkje einig?

    Han buddhisten i denne filmen var TV-regissør :P Hahah. ;) Men eg ser ikkje stort på TV nei, men eg ser filmar.

  5. Karlsen

    jaja… men stereotypisk! mulig eg tar feil ang. batman, må kanskje se ann igjen.. såg tross alt filmen i tri omganger…

    espen e rask t å ta hånnå mi sjøl om eg grine eller ler, det e litt av det så e så kjekt me han, han vett koss han ska visa kjærlighet!

  6. Odin

    Karlsen: Hahaha. Javelja. Hm. Nei, han gjer ikkje det med meg. Må vere eit utrykk for noko anna enn venskap då? Kjærleiken er litt større mellom dykk? Hum. Dette visste eg ikkje. Hahahah.

    Nei. Rart det der. Kor «uhøveleg­» det er å halde hender. Ein blir sett på som kjærestar med ein gong. Synd. Er koseleg å halde hendar :]

  7. Karlsen

    jepp, derfor meg og espen e så glade for å visa oss fram i all offentlighet! trikset e å myka han opp… må kanskje gi han litt massasje, hviska søte ord inn i øyra hans, bita han forsiktig i øyreflippen… klemma han forsiktig på låret… så e han der! :D

  8. Odin

    Karlsen: Haha. Javel :P Nokre Karlsenova-tips som er avdekkja her ja? Hm. Vel, eg tør ikkje bruke slike triks – sidan eg ser kor effektive dei er på deg. Sidan eg ikkje er interessera i å ­«byggje» forhald med uekte metodar held eg meg åt den normale åtferda mi :)

  9. Espen Aarhus Klausen

    Ehm, blir mye forhåndsdømming her. Ser på skrekkfilmer og tar guttar i håndå. Klare ikkje heilt å se begrunningen din her Karlsen. Eg lige skrekkfilmer ja. Betyr det derfor at eg ikkje kan dømma filmer udenfor sjangeren? Eg ser på flere filmer så ikkje har skrekk innenfor rammene sine, grunna det finns flere komedier, actionfilmer, dramafilmer osvosv. Eg ser ganske mange filmer i løbe av ugå, kor veldig få e skrekkfilmer. Eg har ikkje så mange skrekkfilmer i DVD-samlingå mi. DVD-samlingå mi bøye seg fra alle sjangre. Kor ligge substansen din nå? Eg har ein all around forståelse ;) Eller har eg blitt for opptatt av å bli skremt framfor å se på någe så bevege meg? Neeeei, sjøl om det e kjekt å bli skremt :)

    Batmanfilmen va ein skuffelse. Itte mye høgt snakk om denne filmen va forventningane som bagen. Vil du bli forvirra av slåssescener e dette filmen å velga. Kinoansvarlige burde gitt ud spypåser, grunna den fele kamerabevegelsen. På det versta såg du 5 personer du ikkje i det heila tatt konne identifisera, derfor aldri veda kem så slo kem. Batman ekje i nærheden av Sin City eller Crash på mitt filmbrett. Batman bevegte meg aldri. Batman fekk aldri monnen min te å stå på vidt gab. Batman hadde problemer me å engasjera/interessera meg så mye så Sin City og Crash. Batman va bare ein nye film tatt ud fra den fiktive Marvel-verdenen, eller kafforein verden det sko ver.

    Sett pris på filmer. Se di på kino kor du får mest udav det. Filmer laste du ner itte du har verdsotte di på kino :) eventuelt kjøba di når di komme ud. Wee. Vett eg komme te å kjøba Crash jafall.

    Nei, eg har aldri holdt deg i håndå Karlsen :) Og ja Odin, det e koseligt å holda hender…..så lenge det e ei jenta. Holde du hånd i hånd me ein gutt blir det for domt, lide seriøst, generelt bare ekkelt. Dagen du ligge på sygesengå ska eg holda deg i håndå. Men onna ein film blir det bare teit, så inderlig teit.

  10. Odin

    Espen: Hahah. Eg klaga ikkje eg, – eg treng ikkje ei hand å halde i som sagt :P Men det gjer ikkje noko på at eg synest det er ein teit kulturell norm som gjerne burde bli avskaffa. Eg er sterkt påverka av normen sjølv, eg tør ikkje take folk i handa slik på den måten :P Det blir berre rart.

    Om du ikkje forsto det så tulla meg og Karlsen litt her :) Hehe ;)

  11. Rebecca

    Hahaha, jeg lo godt av kommentarene :) Kjempemorsomt! Hm, jeg får vel se Crash da, siden den får så mye skryt av dere. Den høres virkelig bra ut. Odin: hva betyr semantisk?

  12. Odin

    Rebecca: Semantikk er «vitskap om tydingsinnhaldet i språklege uttrykk». I dette høvet meinte eg som at eg plasserar feil informasjon under feil kategori og overskrift. På den måten blir det vanskelegare å finne fram åt informasjonen. :)

    Forstår? :D – Hmm. Trur eg kan seie det. Rett meg nokon om dykk meiner det er feil.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.