FrP 27%!? WTF!!!

På veg åt Tananger høyrde eg på radioen. FrP vann skulevalet i Rogaland, med 27% oppsluttning! AP på andre med 15%. Sjokka! Veldig skuffa. Ærleg talt!? Er jo ein skam å vere i den hekkans gruppa der? Korleis kan FrP vinne valet? Kven i allpakka er det som stemmer dei? :o

Off… Dette er ikkje bra. Hadde eigentleg forkasta dette sidan det var skrive i affeksjon. Men eg klårar ikkje late vere poste det når Jon seier «trodde ikkje odin va redd for å dela meiningane sine, tog tydeligvis feil». Dette er forsåvidt ikkje ein meining. Eg blei veldig oppildna. Unnskuld om nokon kjenner seg støtt. Grunntankane står eg for, men trur ein del er litt overdrive. :)

Kva går det av folk? FrP er eit menneskjehatande parti. Det er det mest egoistiske partiet me har i det norske politikklandskapet. Det er det partiet med minst kjærleik for menneskje, dei er så egoistiske og materiellt opptake at dei ikkje har kjærleik for seg sjølv ein gong! Ein skulle tru egoisme og kjærleik for seg sjølv hang saman. Men det gjer det ikkje; ein får eit heilt forferdeleg liv som ihuga materalistisk egoist. Kvifor skal ein eigentleg vere egoistisk i det heile? Ein blir ikkje lukkeleg av det.

Skaff den der hekkans bilen din. Kjøp den største TVen du kan finne. Er du LUKKELEG? Mur deg inn; kjøp, kjøp, kjøp. Drit i andre. Vér ein god FrP-er. Så venter du litt. – Sjå kor misserabel du er! Hekkan, det finst ikkje langvarig lukke i materalistiske ting. Det er ei lurelukke, – ho går over. Du vil ha noko anna seinere, så lider du.

Så. Pengar er ikkje viktig. – Litt er. Ein ha pengar for å leve i dette samfunnet. Må ha mat, bustad osb. Men heile høgresida sin enorme grådigheit er sjuk. Dei bryr seg så mykje om pengane sine at det er hovudtyngda i politikken deira. Noregs (nokre gonger (sjukt)) største parti (FrP) sin hovudsak er å setje ned skattar og avgiftar. Ehm. KVIFOR!?

Me er jo sørenmeg søkkrike! ALLE SAMAN! Me har så dritmykje pengar at det er synd. Likevel er det nokon fattige i Noreg (men, kom an! Dei har det bra dei óg – slutt den hekkans klaginga) – dei kan me hjelpe. Dei treng dei nødvendige pengane. Men fyrst og fremst bør dei få eit positivt syn på livet. Er ein glad i livet og finn meining i det, kan ein vere lukkeleg same kva situasjon ein finn seg i.

Folk er ulukkelege i dette landet. Folk har det kjekt av og til. FrP-arar har ikkje gode liv. Dei har feil fokus i livet. Diverre. Stakkar folk. Dei forstår ikkje noko, forstår ikkje kva som er viktig – forstår ikkje verda. Men me må vere snille med dei likevel – det er berre så synd å sjå at det går så dårleg med så mange. Ein ser jo at jo meir pengar folk får, jo meir øydelagde blir dei! Dei fleste likevel. Noregs smarte folk stemmer jo andre parti. 70% av journalistar stemmer SV og AP i følgje Dagbladet. Dei fleste SV. SV har óg den smartaste veljergruppa i følgje NRK test nasjonen.

Lundehaugen hadde få FrP-stemmer, mest SV, same med Forus. På Bryne og i andre “bygder” vann FrP stort. Er eigentleg mykje slik eg tenkte. Alltid visst at smarte, kreative og skapande folk held seg på venstresida. – Det evige kvinet og halvsanningane frå Høgresida om at alle skal ha det bra er pür tull. Me veit jo at det er dei med masse pengar som vil tene på politikken deira! Dei vil eigentleg ikkje tene på det dei heller. Jo, tene materielle pengar – men dei vil ikke få betre liv; tvert om.

Også dykk som stemmer FrP av di dei vil gjere alkohol billigare… Vel. Ærleg talt? Kor neadertaliske går det an å bli? Det er jo det dummaste eg har høyrd på lengje. Eg vil spy av slike som dykk. Hekkan. ÅRH. SPY. Teit internett-rant. No har eg lyst å møte nokon med slike haldningar å ha ein skikkeleg diskusjon! Ikkje på nett, der er det keitt og tullette.

Elles er eg usikker på kva eg skal stemme. Det blir anten SV, RV eller Miljøpartiet Dei Grøne. Akk. Vanskeleg. Eg vil stemme SV av di dei kan gjere noko om dei får fleirtal, men eg synest dei er ganske slappe diverre. RV står meir for det eg meiner, og eg trur MDG står endå meir for det eg meiner. Dei har inga ideologi som er grodd fast, men har eit meir postmodernistisk syn. Det er eg for. Grunntanke om solidaritet. Nett no trur eg det blir SV. MDG er diverre så små, det same med RV. Veit ein ikkje skal tenkje slik, men SV kan faktisk få gjort noko. Dessutan er eg medlem i SU, som forsåvidt virker nærare RV enn SV då. Hmm.

Det er teit å kritisere andre parti. Det er teit å vere sint. Eg er ein stor dobbeltmoralist. :( Unnskuld.

11 tankar om “FrP 27%!? WTF!!!

  1. Egil

    Var nå godt at de skikkelige valget gjekk bedre. Bra at høyre gjorde d dårligt når de drive me sågodt som bare negativ markedsføring.

  2. Odin

    Eg stemte SV. Mamma AP, Pappa SV. Men Mamma lo godt i dag, då ho fann ut ho sto nærare RV i sakane ho brann for :P Det gjer forsåvidt heile familien. Me er ein RV-familie, men stemmer litt meir til midten.

    Kanskje Mamma tek seg saman og stemmer SV om to år. Vonar det.

  3. Odin

    Jo. Pga. utgjevningsmandat. – Dessutan, om alle tenkjer slik…

    Vel, eg tenkte slik :P Haha. ­«Er ikkje vits, diverre ikkje store nok likevel».

  4. Skjalg

    Eg las nyleg at ein av årsakene til FRP sin framgang er prisane på bensin. Norge har av dei lågaste prisane på bensin i Europa – målt i forhold til nivå på løn. Tenk det. I 1960 kosta ein liter omlag 1 krone og timeløna var på omlag 4 kroner. Bensinprisen skulle eigentleg ha vore på nærare 40 kroner.

  5. Odin

    Skjalg: Ja. Sjukt, sjukt. Sjuk egoisme. Rar prioritering om kva som er viktig. Stakkars folk. Tenk å vere så korttenkt. Ein har diverre lite oversyn over korleis ein best kan prioritere for å skape lukke då, når ein klårar vere så ignorant.

  6. Joey

    Hei Odin. Du er tydeligvis ikke redd for å si meningene dine nei. Hehe… Vel… Må nok, i håp om at det ikke påvirker ditt personlige syn på meg, stå frem som Frp-er. Synes det er gøy å diskutere politikk, så jeg tar gjerne en diskusjon med deg. Men det får bli en annen gang, gidder ikke ta det over nettet. Men jeg kan jo bare svare med mine synspunkter på noe av det du skriver.

    Først av alt, jeg er helt enig med deg i at penger aldri har gjort noen lykkelige, og at man ikke får det gode liv av å være rik. Men på den andre siden har blir man ikke mer ulykkelig av å ha penger. Jeg går selv inn for en karriere i film-Norge, en bransje du selv er veldig klar over at man ikke blir rik i. Så jeg har på ingen måte planer om å bli hverken rik eller materialist. Når det gjelder egoisme har jeg et helt annet syn på saken enn det du har. Jeg både forstår og respekterer ditt syn, men må nok si meg uenig. Den røde siden vil bla ha «rettferdighet» ved at alle skal tjene mer eller mindre likt, noe som innebærer å kutte drastisk ned på inntektene til dem som tjener mer. Dette gjøres bla. ved å sette opp skattene. Men de har ingen planer om å sette ned skattene for dem som har minst. Frp handler i bunn og grunn om liberalisme, valgfrihet (ikke egoisme eller materialisme). Jeg mener personlig at slik skatt- og avgiftssytemet er i dag er helt på trynet. For å ta et eksempel…

    En mann i 30årene har jobbet hatt en god oppvekst, vært flink og pliktoppfyllende i 12 år på skolen med gode karakterer, har tatt en lang og hard utdannelse, fått seg en jobb hvor han har jobbet hardt, og etterhvert fått en gode stilling. Dette resulterer i at vår mann i dag har en lønn på en million i året, som har ærlig og rederlig har fortjent. Mannen har lyst til å bruke disse pengene på familien sin, den syke naboen og kanskje også kjøpe seg en hund :) Men staten tar fra ham halvparten av alle pengene hans (en halv million) slik at de kan bruke hans penger på det de vil. Men ikke nok med det. Når mannen begynner å bruke disse pengene tar staten enda mer, i såkalt moms og andre avgifter (minst 25%). Det vil si at av den hele millionen han ærlig og redelig hadde gjort seg fortjent til satt han bare igjen med 375 000 spenn, som han kunne bruke til sitt. Er dette rettferdig? Er mannen mer lykkelig med bare 26% av lønna si? Er han mindre materlialistisk for det? Eller kanskje mannen ikke vil bruke pengene sine, han er smart så han tenker på de dårlige årene som kan komme. Så mannen sparer pengene. Men hva skjer da? Joda, da vil staten ha formueskatt på pengene han sparer…For så å ta enda mer når han finner ut at han vil bruke dem likevel.

    Men okey… Det var den rike mannen. Men hva med den fattige studenten? Ta mitt eksempel… Jeg heter Johan N D [teke vekk av Odin 2. juli 08], er 18 år, går for tiden på (privat) folkehøgskole i Drammen (har det kjempekjekt), og har en inntekt på rundt 40000 i året. Alle vet hvordan det er å være student (ihvertfall dem som har vært det selv en gang), og de kan være enige i at det til tider kan være ganske hardt økonomisk. Men selv jeg, som nesten ikke tjener noenting, og som bare ønsker en ordentlig utdanning, må punge ut i skattepenger. Jeg sier ikke vi skal gi slipp på skatten, da ville ikke landet gått rundt, men man trenger ikke ta fra oss som har aller minst. Frp vil forøvrig høyne frikort-grensen til 100.000. Men hva skjer når Ap, Sv og Sp får mekket sammen en flertallsregjering? Vel, jeg tviler sterkt på at de kommer til å hjelpe meg med noe mer penger ihvertfall. Og samtidig står jeg i stor fare for å måtte selge hele leiligheten min og flytte hjem igjen til mor og far igjen når renta ryker til himmels. Hvem er det da som får råd til å ha sin egen bustad? Ikke de fattigste ihvertfall!

  7. Skjalg

    Hvorfor tror du vi har verdens beste land å leve i? Er det skjedd over natta eller tror dere det er skjedd gjennom en lang og møysommelig byggeprosess gjennom decenier? Og hvem har styrt Norge etter krigen. Er Fremskrittspartiet??? ….. Høyre????….. Nei det er sosialdemokratene det. Hadde denne regjeringa fått fortsette sin politikk hadde vi nok ganske kjapt havnet nedover denne liste, det skal være visst. Jeg tror det er mange i Norge som tjener for mye penger spør du meg…. Jeg betaler min skatt til fellesskapet med glede.

  8. Odin

    Joey: Du kan ikkje forvente anna enn at det endrer synet mitt. Men eg har eit så godt bilete av deg frå før at det ikkje øydelegg det fullstendig. Hehe, ikkje ver redd for det. Har nok ein del med umodenheit og indoktrinering. Alle kan tenkje så kort.

    No skal ikkje eg skrive så utruleg langt heller, som Pappa tok seg sjølv i (han skreiv langt, for å så slette det). Diskusjon får vere ein anna plass. Får summere det raskare opp.

    Arh, det blei dritlangt, eg måtte slette eg óg. Prøver på ny:

    1.000.000? Er det magisk tal det? Kor tid blei det bestemt at det skulle vere løn for mykje jobb? Me er jo så utruleg bortskjemte og materalistiske som det går ann! Før måtte ein jobbe i som ein helt for å i det heile take få sitje i ein bil. Hund kan han kjøpe seg med minsteløn i Noreg! Familie kan ein ha på minsteløn, og tru meg; er dei ikkje allereie øydelagd av den materalistiske FrP(vel, heile høgre)-haldinga så vil dei ha det mykje betre enn alskens ignorante høgreveljarar. Kor tid hadde då pengar vore eit problem for nokon av oss!?

    Me levde med -100.000 i inntekt i eit heilt år me, eg blei sultefôra i Oxford, men hadde aldri hatt det så bra før! Då innsåg eg verkeleg kor teit desse «ooh, skattane må ned»-tullet er! Eg vil mykje heller late andre gå på gratis skule, få gratis helsetilbod, gratis buss enn at eg skal kjøpe meg ein betre bil, ha lave bensinpriser (sic!) og anna TULL. Hm. Eg betalar min skatt (heh, sjølv om eg plar få han igjen, eg er ikkje stinn i pengar – men treng ikkje heller. Brukar ikkje så mykje…)

    Eg vil betale min skatt gledeleg. Off. Elles er FrP ikkje anna enn eit klageparti; dei vil aldri klåre bli noko stort. — Forstår du kvifor ikkje nokon av dei i stortinget vil samarbeide med FrP? Det er av di politikarar er smarte, dei forstår meir av korleis verda heng saman; dei er ikkje ignorante slik ein alt for stor prosentdel av Noreg diverre er :/

    Menmen. Eg veit iallfall om ein koseleg/smart FrP-veljar no. Sjølv om eg er fast bestemt på at det er korttenktheit og naïvitet. Kreative og skapande folk stemmer ikkje FrP. Dei er ikkje så ignorante og kapitalistiske… :D

    Foressten. Stopp rente-FUD-en. Det er sørenmeg ikkje regjeringa som bestemmer den! Tvil sterkt på at dei hjelper dei du. Eg veit at FrP ikkje vil gjere skitt for største parten av Noreg. Me vil bli eit USA, skilet i samfunnet vil auke noko heilt sjukt. Me vil få ei skikkeleg «underklasse». Økonomisk liberalisme er ikkje anna enn tull. Det er bygd på heilt feil grunnlag. Kven bryr seg om økonomisk fridom foran menneskjeleg fridom? Det siste er i mine augne mykje viktigare enn det fyrste tullet…

  9. Linn

    Johan. Jeg er herved forelska. Så deg på tv, og nå har jeg gått så langt som til å søke opp navnet ditt (med nr faktisk, men.. ro ned, skal prøve å anstrenge meg for å ikke terrorisere deg der du skulle befinne deg), bare for å finne ut hvem du er. Jeg forderver sikkert denne siden akkurat nå, alle er alvorlige med politiske temaer og greier. Men siden jeg da er stokk dum, så ville jeg ikke komme med noe slikt innlegg. Jeg skulle bare si at jeg så deg. Og helt..drool sa jeg da..

  10. Odin

    Dette er fantastisk. Ikkje anna enn fantastisk… Snart tvo år etter kjem eit nytt innspel, som er heilt av tema og handlar um ein kamerat som skreiv eit innspel på heimesida mi. Haha, fjernt.

    Men veldig moro. Eg hev merka at eg hev fengje mange søk på «Johan N D» inn på sida mi i det siste. Men folk burde nok heller kome til «Pia Mi-innlegget mitt»:http://www.velmont.net/2005/06/13/film-pia-mi/, som handlar meir um Johan enn kva dette her gjer. :-)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.