Fyrste dag på jobben

Vel, andre i dag. Men dette var forsåvidt fyrste jobbdag. Det var ein grei dag, eg hadde det moro, men eg vonar ikkje dagen er typisk for dei komande dagane desse 13 månadane framover!

Eg er underlagt IKT på Randaberg VGS. Dei har masse maskinar på skulen, dei fleste med Windows 98. Lærarlaptopane har XP og trådlaust nett. Elles er det mange printarar rundt (som er ein stor del av jobben min, visstnok :) ). Ikkje spor av Unix altså. Berre på denne lille dagen har eg fått nok av Windows. Men akk, eg må fortsetje i uskueleg tid framover. Heilt utruleg at folk klårar jobbe på den standarden der! :|

Arbeidsoppgåvene mine som eg fekk utføyrd i dag var:

  • Få kobla Gunhild (bibliotekaren) sine maskinar opp mot skriverane. Win 98 og 95(!!!), så dette tok masse tid og feilsøking. Fann utav det til slutt; sjølvsagt generell teitheit frå eldgamle operativsystem…
  • PC på kontoret i eit elektrofagrom må få skjermdrivarar. Windows er så teit at han ikkje seier kva kort som står i pcen før du har installert driverane (DOH! Lær litt av skikkelege OS då!), dessutan må ein jo installere driverar i det heile. Når måtte eg sist gjere det i Linux liksom? Teitaste. Brukte tid på å gjette meg fram, at maskina får blåskjerm innimellom gjer ikkje ting betre.
  • Tastaturet skal bytast på ein pc i eit klasserom. Superenkelt. Henta eit frå lageret og byta. Lettaste oppgåva i dag.
  • Flytt gamal printar frå biblioteket til lager. Tungt, men lett. :p
  • Utføre elevsjekk (aka. slette spel, MSN, spam, private filar osb :P) på to laptopar. Tok lang, ekkel tid. XP som óg ser ut som XP, æsj. Stygge blå dritet med den forferdelege grøne bakgrunnen.
  • Leggje til skrivarar på ei lærerinne sin laptop. No kan eg det skikkeleg. Det var forsåvidt enkelt…

Elles prata eg ein del med sjefen min Geir, såklårt. Han er kul. Eg åt horn og drakk sjokolademjølk (sidan eg ikkje liker Cola, då såg dei rart på meg – lurte på om han ville ha ein anna sivilarbeidar :p Hahah). Hmmm. Ja. Hadde jo omvisning óg. Eg vonar året blir moro :) Men trur nok det blir ein goooood del keisam fiksing av maskiner av eit visst teit operativsystem som IKKJE er laga for mange brukarar… Hadde dei berre køyrd Linux på alt…

Menmen, tidlig opp imorgon! Eg må vere der 0745, då må eg take bussen 0715 (!!!), sykle 0720, eller kome for seint. Trur eg går for siste. Hihi. Neidå. Pappa køyrer. Eg køyrde i dag. Må finne utav korleis eg skal gjere det framover då. Kanskje eg får kjøpe ny sykkel og bruke den… Kanskje eg prostituerer meg og startar take bussen. Me får sjå.

4 tankar om “Fyrste dag på jobben

  1. Espen Aarhus Klausen

    Du e for harde mod Windows. Windows e undervurdert. Windows e dagens mote. Ein dyr mote. Ironisk at Mr. Hat-Windows-og-alt-Microsoft-står-for sitte å mekke på windows-maskiner nå. Det gjør meg glad og tilfreds :)

    Eg tror nok at Geir hate deg siden du ikkje lige Cola. Å ikkje liga Cola e jo liga gale så å ikkje liga Windows, deretter liga gale så å ikkje røyga.

    Mr. Eg-e-miljøbevisst, ta bussen. Du tenke jo så mye på miljøe. Ta bussen og spar oss for den skitne forurensingå, uansett om buss e liga dyrt så ein 10-pack me røyg (ikkje at eg røyge, eller kjenne te prisane :P ) Buss e drid, hate buss. Men det e «bare» meg :(

    Ellers. Har du plokka opp någen chicks? Jenter e vidle itte sivilarbeidsfolk, eller va det sivilingeniører?

  2. Karlsen

    tror neppe det e sivilingeniører, det e bare ein gjeng me slappiser ;) vett ikkje me sivilarbeidere.. han på hetland va ikkje så poppis at det gjorde någe tror eg :P

    Geir e ein knall så ikkje akseptere andre sine syn på livet. Har du sagt at du e buddhist? tror ikkje han hadde likt det, kanskje best å holda det for seg sjøl…

    og angående det me windows; PEBKAC!!!

  3. Espen Aarhus Klausen

    Nei, han på Godalen vel heller ikkje poppis. Edvard Visted. Va 2 år eldre enn oss. Gjekk i 10ende på Ullandhaug når me gjekk i 8’ende. Hvis någe sko huska det? Gjekk rondt i svarte kler og tilbydde seg te satan. Sivilarbeidsfolk e ein klasse for seg sjøl :)

  4. Odin

    Espen: Windows er teit. Eg vil heller sykle. Men kan hende det blir buss. Får sjå. Ingen jenter nei, om det er det du meiner med jentekyllinger (eller kva no enn det tyder).

    Karlsen: Ingen er pop. Ang. det med Windows; det er jo ikkje noko problem – det er berre teit satt opp, tek lang tid – ein må laste ned drivarar og installere dei sjølv (liek, WTF!?). Det er berre så dårleg. Eg veit korleis eg skal fikse dritet. Men det er så mykje unødvendig manuelt arbeid. Så eg er ikkje noko problem; eg klårar fikse det: Windows er problemet sidan eg må fikse det i det heile take.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.