Fyrste jenta

Ein liten pode sit på ein halvgul benk. Hyler av begeistring og lukke. Men berre inni seg. Han har det kjempemoro. Utanpå er det litt annleis. 9—åringen er på hyttetur, ei 2 år yngre jente likar han. Ho er kjempesøt. Får vite nyhendet av ei felles veninnene.

«Kom ut!», hadde ho eine sagt. Me hadde spelt kort og hatt det moro. Var seint på kvelden og me var i kjempehumør. Den søte 7—årige jenta hadde sett ein del på guten. Med slike skjønne, beundrane augo. «Kva synest du om ho?». Det var eit ledane spørsmål. Guten var ikkje ignorant på innsida, sjølv om ein ikkje skal tru slikt om seg sjølv på utsida. Å tru at nokon kan vere interessera i ein altså.

Dei hoppa på den lille trampolinen. Dette var før dei blå 5-meter-i-diameter digre monstra. Ein gul, liten ein. Var ikkje stort mjukare enn bakken eigentleg. Heldig om ein klåra hoppe utan å skade seg. Der, på den trampolina hoppa dei. Kveld. Stjerner. Herleg luft. Små overtrøytte menneskje. Sat litt óg. Hadde alvorlege ting å snakke om. Ville guten vere saman med jenta? Nei, det ville han då ikkje. Han synest ho var liten og barnsleg.

Han synest ho var kjempesøt og særs koseleg. Slik eigentleg. Men det seier ein ikkje. Ikkje som liten, redd gut. Jentene skal forstå kva ein meiner og presse på. Det var allereie pressa hardt på. «Me veit du vil». Dei visste rett, men guten forsikra; dette skjer ikkje. Sommarfuglar i magen på den lille poden. Kjempemoro. Usannsynleg spanande. Berre han kunne vere så tøff å seie ja. Han ville. Ville mykje. Men sa nei ganske raskt, utan å eigentleg tenkje seg om. Var meir eit høfleg nei, eit automatisk eit. Eit jantelov-nei.

Dei måtte overty han no. Trass at alle ville det same, måtte dei jobbe. Alle ville det same. Alle ville det. Alle. Usikkerheit speler den store rolla her. Manne seg opp. Det prøvde han. Berre spør litt meir, bli litt meir pågåande. Så kan eg gje meg, tenkte han. Berre han kunne ha noko å skulde på. Eitt «elles hadde dét og dét skjedd!». Ei fluktrute. Mogleg unnskuldning.

Kvifor i all helgoland seier eg nei!?, tenkte han då det ut av munnen kom motstridande argument; «ho er dessutan alt for litan, aldri i verda!». Jentene såg ein tapt kamp. Det blei ingen klem, ingen kyss. Ingen blei kjærestar. Trass i at båe var veldig interessert. Guten har tenkt mykje på det i ettertid. Meir enn jenta sikkert. Det blei viktigare for han. Ein viktig del i livet. Ein milepæl.

Berre eit halvt år seinare skjer nett det same. Berre ein anna plass, ei anna jente – same gut. Alle kjærleikshistoriane er diverse variantar. Redsel. Mangel av sjølvtillit. Andre jenter, same guten. Guten som veks opp slik. Guten som aldri har hatt kjærast. Guten som byrjer forstå kvifor. Guten som framleis er slik.

Eller… Litt iallfall.

12 tankar om “Fyrste jenta

  1. Teirik

    Tihi, søt søt tekst, men samtidig ganske så trist! Eg må sei at eg like måten du har skreve denne teksten her, full av innlevelse og ett dypt personlig preg. Dette e me å fremma kvaliteten :)

    Men nok om sånn seriøs tolkning, eg må bare sei at eg likte denne, sjøl om an va trist. Stakkar lille gutten, som dessverre ikkje hadde nok selvtillit! Regne med at lille gutten har vokst opp nå, og innser at han har nok kvaliteter t å by på at selvtillit ikkje e ett problem! Og ein gang ska den lille gutten se, når tidene e rette og alt stemme, at der åpne seg ein ny verden, fyllt med godheter som glede, latter og lek, men og med tristheter som sorg, tårer og undergraving av fundamentale rariteter..

    Den lille gutten har mye i vente, og han må bare få øynene vekk fra fortiden, og se frem mot framtiden, for der e mye som vente han! Det nytte ikkje å gråte over spilt melk, hette det, og eg synes det e ein interessant metafor som passe godt her :)

    Lille gutten har hatt godt av å voksa opp! Men for all del, behold deler av han, Odin!

  2. Odin

    Teirik: Litt iallfall, den var der for å få ein nødvendig (og veldig sannferdig) positiv oppsving i slutten. Dette er fortid, djup fortid. Dette var før ei periode med pessimistisk, negativ tenking. Før ei periode med nøytral undring og til slutt lukke og tru i at alt går bra.

    Tankane ein har tenkt ein gong har likevel forma personen. Sjølv om det er over. Sjølv om ein ikkje trur det same. Sjølv om ein er gått eit par små skritt opp stigen. Eller store, alt etter korleis du ser det. Den lille guten var usikker, den store er ikkje. Men kan hende sikkerheiten den store fekk, var ein pris den lille måtte betale? Det trur eg…

  3. Karlsen

    siden dette e jævla lenge siden, faktisk så har du levd dobbelt så lenge nå så siden nå, så bør du nesten ha vokst fra det der tullet… eg huske sjøl når eg va liten at sånne ting va tabu, men nå så eg e voksen (les: ferdig me 14-årene) så har eg innsett at det skade ikkje å ha selvtillitt, faktisk så hjelpe det. eg klare meg bedre når eg tenke bedre om meg sjøl enn når eg tenke dårlig om meg sjøl. det bør du og, og eg tror faktisk at du gjør det nå, så du komme sikkert t å klara deg bra!

    dette gjelde forsåvidt mange gutter eg kjenne t… de går rondt me dårlig selvtillitt (uten at de vett det sjøl) og klare seg derfor veldig dårlig… eg huske sjøl den tiå itte meg og trine va over, då va selvtillitten min på bunn, og eg klarte ikkje å snakka t ukjente jenter eingang… men nå derimot, nå e alt bare ein lek igjen, sånn så før, bare ennå bedre! forholdet eg hadde me trine har gjort meg t ein person me erfaring og god selvtillitt, og nå vett eg mye bedre kossen jenter tenke, og eg vett ka eg sjøl må gjør hvis eg «e ute itte någe»… så det e ett råd t alle, det nytte ikkje å springa rondt uten erfaring, uansett korr lite så ska t, så nytte det ikkje å hørra ka andre seie om at du ska gjør ditt og datt, du må oppleva det sjøl! eg vett det jævla godt sjøl, og hvis folk velge å ikkje tro på meg, så får de ha det så godt, og me får se ka så skjer. mulig eg tar feil, men i mitt (og andre eg har hørt om) sitt eksempel, så va dette den beste måten å lera på.

    håpe någen tar lærdom av dette, sjøl om klokkå e 2 på ein natt t lørdag så betyr det ikkje at dette bare e tull ;)

  4. Odin

    Karlsen: Ehm. Du skriv som om noko av dette skulle vere dagens situasjon. Eg la det opp slik av di eg ville ha trist slutt, men trudde no du – som er ein god ven – klåra lese meg såpass. :) Eg har ikkje problemer med sjølvtilliten. Las du kommentarane? Dei utfyller det litt.

    Elles var det litt vel krasst i starten, kjenner meg rett sagt angripe på heilt feil grunnlag :| Trur ikkje eg er personen med dårlegast sjølvtillit akkurat. Ein må ha det, dette er ei historie for å fortelje korleis det var; korleis det ikkje bør vere. Kanskje eg supplerer med fleire tanker oppover seinare. Opp til dagens moralpreikener :P Hahah. Neinei, får sjå. Du var vel ganske lik i den alderen forresten. Og igjen; ser du kategorien så er det ­­­­­«Barndom», det er ikkje «Dagbok» ;)

  5. Karlsen

    faen altså, eg skreiv jo » eg klare meg bedre når eg tenke bedre om meg sjøl enn når eg tenke dårlig om meg sjøl. det bør du og, og eg tror faktisk at du gjør det nå, så du komme sikkert t å klara deg bra!», som eg syns gjør det klart at eg regne me at dette e fortid!

    alle har någe tull i fortiden sin, og utenom det du skrive kan eg jo nevna enkelte filmer som har blitt videreformidla den siste tiå :P

    uansett, va ikkje meint som någe hets… va bare ein liten comment som ska gjør folk obs på ka så skjer i verden, t tross for at de fleste e klar over det sjøl! men kanskje falke lese dette; han e ennå ung og har mye å lera :P

  6. Odin

    Karlsen: Hahah. Javel :p Var berre at den tvetydige «trur­»-greia var mykje svakare enn setningane før. Så det mjuka det berre opp litt, tok det ikkje vekk. Hehe. Ja. Trur ikkje Falke les noko her, men jenter like gamle (og yngre) som han les iallfall, så… :D

  7. Odin

    Karlsen: Off, nei. Haha :p Du har Anette. Dessutan er du vel opptake nok oppi Trondheim. Enklere slik :)

  8. Karlsen

    hehe, eg har anette ja… søtt ;)

    eg kan aldri bli for opptatt her oppe, t tross for ka enkelte tror ;) chicks, send meg ein mail!

  9. Odin

    Karlsen: Vel, eg veit ikkje meir enn eg høyrer, så. Litt vanskeleg å heile tida forstå kor mange prosent som er rett. Trur ikkje på noko stort av det, men etter lang indoktrinering så byrjer eg tydelegvis tru at iallfall ein liten del er grunna i sannferdige opplysningar.

    Forresten vonar eg du ikkje får ein einaste mail med den haldninga di der. På den andre sida trur eg ikkje du eigentleg går inn for det heller… Hmm.

  10. Frankie

    hei..WEEEEEEEEEEEEEE…jeg klarer endelig å kommentere jeg også!! tralalala..nå burde jeg oj egentlig ha mye å si da, men det har jeg egentlig ikke..la meg ta en tenke pause..teksten var kjempe fin den, og errr..ja..det var vel det store og det hele..hmm..jeg antar at vi snakkes ganske så snart, i og med at jeg nu for dette ogonblik er innelogget på msn, samtidig som deg..hmm..ja..hade da!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.