Knekkebrød!

Eg kjende meg ganske svolten. Åt tri skivar til frukost, men då klokka kryp mot 5 så er det tid for mat igjen. Då såg eg det. Neeei! Ingen knekkebrød igjen! Kriise. Såg på brødet, men akk. Eg kjende meg ikkje lysten åt skjære brød. Så eg gjekk heller 1km for å få tak i knekkebrød.

Tilbake kom eg med to pakkar knekkebrød.

  • Wasa Husmann
  • Coop Natur, økologisk

Wasa sine kosta 3 kr meir (14kr), men det var 520g mot Coop sine 200. Likevel måtte eg kjøpe dei økologiske. Då kunne eg finne ut om kva som var best. Er det vits å betale så mykje meir for økologiske utanom dei «politiske» sidane?

Wasa Husmann vs. Coop Natur!

Knekkebrød, smør, ost. Alt klårt for eit godt måltid, pluss special feature of the day; ein test! :D Wee. Men eg gidd ikkje gjere det skikkeleg sidan eg veit kven som vinn likevel. Det er altså, eg var usikker – men no har eg jo allereie ete båe.

Forskjellen på dei er at Wasa sitt er tykkere. Det er óg meir kompakt, altså hardare. Det smakar meir «brend» enn Coop sine, og er på ein måte tørrare (slå den, eg trur det er pga. at det er så kompakt). Coop sitt smakar meir. Eg føretrekk verkeleg Coop sitt framføre Wasa. Sjølv om Wasa sitt er kjempegodt så er det ikkje supergodt som Coop sitt ;)

Tek me pris inn, så er Coop sitt ganske mykje dyrare. Likevel vinn Coop overlegent sidan eg seier; drit i pris – et litt mindre, betre og meir økologisk heller! ;) Hahahah. :D Så om nokon lurer på kva dei skal gje meg i bursdagspresang har dykk litt meir peiling no!!! :D

Ahh. Eg koser meg med knekkebrødet no. Vinnar: Coop Natur, økologisk knekkebrød.

4 tankar om “Knekkebrød!

  1. Hege

    fine og liten men godt sagt kort om wasa og cooop sine knekkebrød, inponert over ka du klare å skriva om eg;) nanna

  2. Monique

    Du kalle knekkebrød et godt måltid? Ville heller tatt brød eg då, men, suit yourself:)

    Hmm, då har eg to ting på ønskelistå di * Økologiske knekkebrød * Økologisk havregryn

    Ska sei:)

  3. Odin

    Hege: Takk :D :) — Eg skulle skrive eit lite, var nøgd med at eg klåra halde det kort! :D

    Monique: Hehe. Eg vil heller ha økologisk frukostblanding! :D Det er med havregryn+masse anna. Supergodt. :D Hihi. Er godt måltid ja ;)

  4. Rebecca

    Når jeg føler meg ganske sulten har jeg helst lyst på pizza. Knekkebrød blir jeg ikke mett av. Men det er vel best med knekkebrød; mindre sjanse for å bli feit. Ikke at jeg tenker på det, men knekkebrød er i hvert fall mye sunnere enn pizza. :P Jøss, nå ble jeg sulten gitt!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.