Lang heimreise, NSB komfort

Den superplagsomme alarmen vekka denne gongen mykje fleire folk. Det er ikkje av di han ikkje hadde klåra det før, men av di no var me fleire. Det var ikkje reint få med traumer då me kasta i oss frukost. Eg tok 9 skjever. Åt 4, 5 pakka eg inn som lunsj på toget. Med dei prisane NSB opererer med i kaféen var det lurt. Sit å knaskar brødskive med svetta ost nett no faktisk. Supert! Og heilt gratis! :D

På Oslo S fekk eg billett like før eg mista toget. Eg var litt stressa av køsystemet. Hadde antakeleg snike om eg ikkje hadde fått plassen. Kosta 81 kr, men eg betalte 75 kr ekstra for NSB komfort. Der har dei straumuttak åt laptopen. Sat med Karl Inge og sørlendingen eg ikkje har fått namnet på (eller gløymd). Var for flau åt spørje på toget, sidan eg har snakka ein del med han. Øøøhmm.

Meg og Karl Inge flekka raskt opp laptopane. Fekk laga eit trådlaust Ad-Hoc-nettverk og eg henta 200 songar før Windows ikkje ville samarbeide lengre. Me skulle ha spelt mot kvarandre, men diverre har eg ikkje Wine eller noko kult på pcen. Må få inn Quake III og ein del andre spel. I båe Linux- og Windowsvariantar. Sidan dei fleste brukar Windows må eg ha med program åt dei. Eg kunne sjølvsagt ikkje kopiere spela hans og spele saman, sidan dei er kompilert for Windows – ikkje Linux. Sjølv har eg ingenting av interesse på laptopen. Eit par design åt Miriam, og eit knippe halvferdige tekstar åt heimesida mi.

Sit å høyrer på musikk. Fekk mobilnummeret åt Teis før me skildest. Han skal jo åt Bergen. Mitt hadde han, slik er det når ein har visittkort ^^. Om noko vil ha så berre sei ifrå, eg er veldig glad for å gje dei vekk :P Inge og sørlendingen (akk, flaut) fekk óg. Tek dei fram når eg kjem på det, så fekk gjeve vekk 3 totalt. Er ikkje slik at eg går rundt å prakker det på folk utan grunn. Inge speler med heile kroppen. Gjetter det er bilspelet, basera på innlevinga. Blei vel lei krigsspelet då.

Eg blei lei “fjern kulane som heng saman, flest om gongen og få poeng”- spelet. Eg har jo topplassering på highscore, så. Hadde vore moro å fått andre åt bli med, så kan eg ha noko å gjere på togturar o.l. Båe Anders Molland og Anders Omdal er utruleg gode i det spelet. Hugsar dei hadde 5–6000-høge poengscorer på PDA-en min. Eg har endeleg forstått korleis det fungerer, og fekk over 3000. Likevel trur eg det er enklere på denne pcen. Eg har mange kort- og småspel på pcen. Alltid noko å gjere om eg ikkje vil skrive, teikne, kode eller designe.

Dama vedsidan av meg les forresten “Ermitt krepsene”. Ugh. Eg svetter. Tung luft. Ho tok seg ein tur no. Eg har skrive. Høyrd mykje på Westlife. Det eg har mest av. Eg synest det er kjempefin musikk. Likar det godt.

I ferd med å leggje saman no. Sitte over 8 timar på toget. Eg har skrive mykje av siste del av turen. Ikkje mykje, men 90% lett tenking og musikk. 10% skriving. Må leggje saman. Gjere meg klår åt gå av toget no. Om eg skal lage konklusjon (gjer eg aldri, men) så har det vore kjempemoro :) Ein fin tur, trass masse daudtid. Imorgon kl. 11 startar eg tenesta på Randaberg VGS. Ser fram åt det!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.