Lite mat og slik

Eg har ete utruleg lite i det siste. Vel, alt er jo relativt – men det er ein god del mindre enn normalt likevel. Eg har hatt ein god del å gjere, dessutan har eg ikkje kjend meg skikkeleg svolten. Kjenner det jo litt innimellom; men eg blei så utruleg vand åt ignorere svolt då eg var i Oxford. Kroppen spør jo likevel om mykje meir enn han treng likevel.

Sit og gumlar på ei skive med Banos no. Lengje sidan. Skulle eigentleg ete brødskiver med banan og bringebærsyltetøy, sidan eg hadde sagt åt Hege at eg skulle det (eg likar halde ting eg seier, sjølv om det er ein liten bisetning som ingen sikkert ikkje hugser likevel). I går at eg det same, – eg spurde ho kva eg skulle ete; så sa ho skive med banan og bringebærsyltetøy. Kvifor ikkje? :) Det var kjempegodt. Kan jo liste opp det eg har ete dei siste to dagane (eg hugsar ikkje lengre tilbake, rart det er skjedd så mykje på dei siste to…).

Eting dei siste dagane

I går, onsdag.

  • Ein bolle puffa havre, mjølk og litt sukker.
  • Tri brødskiver med banan og bringebær.

I forrigår, tirsdag.

  • To bollar puffa havre, mjølk og litt sukker.
  • Ein halv Twix (Rakel fekk resten :) )

I forriforrigår, mondag. Hugsar eg var hos Monique ja. Dåå åt eg. Hm.

  • To skiver med noko. Syltetøy trur eg.
  • Eplekake og is hos Monique.
  • Sikkert eit par skiver til. Hugsar ikkje.

No er eg ferdig med banosskiva. Før det åt eg ei med bringebærsyltetøy og ei med peanuttsmør og syltetøy. Veldig godt. :) I dag skal eg ete litt meir då, trur eg. Men no er klokka 17 (5), og 3 brødskiver er alt eg har ete. Er ikkje stort mykje det heller. Men blir nok middag, sidan eg ikkje har avtale som kræsjer med han (ville hatt, men det er så dårleg vêr at me ikkje gidd filme – sjølv om eg har fått tak i kamera).

Men du øydelegg deg sjølv!!!

Ja. Eg veit mange av dykk har sett slike skumle program om anoreksia osb. Heh. Men tingen er at ikkje har noko dårleg sjølvbilete; eg er ikkje feit. Må eg vere negativ med noko ang. vekta så er eg heller for lett. Eigentleg synest eg at eg er akkurat der eg skal vere. Kroppen vår spør dessutan om mykje meir mat enn me treng. Det er ikkje godt å ete for mykje; eg likar ikkje kjensla av å vere sprekkmett.

Kvifor skal me ete myykje meir enn det me treng? Kan heller spare dei pengane, eller setje dei av åt nokon som treng det meir. Å vere nøgd med lite, vere nøgd med det ein har. Ikkje forvente saftig biff kvar dag. Seie ein bolle havregryn m/ mjølk er supert for meg. Som det óg er. Eg er glad i havregrynen min. Treng ikkje særleg mykje. Då kan eg heller fokusere på andre ting i livet enn forgjengelege ting som god mat, pengar og materalistiske ting. Men ein treng jo mat, og all det utruleg gode maten eg får innimellom er ekstragreier. Det er berre bonus; men eg baserer ikkje nokon form av lukke på det :)

Eg ville ete meir før eg la meg i går. Men sidan eg bestemte meg for å leggje meg veldig tidlig (00:15, eller kva det var) så utsette eg det heller. Så lengje eg drikk nok og et nok (som eg gjer) så er det altså ingen fare. Er fleire som trur eg har eit problem; heh; det er feil! Eg er berre tilfreds med lite! :D Eg er ikkje slapp av den grunn. Men sjølvsagt; eg kjem ikkje fortsetje slik. No er det middag! Masse gode vitaminer o.l. ;) Fyrste middagen min på litt tid. Det blir bra :)

∗Springje ned∗

7 tankar om “Lite mat og slik

  1. Monique

    Hmm, ja, du seie kanskje at det e godt nok, men det e voldsomt lite mat! Å eg ser små mengder med frukt og grønt her! 5 om dagen ska det ver! Må spisa mann!:)

  2. Teirik

    Hmpf, dette e ikkje bra Odin! Ja, du trenge ikkje å spisa konstant, og maten ein ete trenge ikkje å ver eksklusiv, men i forbindelse med den teksten tidligere der du konstanterte at du hadde vondt i magen og me diskuterte ang. å passa på kroppen, så e det jo ikkje rart at an skape seg når du forsømme an sånn! Ein trenge ikkje å spisa seg stappmett, nei, ein trenge egentlig og lite mat i forhold t det ein trykke i tryne, MEN kroppen trenge vitaminer! Og næring! Og fiber! Og ikkje minst fett!

    Alt dette får du med ett godt og variert kosthold, men puffa havre dekke ikkje på langt nær kroppens daglige behov av mineraler, vitaminer etc.

    Du seie at du passe på kroppen, at du ikkje spise usunne ting, men det e jo ikkje rart det, du spise jo omtrent ingenting! :P Nei, spis mat, ver gla, og tenk på at kroppen har godt av det :)

    Hihi, og me alle vett at du ikkje e anorektiker :)

    lese over det igjen, og det ser litt krasst ut :/

  3. Odin

    Monique: Hihih. Dette er spesielt då. Eg plar jo ete middag, frukost og kvelds. :) Men, ja. Meir frukt! Åt mykje frukt kvar dag (ikkje 5 om dagen då, det er jo kjempemykje!), ofte 3 bananar då eg gjekk forbi ein butikk e.l. Ah. Eg åt ein tomat på mondag óg ja. Menmen. Det blir meir frukt og grønnt framover ;)

    Teirik: Hehe. Det er krasst :S Eg et jo skive. Eg et middag. Hm. – Men havregryn og puffa havre er ikkje nok nei. Sant det. Men eg sa dette ikkje var normalt ;) Men eg har så mange gode vitaminer i kroppen framleis – så eg klårar meg nok lengje på havregryn om eg skulle måtte leve slik litt. Hihi. Men nok mat er viktig!

  4. Espen Aarhus Klausen

    bq. men det er så dårleg vêr at me ikkje gidd filme

    Host. Du gidde ikkje filma. Eg gidde alltid å filma. Men sagt som det e, tror Morten jobba i dag uansett.

    Ellers.

    Enige me Teiriken her. Du leve et dårlig liv, Odin! :D E det du så betale for maden så ligge på kjykkene på dette tidsponkt? Eg trodde nå ikkje det. Du snakke for mye om penger. Alligavel må det vel ligga mer variert kost i kjøleskabe? Sko det ikkje gjør det så kryr jo me penger i kontoen din uansett. Eg, så har mye mindre penger enn deg leve som der ikkje e ein morgendag (vel, egentligt ikkje, men eg kjøbe mad når eg føle for det. Då prioritere eg å ver mette framfor at eg tenke på at eg «sløste vekk» penger). Det e ein herlige ideologi :D

    Ska senda ner et kornbrød me tomat, agurk og ost te deg :)

  5. Karlsen

    ein mann trenge diverse ting som biff… bacon… kylling… hvis du meine at du ikkje trenge ein biff så har du ikkje spist skikkelig biff! sånn aligavel så bler eg lykkelig når eg spise god mat… når eg bor sånn så eg gjør så e det ikkje ofte at eg spise god mat… derfor bler det ekstra bra når eg får servert mat, uten å laga någe sjøl.. ahh.. det e herligt! har ennå t gode å spisa biff her då, men det komme vel snart.. hvis ikkje bler det bare møye bedre når eg komme hjem t mamma sine herlige kokekunster :D

  6. Odin

    Espen: Eg drit no i pengane. Men eg treng ikkje meir. Det vil vere sjølvmotsigande om eg seier eg ikkje skal knytte meg så mykje åt materalistiske, raskt forgjengelege ting som mat; men at eg plutseleg skal synest pengar er hellig. – Så, du tek nok litt feil der ;) Eg et nett så mykje som eg kjenner meg superherleg av! :D

    Karlsen: Eg har no ete 500kr-biff på Bølgen og Moi. Eg kan ikkje seie eg ikkje synest det er heilt utruleg kjempeherleg og godt. Men det går liksom over. Ein kan ikkje bli avhengig av å alltid toppe slike ting. Ein blir vant åt ALT… Så betre å vere nøgd med lite og take alt anna som bonuser ein ikkje forventer/higer etter.

    Ja. Lukkeleg. Litt. Men det går over. Og baserer du heile lukka di på slike materielle og forgjengelege ting må du alltid ha noko meir, noko anna og ikkje minst meir, meir og meir. Men då blir det eit større problem enn «lukka­» du får av det. Åt slutt kjenner du ingen lukke i det heile…

    Så. Gjeld å ikkje bli for knytt åt forgjengelege ting. Ein brukar energien i maten, så kjem han ut igjen. Det er ikkje noko magisk med mat meir enn dét. Sjølv så lekker han ser ut på tallerken er det ei røre i magen ;)

  7. Karlsen

    tror ikkje det e meiningå at mat ska gi evigvarande lykke… men den lykken ein får når ein spise e herlige, og den e eg glad for!

    men sånn ellers, det at du sammenligne mat me kveil (sjøl om det e delvis det sama!) e bare ekkelt, ikkje gjør det igjen :P

    og forresten du må snakka me lenka, han har mobilen din

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.