Når vi døde våkner

Wee! Kom frå teateret nett, det var eigentleg planen at eg skulle vere der tidligare – men dagens gang har gjort det annleis. I siste delen av denne dagen (eg tek ikkje for meg den fyrste) har det vore jogging, forseintkoming, tusling i regn, kort møte, impulskjøp (vel, det treng ikkje vere materalistisk av den grunn! Meir impulshandling :P) og sist men ikkje minst; teatervitjing.

Hihih. Trøytt og fêl kom eg heim frå Randaberg. Eg har sitte oppe åt 3 på natta i helga og jobba med Sanitasfilmen, medan eg måtte opp 07 på morgonen for å kome på Randaberg. Dét kombinert med at eg faktisk gjer ein jobb der borte, eg går veldig mykje rundt i bygget, spring, hjelper, går på lunsj med pappa og anna moro utraderer nærast staminaen min. Heh. Vel, det er alltid mykje meir å gå på då, om ein er motivera. Eg slang meg ned på sofaen som eg har gjort etter eg starta siviltenesta, kvilte.

Skulle på teateret, prata med Monique og Rebecca – det ga meg som alltid liten tid. 20 min til eg skulle vere på teateret. Vêret var regnete (treng ikkje vere dårleg av den grunn!) og eg måtte jogge. Jogge-jogg. Kom ned akkurat i tide. Trudde eg. Våt la eg merke til at kjellerteateret var mørkt. Ingen der. Eg byrja rekne. Teateret startar 16, men eg er flytta åt den andre gruppa. Det varar 1t 30m, altså, mi økt startar 1730. Eg såg på klokka. Den var 1830. Yep. Det var jo moro.

Sende melding åt Rebecca om elendigheita. Hadde nett prata med ho om teateret, dessutan har eg omtrent berre hennar nummer på mobilen. Bibliotek, Geir IT, Labecca, Millam, Pizzabakaren, Skjalg/Pappa er nummera eg har inne for dei som måtte vere interessera. Eg jobber med å utvide lista, så send meg nummeret ditt! Same kva; eg hadde nok send melding åt Rebecca sjølv om eg hadde hatt 10 000 nummer; det var det rette å gjere trass alt. :D

Eg gjekk. Jakka open. Regnjakke. Vindstopper inni, open den óg. Skjorte heilt inderst. Den var faktisk igjen til ein forandring. Eg var litt kald tidligare på dagen, så då kneppa eg igjen. Men plar nærast alltid vise t-skjorta mi då, ikkje av andre grunner (trur eg) enn at Mamma har indoktrinert meg. Det er ho som har kledd meg opp heilt frå då eg ikkje hadde moglegheit åt råde sjølv ein gong. Men så har ho gjort ein god jobb; så ho får berre fortsetje… :D

Det hølja. Men eg gjekk. Fredeleg. Ah. Det var ganske moro. Eg gjekk i midten av vegen; på kvar side sto det masse folk stilt inntil veggane, eller dei gjekk under tak. Eg var åleine i midten av gatane då eg gjekk stillferdig ned mot Sølvberget. Det var folk rundtom, ein del faktisk; men det var nærast som eit kongeleg opptog. Eg gjekk med open jakke, gjennomblaut skjorte og våt-katt-hår nedover, rooleg. Ingen andre var rolege. Det var så herleg. Berre sjå på menneskja som stressa rundt. Ah. Regnet var herleg. Smalt hardt mot hovudet då eg stille gjekk over Arneageren, andre sprang.

Betala 75kr åt mannen på Mediabiblioteket, eg hadde gebyr, så såg eg Marius! Han sat på ein av pcane og dreiv på – snakka med han før eg lånte eit par nye cdar. (Rusher litt gjennom; eg er trøytt som ein, øhm, eit. Ehm. Ja. Trøytt iallfall). Eg gjekk mot bussterminalen; ingen månedskort der etter 18, neivel. Bruka lang tid på Rema 1000, eg hadde ikkje lyst på noko – men eg hadde no ein gong gått inn for å sjå om eg fekk den gamle kjensla. Hekkan, eg går inn i butikker av pür vane; eg vil jo ikkje ha noko!

Fann åt slutt lappar og sjokolademjølk. Jaja. Det åt eg på ungdomskulen (minus sjokolademjølk pluss cola) nemleg. Då eg gjekk forbi teateret blei eg plutseleg veldig gira (frå å vere trøytt), eg kom meg inn til billettluka og snakka litt med Hanne Tømta, teatersjÆfen med stor æ. Kjøpte ein billett åt «Når vi døde våkner» kl 2100. Det eg ikkje har sagt fram til no er at Rebecca skulle sjå dette stykket. Dette visste eg jo sjølvsagt, haha, det var difor eg kjøpte han. Såpass sjølvinnsikt har eg. Likevel så tenkte eg ikkje over det; eg sprang inn å kjøpte billett – heilt i hundre.

Oppover bakken byrja eg imidlertid tenkje litt igjen. Ehhm. Oi. Det var kanskje ikkje… Heilt. Sende melding åt Rebecca (ca noko som):

Eeehm… Eg kjøpte billett åt stykket, impulskjøp då eg gjekk forbi teateret. Dårleg gjort av meg å ikkje spørje. Er det greitt? :S

Ikkje nett slik, hugsar ikkje heilt… For dei som ikkje er heilt inne i alt saman; Rebecca kjenner eg frå ein Oslotur, eg har vore på vitjing hos ho og lillesystera ein gong og truffe dei 2 gongar på Sola Teater. Elles har eg vel eigentleg berre prata med ho på MSN. Tingen er at det var veldig frekt av meg å berre trengje meg på slik, eg visste ho skulle der med klassa, så hadde eg berre kjøpt billett. Det kunne jo fort bli ein rar situasjon. Nett no hugser eg ikkje alt det der som eg tenkte på, men eg var veeeldig bekymra. Dessutan svara ho ikkje. Var laaang ventetid.

Eg såg på mobilen berre for å sjekke. Åh. Der låg det jo melding, teite mobil. Det var greitt. Ååh. Endeleg bra :p Hehe. Det var ein enorm lettelse. Dårleg gjort av meg å gjere slikt. Men gjekk bra. Eg var i superduperhumør igjen, hihi, så moro, på teater ;D Visste aldri eg skulle det i dag då eg sto opp.

Traff Espen på vegen. Snakka med han ein del. Må sjå han oftare, han har jo ikkje sivilteneste så han er heime.

Teaterstykket var kjempebra! :D Eg satt med Rebecca og Inga (!!) som eg óg kjenner. Eg kjenner ho berre frå MSN, men har gjort det sidan jula 2003, så det er 2 år snart. Ho blei veldig overraska/overrumpla då ho fekk klem. Hahah. Hadde vel ikkje gått heilt opp for ho då ho såg meg; men eg såg straks på ho som den eg kjenner frå internett. Hehe :)

No er eg kome åt den delen eg eigentleg ville skrive om. Men eg er så tullete at eg har skrive fleire paragrafar tull (alt som er før sjølve teateret eigentleg); så no må eg berre leggje meg. Årh, dumme meg. Raskt samandrag; kjempemoro, stykke ferdig. Kjempebra. Stå utanføre og snakka med Rebecca, Inga, Penda (oops) og Hanne. Koos : ) Dei var sjølvsagt kjempekoselege. Men det har eg jo forventa og visst lengje då. Rebecca har eg jo møtt før, men overraskar meg alltid over kor utruleg koseleg ho er når eg ser ho igjen. :D

Gjekk til busstoppet; snakka; dei gjekk på; hadebra. Eg gjekk inn på Kiwi (kvifor!?). Åt slutt fann eg nokre druer. Camilla A sat i kassa, ho kjende meg ikkje igjen trur eg. Eg sa namnet hennar og snakka, medan eg såg ho ikkje visste heilt kva ho skulle gjere. Haha. Rart. Hugsar ho kom åt meg då eg ikkje kjende ho og sa; «Åååh! Du er Odin, blabla bla Lilla, blabla». No var det motsett. Hmm. Vel. Ho må ha hugsa meg sidan eg trass alt har sett ho eit par gonger. Jaja. :p

Så, fina vere. Hmmm. Diverre blei dette langt i frå det eg hadde tenkt. Menmen, leggjetid blei passera for 40 min sidan allereie! Så det har ikkje vore anna enn hastverk her. Får gjere det opp ein anna gong! Dritkul dag iallfall! :D Slutten av dagen var best, slutten av teksten verst ;)

4 tankar om “Når vi døde våkner

  1. Rebecca

    Heia Odin! Nå sitter jeg på skolen og skriver teaterkunnskapsnotater, men jeg tenkte jeg skulle se om du hadde skrevet noe nytt :)

    Weee! «Når vi døde våkner» var kjempebra! Veldig spesielt, veldig kreativt. Haha, kjempekoselig at du var der óg. Hadde det kjempekoselig sammen med deg, Hanne, Inga og Penda. Hihi, du glemte henne. Anyway, ser deg seinere i dag :) Snakkes!

  2. Odin

    Rebecca: Hahaha. Offameg. Ja. Eg var trøytt, så. Får skrive ho inn no. Trøytt no óg.

    Vel, likevel inga unnskulding.

  3. Teirik

    Du velge ennå å vandra ute i styggedommen av ver som opptrer innimellom, ser eg? :) Hmm, jaja, godt at mor di har lert deg godt opp når det komme t at du kler deg godt iallefall :P

    Blei litt venting på dette innlegget i nått, du skreiv litt utover planlagt tidsramme, så det e jo ikkje rart du e trøtt! :P I tillegg så hadde me jo ein liten diskusjon ittepå og :) jaja, du har vel lert at du ska begynna å skriva tidligere neste gang ;)

  4. ingapinga

    Heey Odin! hehe…ja det var virkelig et sjokk at du plutselig stod rett foran meg! Jeg forstod ingenting! Du var like koselig og snill som jeg hadde inntrykk av at du var! Det eneste var stemmen…hehe..Den var litt vanskelig å venne seg til, for jeg hadde hørt for meg en annerledes stemme! hihi… Det var kjempekult å treffe deg og håper på å treffe deg igjen om ikke så altfor lenge! Men nå må jeg gå…skal på trening… Bare en ting, det passord problemet jeg hadde på denne siden har jeg på rebecca sin side også! Jeg får ikke passordet på e-mail og kan derfor ikke kommentere… Hva skal jeg gjøre? See ya ;)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.