Siviltenesta, Dilingøy reisen bort

Rett før batteriet går. Skjuler ikkje fakta at det faktisk er topplada. 2 minutt igjen seier batteriappleten. Eg stoler ikkje på han for eit øre. Eg ser ut som ein nerd her eg sit. I Moss. Laptop på fanget, speilrefleks ved min side og headset rundt nakken.

Eg har ikkje stort mykje med meg. Har ein sekk. Liten er han óg. Alt det tekniske utstyret tek halve plassen. Har klåra presse med meg nokon klede óg. Ein bonus. Eg fann laptopen fyrst. Gjeld å ha prioriteringane i orden.

Narvesen

Er no 14 timar sidan eg dro. Lang reise. Endå iallfall ein time igjen før eg er på staden turen ender. Er på togstasjonen eg sit. Brunetta på narvesen latar som ho er opptake med å vaske pølse-grillen. Blondina pratar med den tjukke mannen med hentesveis. Han har ikkje narvesen t-skjorte kor det står “kjempedigg”. Kanskje av di han i forhald til jentene ikkje er det.

Er ein god del kundar der inne. Trur vel eg jobber eller noko. Veit ikkje at eg sit og ser på dei og skriv. Vel, der møtte eg blikket åt ei dame. Er ikkje alle som kan skrive medan dei ser på noko anna. Eg er glad for det. Tastatur er ikkje fint å sjå på i lengda. Iallfall ikkje når du er på ein folksom plass og ser ut som ein nerd. Må halde meg litt sosial. Om nokon vil kome å snakke med meg, vil eg ikkje gje inntrykk av at eg er opptake. Det er eg ikkje.

Folk møtt på turen

På toget frå Oslo las eg i novellesamlinga mi. Ambulanse. Eg sat meg ovanføre ei dame. Ho snakka i mobiltelefonen mykje av turen. Det kom ei dame med ei dotter inn. Ho er student ved høgskulen i oppland. Det såg eg på studentkortet hennar. Dottera må ha vore rundt to-tri år. Ho såg ofte bort på meg, eg såg på ho. Smilte. Rota ut kort etter kort frå lommeboka til den unge mora. Søt jente, båe to faktisk. “De er mine!”, sa den lille jenta. Mora prøvde dempe stemmen på den lille. Men eg smilte berre åt dei. Alt er greit, sa eg med augo. Eg lo, sånn smileleing. Utan lyd altså. Då byrja mora leike seg óg. Dei sat og leika. Det var veldig koseleg. Eg sa ikkje noko, men var rask med å hente opp eit rutehefte som datt på bakken.

Før eg var inne i toget sat eg på Oslo S og las Dag og Tid. Sat meg ned saman med ein Espen hadde mistenkt for å vere gjengmedlem. Han var fortsatt i saggemoten og hadde ghettoinspirerte klede på seg. Sat å knasta i veg på mobilen. Eg synest han såg koseleg ut. Tok opp jakka, stappa ein tyrkisk pepper inn i kjeften og spurde om han ville ha. Ekte stavangersk. ”Å, neitakk” fekk eg som svar, kunne såvidt tyde et smil. Hehe. Eg kjende det var ein god ting å gjere. Slik vil eg gjere oftare.

I Oslo var eg i 5 timar. Med Egil. Kristoffer Egil. Eg fann ut eg ikkje hadde dekning på kortet. Eg som hadde 3 cdar klår som eg skulle kjøpe. Ga dama på etestaden 10 kr i tips. Men ho forventa ikkje noko, ho la ikkje opp til det. Ho var kjempekoseleg, maten var god og det kom berre på 50 kr. Det er skitbillig. Burde vel gjeve meir, men eg hadde omtrent ikkje pengar i lommeboka, og ho lot meg ikkje betale tips med kortet så.

Rart å tenkje på då eg sto opp i dag. Er lengje sidan. Har kosta meg 85 kr å kome hit med tog. På mat har eg bruka nærare 100 kr. Eg ville kjøpe eit =Oslo, men etter eg fann ut eg ikkje hadde dekning på kortet fann eg ut det var best å spare litt. Så får eg heller kjøpe på heimvegen.

Rart kor lengje dette batteriet held. Eg er overraska. Lengste to minuttane eg har sett. I dag iallfall. 23 min så langt. Forresten 0 min igjen no i følgje batteriet oppe i høgre hjørne. – Eg måtte opp 05:30. La meg 02:00. Sov på toget. Sat ei jente ovanføre meg, ho gjekk på i Sandnes. Hadde litt lyst å prate med ho. Har lyst å prate med folk reint generelt. Likevel noko som stoppar det. Ho søv jo hallvegs. Og fraus. Det gjorde eg óg. Kaldt på toget.

Eg går ut og ser om eg ser siviltenestebilen. Eg vonar han kjem. Eg klårar ikkje fikse meg husvêre så lett utan pengar. Skal alltids klåre det, men likevel…

21:45 kjem minibussen. Det er ein og ein halv time til. Eg må hengje her lengje. Batteriet held sikkert ikkje så lengje. Set på musikk. Synd eg berre har ein song. Og eg fekk ikkje kjøpt CD, ikkje dekning på konto som sagt. “Busted – Who’s David”. Fekk han av Monique. Burde hatt noko musikk. Jaja. Får høyre denne ti gongar. Late som om det er fyrste gong kvar gong. Kanskje eg kan lere meg teksten.

Eg luktar svette. Hm. Eg blei varm på toget. Etter litt. Søv med hovudet intill vindauget. Fettmerker på vindauget. Usj. Burde dusja før eg drog. Men var så tidlig. Eg er ikkje plaga av lukta forresten. Men veit andre er. Ingen sit rundt meg. Men er ingen som sit i lokalet utanom ein gut som kom likevel. Er vel heller ikkje normalt å setje seg nær folk i nærast tomme lokale med masse plass. Ein skam eigentleg. Hadde vore meir moro å sitte slik ein kunne sjå einannan betre. Eg har heldigvis Narvesen. Litt færre folk, men framleis monnar det.

Tredje gong songen speler. Eg gjer noko anna med det siste batteriet. Byrjer bli innhaldslaust likevel. Forresten byrjer eg like songen óg. Lurt trekk av Monique. Ingen andre har tenkt tanken å sende musikk til meg. På hovudmaskina har eg over 8000 songar, på denne har eg 1. Kontrastar.

Tilbake frå andre oppdrag på pcen… No er det fleire gutar rundt her. Alle ser sivilteneste ut. Ein stavangerfyr, har ein bag med Sagevik Musikk, Stavanger på. Silje, blondina på Narvesen, kom bort. Ho må vere 16–17 år. Fikser noko NSB-brosjyrer. Framme står det «Smågodt 690», bak «Kjempedigg». Lurar på om Narvesen speler på dei flotte, unge jentene dei tilsett.

Framme på Dilingøy

Synd. Batteriet gjekk, hadde skrive to nye paragrafar – dei er vekk. Får gløyme dei i staden for å prøve å lage dei på ny heller. Det blir for dumt. No er eg på Dilingøy. Bilen sto klår 21:45, men sidan me var mange fleire enn det bilen kunne take måtte me vente 40 min til han kom tilbake. To andre måtte vente endå 40 min. Hadde det særs moro med desse folka, møtte Morten som eg kjenner frå IRC-kanalen #sloppy, pluss ein heil rekke veldig koselege folk. Ingen frå austlandet, dei kjem heller imorgon. Fekk tidlig godt sansen for Teis og Torbjørn.

(Lagt til seinere) Teis er frå Bergen. Han skal jobbe i Bergen Turlag. Torbjørn er frå Kverneland og skal jobbe på, uhm, ein skule var det? Morten frå Sandnes blei sendt heim dagen etter. Ikkje kjend tenestedyktig. Lauritz er frå Trondheim, skal jobbe på Samfundet.

Det var super stemning i bilen, og me snakka om kor mykje me såg fram til å møte Turid. Ho som me ser på som sjølve partileiaren i siviltenesteadministrasjonen. Fleire teoriar om hennar storleik veks fram, og Torbjørn ytra eit sterkt ynskje om å take bilete saman med ho. Mange av oss har snakka med ho i telefonen, eg har berre ein gong; men dei andre kunne fortelje mykje meir. Sit ho i toppen av administrasjonsbygget der kun dei færraste får møte ho? Få veit, og me veit iallfall ingenting. Det blir moro å sjå kva som skjer imorgon. Blir me velsigna av hennar nærvêr? Turid har for mange her på leiren vore dyrka som ei gudinne. Så får me sjå om me i det heile take får æra av å møte ho.

Eg må seie det er ein vittig gjeng, så mange vitsar har ikkje eg klåra produsere på veker samanlikna med dei eg har fått fram i dag. Og det er ikkje av di eg er særleg morosam, men av di dei rare og høgst ikkje-krenkande emna (spesielt) Torbjørn klårar lire av seg er så enkle å utvide då dei fyrst blir snakka om. Klokka snik seg mot 01:30. Meg, Torbjørn og Teis gjekk på vandring i dei ukjende smutthôla i bygget då me fann ut TVen sende ein utruleg kei film. Etter skrekkingytande scener med gitter og lås i kjellaren (isolatet!? :| ) fann me eit gjøymd bomberom med: bordtennis!

Alle veit eg ikkje er god i nokon sport, så eg treng ei sei eg tapte. Likvel var det moro at eg ikkje tapte såå mykje. Vel oppe fekk me skiver. Tydeleg at me må take omsyn for oss sjølv då Trine plutseleg forsvann med “god natt!”. Det var særs koseleg å ete kveldsmat. Me er ein ca 10 stk her no, med godt miljø. Diverre kjem det mange nye imorgon, rundt 30, dei som ikkje kjem ein dag før. Då kjem austlandet. Eg er åleine her på rommet mitt. Eg bur sikkert saman med ein skokk austlendinger. Gru :( Dei kjem sikkert gje meg buksevatn og mobbe meg. Kjem her med dei uforståelege moteorda sine og krev madrassa mi, sidan eg er på deira side av landet. Jaja, eg får prøve å sove godt i natt iallfall.

Særs skuffa at eg må sove åleine fyrste natta her. Eg skulle gjerne vore på eit rom med andre. Men eg hang heller i deira rom heilt til dei kasta meg ut. Like greitt dét nesten. Så kan eg natterangle på rommet åleine her. Trur likevel eg legg meg snart. Må berre hacke litt til.

ZZAP!!! Då har eg hacka. Klokka er over 2, og eg legg meg.

Ein tanke om “Siviltenesta, Dilingøy reisen bort

  1. Skjalg

    Det er vel ingen av Odins venner som erfaring med siviltjeneste ser det ut til, men det har jeg. Var på det som den gang het Hustad Leir, samme som Dillingøy. Dette var en leir for landsvikerer (!) etter krigen. Jeg tror jeg var der i 1976 – husker jeg reiste i to dager opp til Mørekysten. Måtte ta billingste resiemåte – så det ble tog og buss via Oslo minnes jeg.

    Hustad Leir var beryktet, spesiellt for kommandanten Sponheim som hadde bakgrunn fra militæret. Han hadde sine spesielle metoder. De nyankommne fikk drittjobbene. Jeg som bare skulle være der to tre dager på førskolen ble satt til å vaske alle toaletter og ganger…

    Ellers så var jo historien om grøftegraving en gjenganger på den tia. Ett lag gravde grøfter og neste lag gravede igjen. Ingen ga oss forklaring på hva grøftene skulle brukes til….

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.