Superjobbing

Kva har eg gjort i helga? Jo, sitte inne. Ikkje heile tida? Jo. Heile tida. Heile? Vel, eg var ute i 10 minutt. Eg var nærast inne i 3 døgn. Var faktisk inne i over 2 døgn utan eit lite vindpust på nasen. Kva har eg gjort inne? Jobba.

Vel. Jobba er kanskje ei overdriving. Tingen er; det var ein jobb som måtte gjerast, om enn ­så enkel at ein kvar apekatt kunne ha gjort det. Trong ikkje vere nett meg altså. Rett etter eg var ferdig på Randaberg kom eg heim. Måtte få laga filmen, DVD-en og omslaget ferdig. Det var forsåvidt litt meir krevande, då måtte ein nok hatt litt meir spesialiserte apekattar frå mi gruppe primatar.

Då eg var ferdig med dette laga eg eit DVD-bilete, som eg sende åt Linuxpcen min for brenning. Då hadde me to pcar som kunne brenne. Då starta 200 dvd-brenningsmaratonet! Akk og ve. Sitje foran pcen i litt over ti minutt, ei melding opp på skjermen, flytte DVDen frå trayen åt spindelen, flytte ny DVD frå den andre spindelen inn i trayen, lukke igjen. Gjer dette 200 gonger. Ah, vel. Eg har budsjettert med 100, resten tek pappa, men likevel. Elles var det printing av 200 omslag, pluss leggje dei inn i plastikkomslaget.

Menmen, tener jo bra. Veldig bra. Så… Ja. Firma går bra, veldig bra. Hadde aldri trudd det faktisk låg pengar i slikt. Har ganske mange prosjekt. No er eg ferdig med Sanitas, då har eg framleis to ganske store prosjekt igjen. Ingen så store som Sanitas i nær framtid då; det var verkeleg stort. Og utruleg hektisk. Hekkan, har laga dette opplegget kjemperaskt! Ein time lang film, på så superkort tid. 8 timar råfilm, gått gjennom, klippa. Har vore veldig moro.

No var det premiere i dag (mondag), herleg å vere ferdig. No må me berre få ferdig dei siste DVD-ane, så kan arbeidet på andre ting starte. Eg har båe hatt siviltenesta og firma å take omsyn åt i det siste. Mykje å gjere, men moro når ein får litt avstand åt det igjen. Ærh, nokon må lere meg om konjuksjonar, og preposisjonar slik at eg kan bruke til/åt korrekt, om ikkje må eg leggje om. Klårar ikkje skrive rett :P

No er det alt for seint! Eg må take bussen 0715 imorgon! Sjukt, ja. Eg har vore trøytt i dag. Masse nattjobbing med DVD-ane. Eg var litt ute i går, 10 min tur fram og tilbake frå brustad. Eg ville ikkje ha noko der, såg tomt på hyllene. Er så rart, har ikkje lyst på noko av det eg likte før. Eg vil ikkje ha sjokolade, vil ikkje ha brus. Har ikkje lyst på noko i butikker. Eg går på brustad for å gjere noko, eg går for å møte folk (yeh, eg veit, haha). Som eg sa åt Teirik nett;

[22:12:03] < @Velmont> Sjokolade? Kvifor har ikkje eg lyst på slikt? :o
[22:12:49] < @Inzila> forde du ikkje e materialist? :P
[22:13:59] < @Velmont> Eg har ikkje lyst på slikt lengre.
[22:14:04] < @Velmont> Sukker, det er.
[22:14:12] < @Inzila> ditt usunna menneske :P
[22:14:13] < @Velmont> Søte ting som ikkje er søte personer.
[22:14:31] < @Inzila> hehehe, aaw, you’re a poet, and you don’t even know it! :P
[22:14:42] < @Velmont> Hehe. Nåvel.

Hehe. Han er stilig :) Var veldig fint sagt. – Så der har du meg i butikken. Kjøpte til slutt ein «Mandel stang» (med orddeling ja :S). Bruka ein del tid på han. Det er jo godt, men, eh, eg har liksom ikkje lyst på det. Klårar ikkje ete heile med ein gong. Trur eg hadde han i fleire timar. Kan ha noko med kor dårleg eg kjenner meg etter å ha sitte inne i over to døgn óg då. Jaja. No er det iallfall veke igjen, då må eg kome meg på skulen for å jobbe! Det er jo kos.

Elles har eg ikkje Sanitas-jobben over meg lengre. No kan eg dra på vitjing og gjere litt meir sosiale ting igjen. Wee! :D Men, dette blei nok tull. Får avslutte med endå ein quote frå IRC nett no (IRC-klokka er GMT forresten, klokka er 00:10 eigentleg der);

[23:10:05] < @Inzila> skjer?
[23:11:37] < @Velmont> Skriv dårleg innlegg.
[23:12:36] < @Inzila> Velmont: med vilje?
[23:14:46] < @Velmont> Inzila: Nei :p
[23:15:06] < @Inzila> hhehehe, hmm :p
[23:15:47] < @Inzila> kunne jo vært vettu :P

Så. Leggjetid. Tiiidlig opp imorgon! Skal prøve å begrense tulleinnlegga, men måtte nesten oppdatere litt :P Hihih. :)

3 tankar om “Superjobbing

  1. Teirik

    Ja, du har vært ganske så asosial i det sista har me merka, men siden me vett at du har holdt på å jobba som ein helt, så har me akseptert det :) Det virka som ein mildt sagt hektisk jobb, og å brenna 200DVD’ar kan eg ikkje tenka meg e så veldig gøy, eg får fnatt av å brenna to.. Då sverge eg heller t Olly, men det e jo ikkje så greit for deg å gjørr i dette tilfellet..

    Du viste oss jo regnskapet over denne jobben, og eg må sei at det e jo litt som komme inn i kassen, du kan jo leva som ein kakse i någen måneder og strø rundt med sjokolade og brus ;)

    Leste over quotså nå igjen, og eg begynne egentlig å lura på ka eg egentlig tenke på når eg svare sånn som det :P Tror ikkje det tar ein runde innom hjernen innimellom, men det kan jo igjen ver likså greit, då får du iallefall ein genuin meining :P Kjekke ord om meg forresten :D tihi :D

    Det bler vel å ta ein liten tur t ukå satse eg på, sånn ca før eg drar t Danmark kanskje? :)

    Uansett, innlegget va ikkje så ille, forklare litt ditt asosiale vesen i det sista :) Men nå får du hoppa t sengs, du ska jo tross alt opp tidlig imårå.. Nå ser du ka me studenter har å stri me! heldigvis så begynne eg ikkje før 10 imårå.. og e ferdig 12 :P Tata!

  2. Odin

    Teirik: Hehe :) Asosial var litt hardt, usosial kanskje. Men, ahvel. Det er ingen som har invitert meg på noko i det siste heller, så eg har ikkje sagt nei åt noko. Hadde sikkert take meg ein pause om nokon hadde spurd meg eg. Men ser ut til at det ikkje skjer noko i helgane om ein ikkje tek omsyn for det sjølv ;)

    Hm. Dei pengane går inn i firma, men sidan firma = meg så kan eg gjere som eg vil med dei. Heldigvis likar eg ikkje å bruke pengar på tull! Så litt av det går sikkert åt hus, mat, studie eller liknande. Så slepper eg å jobbe så mykje seinare! Kan eg leve litt meir fritt utan å måtte vere avhengig av nye pengar heile tida ;)

    Hmm. Eg seier av og til ting eg ikkje meiner når eg svarar fort. Så det er mykje oftare ei genuin meining om eg får tenkt meg ein del om, det eg seier raskt er ofte tull. Så det skal du ikkje vere redd for, eg veit du skriv mykje raskt, plopper ut. Me skreiv jo eigentleg litt lengre, men eg har ikkje loggen her. Det var ei fin samtale det :)

    Jadå, må få gjort noko før du dreg åt Danmark ja. Fekk nett melding frå Pat, må få serie-presentasjonen ferdig til uka. Så det kan bli litt hektisk denne uka óg. Får sjå. :)

  3. Teirik

    Me har iallefall ikkje hatt så mye kontakt med deg så før :) Hmm, for min del skjer der veldig mye i helgene i denne tiå, har 3 stevner på 4 uker, der i blanda ein danmarkstur, så det e litt kaotisk for tiå :) Men ja, e bare å ta iniativet, du! :D

    Hørres rektigt så herlig ut egentlig..men du har jo jobba for det og, så det e jo fullt fortjent :)

    Hihi, joda, som regel så svare eg det eg meine uansett om det e fort eller seint, men det e ikkej alltid lika gjennomtenkt, og ser ikkje lika bra ut som det gjorde i håvet mitt akkurat då eg skreiv det :) Hihi :)

    Hmm, så du ska jobba store deler av denne ukå og? hmm, drar t danmark på fredag ittemiddag… jaja, får se om me får i stand någe, viss ikkje så får me ta det ittepå :)

    Satt forresten på PSPen og surfa idag, men fant ut at eg ikkje gadd å skrive kommentaren då, siden det hadde tatt meg to timer og to såre tomler :P

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.