Teateret!! Weee! :D

Yes! Åhhh. Kom nett frå teateret. Ah, det er så utruleg digg. Eg elskar teateret. Eg går på Rogaland barne- og ungdomsteater: ungdomsteateret. Er ei gruppe der me leiker og improviserer. Teateret brukar gruppane åt take ut skodespelarar åt stykka deira. Noko av det beste med teateret er folka som går der. Dei er heilt supre!

Sist var eg med i «Lilla», som eg har skrive om før på sida. Det var kjempemoro, trudde ikkje eg ville bli take ut åt fleire stykker. Men blei altså. No er eg tilbake i klubben, og det var særs moro.

For sein

Eg snakka med Monique på MSN, så tida gjekk fort. Eg klåra brenne middagen óg grunna Monique si magiske altoppslukande evne åt få meg åt gløyme alt anna. Måtte hente farmor. Køyrde ned – blablabla – tok si tid. Eg var på teateret 16:20, altså 20 minutt for sein. Etter eg hadde truffe på Lone og Snehvit-gjengen på hovudscena visste eg kor eg skulle. ­­­«Ja, deer har me Odin»­, eller noko sa Bjørn liksomirritert (heh, vonar eg :P). Hekkan for ein gjeng! Var 44 stk i rommet! Mange kjende, såg Mimi. Ho er kjempekoseleg. Snakka litt med ho før me starta skikkeleg.

Ganske standard leiker; kunne ikkje gjere noko skikkeleg av di me var så mange, sa Bjørn. Kjende heller ikkje alle saman; ein del som er flytta opp frå barneteateret. Pluss ein del eg aldri har klårt lere meg kven er. Uhm. Det er jo litt flaut :p Gjekk rundt og flørta (ein leik), så var det faktisk 3 stk som meinte eg var den som sjarmerte dei mest! w00t! Eg som er dårleg åt slikt!? Åt slutt kom me endeleg åt ein skikkeleg leik. Wee! Improvisasjon! Ein skulle vere politikar, medan resten av gruppa skulle stille spørsmål. Alt ­«journalistane» stilde spørsmål om måtte vere sant og politikaren måtte forsvare standpunktet. Eg eeelskar slikt. Olec var rask med å melde seg. Han var einaste óg. Det gjekk kjempebra. Måtte argumentere for mange rare ting.

Improvisasjon! Wee! :D

Då ein ny skulle prøve rakk eg labben høøgt opp i vêret. Velg meg, velg meg!!! Det var visst ikkje nødvendig sidan eg var den einaste av dei 44 folka som ville fortsetje. Huuummm. Kva er dette for noko? :-O Veldig rart! Vonar det berre er pga. det er fyrste gong. Teaterfolk skal ikkje vere redd for improvisasjon foran mange folk ∗skjennepå∗. Ahh. Herleg å setje seg i stolen, sjå utover folkehavet og gjere seg klår åt dei fyrste krasse spørsmåla i den heite politiske utspørjinga. Det var kjempemoro! Sjølvsagt! Ahh. Er så moro å improvisere! :D Folk lo. Bjørn og Glenn-André óg.

Er så supert på teateret. Men trur det er einaste plassen eg klårar improvisere slik óg då. (Hehe, eg garderer meg om nokon vil at eg skal improvisere ein anna plass :P) Ellen tok over for meg. Etter lang tid.
«Javel, kven vil prøve no?».
«…».
Akk. Synd det der. Eg ville veldig gjerne halde fram, men, hahaha. Trur ikkje eg kunne seie det :P Åt slutt gjekk Ellen opp. Hm. Går i dei same, gamle, gode folka. Då ho var ferdig blei det knysst. Ingen andre turde. Bjørn ville ikkje peke nokon ut sidan det var fyrste gong i år. Jaja. Så gjekk me tidlig heller då. Marius ville ha meg med åt ein eller anna plass. Eg var kjempetørst, så foreslo Rema 1000. Sa åt Ellen at me skulle på date på Rema-en. Heheheh : ))

Ville ikkje på date, måtte eg seie – men me kunne gå på butikken. Hehe. Han er så koseleg Marius. Skikkeleg stilig :) Hadde aldri vore på date i det heile take før fortalde eg.
«Koffår de!?», svara han.
«Uhm. Eg veit ikkje. Kanskje folk ikkje er interessera i meg?», undra eg med Farrisen i handa.
«Trur du det?­».
«Nei, eg gjer vel eigentleg ikkje det. Eg har maange veninner, men aldri hatt kjærast. Eg er vel meir ein ven-type enn kjærast-type», eller noko liknande sa eg medan eg leitte etter sjokolade.
«Er kjærestane dine guter eller jenter?», sa Marius (ja, samtalen er ikkje heilt korrekt, eg hadde ikkje sagt eg aldri hadde hatt kjærast)
«Om eg hadde hatt ein så hadde det nok vore jente».
Hehe. Marius er herleg direkte.

Rakel :)

Tusla meg oppover. Vona eg ville sjå nokon andre frå teateret. Det er så utruleg mange kjempekoselege folk. Eg blir så glad av å sjå/snakke med dei. Ei ny sat på bakken og venta på å bli henta. Eg kjende ho igjen. La merke åt ho i namnleiken – hugsa namnet hennar; ho hadde ein så utruleg vakker munn med flotte tenner. Men no hugsa eg ikkje namnet. Noko på R. Eg sto eit par meter og prøvde å hugse. Ho snudde seg. Ai. Kan ikkje stå å sjå på ho lengre utan å virke spinn hakkande gal. – Eg ville helst kome på namnet hennar før eg gjekk bort å helsa på ho. Men no måtte eg gå bort før.
«Hei!», starta eg på veg bort.
«Hei», sa R sitjande inntil ein stolpe.
«Eg gjekk og hugsa på namnet ditt då me leika, men no har eg gløymd det.», eller noko sa eg.
Ho smilte, eller sa noko. Eg fortsatte «Synest å hugse det starta på R?». Det var rett.
«Hmmm… … Rakel?», kom det ut.
«Ja! .. Og Odin?», svara ho.
Jadda. Typisk. Eg er sjølvopptake og hugsar ikkje andre sine namn, men alle hugsar mitt. :S Snakka litt om det. Hehe.

Ho hadde ein skinnsykkelhanske på eine handa, og eit armbånd og eit svettebånd på andre. Ho var ny i ungdomsklubben og gjekk GK på Lundehaugen. Vore med i to stykkar før. I Hakkebakkeskogen var ho Lille Mus Mei (eller noko, uhm, dei er så like dei musene). Faktisk så ligna ho ei lita mus, med dei stilige tennene.

Ho hadde endra seg mykje frå ungdomsskulen; vidaregåande er heilt annleis. Det er så utruleg sant. Er det alle seier; var slik med meg óg. Så gled dykk alle 10.-klassingar som les dette :p Heheh. Før på ungdomsskulen så var ho mykje meir stille. Ho var jo veldig pratsom no. Dessutan tok ho imot sjokolade frå meg. Normalt skal folk vere «hyggelege» og unnlate. Vel; eg har nyhende, det er meir hyggeleg når folk tek imot! :D Wee!

Gruppa delt i to

Diverre syntest ikkje Rakel det var like moro på teateret lengre. Ho kjende ikkje ho kunne gjere nett det ho ville; tulle seg til slik ho kunne på skulen no (var veldig glad i luni :) ). Men det var jo fyrste gong, var ei stor gruppe (neste gong mindre, eg kjem 17:30, Rakel og Marius 16:00) og dessutan var eksen hennar med alle venene hennar der. Eg veit eg kom i gruppe med Hege og Katrine (sikkert Olec óg då) – heldigvis. Neste gong ser eg kven som er på gruppa; då er det nok mange kjekke folk sidan omtrent alle på teateret er kjempekule. Vel. Eigentleg same kva gruppe eg er i, alltid kjempekule folk. Men hadde vore moro å take dei eg kjenner best å putta alle i ei gruppe då, men veit eg ikkje kan gjere det :p

Så kom foreldra åt Rakel og henta ho. Eg køyrde heim og var kjempesuperglad :D Wee. Det er så kos på teateret. Har gått der i snart 12 år, og eg er ikkje lysten på å slutte akkurat!

6 tankar om “Teateret!! Weee! :D

  1. Rebecca

    Heia, Odin! Høres kjempekos ut på teateret!:) Improvisasjon er DIGG! Sjøl er jeg ikke så veldig god på det, men jeg synes det er kjempemoro for det:P Du kom an, ikke hør så overraska ut over at du sjarmerte mange. Du er IKKE dårlig til slikt! Tvert i mot:)Hihih

  2. Espen Aarhus Klausen

    Nei, Odin. Du sjarmerte jo fem-seks damer i russatiå så du måkje ver redde for å tilstå dine bevisste sjekketriks. Ka sjokolade kjypte du? Musta du ann i jakkelommen og fant ann dagen ittepå? 44 stykk seie du? Det må vel ta vekk litt av gleden. Kjekkare når det e litt mer intimt i små grupper ;)

  3. Odin

    Rebecca: Hahah. Vel. Eg går ikkje inn for å sjarmere nokon, men når eg skal (som på teateret i den leiken) så er eg heilt elendig. Eg sjarmerer ikkje folk, folk sjarmerer meg :D

    Espen: Tja. Eg har ingen medvitne triks i det heile take. Eg er berre glad i menneskje – det er alt. Elles blir gruppa 22 no, det er stort – ja. Men så har heller ikkje du sett miljøet på teateret ;) Treng ingen lita gruppe for å vere samansveisa der nei. Det er ikkje det same som skulen.

    Forresten sjarmerte eg 0 jenter i russetida. Men 2 (3?) jenter sjarmerte meg.

  4. Joey

    Åh… Du må ikke skrive slike blogger Odin… Du får meg til å lengte hjem nå. Jeg savner teateret. En hel del. Er faktisk noe av det jeg savner mest med Stavanger, bortsett fra venner og slikt da selvfølgelig.

  5. Odin

    Joey: Åhh! :D Så bra! Eg vil jo absolutt ha deg tilbake. Så det er nok best med slike innlegg – då er me meir sikker på at du ikkje finn ut du skal flytte åt Oslo eller ein anna obskur plass :D

  6. Skjalg

    Morosam denne kommentaren om Oslo som ein obskur plass…. Nå er jo du og i denne fryktelege staden som du for eit år sian advarte så mykje imot. Johan, Robert og Odin i Oslo. Og eg så vil at dei nå skal lage film om teateret – det er kanskje bra det – då kan dei sjå det heile frå ein annan vinkel……

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.