Æææ! Prostituert!

Køyrde inn, parkerte, gjekk inn. Einaste bil. Eg er åleine heime sidan resten er i Kviteseid. Gjekk på do. DING-DONG. WTF? Kven inni… Kven ringjer liksom på NO!? (23:30). Eg kjende eg blei litt engsteleg, men opna døra…

Æææ! Narkoman! Sto ei dame heilt nedanfor trappa, på plenen. Ho hadde på seg ein kåpe og noko fargerikt, fillete, lettkledde greier under. Tankane raste gjennom hovudet, – ho er narkoman. Ein av desse det har gått snakk om. Ho vil sikkert spørre om pengar eller noko. Hum.

«Er du åleine her?», spurde ho. «Nei», svara eg, normalt så bur eg jo med full familie. «Å, eg berre såg etter nok…», stamma ho lavt fram før ho gjekk. Vil ho RANE meg!? Hadde eg sagt eg hadde vore åleine hadde ho kanskje r… Hum. Det byrja demre. Eg lukka døra og låste. Phew.

Eg var glad eg sa eg ikkje var åleine. Det datt raskt utav meg, – bur eg åleine her liksom? Nei, det gjer eg jo ikkje. Var slik eg tenkte, rett etter kom eg på at eg var jo faktisk åleine nett no, men hadde ikkje særleg lyst å forklåre det akkurat.

Hm. Ho var åleine, såg etter nokon som var åleine. Ho hadde ei kåpe halvopen slik ein kunne sjå dei små (ekle) kleda ho hadde under. Ho såg trøytt og narkoman ut (slik rynkete :( ). ÆÆÆÆÆÆÆ. SKUMMELT! Kvifor gjer folk slik? Skremmer små gutar som er åleine :(

Det er jo ikkje vanskeleg å skaffe seg skikkeleg jobb, – ah, hekkan, tilogmed sosial stønad kan ein leve godt på. Trur eg. Skal prøve ein gong. Nokon som veit kor mykje det er per månad? Aaarh. Kvifor må dei gjere slik med seg sjølv? Og andre? Off. Stakkar jente. Eg skrudde alle ljosa inne av, hadde berre eit lite. Slik kunne eg sjå ut, passe på at det ikkje var skumle folk som hang rundt huset.

Eg må opp 03:20 for å hente Buster (fetter) og Randi (kjærasten hans) på Sola flyplass. Ugh. Men det er trass alt Buster og Randi då, og sidan eg er så kjempeglad i dei og har gode nyhende å kome med så får det gå. Ah, familie. Er stolt over å vere i familie med Buster, stolt over at Randi er kjærasten hans. :D Hihih. Vonar eg ikkje møter den prostituerte igjen då. Uughh. :(

7 tankar om “Æææ! Prostituert!

  1. Karlsen

    nice :P heia tjensvoll! du kan ikkje bare anta at hu e prostituert…. syns du sko sport hu ka det va hu ville, og kanskje invitert hu inn på kaffi og kaker.. tenk så glad hu hadde blitt!

    syns dette va litt dårlig av deg, odin…. og du kalle deg buddhist?

  2. Espen Aarhus Klausen

    Va egentligt ingen underliggande meining i det. Bare laust snakk, men greit. Fysst komme det ei lett tilgjengelige dama, me lett tilgjengelige kler på dørå. Dagen itte komme halliken så lure på kor den lettkledde damå e. Han finne ud at dette e ein fine location for å driva me ulovlige aktiviteter, samtidig tjena litt gryn på det. Wops, dag 3 e her. Et bordell har blitt skapt.

    Akkuratt som om du sko gi ein katt (så ikkje e din) mad ein dag (udfor huse ditt vel å merka). Dag 2 komme og katten står på dørå og mjaue, vil ha mer mad. Dag 3, vil fortsatt ha mad. Te slutt har det blitt ein rutine for den uvelkommne gjesten, så lenger ikkje e uvelkommen.

  3. Odin

    Karlsen: Tjensvol(l|d)? Hadde du sett ho, så. Såg narkoman ut, hadde den kåpa og kleda under. Nei. Dette er noko eg er sikker på. Eg kom på det då eg hadde lukka døra då. Same kva; det var skummelt, og nei, eg vil ikkje ha ho inn. Dessutan ville eg leggje meg.

    Espen: Hum. Javel. Bra eg ikkje tok ho inn då! Phew.

  4. Teirik

    Så hvis eg någengang finne ut at eg vil besøka deg sånn ca. 12-ish, så åpne du dørå me balltreet klart og 113 tasta inn på mobben? :p Kan være faaarlig det, vettu! ;)

    Tihi, men off, ja, dessverre, uansett om hu e/va prostituert/knarkar, så e det ikkje bra :S dakar lille odin så har fått seg ein støkk og trauma for resten av livet :)

    Forresten e det Tjensvoll, sjøl om det t tider passe best med Tjensvold.. «nuff said «bout tha» one

  5. Rebecca

    Uff, stakkars dame. Jeg tror heller ikke jeg hadde invitert henne inn om jeg hadde vært i samme situasjon, men uff…tror ikke jeg kunne unngått å få dårlig samvittighet likevel. Synes synd på henne, jeg. Jeg hadde sikkert freaka totalt ut sjøl asså, hadde blitt livredd. Eller, hadde vært verre om det var en ekkel mannlig narkomaniker, da. Menmen…kan’ke være lett å være den dama. Synes du takla det bra, jeg ;)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.