Ei tapt periode

Tårevått golv. Det forsvinn ikkje. Ikkje raskt iallfall. Fliser har den funksjonen. Ein 7 år gamal gut sit samankrølla på golvet med hendene folda. Ein ateist som bêr åt Gud. Ein liten unge som gjer alt for å takle sorgen. Må prøve alt, berre for å vere sikker.

Tanta døydde. Var eigentleg meir som ein andre mamma. Den kjempeflotte systera åt mammaen hans. Framleis ikkje 30 år. Ei ung, snill, flott dame. Det var over ein månad sidan gravferda. Presten las opp korleis ho likte sjå guten og den gjevnaldra fettaren hans leike. Guten græt. Ein diger klump i halsen. Han prøvde unngå lyden. Unngå å vise smerta.

I kista foran låg syster åt mammaen. Jord snakka presten om. Klangen frå orda hang lengje i kyrkjeveggane. Stille. Heilt stille. Guten sat og såg på, rett rygg. Tårevått fjes. Men ingen bak ville sjå det. Berre å ikkje lage lyd. Tante ligg inni boksen. Klumpen vokste. Ho blei senka ned. Såg for seg det som skjedde på vegen ned kyrkjegolvet. Ned i flammehavet. Inni den klaustrofobiske kista. Ned i eit lite rom. Flammer. Ugudeleg heitt. Brennbart. Alt brenn, huden smeltar.

Brenne kroppen. Det blei mykje for den lille guten. Tante skulle bli aske. Fetter sat på andre sida. Han græt ikkje. Iallfall ikkje nett då han såg bort. Han hadde sikkert græte så mykje allereie. Ingen tårar igjen. Berre smerte. Den lille kjende smerta åt fettaren. Men ansa ikkje trua han hadde. Den trua hadde ikkje guten.

Klåra ikkje stoppe tenkje på ho. Tenkje på fettaren. Fettaren utan mamma. Utan mor. Han kunne aldri snakke med ho igjen. Aldri. Aldri møte ho igjen. Mykje ugjort. Mykje usagt. Mykje som aldri ville skje, mykje ho aldri fekk sett. Timane på badet flaug forbi. Ville han at nokon skulle forstå? At nokon skulle forstå kvifor han var låst inne åleine på badet så mykje? Guten hadde ikkje plass åt slike tankar. Andre tankar. Døyd var hovudprioritet.

Han hadde vore hos bestevenen sin. Blitt henta. Ville eigentleg ikkje, men det var ei uvanleg andletsbragd i mammaen sitt fjes. Noko han ikkje hadde sett. Ho hadde vore hos syster si. For litt sidan, fekk klem. No låg ho berre der. Ho låg der. Og me skulle sjå ho. Oransje gardinar lagar oransje rom. Sit på ein stol. Ein oransj stol. Kanskje dei oransje gardinane sin feil. Viktig for guten å sjå. Det snakka foreldra om.

Inne på rommet. Mørkt. Døyde menneskje treng ei ljos. Alt oransj ljos kunne ikkje endre den blå fargen. Blått menneskje. Som ikkje rører seg. Kaldt menneskje. Ikkje menneskje meir. Berre. Noko anna. Iallfall ikkje eit menneskje. Det var ikkje det same å take handa. Ho var tung. Varmen vekk. Kjensla av nærleik var vekk.

Det var ikkje plass åt grine elles. Badet var einaste plass. Tankane kom overalt. Spesielt på fetter. Fetter og mora. Parallellen med guten si eiga mor var sterkt nærliggjande. Men det tenkte han ikkje på, det var ikkje plass åt anna enn tante, døyden, himmelen, livet og meininga. Meininga med alt. Eller for den lille; mangelen av meining. Alt meiningslaust.

7 år gamle ungar plar ikkje tenkje på slik. Dei treng ikkje. Denne guten måtte. Han hadde ingen tru. Det var ei vond skjebne. Mammaen var redd for han. Så redd at syster hans ikkje blei oppdratt utan gudstru. Skulen fekk indoktrinere ho fritt.

Ho har insinuiera det seinare. Om den psykiske stoda åt guten. Guten hugsa nærast ingenting. Den perioda. Frå nokre månader åt eit år; vekk. Var stille. Sleit fælt. Fælt. Alt guten hugsa var diverse scener på badet med lite overtydane bønn som ein mogleg utveg. Men det var det rett sagt lite meining i. Liten framdrift. Same kva. Alt. Måtte gjere alt. Prøve alt.

5 tankar om “Ei tapt periode

  1. Skjalg

    Eg felte nokre tårer då eg las dette. Døden er vanskeleg, det vanskeligaste i livet. Slutten. Kva blir det av dei me er så glade i når dei dør. Det er mange som tek oppgjør med si tru i slike vanskelege livssituasjonar, det er forståeleg. Smerta er nærast utåleleg – men ein må kjenna på dennne for å setta pris på alt de gode i livet.

  2. Odin

    Er fantastisk glad over all tenkinga. Var negativ til 8./9.-klasse, nøytral med eit relativt syn på livet 9.-GK. I Oxford; eit veldig positivt syn på livet. Meiner eg har funne ein del av meininga.

    Ein kan berre finne den meininga sjølv, gjennom slike tenkjeprosesser. Ingen kan diverre fortelje det, – synest det er litt synd sidan det då er litt vanskeleg for meg å hjelpe andre lett. Dei må verkeleg gå inn for det sjølv, byrje fundere og tenkje over livet. Meditere. Dessutan er eg ikkje klår nok for å kunne leie andre slik; eg prøver, men feiler mykje :)

    Eg trur forandringa gjer at eg taklar problemer lett. Veldig lukkeleg, trass den lange vegen som framleis er att. Så lengje eg ser framgang i andre sine liv og deira lukke så kan det godt take meg nær uendeleg tid; for alt går jo bra til slutt. Jobber ein godt og lengje så blir alt liv fritt og oppljost. Og er det noko me får, så er det tid! :)

    Kort sagt. Slike stoder, slike perioder er basis for noko mykje betre seinare; det er ei historie for å forstå litt meir av personen, kanskje…

    Forresten meiner eg sjølv at ein kan avskaffe smerte 100% og vere konstant lukkeleg; vere heilt fri frå liding. Men då er ein ikkje i same form som me er i no ;)

  3. Odin

    Jepp. :) Men det er som sagt langt der framme, noko ein må hjelpa folk til å nå; sjølv kor lang tid det kan take. Når ein er heilt fri frå liding er ein perfekt reiskap for å setja all kraft inn for å hjelpa alle levande skapningar :)

  4. Tilbakeping: Brua til Terabithia, fantastisk god barne(?!)film - Velmont - Odin Hørthe Omdal

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.