Intervju om bloggen min

Hetland VGSEg fekk nett ein epost frå Karen på «Hetland VGS»:http://www.hetland.vgs.no, dei har eit avisprosjekt der ho skal ha eit intervju om blogging. Eller noko. Same kva, ho spurde om eg ville svare på eit par spørsmål – så her er svara.

Hva syns du om ideen å skrive Blogg?

Wow, det var litt av ei formulering. Idèen å skrive blogg, vel, eg gjer det jo, så eg likar det nok. Sjølv om eg meiner ein bør ha noko å seia; eller ha eit formål med bloggen. Eg har ikkje noko å seia, så eg må ha eit formål, og det trur eg at eg har.

Bruker du Blogg selv?

Ja, det gjer eg, bloggen min ligg på http://www.velmont.net.

Hvis ja, Hvordan kom du i gang med dette og hvor fikk du det fra?

Eg starta blogge sommaren 2003, då kalla eg det ikkje blogg grunna dei negative assosiasjonane knytta åt ordet. Men det var altså ein blogg. Då eg gjekk VK1 i Oxford byrja eg oppdatere han oftare, eg ville halde dei heime (i hovudsak pappa) oppdatert på kva som skjedde. Elles var det greitt å ha det for lesing om nokre år. Eg las pappa si dagbok frå då han var 16 før eg drog, hadde kanskje litt med det å gjera.

Etter litt fann eg ut at kameratane mine blei utruleg engasjerte og sjekka sida ofte. Så då starta eg skriva for dei, eg fekk ein del epost og det var moro å sjå kor godt folk likte at eg fortalde om hendingar i Oxford. Eg sat ofte seint oppe og skreiv med full musikk, hadde det ganske enkelt kjempemoro med å skriva.

Leser du mye fra hva andre skriver i sin blogg?

Ja, eg les ein god del bloggar. Eg likar best personlege bloggar til folk eg kjenner – men les òg emnebaserte bloggar. Likar godt skrive tekstar, tekstar med eit poeng og underfundige fråsegn. Les mykje, mykje meir enn eg skriv. På ei uke les eg vel iallfall 40 forskjellege innlegg.

Hva er grunnen til at du skriver blogg?

Då eg kom tilbake frå Oxford, og ikkje var like langt vekk frå alt, fann eg ut mange fleire enn eg hadde trudd las bloggen min. Det var overveldane mykje. Etter ei sommar utan oppdateringar skreiv eg eit innlegg om at eg kom til å leggja ned heile sida, etter litt fekk eg klagar og sette til slutt opp ein ny.

Eg fann ut eg ville dokumentere russetida for å kunna lesa om det seinare. Så var bloggen oppretta; og eg har holdt han gåande til i dag. Eg lever på dei som seier dei les han, det er mykje av grunnen til at eg oppdaterar no. Dessutan er det moro å skriva :)

Hvor ofte skriver du?

Nett no er det ein stille periode etter eg blei samen med Rebecca, så eg oppdaterer med eit 5–7 dagars mellomrom. Eg har oppdatert kvar dag, men det mest normale er eit 2–3 dagars intervall. No skal det seiast at eg skriv mykje lengre innlegg enn normale bloggar, eg skriv ikkje om det ikkje er noko å melde. Eg tenkjer «er dette unormalt/moro å lesa i lengda?» før eg legg noko ut.

Blogg er mye av det samme som en dagbok, hvorfor skal andre folk lese hverandres dagbok?

Av di det er moro :) Ein blir kjend med personen, – det kan vere underhaldane; nett som ei bok. No er det forskjellige typer bloggar, emnebaserte og personlege. Emnebaserte er ikkje dagbok-ish, men det kan personlege vera. Sjølv skriv eg meir eit og eit innlegg for seg sjølv, det er ikkje ein typisk dagbok-blogg.

Post-intervju

Og så litt info til slutt, slik ser bloggstatistikken ut nett no.

  • 112 innlegg og 710 kommentarar i 25 kategoriar.
  • 37 brukarar.
    • 10 aktive.
  • Innlegg-database: 680KB, heile sida: 1,5MB.
  • Denne nyaste versjonen av bloggen har levd i eit halvt år, I DAG, gralla!
  • 1000 unike vitjande denne månaden (3000 vitjinger, det tyder 3 vitjinger per person).
  • Mest vitja innlegg denne månaden: Ikkje akkurat neger, men… (WTF!? Det er jo gamalt).
  • IE: 50%, FireFox: 30%, Opera: 8%
  • 23% av treffa mine er frå søkemotorar.
    • 70% av dei frå Google Images, 20% frå vanleg Google.
    • 13% av søkeorda er “Kroatsia” (med skrivefeil ja).

4 tankar om “Intervju om bloggen min

  1. Teirik

    Heh, va veldig standariserte spørsmål må eg sei :P Det kunne blitt mye bedre viss hu hadde respondert på svarå dine, og ikkje bare standarisert spørsmålå, men igjen, så hadde jo det krevd litt tid og planlegging, og det hadde ikkje gått vha bare ein e-mail… Litt gøyalt å lese fordetom :)

  2. Odin

    Ja, sant det. Kunne kanskje heller lese ein del av bloggen; for å så kome med spørsmål meir direkte retta mot sida. Hadde sikkert lokka meg til å svara meir interessant ;D

  3. Skjalg

    Blogger er kjekke greier. Det er ikkje så mykje me får greie på frå Odin; kva han held på med, så derfor held eg meg orientert her. Så fint. Eg er vel den einaste forelder som fylgjer med her kan eg tenkje meg. Eg synest bloggen er så god at eg har nominert han til Dagbladets konkurranse i katergori «Under 20».

  4. Egil

    Har merka at d har blitt ein stille periode her ja. Kanskje fordi eg har an te startside :p Men for all del, d som e så bra me siå di e jo at du nettopp ikkje skrive korte innlegg uten substans. Hadde vært spennandes om du konne skreve någe om koss d går me einmannsforetaket ditt.

    Forresten, om du ikkje har gjort d ennå så bør du skaffa deg et medlemskab i Storcash (http://www.storcash.no/). Veldig grei butikk for folk som har egne foretak. Har butikk på forus. Mye billigt!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.