Måltur åt Homborsund fyr

Denne flotte helga eg heilt hadde gløymd kom. Superkule folk frå målungdommen (Oslo og Stavanger) på ei lita øy med eit fyr. Det er tri veker sidan no, men likevel låg denne historia her som kladd. Gjorde han like godt raskt ferdig for å få det vekk frå kladdane. Koseturen var kjempekos.

Stormen uler rundt fyrtårnet. Det er békmørkt. Eg må pisse. Stemninga er verkeleg upåklageleg. Syng frå boka «Eg vil so gjerne syngja». Der dirrar i kjøkkenveggane av dei ruvande stemmane, leing tek over då eg snik meg ut. Putter på meg nokre digre sko, gidd ikkje taka mine eigne. Ute blæs det storm. Er på eit lita øy med eit fyrtårn. Rett ut mot havgapet. Alt er svart, men eg kjenner bølgjene er enorme. Salt frå dønningane når meg 30m over havet, 200m inn på øya. Ikkje småtteri til vêr.

Det er ikkje lurt å pisse i motvind. Det veit tilogmed den andre delen av verda som ikkje (?) har testa det. Difor gjorde eg ikkje det. Pissa ikkje i vind i det heile, det var for skummelt. Fann lé før eg fortsatte. Litt tidligare på dagen hadde eg teke toget åt Kristiansand. Hadde billett heilt åt Oslo, trudde me skulle dit eg. I tillegg kjøpte eg komfort-plass, det var ikkje plass på vanleg. Så alt i alt bruka eg meir pengar enn eg burde. 150 kr ca.

Eg prata med Gard, 25 år, jobbar med barn og psykologi. Han er ein av pådrivarane i Stavanger Filmklubb. Dei andre kom seinere på linja. Jarle, 16, speler orgel. Vebjørn, 17, leiar i målsiddisane. Den siste av målsiddisane (og einaste jente), Elisabeth Skatvedt (eg har skrive heile namnet hennar før på heimesida så :) ), 19, bur i Oslo, så ho reiste med dei. Ho studerer tsjekkisk og gjekk på Hetland saman med meg siste året.

Mannen som skulle køyre oss ut åt øya hadde satt seg på bakbeina av di me var ein halvtime sein. Han ville ikkje køyre. Fann seinare ut det var av di det var blitt mørkt. Heldigvis fiksa dei skyss ut. Utrykksfullt vêr på veg inn over Noreg. Det var nett dét vêret eg sto i nokre timar seinare. Då hadde me ete pasta i naustet, med ein god del stearinljos som einaste ljoskjelde. Superkoseleg, det ulte utanføre, medan me sat rundt det lange bordet alle 11 og introduserte oss sjølv.

Unge Høgre-vitsane satt laust, det lokale gjenferdet hadde halsband frå dei óg. Han lika dårleg at øya var fylt opp av folk som ikkje kan flytte seg stort meir åt høgre enn senterpartiet. Nynorskskrivande målungdom som syng internasjonalen, den gode gamle songen kjend frå Sovjet. Unge Høgre hatar som sagt nynorsk, sjølv om dei håplaust prøver seie det er sidemål dei ikkje likar. Alle ser det er tull. Hehe.

Også dei idiotiske reklamene han der sjølvdiggaren av ein høgrefyr hadde! Hahaha. Lagar reklamar for å fortelje kor kul og tøff han er sjølv. Siste sort :P Prøver óg å rakke ned på “Sosialisten Aslak”. Hahahahhah. :D Eg finn meg faktisk 100% einig med Aslak, heile reklama er jo laga med utgangspunkt at Aslak har feil :p Humor!

Fyret var fantastisk. 16 ljos som gjekk ut i natta. Strålar som gjekk om si eiga ljosakse. Ein må ha vore der for å forstå kor vakkert det er. Eg angra fælt på at eg ikkje tok med kameraet. Eg tok med laptopen, som eg helst ikkje burde hatt med. Trong han ikkje. Det gjorde eg derimot med kamera. Alle desse folka. Denne naturen. Dette vêret. Stjernehimmelen var superklår dagen etter.

Me frå Rogaland, tøffe som me er, sat oppe til 3–4 båe nettene og snakka. Barske rogalendingar! Eg fekk massasje frå Gard som er god på feltet, han er ein god liten luvvie nett som meg. Me snakka om meditasjon eg trening av sinnet i desse dagar der alle trener kroppen. Tingen er at eg er så overraska av at folk trener kroppen heile tida, men det er jo trass alt sinnet som tek inn all informasjon rundt ein. Det er det som avgjer lukka, det ein kan styre heile livsføringa si på!

Han massera veldig bra, – men konsentrera seg ikkje berre om ryggen og dei store muskelgruppene slik eg er vand til, men tok altslag småplassar óg. Tydeleg at han har fått mykje inn frå folk som kan det med energistraumer o.l. Veldig interessant, og ikkje minst kjempegodt. Blei god og avslappa. :D Etter endt massasje lura han på om eg kunne. Eg hadde ikkje meir erfaring enn pappa som har massert meg eit fåtal gonger (diverre ikkje meir, skjerpings!) og så har eg massert mormor for 1kr minuttet i ei årrekkje då eg var liten. Elles div. veninner oppgjennom åra, men ikkje så veldig mykje diverre.

Eg masserte han i ein 30–40min, tok heile bakre del av kroppen. Han var utruleg takknemleg og kom med masse ros, hihi. Det var moro å høyre, i frå ein som har meir peiling enn meg og greier ;D

Elisabeth strikka ei kjempetøff lue åt ein kamerat, eg fekk strikka ein halvtime eller noko. Eg tulla mykje til, men ho var like glad og hjelpsom – veldig søtt :D Eg må ha vore litt til bry, heh, jobba seint og satt meg fast innimellom; men ho syntest det berre var moro :D Me søv alle på same rom, ville ikkje vekke dei andre. Kjempekos. Eg hadde sjølvsagt gløymd søvepose, så eg søv med kleda på.

Elisabeth og, hm, trur det var Trine, hadde laga frukost – kom ned og koste oss. Etter me hadde gjort litt av det på planen gjekk me ut på ekskursjon. Elisabeth spurde om me skulle bade imorgon; «Veeeel, det er jo kaldt. Men eg tok med badebukse…».
«Me badar jo naken!», svara ho raskt.
«Eg tek gjerne ein morgondukkert», ytra Gard og strakk labben ut. Dei skulle bade ja. Såg på meg. Elisabeth retta handa ut.
«Kan godt hende eg blir med, men eg tek deg ikkje i handa på det!», sa eg. Rart, eg har ikkje pleid vere så feig. Hihi. Men blir vel eldre ^^

Me hadde det igjen kjempemoro. Denne natta planla me korleis me skulle take over Kvitsøy:

  1. Få alle medlemane i NMU (1200 eller noko) til å melde flytting åt Kvitsøy rett før kommuneval
  2. Opprette parti.
  3. Alle stemmer parti.
  4. Me vinn overlegent.
  5. Me får styre Kvitsøy, og blir ein KNALLRAUD kommune midt i blåe Rogaland
  6. ???
  7. PROFIT!!!!

Ah, kanskje slå vekk den siste der med profitt, – det er trass alt ikkje formålet med raude kommunar! Det me heller skal gjere er å spreie oss, kommune for kommune – heilt til heile Noreg er innrullert i den sosialistiske/kommunistiske varmen!! WEEE! :D AHvel, det var iallfall planen på kjøkkenet kl. 03 midt uti havgapet på sørspissen av Noreg.

Eg søv litt betre. Fekk pledd denne natta. Neste morgon var det bading. Eg sat igjen medan dei andre sprang ut, skal, skal ikkje. Eg sprang opp, henta handkle, sprang ned – kasta av meg kleda, kasta meg uti. Dei andre var på veg opp igjen, må ha vore kort bad. Men dei kom uti igjen då eg hoppa. Skreik og hylte, hihihi, var superkos! :D

Herleg å bada naken. Eg er så mot at det skal vere eit problem; det er den enorme sexifiseringa som er problemet. Nakenheit == sex liksom. Det er reinspikka tull. Det er plagsomt og vondt. Det er jo heilt naturleg, og eg er heilt einig med naturistforeninga. Eg las nett ein bra artikkel bak på Aftenbladet; så får eg seie; eg er naturist! :D Hihih :D Eg er mot at nakenheit skal vere tabu. Det er teit.

Åååh, det var så herleg vatn! Plaska kjempemykje og hoia fælt. Så skulle me dra. Stavangerguta var igjen og rydda, dei andre var klemma hade-bra. Møtte dei likevel igjen då dei sat og venta på bussen. Det var koseleg, sat oss ned og snakka. Meg og Elisabeth åt alle gulrotene Gard hadde stelt i stand. Tidligare åt eg støre deler av peanuttene hans. «Du smakar salt, lurer på kor du har bada» sa Elisabeth lurt siste klem før ho stakk i bussen. Då hadde eg prakka på russe-/visittkortet mitt på fleire personar. Hihi.

Så tok me toget heim. Kos. Men innlegget er for langt, og alt, alt, alt for seint ute! Ah, forresten, ser eg ikkje har skrive så mykje om folka. Vel, folka var kjempestilige. Alle saman. Det er så stilig når ein dreg med ein slik organisasjon; ser kor flotte folk som kjem. Det gjekk mykje i nynorsksnakk, superkos. Sivilarbeidar for NMU, Jens, hadde omsyn for det meste av turen.

5 tankar om “Måltur åt Homborsund fyr

  1. Lisja

    Ja, det var verkeleg ein flott tur! Du kjem vel på Norskfagskonferansen i november? Eg gler meg heilt enormt mykje:o)

  2. Odin

    Eg har jo sagt det fleire gonger (ah, men alltid med atterhald), hehe. Eg har satt av tid, må få ordna billetter o.l. Det blir sikkert kjempemoro ;D Men eg må leggje meg, jobb imorgon.

  3. Odin

    Vebjørn: Neidå. Det er berre vakkert! ;D Elles treng ein ikkje skriva nynorsk for å verta medlem, ein må berre synest det er ei flott målform. Eg kan verva dykk som vil verta medlem ;D Har blokka i sekken min, så er berre å spørja. Eg er såpass redd for å spørja folk om det endå (redd for eit «øhm, – nei!»), så eg har ikkje spurd nokon. Men berre sei ifrå, eg blir ekstremt glad for det. Kostar mindre enn lunsjen på skulen gjer det óg!

  4. Vebjørn

    Kjempeflott. Då trur eg at eg gjer det.

    bq. Pssst! Høyrest det ikkje kjekt ut å vera med i målungdomen, vel?

    ;o)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.