Amsterdam, dag 2-3

Arrr, klokka er 09, me må snart dra. La meg 04 i natt, dagen før det 05–10. Har framleis ikkje gjort hovudpunktet i kvifor eg er i Amsterdam, men det skjer i dag og imorgon. Kjenner likevel for å gje eit kort resyme av kva som har skjedd til no.

Dag 2, gig @ Burbon Street

Fyrste dagen har eg allereie skrive om, men veit ikkje korleis eg skal få det av laptopen endå. Sto opp hos Peter, forsto ikkje dusjen så eg dusja ikkje. Det var iskaldt ute, og regna då me fann ut dei me skulle til ikkje var heime/vakne. Satt oss inn på ein internettcafe då.

Når Balkyre (anar ikkje skrivemåte) og kjaerasten var oppe gadd me ikkje dra til byen igjen. Sat inne med dyner over oss i sofaene, eg starta på Harry Potter og fangen frå Azkaban. Neste dag var eg ferdig med han. På kvelden skulle dei spele på “Burbon Street”, ein bluesbar her i Amsterdam. Eg filma litt av det, men eigentleg er ikkje det noko me skal ha så mykje av. Var masse gamle folk, var der frå 20–04. Skulle gjerne gått klokka 00 eg, men akk. Tok Taxi heim, synest han tok ein litt lang veg. Slik er det med turistar.

Dag 3, gig @ Waterhole

Vakna av enorm snorking. Då var klokka 10, eg gjekk å dusja (denne dusjen kunne eg forstå). Måtte taka på dei gamle kleda; sidan eg ikkje (ingen av oss) visste at me skulle sova hos dei. Naerme byen. Det var jo myykje greiare då. Slapp å taka ghetto-nattbussen heim att. Dei kleda stinka. Var i byen, åt frukost og såg på menneskje. Eg kjøpte ei brun-ish hue/lue. God og varm.

Denne dagen skulle dei spela på ein plass som heiter Waterhole. Før det sat eg litt på maskina, ville skriva. Rebecca ringde meg, sidan me hadde 1-månadsdag. Me prata alt for lengje, noko båe min og hennar foreldre si telefonrekning vil sjå. Eg prata frå eg var i leilegheita, ut til trikkestoppet, på trikken, gåtur i byen, utanfor Waterhole, gåtur til Burbon, gåtur tilbake, så masse vimsing rett uti gata der. Var heilt varm i øyra då me slutta av. Berre nokre få dagar til eg er heime lell, sa det er ikkje noko problem.

Sjølv om eg savna Rebecca då eg sto opp i dag, eg har ikkje for vane å gjera slik, men no hadde det tydeleg gått lang nok tid for det (4 dagar). Heilt aerleg trudde eg det skulle taka lengre tid. Tok jo eit halvt år før eg tenkte på familien då eg var i Oxford. Men Oxford hadde mindre dødtid, var mykje meir utfordrane og nytt. Same kva, det var ein avleiing.

Inne på Waterhole spelte Pat Savage Band veldig bra. Dei hadde fått med seg ein utruleg dyktig pianist (som hadde reist i Noreg og plumpa ut med norske setningar) og det var mykje meir speleglede enn dagen før. Dei tilsette på Burbon hadde sagt dette var det beste bandet dei hadde hatt der på iallfall eit år. Burbon plar vera plagsomme sutrekjerringer seier Pat, så han var positivt overraska over å få god tilbakemelding av dei.

Kjaerasten til trommisen ville absolutt visa meg Red Light district her i Amsterdam. Eg sa fort at det hadde eg ikkje stort mykje lyst til; eg likar ikkje slike plassar. Han fortalde meg om korleis det var, at dette var ein turistattraksjon – sikker og trygg. Ikkje som Soho i London (som eg diverre har hatt tidligare erfaringar med). Han overtydde meg – dessutan skulle me berre gå gjennom gata.

Red Light district

Me sykla bort, det var forresten kjempemoro. Var ein gamal sykkel; men wow så god. Mykje betre enn dritet heime, – dette var ein sykkel i klasse med racersykkelen min i Oxford. Det var raude ljos, jenter i eit rom med vindauge foran som sto i undertøy. Han hadde sagt at dei

  1. Var bak glass
  2. Dette var ein turiststad
  3. Dei hadde undertøy på

…så då hadde eg gått med på det. Heldigvis snakka han sant, ikkje at eg nokon gong trudde noko anna. Gatane var reine, det var masse folk. Masse folk ein ikkje hadde forventa å sett ein slik plass. Var tydeleg at det var ein turistattraksjon; det var sikkert tynt mellom dei ekte kundane, heldigvis! Eg blei ikkje så vemma som eg trudde eg skulle bli. Ein såg ikkje noko handel, ein såg ingenting – det var som ein motevisning meir eller mindre. Jentene var friske, ikkje narkovrak – det var masse politi og ein slapp sjå noko ein ikkje ville med mindre ein oppsøkte det.

Eg var såpass naiv at eg ikkje forsto det heilt, spurde korleis dei tente pengar på å stå bak vindauge og dansa/sjå på folk som gjekk forbi. Det var nok prostitusjon. Offa. Gjekk ikkje opp for meg lell. Ah, då me gjekk blei eg vemma, gjekk forbi ein DVD-butikk med DVD-ar eg helst ikkje vil ha. Eg trur eg sa litt høgt at eg synest det er ei skam for verda at dette er slik ein diger industri. – No veit eg iallfall mykje meir om den berømte staden.

Sykkel heim

Eg traff ein nederlansk fyr og prata lengje med han. Fyrst om Pat og jobben min, så om språk, politikk og ymse anna. Snakka lengje om det å ikkje drikkje – virka verkeleg som om han tenkte godt der. Han forsto verkeleg mykje og var veldig smart. Snakka om Buddhisme og korleis ein lever livet. Ein utruleg flott samtale, – det var godt å høyre at båe kunne setja einannan på andre tankar. Og når han kom med eit dårleg argument berre såg eg på han, og han innrømte det straks.

Dei slutta spele 3. Eg gjekk ut, men kom ikkje inn igjen. “Mandatory wardrobe”. My ass. Eg hadde jo ikkje jakke på meg, eg hadde kamera og jumper. Likevel ville bølla ha pengar av meg. Vel, då snudde eg meg heller og satt meg utanfor. Byrja bli litt dumt i lengda; men nett då kom Balkyre og kjaerasten (NAMN!?) ut. Eg ville taka følgje med dei. Sa eg skulle jogga, men eg blei plassert bakpå. Det var betre, kunne ikkje haldt opp med dei lell. Dei har gode syklar og flate vegar. Dessutan er sykkelvegane her i Amsterdam kjempebra! Det er syklar overalt, kul by slik.

Sat bakpå, kom heim, hadde hyggeleg prat med dei før eg la meg kl 04, ca. Eller, klokka var nok litt meir – var vaken då Pat kom inn kl 0515. Han hadde vore litt nervøs før han såg meldinga mi. Eg visste han ville bli sein; men eg ville så tidlig som mogleg heim. Hadde ikkje nokon grunn til å hengje på barar heile natta. Ugh. Pat søv no forresten, han legg seg berre ned på sofaen; fem minutt; SNOOOORK. Ganske utruleg. Men nok om det, då hadde eg fortald dagane i resyme. I dag får eg skrive om seinare…

5 tankar om “Amsterdam, dag 2-3

  1. Monique

    Hmm, har ikkje kommentert på ein god stund eg:)

    Aldri heilt fått med meg koffor du e i Amsterdam, men det e vel i jobbesammenheng hvis eg ikkje tar feil?

    Eg håpe då inderlig at du lese Harry Potter på engelsk? Hvis ikkje så må du lesa heile serien på ny;) Sikker på at du får alt med deg når du lesa an så voldelig fort?

    Forsto du ikkje dusjen? E det mulig?;) Det pleie jo vanligvis ikkje ver mer komplisert enn at du må skru på den eine saken for å få an på, å den andre for å få litt varme på saken. Av og t e det jo de dusjene så du må trykka ner den eine knappen før du kan snu an rundt, men mer komplisert enn det? Eg kan jo ikkje sei at eg har greie på kossen dusjene i Amsterdam eg då, for alt eg vett så kan de ver gyselig kompliserte:)

    Snakte i telefonen sååå lenge?! Hvis dette va hustelefonen så kan eg kanskje begynna å klaga. Eg får aldri snakka me Miriam i tlf i mer enn ein time før me bler kasta av. Kanskje ikkje samme situvasjon, men for det! ;)

    off då, masse sånn i Amsterdam ja. Ikkje alt e så bra:) Får vondt av sånt.

    Hihih, Pat!:D Det ligge i blodet Odin;) Me e vanskelige å forstå:)

    Ha det koselig videre, å ha ein fin tur hjem på mandag. Glad i deg.

  2. Rebecca

    Jeg forstår godt at du ikke forsto dusjen, jeg. Jeg har alltid problemer med det sjøl. Jeg mener bestemt at alle dusjer burde være like enkel som vår, tihi. Gleder meg til du kommer hjem :)Kjempeglad i deg!

    Monique: Nå ble jeg litt fornærma her. Harry Potter-bøkene er sabla gode på norsk! Synes de er kjempegodt oversatt, og det er jo kjempegøy for de litt yngre som leser dem at Torstein Buge Høverstad har laga egne ord og navn. På den måten slipper de å streve med å uttale innvikla engelske ord. Ikke at jeg ikke liker bøkene på engelsk, asså! De er jo alltid best på originalen, men jeg synes de er kjempebra på norsk òg :)

  3. Monique

    Rebecca Off då, eg fornerme alltid någen når eg snakke om HP bøkene.

    Eg ska ikkje sei så voldsomt masse, i skade for å bli saksøkt av han Torstein:) Men, nei, de e IKKJE lika gode på Norsk.(hvis eg får lov t å åpna meg opp å sei det) Mannen har bytta ut normale navn med..andre ting. Det e ingenting gale me navnene han har lagd, men va det virkelig nødvendig å bytta ut Charles med Rulle? (tar forbehold om at det kan ver han så hette Kalle:) Hmm, ok. Dårlig eksempel på det eg ska fram t…

    Det e jo selvfølgelig bra at han har oversatt an, eg seie ikkje at me ska setta 9-åringer ner med ein engelsk bok på et par 300 sider å be de lesa an. Eg meine bare at det ikkje blir heilt den samme bokå, får ikkje heilt fram alt:) Det e mer adjektiv i Engelsk enn Norsk egentlig, så då blir med et setningene litt mer kreative (?) enn på Norsk. E litt vansklig å forklara, og det at eg ikkje e så flinke t å forklara sånne ting skriftelig hjelpe ikkje akkurat saken så drastisk. Men eg kan sei det t deg neste gang eg kjem på besøk;) Hihihi.

    På forhond beklage eg hvis eg fonerma deg eller någen andre med denne kommentaren:)

  4. Odin

    Monique: Hehe, altså. Det var ein vask som sto i eit rom. Den vasken hadde ein vanleg slange ut toppen, og kran nedst. Den slangen hadde ikkje noko som spreidde vatnet – men var berre ein vanleg slange. På veggen var det ein metall-plugg. Voilá; dusj iveg! Eg forsto jo at ein skulle halde slangen medan ein dusja, — men eg ville hengja han opp. Det gjekk visstnok ikkje – difor vanskeleg ;)

    Elles er norsk eit utruleg rikt språk, berre at me slakke nordmenn brukar så utruleg lite av det. Me brukar heller tyske importord sjølv om me har flotte norske ord. Wergeland (som tilogmed var ein bokmål-mann (?)) hadde over 4x så stort vokabulær i tekstane sine enn Shakespare. Elles synest eg dei var veldig godt skrive. Skal få lese dei engelske òg eingong tenkte eg.

  5. Skjalg

    Mykje Harry P her – har ikkje sett så mykje te han verken i bok eller på film… Men Amsterdam, ja det er ein spennande by. Nederlendarene er fine folk som har engasjement og ofte fine meiningar… Har hatt mange fine opphold i Nederland og Amsterdam (og på filmoppdrag). Har og tatt nokon fine bilder i RL District i 1978. Det er noko diffust forklart kva dette filmoppdragetditt går ut på. Du får forklare folk kva du held på med, Odin.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.