Amsterdam fyrste dag

Det var nesten for seint det. «Du er veldig sein», sa dama som skulle sjekke meg inn. Eg hadde utsett turen til flyplassen grunna heimeside-fiksing. Pappa utsette det meir med å måtta skriva ein epost. Då åt eg like godt litt. Lovleg seint ute på motorvegen spurde pappa om eg hadde passet med; alle kan jo gjetta at det hadde eg ei.

Alt dette resulterte i at eg kom til innsjekkinga eit kvarter før flyet gjekk. Som alle veit skal ein vera ein time før på slike utanlandsreiser. Men dei gjorde eit spesialhopp sjølv om dei eigentleg var ferdig med baggasje-flyttinga. Då eg kom til gate-en stod det «gate closing, last call». Ooh. Hadde eg vore nokre minutt seinare hadde det vore flyplassoverflate av meg. Sat meg godt ned, drog fram dagens bok; Harry Potter og mysteriekammeret.

Peter sin plass, i slummen

Vel framme tok meg og Pat tog til sentrum, åt ein sandwich, tok T-banen til Bajimark eller kva det no var. Amsterdam sitt slum/ghetto-område. Her skulle me bo. Hihi. Det var ein utruleg stilig plass. Digre blokkar rundt ein meir eller mindre godt planlagd sykkel- og gå-infrastruktur. Skittent, det er det iallfall. Og forfalle.

Leilegheita var ganske grei, eg blei overraska over kor fin han var. Sjølvsagt ikkje norsk kvalitet (men då igjen; kva er? ;-) ), og badet er spesielt heilt bak mål. Eg anar ikkje korleis eg skal dusje, ikkje av di eg synest det er ekkelt eller noko; nei, av di eg ikkje forstår korleis. Det heng berre eit einskild røyr frå vasken. Ei slange, blir det vel. Skal eg halde den over hovudet? Hm. Er nok det ja, men utruleg kor ineffektivt med må vera.

TV-titting

Me skulle ned til byen for å øva, eller, dei skulle vel øva. Pat var trøytt, han ringde rundt til Peter (bassisten) og Valkyrie ((namn?)trommisen), alle var einige at det blei stress. Trong ikkje øving, kunne det godt. Pat hadde heile tida TV-en på, me slo over på Discovery som snakka eit språk me kunne forstå. Super Structures of the World; Panamakanalen. Pat sov gjennom det meste. Elles såg me eit nederlansk reiseprogram om Noreg. Dei var ikkje i Stavanger, frekkingane. Og Oslo, liksom? Kven gidd dra der når ein skal sjå Noreg?

Eg sat med boka i fanget, las meir enn eg såg på TV. Eg hadde eit bilete av Rebecca i boka, som stadig kom fram sjølv om eg stadig putta det lengre bak i boka. Eit søtt bilete i heilfigur, med skjørt, tryllestav og horn. Halvvegs i boka flytta eg det til den siste permen. Nett då fekk eg telefon frå kjærasten min («Miri og Lab», som det står på mobilen). Hehe. Det var kjempekoseleg, grunnen til at eg les HP-serien er jo ho, så me snakka litt om HP. Ho har vore vekk frå skulen i ei heil uke, vore sjuk. Så dette var fyrste dagen tilbake.

Leggjetid

Det blei ikkje mykje filming i dag, som er jobben min her. Filma litt av solnedgangen frå den utrulege utsikta det er frå denne blokka her i 8. etasje. Eg fekk sjå biletet av Rebecca igjen, altså, eg blei ferdig med boka. Då har eg lese den boka òg på ein dag, nett slik eg gjorde med den fyrste. Då Peter kom fekk me endeleg litt mat, ei bolle tomatsuppe. Planen var at me skulle eta då me gjekk til øving, men sidan det ikkje skjedde så åt me ikkje anna den dagen. Men eg er jo så godt vant til det, så det er ikkje noko problem.

Eg la meg 01:30, då eg var ferdig med boka, hadde ete ein mozart-kule til kvelds og send melding.

Ein tanke om “Amsterdam fyrste dag

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.