Av stad til landet til bokmålet

Då er det ikkje stort lengje til eg skal taka toget til Oslo. Eg sit og knaskar økologiske knekkebrød med ost og masse smør, medan klokka tikkar berre litt for fort. Det er Norskfagskonferansa eg skal vitje denne helga.

Fekk nett telefon frå reisekameraten min; Magnus. Det er lillebroren til Elisabeth. Han lurde på kva for ei vogn me sat i. ­«Me gjer ikkje», sa eg. «Kva?», svara han som om han ikkje høyrde. «Det er ikkje plass på toget, me sit ikkje – me har ståplassar». Det er lagt til Oslo, me har 9 timar foran oss. Det er ikkje slik at me må stå heile denne tida. Når me ikkje har plassar så tyder det at me ikkje kan sitja på same plassen heile turen. Skal alltids klåre oppdrive eit og anna sete innimellom stolradane. Elles stilde eg klokka på maskina mi, og ja; han var 26 sekund for rask.

4 Nov 11:49:59 ntpdate[3487]: step time server 129.240.12.4 offset -25.899262 sec

Aftenbladet og Rogalands Avis; meir nynorsk i Rogalandsmedia

Me har nett avslutta ein aksjon for meir nynorsk i Rogalandsmedia. Sett i forhald til kor mange som faktisk brukar nynorsk i Rogaland så speiler ikkje avisene dette godt. Det gjeld spesielt Rogalands Avis som har redaksjonelt forbod mot nynorsk, nett som Dagbladet og VG. Journalistane må skrive på bokmål. Eg er glad eg ikkje jobber dèr.

Vebjørn på Målsiddis-aksjon for meir nynorsk

Aksjonen har for det meste vore på Arneageren i Stavanger (utanføre kulturhuset/sølvberget). Eg har vore med to gongar. Fyrste gongen gjekk litt betre enn andre; eg er så redd for å plaga folk. Alle trur eg er ein seljar òg; dei blir redd meg før eg spør dei om noko. Mange trekk seg vekk. Hekkan, eg blir jo redd sjølv når nokon buser bort til meg for å fortelje meg kor herlig jesus er/kor fint det er å betala x-antall pengar til Origanisasjonen&tm; eller eit eller anna skumle greier dei vil. Ofte visar det seg at dei ikkje vil riva buksa av meg og skjelle meg ut; men likevel er eg litt redd for kvifor denne fyren kjem bort til meg.

Eg hadde den taktikken å berre spørje folk eg kjende frå før. Difor fekk eg ikkje meir enn 12 underskriftar. Eg spurde ein god del andre eg ikkje kjende; men dei sa nei (for det meste, eg klåra få to folk til å skriva under). Hehe. Står fram som veldig hemma no; men eg fekk fleire underskriftar sist gong. Då var eg mykje flinkare. Sjølv om eg ikkje er heilt inni det der med underskriftsanking endå.

Vitjing hos redaktørane

Så i går var meg og Vebjørn hos redaktørane i dei to store avisene her i distriktet. Eg klåra ikkje kome til RA, men me var båe hos SA. Der hadde dei journalist og fotograf – spurde nok spørsmål til at me kan få ein bitteliten notis ein plass :P Men det var moro at dei sa det slik iallfall. Vebjørn var overraska over at RA-redaktøren var koseleg. Han er trass alt tabloid-redaktør og har forbod mot nynorsk. :P Hehe. Nei, er vel ofte slik. Me prata litt smått med Tom Hetland før han måtte prate med ein som ville “prata med sjefen” av di han ikkje hadde fått avisa si… (haha).

Me fekk 1068 underskriftar. Det er superbra, om eg så får seia sjølv. Dei fleste av dei underskriftane har ikkje eg hjulpe til med då; eg har vel 68 under beltet, alle dei 68 som er for mykje og liten vits i :p Heheh. Men, var moro å vera med å hjelpa. Kan henda eg blei litt tøffare der òg.

Toget går frå meg!

Odin på toget

Men no har eg seriøst litan tid! :| Ooohhhh… Eg må springje (eg som skulle leggje til bilete osb :( ) Forresten (henta frå nmu sine nettsider):

I løpet av vidaregåande har du 1 512 000 sekund med norsk på vidaregåande, om du går på allmennfag. Skal du kjeda deg all den tida?

4.–6. november skipar Norsk Målungdom og Elevorganisasjonen til ein stor konferanse på Lambertseter VGS i Oslo. Emnet er ”det nye norskfaget”, som mellom anna femnar om nye læreplanar, sidemål, morsmålsopplæring, elevmedråding og mykje, MYKJE anna. Det vert høve til å verta kjend med folk frå heile landet. Gjennom ulike verkstader, teiknspråkkurs, ordskifte, teatersport og leiking skal alle få brynt seg. Og sjølvsagt vert det paneldebatt med ungdomspolitikarar og utdeling av Dialektprisen til nokon som verkeleg har fortent han! Me er stolte av å kunne presentera eit knallsterkt program, og vonar at nett DU vil vera med på ein konferanse du seint vil gløyma!

2 tankar om “Av stad til landet til bokmålet

  1. Egil

    Når eg tilfeldigvis var i Stavanger den fredagen så leste eg den saken i aviså. Kanskje byen har blitt ein fredeligere plass innen eg flytte tebage. :)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.