Norskfagskonferansen på Lambertseter

Denne guten har ikkje ete noko særleg. Ikkje sove heller, for den saks skuld. No er det heim frå Norskfagskonferanse, det blei 5,5 timar søvn fordelt på 3 dagar. To netter altså, ei normal natt skal ein ha 8. Var moro på konferanse, men godt å kome heim. Normalt vil eg bli igjen…

Eg vil litt heim

Kvifor vil eg ikkje heim no? Nei, det kan det jo vera fleire grunnar til. Eg veit ikkje heilt. Tenkjer litt på Rebecca. Tenkjer nok søvn og på å ikkje sprada rundt i ein halvkald skule heile dagen. Maten var god, men det var ikkje enkelt å få nok. Det er kritikk av min ete-kompetanse, ikkje av jobben til matnemda. Då gjeld det altså evna til å eta nok.

Eg vakna nett og fann ut eg ville skriva. Foten sov, me var i Bø, magen ville ha mat, naboparet hadde båe kaffi og sjokolade pluss at foten sov. Det med foten var spesielt ekkelt, om du ikkje fekk det med deg. La meg tilbake. Såg på sidejenta mi, «ChiCA»-bladet hennar (hum?) og klokka. Wow; 2 timar! Eg hadde sove i to timar, men kjendest som om eg nett var gått på toget. Det var kort sagt fantastisk. For ei kjensle. For ein trøyttheit.

To dagar tidligare sat eg litt meir opplagt på toget andre vegen. Las Harry Potter, den fyrste. Sidan Rebecca er så utruleg fan av desse bøkene har eg bestemt meg for å lesa dei sjølv. Eg las han perm til perm på togturen. Vél framme rota meg og Magnus (lillebroren til Elisabeth) oss til Lambertseter VGS. Bruka litt tid på det. Oslo. Ja…

Mat og Amsterdam

No er det to ting eg vil prate om meir enn å skildre dagane som har gått; mat og Amsterdamturen om to dagar. Mat. Dagen før eg drog til Oslo (torsdag) åt eg ei 15krs pølse og eit par skiver til frukost. Dagen eg drog åt eg:

Økologisk knekkebrød som nattmat (teknisk same dag, så)
Frukostblanding til frukost
Ein liten sjokolade til middag (togmat er dyrt)
To berlinerbollar og eit par klementinar til kvelds

Ikkje store festmiddagen altså, sjølv om det blei litt når ein putta det i fin liste. Tok ikkje så stor plass reint fysisk som det gjer psykisk i hovudet grunna listeteksten. For å ikkje taka heile dagen kan me prate om Amsterdamturen. Det er ikkje stort å seie, anna enn at eg har vore vekk heile helga. Eg dreg heim no, er der i to dagar før eg tidleg onsdag må taka flyet til Amsterdam. Der skal eg vere til måndag. Eg skal jobbe, hardt. Eg skal reisa. Møta masse folk. Bli utslitt. Som de kanskje forstår er eg det allereie.

Konferansen, natt til i dag

Sjølve konferansen var moro. Natt til i dag (wow, nyhende-språk) hadde Kjersti, Magnus, meg, Elisabeth og Øystein det supert. Oppramsinga er med synkjande moroskapsfaktor (leggjetid). Kjersti og Magnus la seg 09, eg 06, Elisabeth 05 og Øystein 04. Me var i konferansesalen og spelte musikk (frå min berbare datamaskin etter Øystein la seg ^^ ) medan me dansa med enorm innleving og digre faktar. Det var hugleg så det ljoma.

Eg la meg ned på sofaen kl 6, etter litt gitarsynging med Kjersti (spelte) og Magnus. Der tok eg NSB-teppet over min kropp før eg blei vekka av Margit (eller nokon, hugsar ikkje, augo igjen). Det blei 2,5 timar i natt. Eg sprang bort på matsalen og laga meg brødskiver banan med bringebær heilt til det ikkje var meir igjen (ei skive altså). Åt ost med bringebær på dei andre to. Eg var litt sein til foredraget om tospråklegheit i Finland, måtte snike meg inn. Det var eit veldig bra og interessant foredrag.

Teaterfolk, nynorskhatarar

NMU, panelordskifte

Mot slutten av siste dag hadde me panel-ordskifte med SU, EO, NMU, Unge Venstre og Unge Høgre. Det kom ein gjeng lokale Lambertseter-ungdom inn i salen – dei sat seg bakarst og såg ut som bråk. Den var dei òg. Dei romsterte noko fælt medan folk snakka, tok masse oppmerksemd. Prøvde å laga mest mogleg bråk ut av å prate med kvarandre og rive i papir.

Etter litt gjekk dei ut; men dei kom tilbake. Plutseleg ser me ein gjeng ungdom spring i gangen utanfor gymsalen – dei hoier og skriker, tramper og tek oppmerksemd. Det gjorde dei mykje. Eg fekk veldig lyst til å setja dei på plass, det hadde visst Sigbjørn òg – for han gjorde nett det då dei sto utanfor den opne døra og snakka kjempehøgt.

Eg gjekk og dusja; såg Magnus kom i snakk med dei. Då me åt «middag» seinare fekk me vitjing av nokon av dei. Eg prata litt med dei sidan eg synest dei så greie nok ut. Berre at dei dumma seg fælt tidligare, off. Respektlaust. «Mot nynorsk», javel? Kom med argument, eller ikkje sei noko i det heile. Å bråka hjelper ein ikkje iallfall. Dessutan synest eg det er mongo å vera mot nynorsk, og eg har endå ikkje møtt ein smart fyr som er det…

Dei var kjekke dei. Haldt på med ein revy. Me leika litt med dei, hadde «Pangsang» (eller kva det var). Ein fyr i midten, peiker på ein og startar syngje; den personen skal dukke medan dei to på sidane skal fortsetje songen etter beste evne (litt som Beat for beat, trur eg). Så skal midten vera dommar og seia at ein må gå.

Oppsummering

Sidan eg har hoppa fram og tilbake i tid så får eg berre skriva ned resten av det eg vil ha med. Det var kurs, tri på likt; “God norsk”, “Nynorsk” og “Teiknspråk”. Eg ville veldig på båe dei to fyrste, men gjekk på den fyrste. Det var eit moro kurs; eg hadde nok litt utbytte av det. Likevel visste eg det vel frå før.

Ahvel. Eg må forte meg å bli ferdig. Det var veldig moro iallfall. No tek eg flyet til Amsterdam!

5 tankar om “Norskfagskonferansen på Lambertseter

  1. Skjalg

    Ja.. det var jo interessant å få vite kva du du fekk ut av turen til Oslo, men det synest på skrivinga di at du er trøytt….

  2. Rebecca

    Uff, håper jammen du får nok mat og søvn i Amsterdam!

    Weeee, jeg synes det er så kult at du leser Harry Potter! :D Kjempekos, nå er du ikke så utafor når Tonje og Inga og jeg hyler og babler om det, hihi.

    Usj, sånne bråkete folk er utrolig plagsomt. Tror de er så kule som stjeler oppmerksomheten fra folk som fortjener det bedre. Arrrrgh!

    Pangpang! Den kan jeg óg! Lekte’n på leier’n både i fjor og i år. Bare at den jeg kan er litt annerledes: personen som står i midten sier navnet på en person, og da skal han/hun dukke mens de to ved siden av skyter på hverandre og sier «Pangpang!» Den som ble drept er da ute av leken. Hihihi, det er kjempemoro!

    Ha det kos i Amsterdam, da! :)Klem

  3. Odin

    Skjalg: Hum, korleis ser du det? Nokon spesielle dø du kan visa til?

    Rebecca: Denne leiken er litt meir sofistikera enn pangpang då ;) Som eg sa i meldinga til deg i går starta eg og slutta den andre Harry Potter-boka i dag. Så då må eg berre få lese den tredje her nede, så er eg jo på ein måte halvvegs. Og det på under ei uke (så sant eg les den tredje ferdig før laurdag). :)

  4. Anonym

    eg søkte på leggjetid for sigbjørn og kom inn hit. Når skal han sova?

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.