Eg er lærar

Dei siste dagane her på Randaberg så har eg drive med noko anna enn å berre vera i IKT. Vel, ­- anna har eg gjort heile tida, men ikkje som lærar på den måten. På onsdag hadde meg og Gjert om xhtml og CSS for ein grunnkurs media og kommunikasjonsklasse.

Det var Gjert som spurde meg om eg kunne læra han eit par nye knep til vevdesign og ­-utvikling. Eg hadde allereie lært Yvonne i VK1­-klassa om dette. Etter ho hadde gjort ferdig oppgåva si i GoLive (eit program til å laga internettsidar) laga me ho på ny for hand i TextEdit. Kan ikkje seia anna at sjølvsagt blei vår nye side mykje, mykje, mykje betre. Eg skal ikkje taka heile tala om kor bra xhtml+css er her, men abstraksjon av innhald og design er verkeleg framtida.

Bruka mykje tid på å få inn alle konseptane, hadde mange eksempel og eg lot Yvonne kode alt sjølv. Det tok sjølvsagt lang tid, men då får ho sjølvsagt mykje betre forståing av det, hugsar det lettare; som er bra. Det kan eg ikkje gjera med ein heil klasse, ­- den undervisinga er mykje enklare, meir praktisk. I ein klasse har du òg interessera folk blanda med dei som synest det er vanskeleg før dei har prøvd.

Gjert seier likevel at han ikkje normalt ser dei så interessera og aktive. Dei gløymer friminutta sine og sit heller inne og kodar (lét kjend, mine datainteressera vener? ;-) ­). Dette er ein ca. 10 stk. óg, så Gjert blei verkeleg imponert og stolt. Greitt å kunna læra dei noko skikkeleg, å koda sjølv.

Slitt mellom oppgåver

Eg har blitt litt slitt mellom dette då. Eg har jo framleis masse IKT­-oppgåver å taka vare på. Gundhild på biblioteket byrjer bli irritert på at eg gløymer å koma for å sitja å passa på der. Ho skal gå til lunsj og vil at nokon skal passa på biblioteket; det er meg. Eg gløymer tida fort. Får ofte telefonar frå ho òg, om skrivarar som klikker. Oooops! Eg må faktisk springja bort no og fylla på papir, hadde heilt gløymd.

Slik… Same kva, ­- Geir (sjefen) har nokon gonger mått ringja meg for å få meg til å hugsa. Og med fleire høve har eg mått springja bort på verkstaden for å hjelpa lærarar. Sjølv om eg har vore inne i ei klasse med nok av folk å hjelpa der. Men det er jo IKT­ som er hovudområdet, burde ha prioritet. Alle dei viktige oppgåvene iallfall, men er jo trass alt ikkje kvar dag at ein lærer vekk nyttige ting.

Har brukt nærast to dagar på undervisinga no, ­- men dei har neste uke til å gjera det på òg. Godt. Bra me får lært dei noko skikkeleg, ­- alle burde kunna xhtml+css. For å visa genialiteten til innhald/design­-abstraksjon plar eg visa dei CSS Zen Garden. Ein verkeleg flott plass for Ekte Nettlesarar&tm; (Mozilla FireFox, Opera el.l.).

Utruleg moro å undervisa. Lurer på om eg kanskje skal bli lærar… [w00t, rask avslutting]

Ein tanke om “Eg er lærar

  1. Skjalg

    Fint å vere lærar. Eg starta mi fysste undervisning i filmkunnskap i 1974/75. Då var eg 20 år. Det var på DH (det som den gang heitte Rogaland Distriktshøgskule), i dag Universitetet i Stavanger. Der arbeidde eg som timelærar i 6 år. Svært mange av studentane var eldre enn meg sjølv – det synes eg var spennande. Seinare var nokre av studentane med meg i Profilm AS – Stavangers fyrste filmselskap. Så me var med på å skapa filmhistorie her i Rogaland. Lenge før Mongoland…. Så Odin, du må gjerne bli lærar, men ikkje gløym det kreative/produktive….

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.