Eg er visst «Straight Edge»

Stundom då eg har fortalt folk at, nei, eg røykar ikkje, nei, eg drikk ikkje og, ja, eg sit ikkje heime av den grunn, seier somme av dei «Kult, er du straight edge?». Då har eg sat opp eit umiskjenneleg utrykk som viser mi utrulege fåvit om saka. No veit eg kva det er, etter ei vitjing i diverse leksika1, og, ja, – eg har grunntrekka til å kallast «Straight Edge».

Tek heller ikkje dop og slikt. Eg nyt å kunna ha kontroll nok over kroppen min til å kjenna lukke utan eksterne stoffar. Nokre Straight Edge-arar er vegetarianarar (det klårar ikkje eg, men har respekt for dei – det er flott), andre drikk ikkje kaffi. Eg drikk masse kaffi når eg har masse kake. Det er altså av di eg elskar kake og kaffi (ahhh… Kaaaffi, kaaakaaaa… :D); ikkje av di eg nødvendigvis treng noko koffein. Det er nok eit større placebo enn noko anna, menmen. For å vera heilt ærleg kjenner eg aldri nokon anna forskjell enn vondt i magen når eg har drikke masse kaffi.

X

Kvifor eg ikkje drikk er eit innlegg eg har hatt som kladd lengje. Eg veit godt kvifor sjølv, men eg har ikkje vore i humør til å leggja det ut. Det blir så mykje kverulering, dessutan veit eg at somme ikkje vil forstå. Så blir dei sinte og forbannar meg. Ein del av Straight Edge-miljøet er X-ane dei brukar. Dette har sitt utspring i dei sprittusjteikna X-ane mindreårige som er på konsert får på handa for å visa bartendarane at dei ikkje får kjøpa alkohol.

Straight Edge-arane teikna slike svarte X-ar på seg sjølv då dei var på konsert for å visa motstanden deira. Utruleg kult faktisk, det vil eg gjera neste gong. Nokon Straight Edge-arar har faktisk tatovert dette krysset inn i handa. Dèt er respekt, og eg synast det er dritkult. Sjølv om levemåten eigentleg er kring avholdenheit frå dopbruk til forlysting, røyk og alkohol så er mange ganske sosialistiske i tankegangen. Men er òg andre (mindre) deler av «sXe» eg ikkje vil vera forbindt med…

Punk, slossing og skit

Straight Edge kjem eigentleg frå punk-miljøet. Der nokon hadde sett seg lei på all missbruken og kortsyntheiten. sXe-arar er ofte positive snille menneskje. Men det er ein grein som er valdelege og slemme. Dei likar å denge kvarandre på fest og er teite. Dei likar eg ikkje, vil ikkje bli samanfatta. Eigentleg er det ikkje del av sXe, men dei fylgjer grunnprinsippa, så. Forresten er jo ikkje naturvern og anna del av sXe, men er typisk for sXe-arar (det blei berre stress å skriva Straight Edge heile tida :P).

Fotnotar

1 Ok, berre Wikipedia då, men kven treng anna? Utdrag frå Wikipedia:

Straight edge, eller sXe, er en livsstil hovedsaklig for ungdom, med røtter i amerikansk punk- og hardcoremusikk. Hovedelementene i straight edge er avhold fra rusmidler som alkohol, tobakk og narkotika og fra promiskuøs seksuell adferd. For mange er det også viktig å fremme en generelt positiv livsholdning.

2 Les meir på norsk wikipedia, endå meir informasjon i den engelske artikkelen om sXe.

2 tankar om “Eg er visst «Straight Edge»

  1. Egil

    Ifølge d utdraget e du definitivt straigth edge. Kan aldri huska at du har framma någen negative holdningårr.

  2. Odin

    Hehe. Alt det eg kan skulda den positive livsholdinga på; at eg er Straight Edge, at eg er Buddhist, at eg har det sjukt bra, at eg har supre foreldre og eit bra liv osb, osb, osb.

    Det er ikkje problem å ha positiv livshalding, tingen er meir – korleis nytter eg han til andre sin fordel? :) Eg må starta på det igjen, har vore så slakk så lengje. Men det kjem nok no som eg har starta meditera igjen.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.