Kva kallar ein slike?

Folk som går åleine (eller berre trur?) langs stien rundt mosvatnet. Trur dei kan syngja sånn ca OK-greit og gjer det av full røst. MP3-spelaren sitt volum pressa mot topp. Syng så dei såvidt høyrer seg sjølve, forstår kanskje ikkje at det eigentleg er utruleg høgt. Ei liding for området rundt. Trur vel dei er åleine slike folk. Slike folk som meg.

Det er frigjerande då. Å gå der gjennom skogen, litt halvparanoid og sjå bak seg i pausane mellom «Westlife – Fool Again» og «Fountains of Wayne – Stacys mom». Å prøva seg på avansert stemmekontroll på fyrstnemde song, – sjølv om ein ikkje høyrer anna enn songen sjølv. Det er pirrande. Det synest eg. Rett pirrande. Blir heile tida litt tøffare. Då eg går ut av bussen er det rett før eg våger meg på ein «God kveld, takk for turen!» til bussjåføren etter ein stille halvtime bak. Eg turde ikkje det i kveld, – han såg ikkje min veg, så. Likevel kjem hodetelefonane på rundt mosikken, – og eg startar så vidt å syngja lavt.

Eg kjenner jo stemmebåndet dirra, – det er herlegare å pressa meir kraft på det. Gjer sjølvsagt det. Gradvis. Er moro det der. Berre eg får våga meg uti noko slikt gradvis er det ikkje noko problem. Blir tøffare og tøffare. Trur eg iallfall. Til slutt ser eg nesten ikkje bak meg lengre, men syng i veg så godt eg kan. Det er jo så moro. Så uendeleg moro.

Men kvifor er me så redd for slikt? Kvifor er eg redd for slikt? Det er jo så dumt. Ja, – eg må ikkje plaga folk. Må vera snill gut. Men kjenner at det ikkje er heile grunnen. Det er mange gongar eg ikkje hadde plaga folk om eg hadde synge, dei går raskt forbi lell. Men kvifor er det ikkje heilt lett for ein gut som meg? Off, eg bør leggja meg – ikkje start på slikt!

Eg kjenner det kan ha noko med å ikkje bli støtt ut som ein galning å gjera. Men det hadde no hjulpe meg i mitt mål om å bli mindre sjølvopptake. Med mindre tankar for meg sjølv har eg meir plass til andre. Men igjen er jo det eit egostisk (om enn «smart egoistisk») mål, sidan eg igjen blir glad av å prioritera andre og deira lukke. Men så har jo eg ei lang veg å gå til Altruisme då. Eigentleg berre viktig at eg tenkjer litt i slike banar, om ikkje står eg fast og forbedrer meg ei.

Øhm. Eg falt av emnet. – Då eg kom heim las eg Motmæle, medlemsbladet til NMU. Eg har eigentleg aldri tenkt stort over det før, men eg må seia eg synest det er utruleg bra! Eg blei rett sagt imponert over mykje av det som sto der. Morosamt og humoristisk er det òg. Elles lærer eg jo nynorsk medan eg les, at nynorsken min treng jamleg ettersyn og ferske ord er inga løyndom.

Hm. Er eg redd for å vera annleis? Det kan eg då ikkje tru. Hm. Eg vil vera meg (blabla, sett inn high school amerikansk drama om sjølvransaking i tenåra). Og eg vil syngja. Syngja høgt. Det er moro. Og eg bør leggja meg. Elles var dette ei heller teit oppdatering av sida mi. Men oppdatering lell. Takk og farvell.

NB: Kjempemoro dag i dag forresten, – men er dei ikkje alle (nesten)!? :D

2 tankar om “Kva kallar ein slike?

  1. Odin

    Dei kallar me sjukingar. Mange av dei likar heller ikkje at innlegg står utan kommentarar. Så skjerpings!

    No måtte galningen sjølv skrive ein kommentar for å få vekk den ekle «ingen kommentarar»­-meldinga. Om noko er drit, så kan de jo berre seia det. Treng ikkje vera bra for at de må kommentera.

  2. Monique

    Hadde tenkt å kommentera for lenge siden, men eg glemte passordet..Igjen.

    Eg ser ingenting gale me å synga høyt for deg sjøl (eller rundt andre) Gjør det eindel sjøl:)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.