Lengje sidan

Slike titlar og slike innlegg er faretruande. Nokre blogger inneheld nærast berre slike innlegg, dei er utan særleg substans og særs sjølvopptake. Men, ah, eg drit i det. Tida er inne for at eg òg kan ha ei side der eg kan skriva drit ingen vil lesa.

Mohaw. Så slem eg er. No kan eg berre sitja her og skriva rekursivt og snakka i metalag over sjølve teksten. Dette er postmodernisme; blogg er utruleg postmodernistisk. Metablogging. Ah, det kan båe høyrast bra og dårleg ut. Eg trur eg går for dårleg likevel, iallfall når det er èg som gjer det.

Rebecca, kjærasten

Det var etter eg blei samen med Rebecca at eg slutta skriva så mykje. Det, hm. Veit eg ikkje heilt kvifor; men ho slutta med det ho òg. Eg vil gjerne fortsetja, men ho deler ikkje same lysta. Eg kjem stadig på ting eg vil skriva, orda dannar seg i hovudet; men eg set meg aldri ned på maskina for å lata fingrane dansa over tastaturet. Diverre.

No er det jo slik at eg igjen mykje heller vil vera med Rebecca enn å sitja å skriva til heimesida; problemet er at eg ikkje er hos Rebecca heile tida heller. Eg har flust av tid til å skriva om eg vil. Gjer det ikkje lell. Kvifor?

Arbeid og anna, skuldkjensle, kanskje

Nett no held eg på med eit par prosjekt, utanom alle dei eg har inni arbeidstida på Randaberg VGS (her eg sit no faktisk, open dag i dag, jobbar overtid). Det aller største for tida er redigeringa av «Hva er det med Monica?», som er ein «remake» av ein 10 år gamal film om byrja på ei psykisk liding hos Monica.

Den gamle filmen var utruleg… Vel. Dårleg. Han var direkte vond og sjå på. For det fyrste var han håplaust gamaldags mtp. motane (så teite folk såg ut på 80-talet ;) ). For det andre var sjølve tekniske kvaliteten low par. Kei, treig opplysningsfilm-klipp. Ahvel, heile filmen var ein diger opplysningsfilm. Utruleg flaut og vondt å sjå på. I slutten var der laaangt strekk med psykriatar som forklåra om symptomane osb. Greitt nok, men ikkje akkuratt finurlig og spanande. Heller motsett.

Difor skulle me no laga ny film. Men med mykje mindre pengar. Denne gongen skulle elevane laga filmen. Det tydde jo at eg fekk materiale med frå grei til lav standard.
«Hey! Lag noko kult av dette Odin.»
«Eeehh. Jaaa…! For ein god idé. Me tek dårleg materiale og lagar verdens kulaste film av det», frå Odin – med ein solid dose ironi han normalt ikkje likar (ja, blei dårleg her òg).
«Jaaa!!! Akkurat det eg tenkte! Jess, me er på bølgjelengde!»
Odin himler med augo

Kjenner eg ikkje bør sløse tid på noko så «ikjevetta» som å skriva på heimesida då. Når eg har lyst, skal til å skriva kjem eg alltid på: Hey, eg må jo heller redigera! Så gjer eg det. Eller så dreg eg til Rebecca, som jo er ein positiv reaksjon ut av det heile. – Likevel sit eg masse på pcen her på skulen, og eg sit ein god del heime òg. Eg har nok av tida, eg berre brukar han ikkje.

Utruleg mykje, blabla, jaja, kven bryr seg

Det skjer veldig, veldig mykje. Er mykje det er verdt å skriva om (hugs, eg skriv for å kunna le av meg sjølv om eit par år). I det siste har det vore kjempemykje.

Kjenner nokon det der igjen? Nei? – Jo, det skal eg fortelje deg. Det der ser ein i kvar evige keisame blogg i heile verda. No blei nett min medlem av dei (igjen). Eg har holdt meg vekke frå dette felles klagekvinet fleire bloggarar som trur dei er kule har satt i gang med. Men no melder eg meg inn igjen. Tingen er at jo meir eg skriv slik tekst som dette (som på ein måte «fritek» meg litt frå omdømmet av di eg er «obs» på det), jo meir blir eg ein eigentleg vassekte bloggkvinar som trur han er kul og senter av verda.

Men. Bloggen min er for meg sjølv,—det var slik det starta. Det er slik det skal fortsetja. Så kvifor skriv eg hekkans rekursive drittinnlegg om ingenting!? Kvifor er eg med på forsøket på å forsøple internett. Vel, internett er heldigvis søkbart, det er informasjon og bloggen min er kategorisert som, ja, blogg. Ingen tek det seriøst. Dessutan må eg få drite meg ut litt før eg kan starta å skriva igjen. No har eg satt standarden utruleg lavt, eg kan ikkje kome med noko dårlegare enn dette. Då kan eg altså byrje poste igjen utan å stå i fare for å levera noko dårlegare enn det folk forventer.

Hm. Ei anna side ved saka er at eg sikkert må ha mista dei 2–3 faste lesarane eg kanskje hadde klåra kave meg til å få. Så må jobbe slikt opp igjen. Jaja, er ikkje viktig. I dag hadde eg ein moro dag på skulen forresten (ny dag no), men slikt fortel ein ikkje inne i same innlegg. Skriv heller eige. Viktig å skilja på informasjonen. :P

Takk for at du las, og hade bra

Då vil eg heim. Eg må fikse bittelitt før eg dreg til Rebecca-pusen ( :D ). Kanskje eg skal taka med meg laptopen heim. Hmm. Snaaart ferdig med Harry Potter og Føniksorderen no! Wohoo! Då kan eg starta på siste bok. Hihi.Veldig, veldig moro. Men eg stakk. Hadebra, – eg vonar de ikkje blei demotivera av å lesa tullet mitt. Ha ein god dag, takk om du las!

3 tankar om “Lengje sidan

  1. Odin

    Egil: Kan skje det ja. Hum. Tida får visa. Kan hende det blir eit liknande innlegget til Tor Eirik om at det var «lengje sidan sist»:http://teirik.velmont.net/?p=11. Så er sjølve dét innlegget kjempegamalt, eldre enn forrige «lengje sidan»-periode. ;-)

    Dette er forresten innlegg-id 200! (Det er ikkje det same som nummer, men det faktiske nummeret på innlegg eg har laga, men alle er ikkje publisert (berre 117 av dei er kome ut)).

  2. Skjalg

    Skriv meir Odin – det e så kjekkt å lesa – du må prøve deg på fleire frie tekstar, prosa eller sakprosa.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.