Yearly Archives: 2005

Fyrste dag på jobben

Vel, andre i dag. Men dette var forsåvidt fyrste jobbdag. Det var ein grei dag, eg hadde det moro, men eg vonar ikkje dagen er typisk for dei komande dagane desse 13 månadane framover!

Continue reading
Posted in Sivilteneste | Tagged | 4 Comments

Lang heimreise, NSB komfort

Den superplagsomme alarmen vekka denne gongen mykje fleire folk. Det er ikkje av di han ikkje hadde klåra det før, men av di no var me fleire. Det var ikkje reint få med traumer då me kasta i oss frukost. Eg tok 9 skjever. Åt 4, 5 pakka eg inn som lunsj på toget. Med dei prisane NSB opererer med i kaféen var det lurt. Sit å knaskar brødskive med svetta ost nett no faktisk. Supert! Og heilt gratis! :D

Continue reading
Posted in Innenlands, Sivilteneste | Tagged , | Leave a comment

Dilingøy dag to, alt blir gjort

Etter ei vekking verdig styrken og viktigheiten av ein brannalarm åt me frukost. Denne gongen var det faktisk folk tilstades som hjalp oss. Eg hadde nett dusja (som einaste person?) og heiv innpå med diverse matvarar eg ikkje hugsar grunna alt det andre som har hendt i dag. Me er slik ein god, samansveisa gjeng. Hekkan så koseleg den frukosten var. Kjempedigg.

Continue reading
Posted in Innenlands, Sivilteneste | Tagged , | Leave a comment

Siviltenesta, Dilingøy reisen bort

Rett før batteriet går. Skjuler ikkje fakta at det faktisk er topplada. 2 minutt igjen seier batteriappleten. Eg stoler ikkje på han for eit øre. Eg ser ut som ein nerd her eg sit. I Moss. Laptop på fanget, speilrefleks ved min side og headset rundt nakken.

Continue reading
Posted in Innenlands | Tagged | 1 Comment

Knekkebrød!

Eg kjende meg ganske svolten. Åt tri skivar til frukost, men då klokka kryp mot 5 så er det tid for mat igjen. Då såg eg det. Neeei! Ingen knekkebrød igjen! Kriise. Såg på brødet, men akk. Eg kjende meg ikkje lysten åt skjære brød. Så eg gjekk heller 1km for å få tak i knekkebrød.

Continue reading
Posted in Meining | Tagged | 4 Comments

Ei tåre for ein vakker film, Crash

Vakkert! Kom nett heim frå kino. Fyrste gong eg har grine i ein kinosal på veldig lengje. “Crash”:http://www.imdb.com/title/tt0375679/ er namnet på filmen. Han var rett og slett framifrå. Ikkje sippete klisjéaktig, då hadde augo vore tårevåte; klissete klisjéar får eg vondt av.

Continue reading
Posted in Film, Meining | Tagged , | 15 Comments

Lure hjernen

Åh! Supert! Wee! Herleg kjensle. Eg gjekk tur rundt mosvatnet etter endå ein meir-eller-mindre sitje-inne-dag. Eg klåra gjere noko utruleg kult; lure hjernen åt tru ubehaget var deilig. Eller kanskje det faktisk berre er deilig, men eg har vore forhandsdømmande?

Continue reading
Posted in Underfundig | Tagged | 12 Comments

FrP 27%!? WTF!!!

På veg åt Tananger høyrde eg på radioen. FrP vann skulevalet i Rogaland, med 27% oppsluttning! AP på andre med 15%. Sjokka! Veldig skuffa. Ærleg talt!? Er jo ein skam å vere i den hekkans ungdomsgruppa der. Korleis kan FrP vinne valet? Kven i allpakka er det som stemmer dei? :o

Continue reading
Posted in Meining | Tagged | 11 Comments

Berliner poplene

Å, eg blir så SINT! ÆÆÆrh! Dumminger. Orddeling på det vondaste på NRK nett no. Sidan eg sit her i Kviteseid, ser eg på TV, noko eg normalt ikkje gjer.

Continue reading
Posted in Meining | Tagged , | 8 Comments

Lite mat og slik

Eg har ete utruleg lite i det siste. Vel, alt er jo relativt – men det er ein god del mindre enn normalt likevel. Eg har hatt ein god del å gjere, dessutan har eg ikkje kjend meg skikkeleg svolten. Kjenner det jo litt innimellom; men eg blei så utruleg vand åt ignorere svolt då eg var i Oxford. Kroppen spør jo likevel om mykje meir enn han treng likevel.

Read more on Lite mat og slik…

Posted in Meining | Tagged | 7 Comments