Velmont – Odin Hørthe Omdal
Litt dagbok dei siste dagane (trass lite nytt)
No er eg nett ferdig med boka eg las; The Litte White Horse, og hev dimed ikkje noko å gjera på bussen/t-banen lengre. Dimed kann eg skriva. I går hang eg med Espen, me stakk på joleverkstad med SmiO. Eg fekk ikkje noko ut av det då – laga berre peparkaker og marsipan som eg la att. Men moro var det, og sers hyggeleg.
16 innspelIkkje-jævlig fødedag (går det?)
So vart ikkje fødedagen min jævlig lell. Eigentleg hadde eg berre trudd han ville verta småtrist. Var på årsmøte i Ivar Assen-sambandet, var hyggeleg, Elisabeth var der. Etter det skulle eg på pub. MEN! Så fær eg ein telefon; eg måtte henta ei pakke på fyrr dei stengde. Eg sprang ned og fann Rebecca(!) i butikken!
4 innspelEg hev fødedag i dag
Eg hev fødedag i dag … om enn, ein superkei ein. Imorgon er det eksamen i 1040. Noko eg ikkje trur gjeng like bra som eksamen i INF1000 (der reknar eg med A). Eg vert likevel skuffa om eg fær ein C i 1040 no, då vil eg truleg taka faget om igjen. No skal eg snart på årsmøte i Ivar Aasen-sambandet (eg er med i Høgnorskringen), og går diverre glipp av avslutninga med Universitas. Jaja, kann henda eg fær treffa dei på pub-en etterpå. Eller gjera noko anna. Same kva. Eg kjenner meg utruleg åleine her på fødselsdagen min. Er ikkje kjekt å vera i Oslo då. :-(
12 innspelEit musehakk mindre einsamt på Bjerke
Wohoo! Eg hev snakka til fleire i blokka mi! Rektig nok berre «Good night» med svar attende; men det var jo noko. Eg kjenner meg eitt hakk mindre totalt åleine på denne plassen, Bjerke Studentheim.
12 innspelTidleg på morgonen hender alltid vakre ting: Dessertdraum; Wii!
Eg draumde masse i natt, mellom anna hang eg med Fredrik og tvo jenter, sikkert veninner av han sidan eg ikkje hugsar dei. Det er likevel den seinare delen eg hugsar best og mest av, då Fredrik plutseleg vart byta ut med Falke og me stod på ein parkeringsplass…
7 innspelHeimeside, versjon 18: Sida oppe igjen, i oppdatert godskap!
Sidan so mange hev vore lei seg for at sida hev fengje ei pustepause (spesielt Monique, Egil og Nader), so er ho no oppe igjen. Eg hev endeleg lagt inn den nye nettbunaden eg laga for eit halvt år sidan og gjort ei rekkje endringar i same slengen. Eg ventar litt med å skriva kvifor nettsida var nede ei veke, men det kjem.
31 innspelNorsk esperantoungdom på TV, Odin på TV?
Safari skal gå imorgon tysdag 28.nov, dei var der under fotograferinga av meg, då eg var modell for Bård Ask (hoho). Blir moro å sjå bileta til Bård Ask, han var ein kul fyr. Om dei viser og seier noko om NJE, so er det visstnok jomfruferda på TV. Om du vil sjå meg i sexy singlet, med vifte i håret og rå «pose», kann du sjå på NRK1 kl. 2230 (Safari).
6 innspelEg lurar på om eg tek fly frå Oslo til Stavanger
Eg lurar på kvifor flyvertinna ler so hjarteleg til mannen som sit på fyrste rad i flyget. Ho sit ganske nært òg. Eg tenkjer det er broren. Det var noko litt rart med han, så eg trudde ikkje det var kjærasten. Rar denne dømminga på førehand. Mannen snakkar. Han hev ei heilt utruleg flott stemme. Mørk, stavangersk, seriøs. Interessant. Hmmm. Diggar stemma.
4 innspelPappa spammar i kommentarane, medan Yvonne ikkje vil skriva
Eg oppfordrar alle til å skriva under på “oppropet/underskriftskampanjen til Schancheholen velforening”:http://www.opprop.no/opprop.php?id=støyskjerming (same kvar du bur!). Men eg synest oppfordringa til pappa var malplassert i kommentarfeltet – dimed fjerna eg han og putta han heller er. Sidan eg allereie er på eit so bloggete tema, kann eg via resten av innlegget til eit blogg-navlete innlegg om Yvonne. :]
17 innspel






